Publisert

Herrens arm Herren syner sin veldige arm for alle folk


Ca leselengde:
7 min

Denne artikkelen er ein av fleire denne påska der me vandrar gjennom Jesajaboka. Sjå oversikta over dei andre  til høgre eller under. 

Frå gammalt av har onsdag i den stille veka blitt kalla heilage onsdag. Truleg var det denne dagen Jesus vart salva i huset til Simon den spedalske (Matt 26:6-13) og Judas gjekk til overprestane og tilbaud seg å overgje Jesus. Dei siste brikkene er dermed blitt flytta. Jesus er salva til gravferda og planen for å fanga han er lagt. Alt er klargjort.

Dagens tema frå Jesaja er også knytt til klargjering og me skal byrja med å sjå på ein tekst frå Jes 52:10:

Herren syner sin veldige arm for augo på alle folk, og alle endane av jorda får sjå frelsa frå vår Gud. Jes 52:10

Uttrykket me skal stansa for er «Herrens arm». Her les me at Herren «syner» armen sin. På grunnteksten blir det brukt eit ord me kan omsetja med «avdekker». Eg ser føre meg at Herren bretter opp ermet for å gjera seg klar til å handla. Når Gud bruker armen sin, grip han inn og handlar.

Herrens arm i Egypt

Ikkje minst er dette uttrykket viktig i forteljinga om korleis Herren utfrir folket frå Egypt. I 2 Mos 6:6 gjev Herren lovnader om at han no skal gripa inn og frelsa folket:

Eg vil løysa dykk ut med utrett arm og med store straffedomar. 2 Mos 6:6b

Gong på gong blir dette uttrykket brukt for å skildra korleis Gud frelste folket frå Egypt og farao. Heilt konkret blir det og, når Moses retter ut handa si med staven over Sivsjøen og folket går tørrskodd over. Men det var sjølvsagt ikkje Moses si hand og Moses sin stav som hadde kraft i seg til å kløyva havet. Det var Herren:

han som lét sin herlege arm gå fram ved høgre sida av Moses, som kløyvde vatna for augo på dei for å gjera seg eit evig namn, Jes 63:12

Her i Jesaja 52:10 kjem løftet om at Gud på nytt skal gripa inn til frelse for folket sitt. Og enda ein gong skal Herren bretta opp ermet, syna armen sin og frelsa folket sitt. Det skal han gjera på ein måte som er synleg for alle folk, heilt til endane av jorda.

Trøysteboka

I Jesaja er det særleg i den delen av boka me gjerne kallar Trøysteboka at me kan lesa utsegn om «Herrens arm». Trøysteboka blir vanlegvis avgrensa til Jes 40-55 og er ein del av boka som på ein særleg tydeleg og omfattande måte legg ut lovnadane om Guds frelse.

Det som er overraskande med denne delen av boka er at forkynninga så tydeleg er retta mot ei tid som er heilt anna enn profeten si levetid. Jesaja levde i Jerusalem på 700-talet før Kristus, medan innhaldet i Trøysteboka omhandlar det som skjedde kring 540 f.Kr. då Israel fekk venda heim frå eksilet i Babylon. Det er eigentleg ganske uvanleg at profetane forkynn så konkret om framtida som det me finn i Trøysteboka. Men Herren sjølv nemner at det nettopp er eit prov på at han er den einaste Gud:

Fortel og sei frå! Ja, lat dei rådslå alle saman! Kven har kunngjort dette frå gammal tid, forkynt det for lenge sidan? Var det ikkje eg, Herren? Og det er ingen Gud utan meg, ein rettferdig Gud og ein frelsar – ingen utan meg. Jes 45:21

Trøysteboka byrjar med orda «Trøysta, trøysta folket mitt!». Bodskapen er at frelsestida er komen. Og når dette skal skildrast, er det nettopp uttrykket «Herrens arm» som blir brukt. Me kan sjå korleis dette kjem fram i 40:10-11:

10 Sjå, Herren Herren kjem med velde, og hans arm råder. Sjå, hans løn er med han, og hans vederlag går føre han. 11 Som ein hyrding skal han gjeta hjorda si. Lamma skal han samla i armen sin, og ved barmen sin skal han bera dei. Dei sauene som har lam, skal han leia. Jes 40:10-11

Me skal merka oss dei to måtane Herren blir skildra på her. For det første er han ein sigrande krigar som vender heim med krigsbyte. Ordet «vederlag» er i Bibel2011 omset med «dei han vann», dette er nok gjort for å understreka at ein forstår krigsbytet ikkje primært som gods og gull, men som det folket han har frelst og som han no fører heim frå eksil. Eg trur dette er ei god tolking av verset. Han har sigra med armen – «hans arm råder».

