Publisert

Venn eller fiende? Valet står mellom å venda Gud ryggen, eller å ta imot ei utrekt hand. Vel rett!


Ca leselengde:
2 min

Kong David var vel kjend med at livet kunne veksla raskt. Skifta mellom glede og tryggleik, og stor frykt og uvisse, kom ofte både brått og uventa. Slik speglar han gudslivet hjå mange av oss. Gjennom David sitt eksempel lærer me at eit liv under Herrens signing ikkje er ein egotripp i overskot, lykke og sigersrus.

Samstundes ynskte han å dele nokre av desse erfaringane med fleire. Og slik vart songane til, eller «Salmane» som me kallar dei. Her finn du lovsongar, men ikkje berre det. Like mange er klagesongar og bønner med rop i frå djupet.

Ein slik pris- og bønne-song finn du i Salme 139. Heile kongen si livserfaring vert lagt inn i orda. Både erfaringa frå krig og flukt og den trygge borga ligg i bakgrunnen.

Berre eit lite stopp i Davids-salme 139:

Bakanfrå og framanfrå kringset du meg, du legg di hand på meg. Salme 139:5

Godt eller dårleg nytt?

For nokre gjev ord som dette vonde minner. Om krig og fiendskap då motstandarane og fiendane la seg rundt byen med sterke våpen. Me skal ikkje gå langt attende før dette var kvardagen for mange i Syria og Irak. Eit stort tal var på flukt, og mange kom seg ikkje unna i live sidan dei var omringa.

Om du reiser til ørkenborga og palasset på Masada i Jordandalen, kan du enno sjå murane som dei romerske legionane bygde frå 69 – 72 e.Kr. Dei omringa heile fjellplatået, og slo til slutt igjennom muren for å knekke dei 960 jødiske opprørarane som budde der. Historia enda tragisk, gjennom eit kollektivt sjølvmord, og berre 10 kvinner og barn var funne i live etter massakra.

Vil du gjera Gud til din fiende og motstandar, så er han ein Gud som kringset deg. Du kan ikkje røma frå han, same kvar du vender deg eller oppheld deg. Det er nyttelaust å flykte, og det står mellom ulukke eller kapitulasjon. Overmakta er for stor, og handa for sterk. Det nyttar ikkje kjempa imot.

Med Gud som venn

Men i dette ordet ligg og det motsette. Om du vil gjera Gud til din venn og allierte, tyder omleiringa at han er som ei borg og eit vern for deg. Den tryggaste plassen du kan vera, med vern mot alle angrip og øydeleggingar.

David brukar dette som tema i mange av salmane han har skrive.

Herren er mitt berg og mi borg., min frelsar. Min Gud er mitt berg, som eg set mi lit til, mitt skjold og mitt frelseshorn, mi borg. Salme 18:3

Her vert Herrens hand det som dekker til, vernar og skjuler. Like trygt som barnet under dundyna når mor pakkar godt rundt det ein mørk haustkveld.

Dette vennskapet og fredspakta fekk me ikkje i stand på eiga hand. Me har ein fredsmeklar som sjølv strekte hendene fram i striden, og tilbaud byttet; «Ta meg!» Det var Guds eigen son som gjekk i mellom.

Han er den same som og i dag rekker fram ei naglemerkt fredshand til kvart menneske. Som ber deg kapitulera, og ta imot ordet om fred og forsoning.

Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. Rom 8:1


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
2 min
Ressurstype

  Bibelutleggelse

Skrifthenvisninger

  Salmenes bok  139: 5

  Salmenes bok  18: 3

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Jan Helge Aarseth.
  Jan Helge Aarseth er gift med Elisa, har fire barn og bor på Vigrestad. Han har vært misjonær i Tanzania og lærer på Fjelltun Bibelskole. Nå arbeider han som pastor i IKF Stavanger (Internasjonalt Kristent Fellsskap).
   Ressurser av Jan Helge Aarseth
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.