Frå noverande Usbekistan og Libya, frå Svartehavskysten og Persiabukta, kom meldingar på hesterygg til den persiske kongen, kvikkare enn verda elles såg før jernbanen, meldingar som fortalde korleis det stod til i det store og veldrivne riket hans.
Innimellom høyrde han òg frå den vesle provinsen Juda, ein av provinsane i satrapiet «Over elva», området vestanfor Eufrat. Denne vesle provinsen hadde i si tid vore ein sjølvstendig stat, styrt av kongar av Davidsætta.
Men det var lenge sidan. I 588 f.Kr. hadde hærane til Babel-kongen Nebukadnesar lagt seg i stilling rundt Jerusalem, og etter å ha omlægra byen i halvtanna år braut dei gjennom muren, fanga kongen og mennene hans, førte overklassen til Babel, reiv ned byen og brende tempelet.
No var det babylonske riket historie. I 539 hadde det vore hovudstaden der sin tur til å opna portane for framande hærar, denne gongen divisjonane til persarkongen Kyros. Dei bortførte jødane hadde fått venda heim til Jerusalem og hadde fått pålegg om å byggja opp att tempelet og be for kongen (Esra 1:2-4; 6:10).
Vel tjue år seinare, og med tilskunding frå profetane Haggai og Sakarja, stod heilagdomen verkeleg der, attreist på den gamle tomta. Men den nye tida profetane hadde tala om (t.d. Jes 4:2-6; Hag 2:21-23; Sak 1:17; 2:7-9; 9:8-10), var ikkje komen. Juda var framleis ein fattig og oversett utkant i eit enormt verdsrike, som ofte var pressa av områda rundt og ikkje alltid nådde fram i embetsverket. Slik var stoda då Gud sende profeten Malaki.
Malaki
«Ein bodskap, HERRENS ord til Israel gjennom Malaki», les me i overskrifta til boka. Her er ingen far, ingen heimby, inga tidfesting. Namnet Malaki finst òg berre her. Mange har lurt på om det er eit namn. Ordet mal’ak tyder utsending og blir svært ofte brukt om englane (1 Mos 28:12; Sal 91:11). Men profetane er òg Herrens sendebod (Hag 1:13; Jes 44:26). Ordet kan i tillegg brukast om bodberarar frå menneske (1 Mos 32:4.7; 2 Sam 11:19). I Malaki-boka er det nytta om prestane i 2:7. Dessutan høyrer me om «min bodberar» (mal’aki) i 3:1. No er det ikkje eit særsyn at eit namn berre er brukt på éin person i Det gamle testamentet, det gjeld t.d. òg Nahum og Haggai. Men det blir hevda at namnet i tillegg ikkje liknar hebraiske mannsnamn.
Det gamle testamentet har svært mange namn som er sett saman av eit substantiv, adjektiv eller verb + ja(hu) [HERREN] eller ’el [Gud]. Ei kortforma av desse namna endar på i. Me har til dømes både Hananel (Neh 3:1), Hananja (1 Krøn 3:19, 21) og Hanani (1 Krøn 25:4, 25), og me har Otniel (Dom 1:13-15) og Otni (1 Krøn 26:7).
Stuart (1245) meiner difor at Malaki er eit døme på ei stor gruppe hebraiske namn. Det er berre delvis rett. I dei aller fleste av desse namna fortel substantivet, adjektivet eller verbet kva Gud er for den som ber namnet, medan «Malaki» seier kva profeten er for Gud. Det finst likevel andre døme på dette, Abdi (tenaren min – 1 Krøn 6:29; 2 Krøn 29:12; Esra 10:26), Abdiel (Guds tenar – 1 Krøn 5:15) og Obadja (HERRENS tenar – Ob 1 o.fl). Somme har tenkt seg at profeten tok dette namnet sjølv i vaksen alder, som ei programerklæring for tenesta han gjekk inn i (Hill,16).
Stuart (1246-47) dreg fram eit par viktige ting som talar for at Malaki er meint som personnamn. For det første plar profetbøker ha personnamn i overskrifta. Mange har vist til likskapar mellom Mal 1:1 og Sak 9:1 og 12:1 og meint at det er tale om tre anonyme profetskrift sist Tolvprofetboka (profetane Hosea – Malaki). Men ulikt Malaki, nemner ikkje dei to delane av Sakarja-boka nokon person som profetien er gjeven ved. For det andre er HERREN i Mal 1:1 omtala i 3. person. Viss Malaki ikkje skulle vera personnamn, burde det stå «sendebodet hans» (slik det gjer på gresk), ikkje Malaki – sendebodet mitt.
Tid
Overskrifta hjelper oss altså ikkje til å vita kva tid profeten bar fram bodskapen sin. Men av 1:8 ser me at folket no betalte skatt til statthaldaren, ikkje til kongen. Då er me i tida Juda stod under persisk styre, altså etter 539 f.Kr. I tillegg står tempelet, og ofringane går sin gang. Me får heller ikkje inntrykk av at dette er noko nytt og spennande. Tempelet stod ferdig i 515, så me er truleg minst nokre tiår etter det.