Dette krigerske biletet blir så utfylt av vers 11, der Herren blir skildra som ein hyrding som gjetar flokken sin. No er det ikkje armstyrken som er poenget. Armen blir brukt til å samla lamma, dei svakaste i flokken. Dei skal han bera. Slik og er Israels Gud. I motsetnad til gudane til nabofolka til Israel – gudar som dei måtte bera og frakta rundt på vogner – er Herren ein Gud som ber folket sitt (Jes 46:1-7).

Når me no går inn i påskeveka, er det nettopp dette me kan ta med oss. Me kan be den bøna som blir bedt gong på gong i opptakten til det kapitelet i Jesaja kor profeten verkeleg får eit unikt glimt av Jesu herlegdom (jf. Joh 12:41), nemleg Jes 53.

Vakna, vakna, kle deg i kraft, du Herrens arm! Vakna som i gamle dagar, som i fordoms tid! Var det ikkje du som felte Rahab, som gjennombora havuhyret? 10 Var det ikkje du som tørka ut havet, vatnet i det store djupet, som gjorde havbotnen til ein veg, så dei utløyste kunne gå over? Jes 51:9-10

Enno ein gong blir minna frå utgangen frå Egypt trekt inn. Ropet er retta til Herrens arm, den armen som i gamle dagar felte Rahab, eit poetisk bilete på Egypt. Bøna er at Gud enda ein gong må gjera det han gjorde den gongen.

Bøn om ny påske

Det er ikkje utenkjeleg at gudfryktige menneske på Jesu tid bad den same bøna. Den britiske bibelforskaren N. T. Wright er blant dei som påpeiker at det på Jesu tid truleg var ei sterk kjensle i folket om at dei framleis var i eksil. Sjølv om dei budde i landet Gud hadde lova dei, var dei ikkje frie, men underlagt romarane. Difor var messiasforventninga knytt til blant anna løfta hjå Jesaja. Og bøna var at Gud enda ein gong skulle gripa inn, senda sin Messias og frelsa folket frå det åndelege eksilet dei var i.

Problemet til prestane, farisearane og dei skriftlærde var at dei ikkje var i stand til å sjå Herrens arm når han stod framfor dei. For Herrens arm er ikkje berre eit abstrakt uttrykk for Herrens makt. Og nettopp det er poenget i starten av Jesaja 53:

Kven trudde den bodskapen vi høyrde? Og kven vart Herrens arm openberra for? Han rann som ein kvist for hans åsyn, som eit rotskot or tørr jord. Han hadde ingen skapnad og ingen herlegdom. Vi såg han, men han hadde ikkje slik utsjånad at vi kunne ha hugnad i han. Jes 53:1-2

Herrens arm er ein person. Det er i Jesus at Gud vert openberra (Joh 1:18). Når Gud bretter opp ermet og avdekker armen sin, syner oss noko av seg sjølv, gjer han det ved å kle seg i kjøt og blod. Det var dette dei religiøse leiarane ikkje forstod. Men interessant nok er det allereie sagt rett ut av Jesaja. For me kan slutta der me byrja, med Jes 52:10:

Herren syner sin veldige arm for augo på alle folk, og alle endane av jorda får sjå frelsa frå vår Gud. Jes 52:10

Når ein les denne teksten på hebraisk, lyd det siste leddet: «alle endane av jorda får sjå vår Guds Jeshua». Herrens arm er Guds Jeshua. «Du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» (Matt 1:21).

Onsdag i den stille veka er dagen for dei siste førebuingane. Maria salvar Jesus for gravferda, Judas gjev Jesu motstandarane alt i hendene. Onsdag er dagen då Gud bretter opp ermet. No skal alt byrja.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
7 min
Ressurstype

  Bibelutleggelse

Skrifthenvisning

  Profeten Jesaja  52: 10 - 53: 1

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Knut Kåre Kirkholm.
  Knut Kåre Kirkholm er gift med Marianne, har tre jenter og bor i Oslo. Han jobber som høgskolelektor på Fjellhaug internasjonale Høgskole, lærer på Bibelskolen Fjellhaug og redaktør av magasinet Fast Grunn.
   Ressurser av Knut Kåre Kirkholm
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.