Dersom eg vitnar om meg sjølv, er vitneutsegna mi ikkje gyldig. Men det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at den vitneutsegna han gjev meg, er sann. De sende bod til Johannes, og han har vitna for sanninga. Eg treng ikkje vitneutsegner frå menneske, men eg seier dette så de skal bli frelste. Johannes var ei lampe som brann og lyste, og ei lita stund ville de gleda dykk i lyset hans.
Men eg har ei vitneutsegn som er sterkare enn den Johannes gav: dei gjerningane Far har gjeve meg å fullføra. Og det er desse gjerningane eg gjer, som vitnar om at Far har sendt meg. Joh 5:31-36
Tredje advent-sundagen er Døyparen Johannes sin dag. Føregjengaren, vegryddaren, han som snakkar Jesus opp og seg sjølv ned. Han kallar seg sjølv Jesu bruresvein, han som står i døra til den himmelske bryllaupssalen og lyttar etter lyden av Hans trinn. Og han gled seg når han dreg kjensel på brudgomen. Både i sin person og i si livsinnstilling demonstrerer han nettopp kva advent handlar om. Han ropar inn alle som er klare, som har gjort seg budde til å gå inn til den himmelske gleda.
Han gjev oss peikepinn for proporsjonar i livet. Når sola stig på himmelen, minkar ljoset frå månen. Johannes er ein slik måne. Han er «eit ljos som brenn og skin» seier Jesus. Han reflekterer sola sitt ljos, og når han har brunne ned, fell ljoset hans på sjølve sola, på Guds lam som ber verdsens synd og som er heile verdsens ljos. Hans sjølvrespekt var bygd på den status han var gjeven av Gud. Difor stod han trygt også i stormen.
Slik lærer han oss om målestokken på smått og stort. Når Johannes seier at «eg skal minka,» handlar det om audmjukskapen som gjeld når kristent liv skal pregast. Lista over forvrengingar av audmjukskapen idag er lang og vond. Leiarar har misbrukt sin posisjon og skaffa seg makt over menneske. Baktalarar lyfter seg sjølve med å sverte andre. Den uekte audmjukskapen sjølvutslettar mennesket. Døyparen Johannes er ein læremeister om smått og stort for mennesket som er skapt i Guds bilete og elska til døden.
Johannes er føregjengar og vegryddar. Han er røysta som ropa i øydemarka: «Gjer vegen bein for Herren.» Mange vegsperringar stengjer mellom menneske og Jesus. Breie ryggar stengjer for utsikta, høgrøysta talarar, dømesjuke og vrange, prektige og perfekte. Då trengs det Johannes-disiplar som har tid til folk, til å snakke om vrengebilete og misforståingar, til å gje sjelesorg for tvilarar og hjelp til å skjelne mellom Kristus og dei kristne.
Johannes er også disippelen med den lange peikefingeren: «Sjå der, Guds lam som ber verdsens synd!» Jesus stadfester at vitnemålet hans er sant. Johannes bar vitnemål som var gjeve han frå himmelen, seier han sjølv. Han var klar over det kallet han hadde fått. Slik arbeider Gud. Han hadde ein plan med Johannes’ liv, og han har ein plan med ditt. «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen.»
Dette gjeld også for oss: Å vite skilnaden på det som er frå himmelen og det som er frå jorda. Kva er det i denne travle juleførebuingstida? Kva er det i mitt kvardagsliv? Kva er det i mitt liv som slektning, nabo, medmenneske? - Det svaret Gud gav Johannes, heldt han seg til sjølv om det kosta han dyrt. Som bibellesarar veit, er han den fyrste som vert dømd til døden for å forkynne om at det er synd å vere sambuar med andre enn kona si.
Johannes var fyrst og fremst retta mot Jesus. «Alt han sa om denne mannen, var sant. Og det var mange der som kom til tru på Jesus.» Heile livet til døyparen Johannes vitna sant om Jesus. Difor vart menneske omvende.
Denne Johannes var det også som hoppa av fryd då han var eit foster. Kort tid etter engelen Gabriels besøk hjå Maria kom ho til slektningen sin, Elisabet, som seier: «Då di helsing nådde øyra mitt, hoppa barnet i meg av fryd.» (Luk 1:44) Det ufødde barnet syng ein frydesong for Jesus. Slik starta Johannes’ liv som forkynnar alt før han var fødd. «Jeg vil gjøre mitt liv til en lovsang for deg.» Heime hjå Elisabet lyder ein gjenklang av det gamle bibelverset at Guds pris lyder «av munnen på småborn og spedborn». (Salme 8:3)
Vitnemålet frå døyparen Johannes starta med lovprising. Lovsong sømer seg heile livet igjennom, og det startar tidlegare enn venta. Det startar alt med dei ufødde, dei som vårt samfunn har gjort lovleg å fjerne. Deira lovsong er for Gud eit vern mot hans fiendar! (Salme 8:3) Johannes vitnar om målestokkar hundre mil unna det som idag er politisk korrekt.
Alle ynskjer ei gledeleg jul. Ho kan ikkje kjøpast på Obs. Ho kjem frå Gud. Døyparen Johannes er for oss ei påminning om at det gledelege med jula kjem ovanfrå. Han avslører at når menneska slår seg til ro med det jordiske, misser dei Jesus.
Audmjukskapen som er ein grunntone i Johannes’ vitnemål, er nøkkelen til den gledelege jula. Denne audmjukskapen er frå Gud. Den må til for å oppdage jula si kjerne. Det er berre med audmjukskapen sine auge eit menneske ser at han som ligg i krubba i stallen er Frelsaren. Her er kjærleiken sitt teikn. Det er den audmjukskapen som seier «han skal vekse, eg skal minke» som får auge på underet. Frå den ståstaden kan det stige ekte lovsong.
Måtte vi alle få ei slik gledeleg jul. I døyparen sine fotspor.