Nebukadnesar tok ikkje Edom då han knuste Juda. Sjølv om Edom få år før vurderte samband med Juda mot Babel (Jer 27:3), verkar det som landet i det minste utnytta at Jerusalem fall (Sal 137:7; Klag 4:21-22; Ob 10-14). Nabonideskrøniken hintar eit åtak på Edom i 553/52. Arkeologi viser òg øydelagde byar frå den tida. Mykje truleg slutta Edom då å vera ein sjølvstendig stat (Raabe 1996: 53-55).
I denne tida var det òg press mot dei edomittiske områda frå arabiske stammar. Edomittar vandra difor vestover inn i Negev. Leirbrot frå 500-talet viser både til konfliktar og til eit edomittisk tempel i austre Negev (Raabe, 53; Stuart, 1288). Malaki seier at Edom er knust, men framleis håpar å byggja opp att (1:2-5).
Malaki klagar folket for å skilja seg frå konene sine og gifta seg med «dottera til ein framand gud» (2:11). Då Esra kom til landet i 458 f.Kr., oppdaga han at mange hadde gifta seg med «framande» kvinner (Esra 9-10).
Nehemja, som var statthaldar frå 444 f.Kr og ein andre periode frå 432, tok opp det same problemet (Neh 10:30; 13:23-27). Nehemja fekk leiarane for folket til å skriva under ein avtale der dei i tillegg til ikkje å gifta seg med nokon frå folka omkring lova å koma til HERRENS hus med tienda og gåvene (Neh 10:35-39), ein annan ting profeten klandrar folket for å forsøma (3:8). Viss ein då tenkjer seg at Nehemja, han fór jo ikkje fram med silkehanskar, greidde å få orden på alt dette, skulle det tilseia at Malaki tala profetorda sine før Esra og Nehemja kom. Det er difor vanleg å plassere profeten mellom 500 og 460 f.Kr. Men det er sjølvsagt òg tenkjeleg at problema heldt fram eller kom att òg etter at Nehemja hadde slutta som statthaldar.
Om profetiane vart skrivne ned straks dei var borne fram eller ei tid seinare, er uråd å seia. Det me veit, er at me no er inne i ein tidsalder der det skrivne ordet har vorte vanlegare og viktigare. Det er såleis ingen ting i vegen for at profeten sjølv kan ha skrive ned bodskapen sin, eller at han har fått nokon til å gjera det. Dei siste tre versa av boka trur mange er eit seinare tillegg, kanskje i samband med at Malaki vart ein del av Tolvprofetboka. Argumenta for og imot er det naturleg å venta med til me kjem til den delen av boka.
Særdrag, oppbygging og innhald
På Malaki si tid låg Torah, Mosebøkene, allereie føre som kanonisk skriftsamling. Dei historiske bøkene frå Josva til Kongebøkene og dei ulike profetskrifta var truleg òg tilgjengelege og autoritative. Malaki siterer fleire bøker (klåre døme er Sak 1:3 i 3:7 og Joel 3:4 i 4:5).
Andre gonger skal ordbruken tydeleg få tilhøyrarane til å tenkja på ulike skriftavsnitt (t.d nyttar han ordet «heidrar» i 1:6 og viser dermed beinveges til det 4. bodet (2 Mos 20:12). Ikkje minst 5. Mosebok ligg i botn for mykje av det Malaki ber fram.
Den hebraiske standardteksten, den såkalla massoretiske teksten, markerer avsnitt med bokstavane samek og pe, der pe avsluttar lengre bolkar og samek mindre avsnitt . Malaki-boka er slik delt i fire hovudbolkar, 1:1-2:9; 2:10-12; 2:13-4:3; 4:4-6. Den første bolken har ein avsnittsmarkør etter 1:13, den andre etter 2:16; 3:12 og 3:18 (Elles er den hebraiske teksten berre delt i tre kapittel, slik at det som i våre biblar er 4:1-6, blir 3:19-24).
Få moderne forskarar eller bibelutgåver har følgd denne inndelinga. Grunnen er at boka er bygd opp på ein både tydeleg og særmerkt måte, som seks ordvekslingar mellom Gud (eller profeten) og folket.
- Overskrift 1:1
- Første ordveksling: Gud elskar Israel. 1:2-5
- Andre ordveksling: Prestane har vist forakt for HERRENS namn. 1:6-2:9
- Tredje ordveksling: Folket har brote pakta ved å skilja seg og gifta seg med framande. 2:10-16
- Fjerde ordveksling: Folket har trøytta HERREN ved å seia at han ikkje bryr seg. 2:17-3,5
- Femte ordveksling: Folket stel frå Gud og må venda om. 3:6-12
- Sjette ordveksling: Folket seier det er nyttelaust å tena Gud. 3:13-4:3.
- Avslutning: 4:4-6
Desse seks ordvekslingane er bygde opp nokså likt:
- HERREN (i ordveksling 3: profeten) kjem med ein påstand.
- Folket spør korleis HERREN kan påstå noko slikt.
- Herren svarar. Til svaret kan han knyta eit kall til omvending og forkynna dom og utfriing.
