Publisert

I fødselsveane si tid 2. søndag i advent


Ca leselengde:
6 min

Når ei kvinne skal føda, er ho uroleg, for tida hennar er komen. Men når ho har fått barnet, hugsar ho ikkje lenger kor vondt ho hadde, så glad er ho fordi eit menneske er fødd til verda. På same måten er det med dykk. No er de fylte av sorg, men eg skal sjå dykk att, og hjartet dykkar skal gleda seg, og den gleda skal ingen ta ifrå dykk.
Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Bed de Far om noko, skal han gje dykk det i mitt namn. Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Be, så skal de få, slik at gleda dykkar kan vera fullkomen.
Joh 16:21-24

Advent handlar om Jesu Kristi gjenkomst, også kalla parusi, dvs. tilsynekomst. Han kom ein gong i fornedring som tenar, men skal kome att i herlegdom som konge. Då skal alle kne bøye seg for han, både mellom englane i himmelen, mellom menneska på jorda og hjå demonane i djupet. Han skal kome midt i livet, midt i den daglege donten.

Ventetida vil vere som fødselsveane si tid. Jesus kallar henne kort, men ho har alt vart ganske lenge. Vi lever og ventar. Jesus skal kome igjen, synleg for alle, tvilarar, fornektarar og truande.

Korleis er denne fødselsve-tida?

I vår tid har motstanden mot Gud vakse seg sterkare. Sjølv den beintfram aggresive ateismen har stor makt over menneska. Samtida vil vi skal tru at det velordna, velorganiserte, velståande og vellukka samfunnet er det gode livet for menneska. Mange hevdar at meininga med menneska er at  det overnaturlege, heilage og evige ingen fordringar skal ha på oss.

Men dei truande veit at alt som er, peikar på ein djupare røyndom. Vi trur at alt som er til, er skapt av Gud, at alt synleg heng ihop med noko usynleg.

Ei elv, eit tre, ein riksveg, eit brød peikar på Gud og hans gåver. Dette 'livssynet' er vårt og viktig å halde fast på. Og det må vi gjere i møte med stadig meir aggresiv propaganda imot Gud og Hans røyndom. Vår sekulariserte samtid mobiliserer imot Gud. Dei som trur, treng å vite at det er berre ei kort tid, men ho er vår og Gud brukar oss denne tida.

Av historisk erfaring veit vi at det åndelege tomromet etter Lyset si ånd, vert fylt av mørkret. Og mørkret sin herre er Kristi fiende. Sekulariseringa si ånd er Heilaganden sin fiende. Om vi skal bli forfylgjde, veit vi lite. Heldigvis. Men det kan fort bli farleg å hevde offentleg at der er berre éi sanning og éin veg og éitt liv. Det må ikkje overraske nokon om vi eller våre etterkomarar ein dag må kjempe for å overleve. Lat oss vere glade så lenge vi lever i eit lungt klima, men lat oss ikkje slutte å be ein einaste dag "Frels oss frå det vonde."

Då treng vi å kjenne mønsteret: Nederlag skal det bli. Motstand skal det bli. Smerte og lidingar. Jesus vart både forfylgd av dei mektige og sviken av sine næraste. Men ikkje noko nederlag skal få bli det siste for Jesu etterfylgjarar. Det er berre ei lita stund. "De skal syrgja, men sorga skal vendast til glede." Det skal vere gråe medan verda gleder seg. Men ingen skal kunne ta gleda frå oss. Eller for å seie det med apostelen Peter (1Pet 4,19):

Dei som lid skal, når det er Guds vilje, overgje si sjel til den trufaste Skaparen og så gjera det gode. 1 Pet 4:19

Dette er kristent syn på framtida. Det er kristen sorgløyse, kristen medisin mot mismot (acedia). Nederlag skal ikkje bli det siste.

I samtida stod Jesus fram som ein endetidsprofet. Han forkynte ei ny verd. Likevel har mange kristne eit sveitt og forlegent forhold til bodskapen om at denne tidsalder skal ta slutt.

Det var denne trua som gav martyrane mot til å vitne om han heilt inn i døden. Det er denne trua som kling i nattverdbøna vår: «Din død forkynner vi, Herre, og di oppstode høglovar vi til dess du kjem att i herlegdom!»

Når Jesus vender tilbake, skal det vere som på påskedagen. Somme vil hevde at han finst berre i disiplane sin fantasi. Andre vil sjå, høyre, snakke med, ete ilag med, gå tur med og tru.

Slik er også Guds rike: «Usynligt vel som sjel og sinn / det nemt dog er å kjenne.» Usynleg for alle, men synleg for dei som trur. Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den Heilage Ande, seier apostelen.

I levande live var Jesus den fornedra som vart forakta. Berre i glimt avslørte han seg.

Men ein dag skal løyndom verte synleg herlegdom. Og avsløre at det vi gjorde i det synlege, får konsekvensar i det usynlege. Til sjokk for alle. Til glede for somme.

Somme hevdar at dei som ventar på det komande Gudsriket, tek bort engasjementet og omsorga for denne verda og samtida. Eg trur det er omvendt. Det er den som er  fri og løyst frå denne verda som kan endre henne, dei som har eit fast punkt utanfor alt det som er her og no.

I ventetida, under fødselsveane skal vi be «Lat riket ditt kome!»

Det er på tide å klare synet. Alt du balar med og kjempar med, kjem på plass når du lyfter blikket for å gå din Gud i møte. Gjer det her og no, for Faderen høyrer den som bed i Jesu namn. Ta oppgjer no med det du kan greie deg utan. Ta oppgjer no med det som må ordnast opp i. Han som kjem, er han som alt no møter menneske. «Vak då!» seier han. «For de kjenner ikkje dagen eller timen.»

Israel skulle ete påskemåltidet i hast, med belte om livet. Når Gud talar og handlar, må du kjenne han att og vite kva du vil. Du må ha tenkt over livet ditt.

Når Jesus seier «Eg kjem snart!» svarar dei truande alltid: «Maran atha! Kom, Herre Jesus!» Mange ventar han ikkje. Ikkje no. Ikkje enno. Alt er som før, seier dei. Men vi veit at han er på veg.

Kom, konge, kom i morgenglans og gjør en ende bratt
på jordens mørke, tenn den dag som aldri mer blir natt.
(John Brownlie)


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
6 min
Ressurstype

  Bibelutleggelse

Skrifthenvisning

  Johannes´ evangelium  16: 21-24

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ottar Mikael Myrseth.
  pensjonert folkehøgskolelærar og praktiserande prest. Har 23 år bak seg som prest i Den norske kyrkja, som sokneprest i Rødtvet, Oslo, og Spjelkavik, og som stiftskapellan for biskopen i Møre. I 2001 melde seg inn i Den nordisk-katolske kyrkja, der han no er sokneprest i St Olav, Ålesund, og er vald til biskop for Skandinavia. Frå 2001 til 2017 var han lærar ved Borgund folkehøgskole. Han og kona Reidun har tre voksne born og 10 barneborn.
   Ressurser av Ottar Mikael Myrseth
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.