Bakfrå og framanfrå omgjev du meg, du har lagt di hand på meg. Sal 139:5
Frå livet med Gud
Israel si historie er lang og dramatisk. Den inneheld alt frå småkår, slaveri og krig til fridom, fred og velstand.
Kong David, landet sin store konge, hadde i eige liv erfart at livet, også livet med Gud, kunne innehalde både jubel og glede, djup desperasjon og stor hjelpeløyse.
Desse dyrekjøpte erfaringane skreiv David inn i salmar der me lærer både livet og Herren å kjenne. Me møter livet med Gud på ein ekte og sann måte. På same tid gjev desse salmane oss hjelp i møte med dei livserfaringane som me sjølve møter i dag. Sanningar som også gjeld vår kvardag og livssituasjon. Ord som vil læra og føre oss til det som både er sant og toler sjølve livet.
Når kong David skal skildre Gud og livet med han, hentar han fram eit ord som han kjenner godt frå krigen og slagmarka.
Du omgjev meg!
Konge over kongen
I livet sin kamp sier David at det er ein annan enn han sjølv som eigentleg er konge og som har kontrollen.
For nokre kan dette verke som ein trussel, der utvegen er å prøva røma unna, gløyme eller fornekte. Ei fiendtleg innstilling til Bibelens Gud forandrar eigentleg ikkje på noko.
Kvar skal eg fara frå din Ande, og kvar skal eg røma frå ditt åsyn! Salme 139:7
I himmelen… – i dødsriket… v.8 eller – ved ytste enden av havet… v.9 eller i skjul av mørkre og natt… v. 11-12
Den plassen finnes ikkje, for Gud er der allereie.
«Gud er Gud om alle land lå øde,
Gud er Gud om alle mann var døde.» P. Dass
For David er dette derimot det tryggaste han veit om. Tidlegare hadde Moses fått møte Gud på samme måten. Han vart invitert inn i Guds nærleik og herlegdom, men på ein annan måte en han først hadde sett for seg.
21 Sjå, her tett ved meg er det ein stad, stå der på fjellet.
22 Og når herlegdomen min fer framom, vil eg la deg stå i fjellkløfta, og eg vil dekkja med handa mi over deg til eg har fare framom.
23 Så vil eg ta handa mi bort. Då kan du sjå meg attantil, men åsynet mitt kan ingen sjå. 2 Mos 33:21-23
5 Og Herren steig ned i skya og stilte seg der hjå han og ropa ut Herrens namn.
6 Herren gjekk forbi andletet hans og ropa: Herren Herren er ein miskunnsam og nådig Gud, langmodig og rik på nåde og sanning. 2 Mos 34:5-6
«Bakfrå…»
Så er Gud og bak meg. Det som ligg bak, er gårsdagen og kvar dag i livshistoria vår. Livet, med alt det som vart gjort og sagt, og alt det som ikkje var der og som skulle ha vore til hjelp for andre. Og kanskje aller mest det som andre ikkje ser, men som har vore tenkt og følt av egoisme, misunning, attrå og vondskap. Dei mange fall og nederlag.
Synda er reell i kvart menneskeliv, sjølv hjå dei som ynskjer å lukke augene for den.
I Bibelen møter me i tillegg Djevelen, ei personleg og vond åndsmakt som står Gud og mennesket imot. Han er ekspert i å grava og klaga på oss. Han er den som hentar fram alt det gamle, og kastar det opp mot oss til dom og forakt.
I Israelfolket si historie møter me Gud gjennom Herrens engel. Han stiller seg både framfor og bak dei på vandringa. Leier dei på vandringa, og syner veg framover. Vert og ståande bak dei, mellom det sårbare folket og Farao sin hær. På samme måte stiller Kristus seg mellom synda sin dom og klagemål og oss, og slettar ut alle spor.
19 Guds engel, som gjekk framfor leiren åt Israel, flytte seg og gjekk etter dei. Skystøtta, som var framfor dei, flytte seg og stilte seg bak dei.
20 Slik kom ho mellom egyptarleiren og Israels leir. På den eine sida var ho sky og mørker, på den andre sida lyste ho opp natta. Og den eine leiren kom ikkje innåt den andre heile natta. 2 Mos 14:19-20
Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningane dine for mi skuld, og syndene dine kjem eg ikkje i hug. Jes 43:25
“Framanfrå…”
Det gjeld morgondagen, og framtida vår, ja endå det neste sekund og minutt. Alt det som me ikkje kjenner, og ofte er engstelig for. Også der er Herren med si sterke og nådige arm.
Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. Op 22:13
For eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er fredstankar og ikkje tankar til ulukke. Eg vil gje dykk framtid og von. Jer 29:11
I den nye pakta vart innhaldet av denne bibelske sanninga synt oss enkelt og klart. Herren legg si hand på kvar den som rømer til han gjennom trua på Jesus Kristus. Han dekker deg heilt og fullt, med sin rettferd og nåde.
Kong David såg fram mot dette, og fann her sin trygge heim og bustad, sjølv når han var i strid og på flukt. Tryggare plass kan ingen finne.
Difor, om nokon er i Kristus, då er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, alt har vorte nytt. 2 Kor 5:17