Malaki likar å bruka same ordet fleire gonger i ei ordveksling. I den korte første ordvekslinga er verbet «elska» brukt tre gonger, gebul (i 1:4 omsett «landet», i 1:5 «grenser») to gonger, verbet «byggja» to gonger osb. Dessutan kan han bruka ord til å laga band mellom dei ulike ordvekslingane, t.d. «prisa sæle» i vers 3:12, 15, og «prøva» Gud i vers 3:10, 15. Profeten nyttar òg svært ofte uttrykket «seier HERREN over hærskarane» (t.d. 1:4, 6, 8, 9, 10), somme gonger berre «seier HERREN» (1:2; 3:13). Kan henda vil han hamra inn at Gud ikkje er fråverande, at han faktisk har noko å seia til folket sitt, at det er han som talar gjennom profeten.
Første ordveksling (1:2-5)
Det første som ligg HERREN på hjartet når han sender profeten til folket, er å få sagt dei: «Eg elskar dykk.» Me skjønar at det trengst, for folket svarar straks: «Korleis elskar du oss?» Dei synest ikkje dei ser at Gud elskar dei. Alt det fine dei førre profetane har spådd, hadde ikkje kome.
Det er ikkje sikkert tilhøyrarane verkeleg svara slik på orda frå profeten. Gud visste kva dei tenkte og kjende på i hjarta sine, og set ord på det slik at han kan få svara.
HERREN svarar med å visa til korleis Gud valde ut Jakob, og dermed Israels-folket, som Jakob var stamfor for, framfor Esau, stamfaren til Edom. Orda «elska» og «hata» (NO-11: «ha uvilje mot») har i denne samanhengen, som så ofte i Bibelen (2 Mos 20:5-6; 1 Sam 5:8; Sal 139:22; Luk 14:26), meir å gjera med alliansar og avvising enn med varme kjensler. Landet Edom er altså no knust. Og Gud seier han skal syta for at dei aldri kjem på føtene att. Dei vil aldri meir kunne bli ein mektig fiende for Juda.
De skal sjå det med eigne auge, og de skal seia: «Herren er stor, ut over Israels grenser.» (vers 5)
Gud er ikkje provinsiell og puslete sjølv om folket opplever seg slik. Han er stor, han rår globalt. Då ser ein òg at Gud medvite har valt å elska Israel. Folket kunne historia si. Landet deira hadde vorte øydelagd og folket bortført fordi dei hadde vend seg frå Gud. Dei var eit «land av urett», dei fortente at HERREN var «harm for alltid» (jf. 1:4). Men han handla ikkje slik med dei. Han lét dei bortførte koma heim. Han bygde dei opp. Det er heller ikkje tilfeldig at HERREN tiltalar folket som «Israel», heller enn «folket som bur i provinsen Juda» (jf. òg overskrifta «HERRENS ord til Israel). Han vil dei skal sjå seg slik Gud ser dei, sjå seg som folket Gud valde ut.
Andre ordveksling (1:6-2:9)
Den andre ordvekslinga er den lengste av dei seks ordvekslingane. Her vender HERREN seg til prestane. Kanskje det er difor uttrykket «seier HERREN over hærskarane» blir gjenteke heile ti gonger (1:6, 8, 9, 10, 11, 13, 14; 2:2, 4, 8 – i tillegg éin gong «seier Herren» – 1:13). HERREN viser til det fjerde bodet og til ord som fortel at han er Far for folket sitt (2 Mos 4:22-23; 5 Mos 32:5-6, 18-19; Jes 43:6; Hos 11:1 o.fl.). I staden for å heidra HERREN som far og herre, foraktar dei han. Dette viser seg i offertenesta. I 5 Mos 15:21 les me:
Men har dei [dyra] ein feil, anten dei er halte eller blinde eller har nokon annan stygg feil, skal du ikkje ofra dei til Herren din Gud. 5 Mos 15:21
Likevel, det er nettopp det prestane no gjer. Det er ikkje vanskeleg å skjøna at folk kunne freistast til å ofra dyr med lyte. Dei eigna seg jo minst til avlsdyr. Men at prestane ser gjennom fingrane med dette, viser at dei ikkje tek Gud alvorleg. Han spør retorisk om det hadde nytta å koma med slikt når dei skulle betala skatten til statthaldaren. Dei vørder HERREN mindre enn tenestemannen for den persiske kongen. Kan dei då tru at Gud vil ha glede i gåvene deira? For Gud er stor. Han er stor mellom folkeslaga. «Frå der sol går opp til der sol går ned» (1:11) vil seia over heile jorda. I 1:14 les me:
For eg er ein stor konge, seier Herren over hærskarane, namnet mitt er frykta [kan òg omsetjast: «fryktvekkjande, skremmande»] mellom folkeslaga. Mal 1:14
HERREN er ikkje berre større enn statthaldaren. Han er større enn storkongen i Persia. Prestane driv med majestetsfornærming.
Med 2:1 tek HERRENS ord til prestane ei ny vending. Han trugar dei med «forbanninga» (2:2 – den hebraiske teksten har bestemt form). Her er brukt ei svært sjeldan ord for «forbanning», utanom Malaki-boka er det berre brukt tre gonger, og berre éin gong, 5 Mos 28:20, i eintal bestemt form. Her står det (direkte omsett): «HERREN skal senda mot deg forbanninga, forvirringa og trugsmålet». HERREN grip her tilbake til kapittelet i 5. Mosebok om velsigningar og forbanningar (kapittel 28), velsigningar om folket held pakta, forbanningar om dei bryt henne.
