Publisert

Guds evige konge kjem Bli med og syng den nye songen om frelsarkongen


Ca leselengde:
6 min

Denne artikkelen er ein av fleire denne påska der me vandrar gjennom Jesajaboka. Sjå oversikta over dei andre  til høgre eller under. 

Det er palmesøndag. For oss er nok dette mest kjend som dagen då Jesus reid inn i Jerusalem og vart hylla som konge. Folkemengda som gjekk framom ropte om at han som no kom var Davids son:

Hosianna, Davids son! Velsigna er han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!

Ropa og inntoget vart lagt merke til. Davids son er ein tittel som vert brukt om frelseskongen, Messias, som skulle koma frå Davids slekt. Var det han som no reid inn i Jerusalem?

Jesu inntog i Jerusalem står i nær samanheng med Det gamle testamentet. Måten det skjer på finn dei nytestamentlege forfattarane profetert hjå profeten Sakarja. Her vert det omtala korleis kongen skulle komma på eit esel.

Men sjølve saken med profetiar om ein konge som skal komma og regjera over sitt folk gjennomsyrer mykje av profetlitteraturen. Når Jesus rid inn som konge i Jerusalem, rid han inn med ein heil hær av gammaltestamentlege tekstar bak seg.

I dag skal me sjå korleis profetiane i fyrste del av Jesajaboka er med å danna eit bakteppe for palmesøndag.

Kongen i Jesaja

Kongsmakt er eit sentralt tema i Jesajaboka. Sjølv om det er ulike jordiske kongar gjennom Jesaja sitt liv, er det ein person som er den sanne kongen. Det er Herren.

I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ei høg og opphøgd trone, og kanten på kappa hans fylte tempelet. Jes 6:1 

 Jesaja fekk eit nært og personleg møte med Herren. Han fekk sjå Herren som den heilage som sat på si trune. Medan Ussia si regjeringstid var tidsavgrensa, såg han no han som truna over alle jordiske og midlertidige kongar. Jesaja konkluderer med at han den evige og heilage kongen: Herren.

Då sa eg: Ve meg! Det er ute med meg. For eg er ein mann med ureine leppe, og eg bur i eit folk med ureine lepper, og auga mine har sett kongen, Herren over hærskarane. Jes 6:5

Ein ny jordisk konge

Samstundes som det er Herren som sit på kongetruna, vert det gjennom Jesaja gjeve fleire ulike løfter om at det skal stå fram ein ny jordisk konge. I kapittel 9 forkynner Jesaja om ei ny tid som skal koma.

Medan Sebulon og Naftali i Nord-Israel i Jesaja si levetid vart invadert av assyrarane, vert det sett framover mot ei tid der ein ny konge skal bringa ære til dette landet (9:1). Herreveldet til denne kongen skal vera stort, og freden utan ende (9:7).

To kapittel seinare får me høyra at Gud skal halda dom og hogga ned mektige riker (10:33). Av av Jesaja sin stubbe skal han la ein kvist i framtida skyta opp (11:1). Isai var David sin far. Det er no eit løfte som vert gjeve om at det skal komma ein ny konge som David frå David si ætt.

Ein ekstraordinær konge

Sjølv om alle kongane som regjerte i Jerusalem medan Jesaja levde var David sine etterkomarar, skulle denne framtidige kongen vera spesiell. Han skulle vera ekstraordinær. Utrusta av Den Heilage Ande (11:2) skulle han fremja rettferd (11:4).

Hans kongedømme skulle snu opp ned på verda. Det skulle bli ei fredstid som til og med gjennomsyrte dyreriket slik at løvene vert planteetarar (11:6). Og han skulle vera den som fridde ut og samla sitt folk frå heile verda (11:11-12). Korleis kan ein jordisk konge nå opp til ein slik standard? Korleis kan eit menneske vera så godt? Korleis kan eit menneske ved si makt få utretta så mykje til det beste for sitt folk?

