Publisert

Nådestolen – Guds møteplass


Ca leselengde:
2 min

Denne fastetida vil vi på foross.no publisere ein fasteandakt kvar laurdag. Tekstane er skrivne av Johannes Kleppa og er ein del av boka "Til Jerusalem". Viss du vil kjøpe denne boka kan du mellom anna gjera det her.


Då Israelsfolket hadde fått lovopenberringa, dei ti boda, og det var inngått pakt mellom folket og Gud ved offerblod, skjedde det ei ny og viktig openberring på Sinai. Der lova var openberra, måtte det også evangelieopenberring til. Der det var eit ord som avslørte synd og skapte syndserkjenning, måtte det også til eit ord som viste nåde og gav syndstilgjeving. Det heile peikar fram mot den endegyldige evangelieopenberringa på Golgata.

Evangelieopenberringa på Sinai skjedde ved openberring av tabernakelet. Då Moses hadde overrakt boda til Israelsfolket, og pakta var inngått, kalla Gud på nytt Moses opp på fjellet. Der møtte Gud han ein gong til, og han gav openberringa om tabernakelet og alt som høyrde til der med presteteneste og offer. Det heile var svært detaljert. (2 Mos 25 – 31).

Det første Gud viste Moses, var paktkista med nådestolen. Det viser kor viktig denne var. Det var sjølve kardinalplassen i tabernakelet og det som skjedde der. Det var det heilage punktet på jorda. Paktkista skulle byggjast etter bestemte mål og på ein bestemt måte, og ho skulle vera kledd med gull både utvendig og innvendig. Det viktigaste innhaldet i kista var lovtavlene, Guds vilje.

Nådestolen var lokket på paktkista. På lokket skulle det vera to kjerubar, ein i kvar ende og dei skulle dekka nådestolen med vengane sine. Lokket og kjerubane skulle lagast i eitt og av gull. I teltdukane og førehenget inn til Det høgheilage skulle det broderast kjerubar. Desse englane var Guds fremste vaktmenn, og dei skulle vakta heilagdomen, særleg nådestolen. Nådestolen var eineståande ved at Gud sa til Moses:

«Eg vil koma saman med deg der. Frå nådestolen mellom begge kjerubane som er på vitnemålsarka, der vil eg tala med deg om alt det eg vil påleggja deg å seia til Israels-borna.»

Nådestolen var altså møtepunktet mellom Gud og mennesket, der Gud kunne og ville møta folk med nåde og velsigning, ikkje dom og straff. Det var hovudsaka med tabernakelet og alt som skjedde der. Alt som gjeld tabernakelet, peikar fram mot Jesu frelsesverk, særleg at han i sin person er både øvsteprest og offerlam. I sin person og ved sitt frelsesverk oppfyller Jesus alt som tabernakelet forkynner. Det er i Jesus Gud vil og kan møta oss med nåde og syndstilgjeving, slik Paulus skriv: «Han (Jesus) stilte Gud fram i blodet hans som ein nådestol ved trua.» (Rom 3, 25).


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
2 min
Ressurstype

  Andakt

Emner

  Faste

  Forsoningen

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Johannes Kleppa.
  Johannes er gift med Oddlaug og har en datter. Han er skribent, bibelskolelærer og forkynner. Tidligere har han vært redaktør i den kristne dagsavisen Dagen.
   Ressurser av Johannes Kleppa
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.