Publisert

Ein dømmande og frelsande Gud Ikkje enten eller, men både og


Ca leselengde:
6 min

Denne artikkelen er ein av fleire denne påska der me vandrar gjennom Jesajaboka. Sjå oversikta over dei andre  til høgre eller under. 

Det er snart påske. Gjennom 2000 års kyrkjehistorie har dette vore ei stor høgtid for kristne over heile verda. Det har vore tida der me på ein spesiell måte har fått retta våre blikk mot det aller mest avgjerande ved den kristne trua: Jesu død for våre synder og hans oppstode frå dei døde.

Det er dette som er kristendommens hovudsak: Jesus, han som døydde, men som lever.

Likevel kan det verta slik at det som er universets mest dyrebare og skinnande sanningar kan få rollen som oppleste og vedtatte faktasetningar som me «kan». Jesu død vert noko sjølvsagt. Jesu oppstode vert noko som er fint, men ikkje så mykje meir enn det. Gullet vert kvardagsgrått, mens realiteten er at dette er hendingar som omkalfatrar heile universets historie. Det er det desidert største som har skjedd og som kjem til å skje i verdshistoria.

Gjennom denne påskehøgtida skal me vandra gjennom Bibelens påskebodskap. Sakte, men sikkert skal me røra oss fram mot Golgata og den tomme grava. Men me skal bruka ein annan innfallsvinkel enn det som er vanleg for å kasta lys over påskebodskapen. Me skal la Jesaja få vera vår vegleiar på vegen fram mot Jesu død.

Eit folk i naud

Jesajaboka er med sine 66 kapittel den mest omfangsrike av profetbøkene i Det gamle testamente. I det fyrste verset får me høyra at Jesaja var verksam som profet under kongar som regjerte i perioden 740-687 f.Kr.

Sjå også desse oversiktane over Jesajaboka.

I midtausten var dette ei turbulent tid. I nordaust holdt den assyriske stormakta på å veksa fram, ei stormakt som Jesaja gjennom si levetid fekk oppleva at meir og meir vart ein nærgåande trussel. Frå sin tilhaldsstad i Jerusalem fekk han i år 722 f.Kr. sjå korleis nordriket Israel vart invadert og knust av den mektige assyrarhæren.

Presset auka etter kvart også mot Jerusalem, Juda sin hovudstad. På eit tidspunkt var det slik at byen Jerusalem var den einaste byen som ikkje hadde vorte inntatt av fiendane.

Berre dotter Sion er att som ei lauvhytte i ein vingard, som eit vaktskjul på ei agurkmark, som ein kringsett by. Jes 1:8

Dette var ikkje den fyrste gongen i Israels historie at Guds folk var gjennom ein håplaus situasjon. Tvert i mot ser slike situasjonar ut til å vera som eit refreng gjennom GT. Eit refreng om eit folk som foraktar og forlet Herren, gong etter gong. Konsekvensen av dette er at dei blir stilt inn under Guds dom.

Born har eg fostra og oppdrege, men dei har sett seg opp imot meg. Ein okse kjenner eigaren sin, eit esel krubba til herren sin. Men Israel kjenner ikkje, folket mitt forstår ikkje. Ve det syndige folket, eit folk tungt av skuld, ei slekt som handlar vondt, born som øydelegg! Dei har forlate Herren, forakta Israels Heilage og vendt ryggen til han. Jes 1:2-4

 Ein dømmande Gud

Gud, slik me møter han i Jesajaboka, er ein dømmande Gud. Å vera dømmande er vanlegvis ikkje så positivt i norsk daglegtale. Ingen vil vera dømmande! Og det å oppleva at eit menneske er dømmande kan vera djupt provoserande. Kvifor? Jo, fordi ein annan person løfter seg opp over meg og fell ein dom over mitt liv.

Ein dømmande person uttaler seg og fell dommar på saker som eg kan oppleva at dei ikkje har rett til å uttala seg om. Eit dømmande blikk er eit nedoverretta blikk. Frå den mektige overfor den avmektige.

Men når Bibelen skildrer Gud som dømmande, skildrer den det både som rett og godt. Slik det er rett og godt når ein dommar i tingretten dømmer, så er det også godt at Gud dømmer.

Guds privilegium er at han er Gud. Han står over alle, og han har dermed rett til å halda alle ansvarleg.

Herren stig fram for å føra sak, han står opp for å dømma folka. Herren held rettargang med dei eldste og stormennene i folket sitt. Jes 3:13-14a

 Gud er den frelsande Gud

Side ved side med refrenget om ein dømmande Gud er det også eit anna refreng som går gjennom både Jesaja og Det gamle testamente ellers. Det er refrenget om ein frelsande Gud. Det er refrenget om ein Gud som utsletter sitt folk sine brot for si skuld (Jes 43:25). Han som dømmer er også han som tilbyr ein redning frå dommen.

Han kallar til oppgjer med og omvending frå uretten (1:16-17). Og han tilbyr det skuldige folket at sjølv purpurraude synder skal kunne gjerast kvite som snø (1:18).

Det kan vera lett å tenkja at Gud enten er tilgjevande eller at han er dømmande. Men i følge Bibelen er han begge deler. Han er Gud og vil halda dom. Men han er ein nådig Gud som også ordner med ei redning frå dommen.

Dom og frelse i Egypt

I påskeevangeliet kan me sjå korleis desse to trådane vert knytt nært saman. Jødane på Jesaja si tid feira kvart år påske til minne om utgangen av Egypt. Det var ein påske der Guds dom og Guds redning frå Guds dom gjekk hand i hand. Gud skulle dømma, men Gud ordna også ein redning i dommen.

Denne natta skal eg gå gjennom Egypt og slå i hel alle førstefødde i landet, både menneske og dyr, og eg skal halda dom over alle gudane i Egypt. Eg er Herren. Men blodet skal vera det merket som syner kva for hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg gå forbi. Inga øydeleggande plage skal råga dykk når eg slår Egypt. 2.Mos 12:12-13

 Når Jesaja feira påske, feira han det til minne om Guds redning ved blodet frå dommen. Han feira det til minne om at eit lam vart slakta, at blod vart utrent, og at folket ved blodet vart berga frå Guds domsinngripen i Egypt. Påsken vart feira for å minnast Guds redning frå Guds dom.

Frelsaren Jesus

Seinare i vår vandring gjennom Jesaja kan me sjå korleis Guds nye påske, hans nye frelsesinngripen for sitt folk, er nært knytt med ein tenar som skal gjeva livet sitt i staden for folket sitt (Jes 53). Og i Det nye testamente kan me sjå korleis trådane med dom og frelse på nytt vert samla i Jesus. Frelsa er å finna i Jesus. Han er frelsaren som kjem for å berga sitt folk.

Påsken er også for oss i dag feiringa av Guds redning frå Guds dom. Den dømmande Gud er også den reddande Gud. Og Guds redning er knytt til Jesu død for våre synder. Redninga er Jesu død for oss.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
6 min
Ressurstype

  Bibelutleggelse

Emne

  Påske

Skrifthenvisning

  Profeten Jesaja  1: 2-8

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ingvald André Kårbø.
  Ingvald André Kårbø kommer fra Øygarden utenfor Bergen er gift med Kamilla og bor i Tromsø. Han jobber som rektor på Fjellheim Bibelskole i Tromsø.
   Ressurser av Ingvald André Kårbø
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.