Ei oppgåve prestane hadde, var å velsigna folket (4 Mos 6:22-27). No vil HERREN endå gjera velsigninga deira til forbanning. «Trugsmålet» får me høyra om i 2:3: «Sjå eg trugar ætta [etterkomarane, eigentleg «sædet»] dykkar.» «Slakteavfallet» (2:3) er morr og avfall frå offera. Dette skulle brennast på ein urein stad utanfor leiren (3 Mos 16:27-28). Under festane var det fleire offer og difor meir avfall. Å kasta dette ureine avfallet i andletet på prestane er å seia at dei ikkje er i stand til å ta del i prestetenesta. Guds føremål er likevel å få dei til å sjå og venda om. Han vil at «pakta med Levi» skal stå ved lag (2:4). Ei slik pakt er ikkje direkte nemnd elles, men i 5 Mos 33:8-11 lovar Gud at Levi-stammen skal ha prestetenesta (jf. òg 2 Mos 32:26-29).
I 2:5-7 skildrar HERREN pakta med Levi og kor heilt med han prestane i førstninga var:
I fred og rettferd vandra han med meg og fekk mange til å venda om frå skuld. Mal 2:6
Folket kan venta at presten gjev dei rett kunnskap om Gud, for «han er sendebod frå HERREN over hærskarane.» Dette er einaste gongen i Det gamle testamentet at ordet mal’ak er brukt om prestane.
Situasjonen no er stikk motsett av slik det var i gamle dagar:
Men de har bøygd av frå vegen. De har gjeve slik rettleiing at mange har snubla. De har brote Levi-pakta. Mal 2:8
Prestane har forakta HERREN. Difor skal HERREN gjera det slik at folk foraktar dei (2:9).
Tredje ordveksling (2:10-16)
Den tredje ordvekslinga skil seg ut ved at «påstanden» er den lengste delen av ordvekslinga. Spørsmålet frå tilhøyrarane kjem først i 2:14. Det er heller ikkje HERREN som talar, men profeten, og han identifiserer seg med folket og seier «vi».
Har vi ikkje éin far, har ikkje den eine Gud skapt oss? Mal 2:10
Folket sin far kunne vera Abraham eller Jakob, men Gud har allereie i 1:6 understreka at han er far deira, så det er naturleg å forstå det slik at den eine faren og den eine Gud er den same. Gud har skapt Israel (Jes 43;1, 7, 15). Trass i at dei alle har ein far og Gud og såleis er sysken, har folket ved å vera trulause mot kvarandre, vanhelga pakta denne far og Gud gjorde med fedrane, altså Sinaipakta (5 Mos 4:31; 29:24).
Før profeten seier kva det gjeld, kallar han det òg «avskyelege ting» og slår fast at dei har «vanhelga HERRENS heilagdom» – anten tempelet (jf. 3 Mos 16:16) eller folket sjølv (slik Stuart, 1332 – han viser til 3 Mos 19:8, einaste staden der same uttrykket er brukt – det er omsett litt ulikt på norsk). Det viser seg at folk har gifta seg med kvinner frå folkeslaga omkring. Dette er ei av dei syndene Esra såg, sørgde over og tok tak i. Her er òg ordet «avskyeleg» brukt (Esra 9:1). Det som er alvorleg for Esra, er at «den heilage ætta har vorte blanda med folka i landområda omkring» (9:2) . Dei har handla mot det Gud sa til folket før dei kom inn i landet (9:11). Dette er absolutt med hjå Malaki òg, han seier Juda har gifta seg med «dottera til ein framand Gud» (2:11). Men minst like viktig er truløysa mot kvarandre. Det ser me nedanfor når profeten svarar på spørsmålet frå tilhøyrarane: «HERREN er vitne i saka mellom deg og din ungdoms kvinne» (2:14, utanom her og i neste vers finst uttrykket «ungdoms kvinne» i Ordt 5:18 og Jes 54:6). Ekteskapet er ei pakt; brot på den pakta er òg brot på pakta med fedrane. I 2:16 får me høyra at «den som får uvilje mot [hatar] henne og sender henne bort, … skitnar til kleda sine med vald», og her einaste gongen i den tredje ordvekslinga at profeten legg til orda: … «seier HERREN over hærskarane». Det er interessant at ordvalet her speglar 5 Mos 24:1-4. Der blir det teke for ein del av livet at slikt skjer – versa er opptekne av at den første mannen ikkje kan ta kona tilbake dersom ho har vore gift med ein annan i mellomtida, men for Malaki er det paktsbrot (jf. Jesu ord i Matt 19:4-9).
I 2:12 engasjerer profeten seg personleg: «Må HERREN rydda ut …». I 2:13 høyrer me om «det andre de gjer», nemleg å dekkja HERRENS altar med gråt. Somme har meint det er tale om gråten til dei forsmådde konene (t.d. note i Bibelen Guds Ord). Då forstår dei det gjerne slik at denne gråten er grunnen til at Gud ikkje tek imot offeret med glede. Men på hebraisk står det at dei græt fordi «han ikkje lenger vil sjå på gåva.» Då må meininga vera at dei prøver å få Gud til snu ved mykje gråt og sukk, men utan at dei vender seg frå det vonde.
