Publisert

Kom, konge, kom 1. søndag i advent


Ca leselengde:
5 min

Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»
Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhòle.»
På tempelplassen kom nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei. Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja», svara Jesus. «Har de aldri lese dette ordet:
Frå munnen på småborn og spedborn
har du late lovsong lyda!»
    Så gjekk han frå dei og ut av byen, til Betania. Der var han om natta. Matt 21:10-17

Idag er kyrkjeåret sitt årsskifte, og nedteljinga til kalendar-årsskiftet er igong. Men det er ikkje almanakken som har nøkkelen til årstala. Det er Bibelen. Og det er ikkje kvelden då fyrverkeriet går til himmels som er overgangen til eit nytt år. Det er natta då adventstida går over til julefeiring.

Jesus kjem til Jerusalem på visitas. Og det går meir handfast føre seg enn under bispevisitasar i våre dagar. Likevel gjorde ikkje Jesus anna enn det einkvar skikkeleg biskop skulle gjort: Setje nærgåande søkjelys på kyrkjelyden, på gudstenesta deira og dermed på dei sjølve.

I Jerusalem avslører Jesus gudelegdom utan gudsfrykt. Difor  kastar han ut menneskeskapte aktivitetar så Gud skal få plass. Ikkje fordi gudsteneste-feiringa hadde opphøyrt i templet. Der var det vi ville kalle kyrkjelydsarbeid i full sving. Likevel registrerte Jesus ei folke-tragedie. Den sanne gudsdyrkinga hadde vike for ei gudsteneste utan Gud.

Evangelieforteljinga er nærgåande for kristne til alle tider: Kva vil det seie å vere Guds folk og leve i Guds hus? Bønehus kan bli røvarhole. Eit Gudshus kan bli eit mennesketorg. Det som skulle romme himmelens Gud og englane sin song, kan bli ein bustad for berre menneskeleg sjølvherleggjering. Ikkje berre på Jesu tid.

Kva har vi gjort med bønehusa i vår generasjon? Somme kan ha blitt museum dit folk går for å oppleve susen frå gamle dagar, andre mausoleum der restane av fedrane si tru vert teken vare på og atter andre ein marknadsplass for nytida sine moteretningar innan tru, livsyn og livsførsel.

Det høyrest ut som om Jerusalem-tempelet var i ei frykteleg forfatning. Men det var ikkje bandittar som hadde okkupert det. Dei “som dreiv handel” der var servicefunksjonærar. Tilreisande pilegrimar trengde service: Tempelskatt skulle betalast, offerdyr skaffast. Kanskje var der tvilsame typer mellom  kremmarane. Men Jesus set søkjelyset på at den grunnleggjande respekten for den heilage Gud manglar. Difor hentar han fram profeten Jeremias' ord:

Trur de at dette huset som ber mitt namn, er ei røvarhole? Eg og kan sjå, lyder ordet frå Herren. Jer 7:11

Jesus ryddar i Jerusalem for å setje seg sjølv i sentrum. Guds tempel er Guds. Guds Son tek templet i eige for å gjere det istand til å romme den offerhandlinga som skjer når Han døyr på krossen. Og etter Han skal Guds tempel for alltid vere staden der den krossfeste og oppstadne gir oss sin heilage lekam og sitt dyre blod som Han frelser oss med og held oss oppe med til det evige livet. Dette skal vere templet sin sentralnerve. Straffa låg på han for at vi skal ha fred (Jes 53:5).

Guds hus i våre bygder og byar er stadar der Gud møter oss. Er det bøn som gjennomsyrer vårt gudshus og våre liv? Er møtet med Gud ein uunnverleg del av vårt vekeprogram eller ein valfri fritidsaktivitet? Eit religionsvesen med stor tempelplass full av religiøs service, eller eit tempel der folket ber?

Enno er vår gjestingstid. Men kvart møte med Gud er ein domedag for oss. Kvar samling i Guds hus er ein invitasjon frå Jesu side. Du kan anten ta imot eller avvise. Når Gud på den siste dag dømer oss, spør han etter korleis vi stiller oss til Han alle dagane her og no. Han ser etter dei som møter Han slik Maria gjorde: "Eg er Herrens tenestkvinne, lat det gå med meg som du har sagt."

Jesu motiv 'bønehus eller røvarhole' stiller ubehageleg nærgåande søkjelys på all utvendig preste- og gudsteneste, på den sjølvtilfredse tryggleiken, på den uanfekta trua og det vellukka kyrkjelydslivet. I røvarhola har gangster-kongen sikra seg bak væpna fasade. Her trengs ingen age, ingen gråt og ingen Gud. Berre i bønehuset er det kamp. Kamp mot den vonde. Og berre der finst trua som skal sigre over verda og freden som overgår all forstand. Der blir menneske helga. Alt anna er og blir røveri.

I Jerusalem var det borna som forstod dette. Lovsongen deira anerkjente Gud som Gud.

Fyrste søndag i advent er ei open dør. Gud byrjar om igjen med oss. Slik han har gjort utallege gongar før. Gjennom profetar og evangelistar har han sendt sitt ord til eit trulaust folk. Igjen og igjen har han oppfylt sine lovnadar og late menneske begynne på nytt. Ny nåde. Nye lovnadar. Ny start. Nytt kyrkjeår. Nytt liv.

Kom, konge, kom i morgenglans og bryt din seiersvei
for riket som med himmel, jord tilhører evig deg.
(John Brownlie)


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
5 min
Ressurstype

  Bibelutleggelse

Emne

  Advent

Skrifthenvisning

  Matteus evangelium  21: 10-17

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ottar Mikael Myrseth.
  pensjonert folkehøgskolelærar og praktiserande prest. Har 23 år bak seg som prest i Den norske kyrkja, som sokneprest i Rødtvet, Oslo, og Spjelkavik, og som stiftskapellan for biskopen i Møre. I 2001 melde seg inn i Den nordisk-katolske kyrkja, der han no er sokneprest i St Olav, Ålesund, og er vald til biskop for Skandinavia. Frå 2001 til 2017 var han lærar ved Borgund folkehøgskole. Han og kona Reidun har tre voksne born og 10 barneborn.
   Ressurser av Ottar Mikael Myrseth
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.