Så angra Herren det vonde han hadde tala om å gjere mot folket sitt. 2. Mos 32,14
Ekte kjærleik
Det er ikkje enkelt å setje ord på kva ekte kjærleik er.
Etter fleire år i grubling over om livet skulle levast åleine, sende han følgjande ord til ein kjenning: "No har eg møtt verdas vakraste jente!" Men då den andre såg jenta, tenkte han i sitt stille sinn: "Ja men, ho er då heilt alminneleg!" Forskjellen mellom dei låg i ordet – kjærleik.
Eller ein anna som likte ei jenta i klassa. Og som året etter kom med følgjande utbrot: "Det var godt det ikkje vart henne!". Då hadde det gått over og falma det fine han hadde sett tidlegare.
Kva seier Bibelen om kjærleiken som Gud kjenner på?
”Ja, med evig kjærleig har eg elska deg.” Jer 31,3 ”Og no, så seier Herren som skapte deg, Jakob, som laga deg, Israel: Ver ikkje redd! Eg har løyst deg ut, kalla deg ved namn du er min!… Fordi du er kostesam i mine auge, fordi du er akta høgt og eg elskar deg…” Jes 43,1,4
Den vakraste Gud kjenner til. Ein kjærleik som ikkje bleiknar, men er evig. Slik er Han!
Pakt om evig samliv
Så hadde Gud kalla og fridd Israel ut frå fangenskapet i Egypt. Dei skulle vere Hans folk på sin særleg måte, og i livet saman med han arve og bygge landet som Gud hadde lova dei.
I Sinai skulle pakta verte gjort, lik ei brud og ein brudgom for alteret i kyrkja, og med lovnad om truskap og kjærleik til kvarandre. Grunnlaget og oppfyllinga av denne lovpakta ligg i den fullkomne kjærleiken.
Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di kraft og av alt ditt vit, og nesten din som deg sjølv! Luk 10,27
Det er den fullkomne kjærleiken som driv Gud til handling. Men medan han er på fjellet og kallar opp Moses for å fullende denne evige pakta med folket sitt, skjer der noko forferdeleg og sjokkerande.
Ho elska ein annan!
Nede på sletta vert det laga ein gullkalv. Dei tilber han, dansar og gleder seg. Med auga festa på det glitrande gullet proklamerer dei sin kjærleik. "Dette er guden din, Israel, som førde deg opp frå Egyptarlandet." 2. Mos 32,4
Det er like før vigsla skal starte. Brudgommen står i finstasen framme i kyrkja, og auga ser berre på den eine som kjem oppover kyrkjegolvet. For ei brud han har! Verdens vakraste! På spørsmålet om å elska og æra, er stemma fylt av glede og takk då han seier sitt tydelege "ja"! Men då det kjem til bruda, så stoppar det heile opp. Etter ei lita stund vender ho seg mot slekt og venner, og seier det som ingen hadde venta. "Eg elskar ein annan!"
Kva er ein avgud?
Det er "alt som eit menneske dyrkar, frykter, elskar og stoler på i staden for den einaste sanne Gud." Slik vert det formulert i den gamle katekisma.
Der finnes både openberre og hemmelege avgudar. Mellom dei "hemmelege avgudar" er dette å gjere seg sjølv til ein avgud. Det er når "ein forelskar seg i seg sjølv, tenkjer berre på seg sjølv, og framfor alt søkjer å tilfredstille sin eigen ære, vilje, nytte og nyting." Eller når me gjer noko i skaparverket til vår avgud. Her er det særleg pengar og materielle verdiar som me finn glede, trøyst og tillit til meir enn til Gud. Sjå Kol 3,5
Det er dette som skjer på Sinai.
Utruskap og smerte
Medan pakta vert gjort mellom seg og sin elska, har folket nede på sletta allereie gitt sin kjærleik til ein annan. Til ein avgud. Det er sjokkerande, og me kan kanskje forstå noko av Guds reaksjon og kva han kjenner på. Det er skuffelse, smerte, sinne og fortviling.