Mal 2:15 er eit av dei vanskelegaste versa i Bibelen. Det er umogleg å vita kva den første delen av verset tyder. Mykje truleg har teksten vorte skadd i den tida handskriftene var få og dyre. Her er tre freistnader:
Men hev ikkje éin gjort det og endå fenge leva? Men kva gjorde han, denne eine? Han vilde hava den ætti som Gud hadde lova; men de skal taka vare på dykkar liv, og mot ditt ungdoms-viv må du ikkje vera utru. (NN-38 – «den eine» er då forstått som Abraham. Dette er òg den tradisjonelle jødiske tolkinga)
Dette gør ingen, så længe han er i live. Men hvad søger han da? Guds sæd! Men I skal vokte jer, så længe I lever, og ingen skal være troløs imod sin ungdoms hustru. (DA-92)
Er det ikkje éin som har skapt alt? Både kropp og ånd er hans. Og kva søkjer denne eine? Ei guddomleg slekt. Så vakta dykkar ånd! Ver ikkje utru mot din ungdoms kvinne! (NO-11)
Fjerde ordveksling (2:17-3:5)
Folket har trøytta HERREN (jf. Jes 43:24) med to ytringar:
- «alle som gjer vondt, er gode i HERRENs auge, ja, han har glede av dei.»
- «Kvar er rettens (same ordet som er omsett «dom» i 3:5) Gud?»
Folket lengtar etter dagen då Gud skal gripa inn, slå ned alt det vonde og fria dei ut. Men på same måten som hjå profeten Amos (Am 5:18-24), viser HERREN her at dagen blir annleis enn dei tenkte. «Kven kan tola den dagen som kjem, og kven kan stå seg når han syner seg» (3:2).
HERREN vil gripa inn, 3:1 er vel eit av dei mest kjende versa i Malaki-boka. HERREN vil senda «min bodberar» (mal’aki), og «Herren» (ha’adon, her er ikkje brukt Jahve) og «bodberaren for pakta» (mal’ak habberit) skal koma. Lat oss byrja med den midtre linja. Herren kjem til «sitt tempel». Tempelet høyrer HERREN (Jahve) til, så denne Herren kan ikkje vera nokon annan enn Gud. Bodberaren i den første linja ryddar vegen for HERREN (jf. Jes 40:3; ordlyden er enno meir lik 2 Mos 23:20, men der går engelen føre folket, ikkje føre HERREN), så dei to linjene kan ikkje tala om den same. Kva så med «bodberaren for pakta»? Me legg merke til kor parallelle dei to linjene er:
Herren – som de søkjer – kjem til sitt tempel
Bodberaren for pakta – som de lengtar etter, – sjå han kjem
Bodberaren for pakta er den same som Herren. Jf. dei mange stadene der HERRENS engel (mal’ak Jahve) og HERREN sjølv blir identifiserte (t.d. 1 Mos 16:7-12, 13; 2 Mos 3:2-3, 4). Me ser òg at det berre er tale om éin person i versa som følgjer.
Bodberaren for pakta skal reinsa folket og prestane. Alt ureint og alle ureine skal skiljast ut som slagg frå edelt metall, og som skit frå tøy. No viser prestane forakt for HERREN i offertenesta (2:8, 12-13); då skal dei bera fram offer «på rett vis» (3:4). No har HERREN «inga glede av dykk … og set ikkje pris på offer frå dykkar hand» (2:10); då skal «offera frå Juda og Jerusalem vera til glede for HERREN».
Men HERREN kjem òg som «rettens/domens Gud» (3:5). Me tenkjer gjerne på eit vitne som ein som fortel kva han har sett og høyrt, men som ikkje har noko med straffeutmålinga å gjera. Men når pakter i Midt-Austen pla kalla alle gudar på begge sider til vitne, er tanken at desse gudane skal gripa inn og straffa om den eine parten bryt pakta. Slik er det òg når Gud er vitne mot desse. Han grip inn, dømmer og straffar (me såg det same i 2:14). Dei syndene som er nemnde her, trolldom, ekteskapsbrot, meineid og sosial urett, er vel å sjå som døme. Felles for alle gruppene er at dei «ikkje fryktar meg». Det bør dei gjera, for han er «HERREN over hærskarane».
Femte ordveksling (3:6-12)
Òg i den femte ordvekslinga er problemet at folket ikkje tek Gud alvorleg og ikkje set si lit til han. Somme (t.d. Norsk Bibel og Bibelen Guds Ord) tek 3:6 med det føregåande. Men dette verset går saman med 3:7 og lør grunnmuren under ordvekslinga som følgjer: Einaste årsaka til at folket framleis eksisterer, er at Gud enno er den same. Dei har vike av frå HERRENS forskrifter før (Jer 2:5; 3:25; Klag 5:7) og no. Dei har brote pakta med Gud. Men han er ikkje som dei, han er trufast mot «Jakobs søner». Difor, og berre difor, har dei «ikkje gått til grunne.»
