Kva merkelapp brukar du om menneske som trur på Jesus som sin frelsar og herre?
Det kan vera fleire ulike lappar som vert nytta. For oss er den vanlegaste lappen «kristen». Dette kallenamnet vart fyrst brukt i Antiokia om dei som rekna Jesus som Kristus. Han var den frelsaren som profetane gjennom Det gamle testamente hadde varsla og sett fram mot.
Denne merkelappen sa noko. Dei kristne tilhøyrde og fylgde etter Kristus. Det var ein felles identitet for dei kristne i Antiokia.
Men Bibelen brukar óg mange andre merkelappar på oss som tilhøyrer Kristus. Me kan gjera lurt i å bruka litt tid på desse for å prøva å forstå kva dei første Jesustruande menneska tenkte at det medførte at dei no var ein del av Jesus-flokken.
Det kan læra oss noko om deira forhold til Herren, til verda og til kvarandre. Gjennom dette kan me også læra grunnleggande sanningar om Jesus-flokken sin identitet i dag. Kven er me? Kva er vårt forhold til verda? Og kva er vårt forhold til kvarandre?
I teksten under skal me bruka tid på ein slik merkelapp som Peter klistrer på dei forsamlingane han skriv sitt fyrste brev til. Han kallar dei Jesus-truande forsamlingane for «framande».
Peter, Jesu Kristi apostel, helsar dei utvalde som lever som framande, spreidde omkring i Pontos, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia. 1 Pet 1:1
Eg – ein framand?
Foreldra og besteforeldra mine er norske. Eg er fødd og oppvaksen i Noreg. Eg har eit norsk pass. For nokre veker sidan stemte eg i kommune-og fylkestingsvalet. Eg feira 17.mai. Eg har med meg niste på jobb. Eg veit kva dugnad er. Eg interesserer meg for ulike former for vintersport der kvinner og menn får montert nokre glasfiberplankar under føtene. På mange måter er eg prototypen på ein nordmann.
Men samtidig fortel Bibelen meg at eg er ein framand i Noreg. Eg bur her, lever her, arbeider her og tener medmenneska mine her. Likevel er mitt norske statsborgarskap sekundært til det primære eg har fått i Jesus. Eg er ein utlending i Noreg, slik dei kristne tyrkarane som Peter skreiv til var utlendingar i sin kvardag.
Greskekspert Karen Jobes, som mellom anna har arbeidd mykje med 1. Peters brev, skriv fylgjande om det omgrepet som Peter nyttar i denne samanhengen:
Uttrykket parepidēmos (norsk: framand/utlending) vart nytta i det fyrste århundret for å omtala nokon som ikkje hadde statsborgarskap på sin bustad og som difor vart sett på som ein utlending. Mangelen på statsborgarskap førte til at desse menneska ikkje hadde dei same rettane og privilegia som andre innbyggjarar. Som utlendingar vart det ikkje utan vidare forventa at dei skulle ha dei same verdiane og skikkane som dei som var innfødde i kulturen. På grunn av desse skilnadene vart ofte utlendingar mistenkeleggjort som ein potensiell trussel mot den etablerte sosiale ordenen, ein haldning som heller ikkje er ukjend i dag.
Ei linse til å sjå kvardagen gjennom
For Peter vert identiteten som framand «ei linse» som han ville at Jesusetterfylgjarane i Tyrkia skulle sjå livet sitt gjennom.
Når eg les gjennom brevet, spesielt merksam for bodskapen om framandskap, kan det sjå ut til at dette går som ein raud tråd gjennom heile brevet. Det vert halde fram som ein reiskap som dei kristne kan nytta for å navigera i tilhøvet sitt til Herren, til kvarandre og til den omkringliggande verda.
Både sjølve ordet «framand» og saka med å vera framand kjem fram på ulike måtar gjennom brevet.
Peter byrjar brevet med å adressera brevet til dei utvalde som lever som framande i diasporaen (1:1).
Like etterpå held han fram med å synleggjera korleis dei som trur på Jesus har noko meir i vente, med ein framtidig arv som er gøymd i himmelen, men som er uforgjengeleg, uflekka og uvisneleg (1:3-5).
Seinare i det samme kapittelet lyfter han fram at dei framande påkallar Gud som far og må leva i gudsfrykt (1:17).
Ved overgangen mellom den fyrste og andre hovuddelen av brevet, tar Peter på nytt fram «utlendingsspråket» sitt. Dei framande utlendingane skal sky lystene i sitt eige kjøt og blod og heller legga vinn på å leva rett mellom heidningane (2:11-12).
Dette kallet til at kristne utlendingar ikkje skal trekka seg unna, men leva som livsvitner i verda vert deretter den dominerande tematikken i resten av 1. Peters brev.
Og Peter understrekar til dei framande at dei ikkje måtte verta overraska over at eit slikt liv ville skapa reaksjonar. Tvert i mot måtte dei forventa å lida slik han som dei tilhøyrde også måtte lida.
Til slutt avsluttar Peter brevet sitt med å helsa frå dei tyrkiske kristne si syster i Babylon. Det er ein vanleg oppfatning at Peter med Babylon her henviser til kyrkjelyden i Roma (5:13). Igjen er dette ein språkbruk som i ein jødisk-kristen-tankegang understrekar den kristne sitt framandskap. Som jødane i GT var i eksil i Babylon og var framande der, er no Guds kyrkje framand i verda.
Mellom isolasjon og assimilasjon
Peter sin vegleiing til dei kristne i Tyrkia er også veldig aktuell for oss.
Korleis tenkjer me om vår rolle i verda? Dei to ytterpunkta som Guds kyrkje må kjempa mot er dragninga mot isolasjon og assimilasjon.
I isolasjonen stenger me oss inne i våre ekkokammer, barnehagar, skular og forsamlingar. Sjølv om eg er ein sterk tilhengar av kristne friskular må me likevel vera merksam på den potensielle utfordringa dette kan ha med isolering frå det norske samfunnet. I verste fall kan me meir eller mindre bevisst oppretta parallellsamfunn ved sida av det norske storsamfunnet.
I assimilasjonen vert linjene mellom den kristne kyrkja og verda fullstendig utviska, slik at det ikkje lenger vert noko skilnad på ein kristen og hans ikkje-kristne nabo.
Frykta for verda kan driva til isolasjon. Frykta for å vera annleis og ynskjet om å verta akseptert kan driva til assimilasjon. Men Peter teiknar opp ein annan veg for Guds kyrkje.
Den som er kristen er ein utlending, fordi ein er utvald av Gud og har vorte gjenfødd til eit levande håp ved trua på Jesus Kristus.
Eg vil aldri vera lik- og skal aldri vera lik denne verda, fordi eg har ein annan Herre, eit anna mål, eit anna håp og ei anna rettesnor for livet mitt enn den som ikkje trur på Jesus.
Samstundes er eg som Guds utlending sett midt i verda som samfunnsborgar (2:13-15), arbeidar (2:18-21) og ektefelle (3:1-6). Der eg er, i relasjonane mine, overfor dei menneska eg møter i min kvardag, er eg kalla til å handla etter kva som vil vera det gode for mine medmenneske. Peter viser oss ein jordnær kallsetikk, kombinert med ein himmelfesta identitet.
Vil du høyre meir om dette emnet? Kom på foross-konferansen 2019 der Ingvald Kårbø vil gå djupare inn i 1. Peters brev sin bodskap om at kristne er utlendingar i verda.