Publisert

Songane om Herrens tenar Betent av kongen sjølv


Ca leselengde:
7 min

Denne artikkelen er ein av fleire denne påska der me vandrar gjennom Jesajaboka. Sjå oversikta over dei andre  til høgre eller under. 

I påskevandringa gjennom Jesaja har me i dag kome til Skjærtorsdag. Dette er dagen og natta då påskedramaet for alvor tek til. Høgdepunktet nærmar seg. Difor passar det også godt at me i dag introduserer tekstane som vanlegvis blir kalla «songane om Herrens tenar».

Det er den tyske bibelforskaren Bernhard Duhm som vanlegvis får æra for å ha vore den som først identifiserte og skilte ut tekstane om Herrens tenar. Hjå Duhm var det Jes 42:1-4; 49:1-6; 50:5-9 og 52:13-53:12. Etter Duhm har fleire andre og jobba med desse tekstane og ikkje alle har definert songane likt. Mange tek med lengre avsnitt. I tillegg har ein del bibelforskarar i nyare tid også har tatt med Jes 61:1-3 som ein femte tenarsong, sjølv om ordet tenar ikkje er nemnt der.

Gjennom dei neste dagane skal me ta med glimt frå tenarsongane og sjå korleis Jesus oppfyller det som er sagt i songane. For er det noko Det nye testamentet ikkje etterlet oss nokon tvil om, så er det at Jesus er oppfyllinga, han er tenaren som desse songane vitnar om.

Eit knekt strå

Skjærtorsdag må ha vore ein underleg kveld for disiplane. Påske var ei av dei store høgtidene i Israel og tusenvis av truande valfarta til Jerusalem, inkludert rabbien frå Galilea og læresveinane hans.

Påsken var ei høgtid for feiring av sigeren over farao og gudane i Egypt (2 Mos 12:12). Men det var lite triumf og siger å spora i samtalane mellom Jesus og læresveinane denne kvelden. Det må ha vore ei underleg kjensle, som eit varsel om at noko fælt snart skulle skje. Jesus tala om at han snart skulle skiljast frå dei og «fara bort frå denne verda» (Joh 13:1). Dei var forskrekka og ville vita kvar han skulle (14:5), men vart ikkje særleg klokare av svaret.

Ein av dei som personleg fekk ei tung melding denne kvelden var Peter. Og me skal stoppa her først:

31 Simon, Simon! Sjå, Satan kravde å få dykk i si makt for å sikta dykk som kveite. 32 Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine. Luk 22:31-32

Peter forstod kva Jesus meinte og var raskt ute med svaret:

Men Peter sa til han: Herre, med deg er eg reie til å gå både i fengsel og i døden! Luk 22:33

Og så hugsar me kanskje resten av historia. Alt gjekk gale for Peter den kvelden. Mannen som på så mange måtar var ein sterk og sjølvsikker leiar. Denne kvelden skal han og læresveinane siktast som kveite. Det ureine skal koma for ein dag og reinsast bort.

Heilt konkret skjedde det ved at Judas forlét flokken denne kvelden, men og ved at det skjedde ein indre reinsing. Peter måtte knusast for å kunna byggjast opp.

Historia om Peter tek oss til den første av tenarsongane hjå Jesaja, den me finn i 42:1-4:

Sjå, min tenar, som eg stør, min utvalde som mi sjel har hugnad i! Eg legg min Ande på han, han skal føra rett ut til heidningfolka. Han skal ikkje skrika og ikkje ropa, og han skal ikkje la røysta si høyra på gata. Det brotne røyret skal han ikkje knusa, og den rykande veiken skal han ikkje sløkkja. I sanning skal han føra retten ut til dei. Han skal ikkje trøytna, og krafta hans skal ikkje brytast før han får grunnlagt retten på jorda. Fjerne kystar ventar på hans lov. Jes 42:1-4

Det er uttrykka «det brotne røyret» og «den rykande veiken» me skal stansa for. Bileta er klåre. I Bibel2011 har ein fått fram at ordet «røyr» etter alt å døme er eit siv og at det ikkje er knekt heilt av enno.

I Jes 36:6 blir uttrykket «knekt siv» brukt av kongen av Assyria om Egypt og faraos veike militærmakt. Bodskapen frå assyrarane er at Kong Hiskia berre har med å overgje seg, ikkje kan han stola på Herren og ikkje kan han stola på Egypt, for Egypt er som eit knekt siv.