Med dette utgangspunktet kallar han folket til omvending. Han ønskjer å kunna venda seg til dei med all sin godleik og miskunn, men då må dei venda seg til han (jf. Sak 1:3). Folket sitt forhold til tienda avslører forholdet deira til Gud. Om dei må greia seg sjølve i tronge kår og verken ventar eller fryktar noko frå Gud, er det forståeleg at folk ikkje ber meir til tempelet enn dei må. I staden skulle dei spørja seg kvifor Gud ikkje velsignar, kvifor dei er under forbanninga (same ordet som i 2:2 og 5 Mos 28:20). Då hadde dei forstått at dei ikkje måtte halda fram å stela frå HERREN (eg forstår samanhengen i 3:9 slik: «Med forbanninga er de forbanna, og likevel stel de frå meg, heile folket»). Dei blir inviterte til å prøva Gud (Jer 6:27; 9:7; 11:20; 12:3) nettopp ved å koma med heile tienda, satsa på Guds velsigning i staden for berre å stola på eige strev. Då vil Gud senda rikeleg regn, og jorda skal bera grøde. «Himmelens sluser» kjenner me frå 1 Mos 7:11; 8:12 (eit liknande uttrykk: Jes 24:18). Men nok væte er berre halve vilkåret for god avling. No vil han skremma bort (same ordet som er omsett «truga» i 2:3) «dei som et opp» (eigentleg: «etaren»). Ingen skadedyr skal få øydeleggja kornet på marka eller druene på vinstokken.
Resultatet er: Alle folkeslag prisar dei sæle. Dei har eit ettertrakta land. Ordet som er omsett «ettertrakta» er det same som «glede» i 1:10. Skal me òg forstå «eit land som HERREN har glede i»?
Sjette ordveksling (3:13-4:3)
Den sjette ordvekslinga grip tilbake til den fjerde. Igjen er det orda til folket som er ankepunktet (2:17; 3:13), berre at no ligg Guds lovnader i den femte ordvekslinga imellom, slik at folket talar i trass mot Gud. «De talar harde ord mot meg.» Same uttrykket er i 2 Mos 24:4 og 1 Krøn 21:4 brukt om David: Han tvingar sitt ord igjennom trass i protestane frå Joab og andre.
På liknande måte set folket her orda sine opp mot Guds ord. Gud hadde sagt: «Då skal alle folkeslag prisa dykk sæle» (3:12). Folket svarar: «No vil vi prisa dei frekke sæle». Gud hadde sagt: «Kom med heile tienda til forrådskammeret … Prøv meg på denne måten.» (3:10). Folket svarar: «dei som gjer urett» prøver Gud med vondskapen sin og slepp unna (3:15).
Talen deira står òg i motsetnad til den første ordvekslinga: Gud hadde sagt om Edom, fiendane til folket: «Dei byggjer opp, men eg riv ned.» (1:4). No seier folket derimot: «dei som gjer urett, blir oppbygde» (NO-11 omset: … «går det vel», men hebraisk har ei passivform av verbet «å byggja»).
Men dei som fryktar HERREN, som tek han alvorleg, og som set si lit til han, dei talar annleis. Slik det er omsett i våre biblar, må me berre gissa kva dei seier. Det er òg den mest vanlege tolkinga. Det er òg mogleg å gje verset att på denne måten: «Dei som fryktar HERREN tala då saman: ’HERREN har både lydd etter og høyrt!» (m.a. Luther og Stuart,1383. Stuart argumenterer med at når verbet «tala» er brukt med objekt i vers 13 (der omsett «sagt»), er det rimeleg at same verbforma er nytta likt her òg). Stuart meiner elles at minneboka er skriven og signert av dei som fryktar HERREN. Han viser til Neh 10:1. Ein betre parallell er Est 6:1 (hebraisk «minners bok»). Slik som persarkongen har HERREN òg si minnebok der tenarane hans og det dei har gjort, er oppskrive.
Som i den fjerde ordvekslinga talar Gud om dagen som skal koma, då han grip inn (3:2, 17). «min kostbare eigedom» er henta frå 2 Mos 19:5 (og 5 Mos 7:6; 26:18). Der er det brukt om Israel, her om «dei som fryktar HERREN». Til «liksom ein mann er mild mot ein son som tener han», sjå Sal 103:13 (ikkje same verb). HERREN har òg tidlegare understreka at han er Far for folket (1:6; 2:10). Herrens dag skal setja det store skiljet: På den eine sida dei rettferdige, det vil seia dei som tener Gud, på den andre sida dei urettferdige, dei som ikkje tener han. Dagen skal brenna som ein omn (4:1. jf. 3:2). Dei gudlause skal brenna som agner og halm (jf. Sal 1:1). Dei som fryktar HERREN, skal få retten sin, rettferdssola skal renna (jf. Jes 58:8; 60:2). Vengene er vel strålane, arkeologane har funne relieff frå fleire stader i Midt-Austen, som viser ei sol med vengjer. «Lækjedom» er fridom frå både sjukdom, ulukker og vanskar (jf. Jer 8:15; 14:19; 33:6). Om det altså no ser ut som det går dei gudlause godt, skal skilnaden på den dagen bli tydeleg. Det er dei som fryktar HERREN, som er sæle (jf. sal 73).
