Publisert

Den opphøgde tenaren


Ca leselengde:
7 min

Denne artikkelen er ein av fleire denne påska der me vandrar gjennom Jesajaboka. Sjå oversikta over dei andre  til høgre eller under. 

Det blir fortalt ei vandrehistorie frå Sovjetunionen at ein dyktig formidlar av den kommunistiske ideologien og skarp kritikar av kristendommen stod opp og heldt ein lang og kraftfull tale, kor han argumenterte for ateisme. Etter foredraget utfordra han forsamlinga til å koma med spørsmål. Det vart heilt stille. Etter ei stund kom ein aldrande mann opp på scenen. Han gjekk stillferdig fram, opna munnen og ropte ut helsinga som rungar i kyrkjene kvar påske: «Jesus har stått opp». Heile folkemengda svara omtrent på refleks: «Ja, sanneleg, han har stått opp!» Meir var det ikkje å seia.

I dag skal me få helsa kvarandre med dei same orda. Jesus har stått opp! Slik har kristne gjort i snart 2000 år. Inga kraft i verda har vore i stand til å kvela denne bodskapen. I dag feirar me at frelseverket frå Golgata blei stempla «godkjend av Herren» (Rom 1:4; Apg 13:32) og at synda og døden har måtta gje tapt for sigerherren Jesus Kristus.

Også på ein dag som denne skal me få fordjupa oss i tenarsongane hjå Jesaja. For dei talar ikkje bere om liding og død. Dei talar også om opphøging. Ja, sjølv Jes 53, både byrjar og sluttar med dette:

Sjå, min tenar skal gå fram med visdom. Han skal lyftast opp og verta opphøgd og vera overlag høg. Jes 52:13

Det er ikkje heilt lett å bli klok på kva som er meininga her. For i vers 14 går profeten etter alt å døma over til å snakka om lidingar. Men når me les hos Johannes, finn me noko av det same. Jesus sjølv talar om korleis Menneskesonen skal bli lyfta opp, lik slangen i ørkenen (Joh 3:14-16), og i Joh 12 blir «lyfta opp» knytt saman med døden han skulle døy.

Ljos i grava

Men opphøginga er sjølvsagt mykje meir enn at han skulle døy. Først og fremst er det at han vinn siger. Difor talar Jes 53:12 om hærfang. Der møter me krigaren som vender heim frå slaget. Men krigsbytet er «dei mange», dei han har rettferdiggjort og bore misgjerningane til (jf. vers 11).

11 For den møda sjela hans har hatt, skal han sjå det og verta metta. Ved at dei kjenner han, skal den rettferdige, tenaren min, rettferdiggjera dei mange, og misgjerningane deira skal han bera. 12 Difor vil eg gje han dei mange til del, og sterke skal han få til hærfang, fordi han tømde si sjel til døden og vart rekna mellom brotsmenn – han som bar synda til mange, og han bad for brotsmenn. Jes 53:11-12

Me skal også merka oss uttrykket «skal han sjå det og verta metta». Ordet «det» finst ikkje i den hebraiske grunnteksten, men er lagt til fordi det manglar eit objekt. Det står ikkje kva han skal sjå. I den greske omsetjinga av GT, Septuaginta, har det alltid stått «sjå ljos». Dette har ein også funne att i Dødehavsrullane, i den store Jesajarullen. Dersom dette er den opphavlege teksta, er det vanskeleg å unngå forbindinga til Jesu oppstode. Og det var nettopp i det natta blei til dag at kvinnene kom til grava og fekk sjå underet hende.

At det står «ljos» fullfører også forbindinga attende til skapinga. Dei siste åra har eg kvar påske gått på påskenattsmesse i Oslo domkirke. Gudstenesta byrjar med mørklagt kyrkje. Midt i mørket les me orda frå skapinga og så blir alle ljos tende og me syng ut lov og pris til Jesus. For meg er denne timen i kyrkja eit av dei store høgdepunkta i påsken. Ljoset som bryt fram i mørket, lovsongen til Jesus. Det er påske!

I Bibelen er det eit viktig poeng at Jesus stod opp den fyrste dagen i veka. Særleg Johannes poengterer dette fleire gonger. Han byrja jo evangeliet sitt ljoset og knytt det til «opphavet», den første dagen i den første veka.