Biletet om veiken er henta frå når olja i lampa er i ferd med å ta slutt. Og i sum er det ingen tvil om at poenget er at tenaren er ein som tek seg av dei nedbrotne, dei som er i ferd med å gå tomme.

Dette passar så altfor godt på det som hende med Peter seinare den kvelden. Då han høyrte hanen gol, gjekk han ut og gret bittert, les me. Det må ha vore såre tårer. Lukas legg til at Jesus vende seg til han og såg på han i same stund som han siste gongen sa orda «eg kjenner han ikkje». (Luk 22:61).

Korleis såg det blikket ut?

Eg trur augo Peter møtte var augo av han som ikkje knusar det brotne røyret og ikkje sløkkjer den rykande veiken. Det var augo fylde med kjærleik, men og med den fortvilinga som berre kjærleik kan skapa.

Nokre dagar seinare sat dei saman på stranda. Jesus hadde stått opp og Peter hadde allereie ein gong fått ei særleg helsing frå Herren (Mark 16:7). No har Jesus oppsøkt dei og når Peter kjem inn til stranda, kjenner han lukta av koleld (Joh 21:9), same lukta som lag over gardsrommet til øvstepresten (Joh 18:18). Tre gonger fekk Peter seia «Eg held av deg» og han fekk innrømma alt (Joh 21:17).

I Japan har dei ein heilt spesiell kunstart kalla kintsugi. Dersom ei krukke eller ei skål blir knust, samlar dei glassbrota saman og går til kintsugikunstnaren. I staden for å lima bitane saman med lim for å gjera skåla god som ny, brukar kintsugikunstnaren gull i skøytane. Resultatet blir ei skål som det er lett å sjå at har vore knust. Men ho er framleis i skål og kan brukast til det same som før. Men ho er vakker på ein heilt ny måte.

Slik er det også i møte med han som ikkje knuser eit brote røyr og ikkje sløkkjer ein rykande veike.

Disippeltunge

Det same poenget om framferda til tenaren er også understreka i ein av dei andre tenarsongane:

Herren Herren har gjeve meg ei læresveins-tunge, så eg kan styrkja den trøytte med mine ord. Kvar morgon vekkjer han øyra mitt, han vekkjer det så eg skal høyra som læresveinar høyrer. Herren Herren har opna øyra mitt, og eg stridde ikkje imot, eg drog meg ikkje unna. Jes 50:4-5

Det hebraiske uttrykket som ligg til grunn for «læresveins-tunge» kan omsetjast med «tunga til ein som er blitt opplært». Dette passar godt saman med inntrykket evangelia gjev av Jesu forkynning. Han «lærte lik ein som hadde mynd» (Matt 7:29) og fleire gonger forundra folk seg over han og visdommen han underviste med. Jesus stadfestar sjølv at orda han seier er Faderen sine ord:

Trur du ikkje at eg er i Faderen, og Faderen i meg? Dei orda eg talar til dykk, talar eg ikkje av meg sjølv, men Faderen, som bur i meg, han gjer sine gjerningar. Joh 14:10

Og me skal merka oss at Jesus seier dette i same stund som han trøystar engstelege læresveinar under påskemåltidet.

Slik som tenaren i Jes 50 tok imot og talte Guds ord, gjorde og Jesus det. Og målet var mellom anna å styrkja den trøytte med orda han tala. Det er ord som gjev liv. Med dette for auga vil eg i dag oppmoda alle til å slå opp i Joh 13-17 og lesa Jesu avskilstale til læresveinane og grunna over bøna han bad for dei til slutt.

Herrens tenar er full av nåde og orda han talar gjev liv.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
7 min
Ressurstype

  Bibelutleggelse

Skrifthenvisning

  Profeten Jesaja  42: 1-4

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Knut Kåre Kirkholm.
  Knut Kåre Kirkholm er gift med Marianne, har tre jenter og bor i Oslo. Han jobber som høgskolelektor på Fjellhaug internasjonale Høgskole, lærer på Bibelskolen Fjellhaug og redaktør av magasinet Fast Grunn.
   Ressurser av Knut Kåre Kirkholm
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.