Avslutning (4:4-6)
Mange ser desse versa som eit seinare tillegg. Det ville for så vidt ikkje vera noko problem. Versa høyrer i alle høve med til den Skrifta Jesus kjende og vedkjende seg som Guds ord. Men det er heller ikkje klåre grunnar for at profeten ikkje sjølv kan ha tala desse orda. Som ofte når ein vurderer tekstar frå gammal tid, er det vanskeleg å koma så mykje lenger enn til meir og mindre velgrunna synsing.
Versa er i den hebraiske standardteksten skild ut som eige avsnitt, og eg har valt å ta det som ei avslutning til heile boka. Samtidig er det ingen ting i vegen for at versa kunne vera ein del av den sjette ordvekslinga. Me er framleis opptekne med HERRENS dag (4:5) og med dei to vala og utgangane folket står framfor (4:6).
Malaki har vore oppteken av folket sitt forhold til pakta , lovene, boda og forskriftene. Her kjem ei siste formaning. Profeten har òg vendt bodskapen sin til «Israel» (1:1,) og klaga «heile folket» (3:9) for synd mot Gud.
Elia refsa folket sitt fråfall og kalla dei til å velja HERREN. Før HERRENs dag vil HERREN senda sin profet til å ha ei liknande oppgåve. Me legg merke til likskapen med 3:1:
Sjå, eg sender min bodberar, han skal rydda veg for meg. Mal 3:1
Sjå, eg sender profeten Elia til dykk … Han skal venda … Mal 4:3
Profeten Elia er «min bodberar». «Venda fedrehjarta til borna og barnehjarta til fedrane» er på ein måte litt uventa ut frå boka elles. Men me har gong på gong høyrt om Gud og folket hans som far og son. Me har òg høyrt om fedrane, som Gud gjorde si pakt med. Truleg er det heller ikkje her først og fremst tale om å fremja eit meir harmonisk familieliv, men at folket no vender om til slik det var i byrjinga (2:5-7; 3:4), at dei og fedrane blir eitt. HERRENS dag er stor og skremmande fordi Gud er ein stor og skremmande konge og Gud (1:14). Vel dei det rette, vil dei vera «eit ettertrakta land» (eller kanskje: eit land HERREN har glede i), vil dei ikkje, skal HERREN koma og slå landet med bann.
Bodskap og teologi
Kvar av ordvekslingane har noko grunnleggjande å seia om Gud
- HERREN elskar folket sitt (1:2), og herredømmet hans femner om heile verda (1:5)
- HERREN er Israels far og Israels herre (1:6), ein stor og fryktvekkjande konge (1:14)
- HERREN er Israels far og skapar (2:10)
- HERREN er rettens Gud (2:17)
- HERREN forandrar seg ikkje (3:6)
- HERREN gløymer ikkje dei som fryktar han (3:16)
Det ligg profeten på hjartet å få folket og prestane til å sjå at dei skal og må ta Gud alvorleg. Dei må sjå at han er den store og fryktvekkjande kongen det er farleg å trassa. Og dei må sjå at han er den elskande faren som vil ausa velsigning over dei, om dei vender seg til han og set si lit til han. For notida, der Gud er vorten usynleg, skal ikkje vara. HERRENS dag kjem. Då skal det bli klårt for alle at dei gudlause heile tida har vore på veg til undergang og fælske, medan dei som fryktar HERREN, skal få sin rett av han, skal gleda seg som velfødde kalvar i sola.
Alt profeten klagar folket for, botnar i at dei ikkje frykta Gud og ikkje stolar på han. Dei ser ikkje at han grip inn, ikkje til dom og ikkje til utfriing, så dei lèt den offisielle gudstenesta sviva på tomgang og reknar at dei ikkje har andre enn seg sjølve å lita på. Dei ser ikkje at Gud elskar dei (1:1-5). Det blir ikkje viktig for prestane at offera er slik Gud har påbode (1:6-2:9). Det ser smart ut å gifta seg inn i mektige familiar i folka rundt og skilja seg frå konene dei er gifte med, for å leggja til rette for det (2:10-16). Dei klagar på at Gud ikkje straffar dei vonde, at det går dei vonde godt (2:17-3:5). Så lenge det ikkje blir oppdaga og påtala, kjem folk med mindre enn det som er rett når dei ofrar tienda og gåvene (3:6-12). Og dei hevdar tvert imot profeten si forkynning at dei frekke er sæle og dei vonde slepp unna med vondskapen sin. Folket er ikkje ateistar i prinsippet, men dei lever i det store og heile som om Gud ikkje finst, eller i alle høve som han ikkje har eller kan ha nokon innverknad på liva deira.
Eit spørsmål som me ikkje kom inn på då me såg på den fjerde ordvekslinga og 3:1, er: Kva er forholdet mellom profeten Malaki og «min bodberar» (mal’aki)? I lys av Det nye testamentet veit me at han ikkje oppfylte profetien. Men samstundes var det vel nettopp vegrydding han dreiv på med. For Gud er verkeleg. Han skal gripa inn, og «HERRENS dag, den store og skremmande», skal koma. Denne spenninga trur eg er medvite til stades (i alle høve frå Gud si side) i profeten si forkynning. Folket måtte førehalda seg til bodskapen frå profeten utan å vita om Herren brått skulle koma til sitt tempel om fire dagar eller om fire hundre år.