Jesaja gjev ikkje svaret, men gjennom evangelia i NT kan me sjå at biletet vert teikna tydelegare for oss.

Konge over himmmelen og jorda

Grunnen til at ein jordisk konge kan utretta så store gjerningar er at han samtidig er himmelens konge. Den kristne trua vedkjenner at Jesus er sann Gud og sant menneske. Dette er vår lære, ei lære me meiner oppsummerer Bibelens budskap om kven Jesus er.

Eitt av dei momenta som er aktuelt i denne samanhengen er korleis Jesu liv fører saman trådane frå den himmelske kongen og løftet om den nye jordiske kongen i Jesajaboka.

I forlenginga av si skildring av palmesøndag kjem apostelen Johannes med ein oppsiktsvekkjande uttale:

Dette sa Jesaja fordi han såg Jesu herlegdom og tala om Jesus. Joh 12:41

Dette verset står i samanheng med ein forklaring av at forherdingsoppdraget Jesaja fekk i Jesaja 6, no  har vorte oppfylt også ved Jesu virke. Dette oppdraget vart gjeve til Jesaja då han såg Herren sitja på truna, slik me har lest om tidlegare. Her ser det ut til at Det nye testamente forstår det som at det var Sonen i sin herlegdom Jesaja såg over 700 år tidlegare.

Under inntoget i Jerusalem på palmesøndag var det ikkje berre ein jordisk konge som kom, men den kongen som er gjeven all makt i himmel og på jord (Matt 28:18). Det er den himmelske konge som kjem til sitt jordiske folk for å fri dei ut, slik Jes 9 og 11 understreka.

Han er midt iblant dykk

Det innbyggjarane i Jerusalem fekk oppleva på palmesøndag var at Herren var midt iblant dei. Uavhengig av om folket forstod at Jesus var Kongen, var han som kom på eselet den Messias som var lova. Mange ser ut til å ha tenkt at Jesus var Davids son. Men deira forventning og tanke til kva han då skulle gjera vart ikkje innfridd.

At hans veg til siger var en veg som gjekk om døden var skjult for dei. For oss som lever i dag og veit at den lovpriste kongen snart skulle verta den krossfeste kongen, er derimot ikkje palmesøndag ein dag med ein bismak av ein Messias som svikta. Palmesøndag er dagen der frelsarkongen kjem ridande inn til den byen han var klar til å døy for.

I Jesaja 12 vert det sagt at Guds folk når kongen kom skulle synga ein song. Når me veit kva palmesøndag var opptakten til, kan dette også få vera vår song. Ein song om kongen som kom og som er vår frelse.

 

Eg takkar deg, Herre!

For du var harm på meg, men harmen snudde,

og du trøysta meg.

Sjå, Gud er mi frelse,

eg er trygg og fryktar ikkje.

For Herren er min styrke og min song,

og han har vorte mi frelse.

Med glede skal de ausa vatn or kjeldene til frelse.

 

Den dagen skal de seia: Lovpris Herren, kall på hans namn!

Gjer gjerningane hans kjende mellom folka,

forkynn at hans namn er opphøgt!

Syng for Herren, for han har gjort storverk,

gjer dette kjent over heile jorda!

 

Rop høgt i jubel,

de som bur på Sion!

For Israels Heilage er stor,

han er midt iblant dykk

 

Herren er vår frelse. Måtte han få vera midt i ditt liv gjennom denne påsken, slik han stod midt i folkemengda i Jerusalem.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
6 min
Ressurstype

  Bibelutleggelse

Skrifthenvisning

  Profeten Jesaja  6: 1-5

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ingvald André Kårbø.
  Ingvald André Kårbø kommer fra Øygarden utenfor Bergen, er gift med Camilla og bor i Tromsø. Han jobber som lærer på Fjellheim Bibelskole i Tromsø.
   Ressurser av Ingvald André Kårbø
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.