No, ved Jesu oppstode har ei ny veke starta. Denne gongen starta veka ved at morgonljoset strøymde inn i grava der steinen nett var rulle bort og augo til Herren Jesus opna seg og såg ljoset. Slik knytt Johannes saman skapinga og nyskapinga. Jesu oppstode er starten på det nye, det som kulminerer med ein ny himmel og ei ny jord.

Bibelen sjølv får fram at denne veka varer heilt fram til den endelege sabbaten. Den kan me lesa om i Heb 4:9, kor det står om sabbatskvila som står att for Guds folk.

Ljos for heidningfolka

Sidan me allereie har vært innom ordet «ljos», passar det seg å minna om det me såg på i går. Tenaren si gjerning er ikkje berre noko han gjer for Israel, han gjer det for folkeslaga. Og me kan ta med oss verset frå Jes 49:6 ein gong til. Og i dag merker me oss at rolla som ljos for folkeslaga kjem i forlenginga av det tenaren gjer for Israel.

Det er for lite at du er tenaren min til å reisa opp att Jakobs ætter og føra den frelste resten av Israel attende. Så vil eg då gjera deg til eit ljos for heidningfolka, så mi frelse må nå til enden av jorda. Jes 49:6

Rolla som ljos for folkeslaga er med andre ord ein del av opphøginga av tenaren. Han er den som skal bringa kunnskapen om Herrens herlegdom ut til alle folk. Dette heng saman med bodskapen om kongeriket Herren skal oppretta ved sin konge, Messias:

Ingen skal gjera noko vondt og ingen øydeleggja noko på heile mitt heilage berg. For jorda er full av kunnskap om Herren, liksom vatnet dekkjer havbotnen. Jes 11:9

Kongar undrar seg

Temaet om tenaren som konge såg me og ved hjelp av uttrykka «kvist» og «rotskot» i Jes 53:2, der desse skapar forbindingar attende til Isais kvist i Jes 11. Men eg vil gjerne ta med eitt anna uttrykk som potensielt får fram det same, eit uttrykk som byd på nokre omsetjingsproblem.

Liksom mange undra seg over deg – så ille tilreidd var han at han ikkje såg ut som eit menneske, og ikkje var på skapnad som andre menneskeborn Jes 52:14

Me har alt sett at den store Jesajarullen ein fann blant Daudehavsrullane hadde med ordet «ljos» i Jes 53:11. Ein annan stad kor teksten i denne rullen er annleis er i Jes 52:14 og uttrykket «ille tilreidd». I den store Jesajarullen er ordet ein bokstav lenger og denne bokstaven endrar heile meininga. Viss me tek den med, får me omsetjinga:

Liksom mange undra seg over deg – slik salva eg utsjånaden hans framfor alle andre menneske, hans skapnad framfor andre menneskeborn. Jes 52:14

No kan me aldri vera heilt sikre på kva som er opphaveleg lesemåte. Men me kan iallfall hugsa at den store Jesajarullen er rundt 1000 år eldre enn dei manuskripta me vanlegvis tek utgangspunkt i. Uansett kan me slå fast at denne vesle endringa endrar innhaldet frå fornedring til opphøging. Men, som nemnt innleiingsvis, når Jesus sjølv snakkar om fornedringa si i Joh 12, brukar han ordet «opphøging».

Gled deg

Dette er dagen Herren har gjort. I dag skal me få fryda og gleda oss. Ingen dag i kyrkjeåret er større enn 1. påskedag. Gå på gudsteneste og finn saman med kristne brør og søstrer, syng og spel songar med jubel over oppstoda og Jesu siger. La bodskapen trenga seg inn. Del han med barn og barnebarn.

Jesus har stått opp! Den nye veka har starta!


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
7 min
Ressurstype

  Bibelutleggelse

Skrifthenvisninger

  Profeten Jesaja  53: 11-12

  Profeten Jesaja  52: 14

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Knut Kåre Kirkholm.
  Knut Kåre Kirkholm er gift med Marianne, har tre jenter og bor i Oslo. Han jobber som høgskolelektor på Fjellhaug internasjonale Høgskole, lærer på Bibelskolen Fjellhaug og redaktør av magasinet Fast Grunn.
   Ressurser av Knut Kåre Kirkholm
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.