Profeten Malaki og Det nye testamentet
Jesus seier at Elia er komen, og læresveinane skjøna at han tala om døyparen Johannes (Matt 17:10-13). Mal 3:1 er sitert i Mark 1:2 – knytt saman med Jes 40:3. Bodberaren, Johannes, kjem føre Herren, det vil seia føre Jesus og ryddar vegen for han. Slik får evangelisten òg fram kven Jesus er. Han er Herren. Han er Gud.
I Rom 9:13 siterer Paulus Mal 1:2-3: Guds plan og utveljing skulle stå fast og er ikkje avhengig av menneskegjerningar, men berre av han som kallar. For det står skrive: «Jakob elska eg, men Esau hadde eg motvilje mot [… hata eg].» Poenget er det same som hjå profeten. At HERREN elskar Jakob og har teke vare på folket som gjekk ut frå han, skuldast verken Jakob sjølv eller etterkomarane hans. Dei hadde òg synda mot Gud og fortente same domen som Edom. Paulus viser at dette òg gjeld det einskilde mennesket si frelse frå synd, død og djevel og inn i Guds Sons rike. Ingen kjem inn på grunn av seg sjølv. Alle må få det på grunn av Guds val og Guds godleik.
Profeten Malaki for oss
Tida vår er ulik situasjonen i Juda i det femte hundreåret f.Kr. på mange måtar. Dei var fattige, små og hjelpelause i eit endelaust imperium. Dei kjende seg gløymde av Gud og overlatne til seg sjølve. Me får inntrykk av at avlingane i tillegg svikta. Så stoda var heller mørk. Me lever i eit fritt land. Me røystar på kven som skal styra oss. Me er eit av dei rikaste landa på jorda, med eit velferdssystem verda aldri før har sett og no berre opplever i få land.
Samtidig finn me éin stor likskap: Gud er flytta til sides. I historibøkene les me om korleis folk før rekna med Gud. Uår og ulukker såg dei som Guds straff. Og kvar vår sådde dei kornet med bøn til Gud om avling. Slik er det ikkje lenger, les me. No har vitskapen forklart så mykje for oss, og me har vorte opplyste. I nyare kyrkjehistorie høyrer me om vekkingar både på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet. Det har det vorte mindre av i vår tid. I kyrkjene går tala på dåp, konfirmasjon og vigsler ned, vitnemål om at kristendomen ikkje står så sterkt hjå folk som før. Og bedehusrørsla er langt mindre ein del av samfunnet enn ho var før.
Dette er heller ikkje berre noko som har skjedd ute i storsamfunnet. Korleis er det med oss som samlast i kyrkjer og bedehus? Tek me Gud på alvor? Er han farleg? Gjer det ein forskjell at han elskar oss? Satsar me livet på han, eller lever me våre eigne liv for oss sjølve og har kyrkje- eller bedehusverksemd berre som ein sektor av livet? Og kva med Herren Jesu Kristi dag (1 Kor 1:8)? Det var mykje forkynning om Jesu atterkome før, særleg på bedehusa og i forsamlingar utanfor Den norske kyrkja. Kor sentralt er dette for oss no? Me vedkjenner at Jesus skal koma att og dømma levande og døde, trur me at det kan skje i vår tid? Og reknar me i det heile med ein dom der Gud skal setja eit skarpt skilje mellom «rettferdige og urettferdige, mellom dei som tener Gud og dei som ikkje tener han»?
Bodskapen Malaki bar fram frå Gud, er like aktuell i dag som han var på profeten si eiga tid. Gud er ein stor, fryktvekkjande og fryktkrevjande konge. Han har liv og død og heile tilværet i sine hender. Det er nødvendig å ta Gud på alvor. Det store er at han elskar oss. I Kristus har han valt oss ut. Han har lova kvar den som trur på han, all himmelsk velsigning i Kristus. Han er vår Far, me får vera hans born, og han vil ta seg av oss som ein far tek seg av borna sine. Han er der hjå alle som fryktar han. Han har skrive dei opp i si minnebok, og han gløymer dei ikkje. Når dagen kjem, skal dei rettferdige hoppa av glede som gjødde ungkrøtter. Men slik går det ikkje alle, dei som avviser Jesus, som ikkje tek Kongen på alvor, som ikkje ser at han gjer nokon forskjell, dei som har kyrkje og bedehus utan Kristus, dei som driv med trolldom, dei som bryt ekteskapet, dei som lyg og sver falskt, dei som presser ned løna for arbeidarane sine, dei som undertrykkjer dei små og svake i samfunnet og avviser innflyttaren, alt fordi dei ikkje fryktar HERREN, dei blir som halm for elden på den dagen. Gud er kjærleik, og Gud må fryktast.
Litteratur
Hill, Andrew E. 1998 Malachi: A New Translation with Introduction and Commentary. Anchor Bible 25D. New York: Doubleday.
Raabe, Paul R. 1996 Obadiah: A New Translation with Introduction and Commentary. Anchor Bible 24D. New York: Doubleday.
Stuart, Douglas 1998 Malachi. Side 1245-1396 i The Minor Prophets. Red. Thomas Edward McComiskey. Band 3: A Commentary on Zephaniah, Haggai, Zechariah, Malachi. Grand Rapids, MI: Baker.