Men det som er kanskje endå meir sjokkerande er at når Gud ser ned på sletta til folket sitt, så ser han deg. Og meg. Som er med i dansen og hyllinga av den glitrande, men kalde og sjølvgjorde gullkalven.
Bibelen bruker sterke bilete for å skildre korleis Gud reagerer og føler i møte med dette.
– Han er som ein far der barna gjer opprør og i forakt snur han ryggen. Jes 1,2-4
– Han er som ein far som ser at barnet sitt er alvorleg sjukt, og ikkje får hjelp. Jes 1,5-6
– Han er som ein ektemann som opplever at kona er utru, og går til andre menn. Jes 1,21
Brudgommen si glede og forventing vert snudd til harde ord og ein løfta og knytt hand. Til dom og forkasting. Og reaksjonen er forståeleg og rettferdig. 2. Mos 32,10
Mellommannen
Då stig ein annan inn på arenaen. Det er Moses. Han stiller seg mellom den forsmådde brudgom og ei utru brud, og startar ein kamp for oppgjer og forsoning.
I mange ting er Moses ein skugge og eit førebilete av Kristus som skulle verte den fullkomne forsonaren mellom oss og Gud.
– Han var som ein rettferdig og utan skuld. Og Herren seier derfor: Eg vil gjera deg til eit stor folk. 2. Mos 32,10
– Han var på fjellet i bønn og faste i 40 dagar og 40 netter. 5. Mos 9,9
– Moses gjekk i forbønn for folket. 5. Mos 9,25-27 Han minner Gud om dei løfta som Herren har gitt til folket sitt. "Kom i hug det du har sagt, Gud."
– Han gjekk sjølv inn under dommen, og var villig til å la den ramme seg i staden for det ulydige folket. 2. Mos 32, 31-32 "… så stryk meg ut av boka di…"
– Moses gjekk inn som ein mellommann, og vende Guds vreide til forsoning og tilgjeving.
Han sa han ville øydeleggja dei, men Moses, den han hadde valt seg ut, stilte seg i gapet for åsynet hans for å venda vreiden hans frå å øydeleggja dei. Salme 106,23
Om me tenkjer på Jesus Kristus, så kjende han godt til kva det ville seie å verte forlaten og sviken.
– "Vanvørd var han, og folk hadde vendt seg frå han" Jes 53,3
– "Hans eigne tok ikkje imot han" Joh 1,11
– Sviken av sine eigne, og av Peter. "Eg kjenner ikkje det mennesket det talar om." Mark 14,71
– Forlaten av sin eigen Gud og Far. "Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?" Mark 15,34
Då Gud angra
I møte med denne eine, snur Gud, og angrar det han har sagt og tenkt.
Å angre betyr her ikkje at ein har dårleg samvit for noko gale som er gjort. Det ligg noko anna bak dette ordet.
Om du slår opp i ei ordliste som går inn i grunnteksten, vil du finne eit rikt innhald. Oversettingar som: "Console"= få medkjensle eller å verte trøysta. "Relent"= å bøye seg tilbake eller smelte. Som om Guds hjarte hadde smelta ved det som skjedde. "Change mind"= å ombestemme seg, og snu tanken og merksemda i ei anna og ny retning. "Repent"= å omvende seg frå det ein har tenkt og planlagt.
Før mennesket kunne verte omvendt, måtte det altså skje ei omvending hjå Gud. Denne kom gjennom Kristi død og oppstode for oss. Då smelta Guds hjarte, og Guds auge såg på Kristus og hans liv og gjerning for oss og i vår stad. Guds hand var knytt i dom og forkasting over sviket og utruskapen, men i møte med denne eine reine og rettferdige, vert handa senka, opna og rett fram til folket – og til deg.
Ser du nærare etter, så ser du at ho er merkte av romerske naglar som frå ein krossfest. Og høyrer du godt etter får du og med deg nokre overraskande ord, særleg med tanke på det som ligg bak deg:
Kom og lat oss gå i rette med kvarandre, seier Herren. Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verte kvite som snø, om dei er raude som skarlak, skal dei verta kvite som ull. Jes 1,18