Publisert

Via Maria 4. søndag i advent


Ca leselengde:
6 min

Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, viste det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son,
og dei skal gje han namnet Immanuel
– det tyder: Gud med oss.
Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si og levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin. Og han gav han namnet Jesus. 
Matt 1:18-25

Kyrkjeåret har fleire festdagar knytte til jomfru Maria. Best kjende er Kyndelsmesse (2. februar) og Marimesse/Maria bodskapsdag (25. mars). Men også siste sundagen i adventstida er fylt av tekstar om Maria, Guds mor.

Ein av mine teolog-vener plar minne meg om at «gamle heresiar døyr aldri, dei berre vender attende under nye namn». Ikkje minst gjeld det sjølve hovud-dogmet i kristen tru: Inkarnasjonen. Eldste heresien (vranglæra) i den kristne kyrkja var nettopp fornektinga av at Gud verkeleg vart ein av oss. «Too good to be true» som det heiter i popsongen.

Under eksotiske namn som gnostisisme, arianisme, doketisme o. a. har folk i 2000 år sett under tvil at Gud vart menneske, at Ordet vart kjøt. Ulike variantar av denne fornektinga reduserer evangeliet til symbol, poesi, metafor, litteratur, nostalgi. Slik omgår dei det essensielle at kristendom kviler på faktisk historie: at Guds Son Jesus vart fødd, levde, døydde og stod opp att. Og at dette mennesket var Gud.

Fram mot jul treng vi påminninga at det er éin hovudveg som vernar oss mot den gamle heresien: Guds mor Maria.

Ikkje noko menneske var meir enn henne merksam på inkarnasjonen. Ho bar ikkje ein idé under sitt bryst. Det som sparka i hennar livmor, var ikkje ei myte. Han som ho fødde i Betlehem, oppseda i Nasaret og miste i Jerusalem, var meir enn ein litterær konstruksjon. Ho visste meir enn nokon at han gret, voks, blødde og døydde. Ho heldt han i armane sine både som baby og som lik. Idear vert ikkje lagt i ei krubbe.

For Josef vart Marias graviditet fyrst ei årsak til tvil og fortviling. Inntil Gud greip inn og viste Josef sin plan. Guds vilje vert gjeven frå himmelen. Det Gud vil vi skal tru, openberrar Han. Det Gud ser vi treng, rekkjer Han oss som nådegåver, rettleiing, næring, styrke, oppmuntring. Difor sende Gud engelen Gabriel for å forkynne for Maria. Og han gav Josef ein draum:

Ho skal få ein son, og du skal kalla han Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deiraMatt 1:21

Dette er advent og jul i ein sum. Det handlar ikkje om julestemning, men om frelse. Om Guds frelsesplan. I Guds samanheng går meldingane frå himmelen til jorda, frå Gud til menneske.

Josef vakna or draumen og gjorde som Gud ville. Dermed vart dei store linjene i Guds frelsesplan avslørte. Profeten hadde varsla det. Englar hadde sagt det. Josef og Maria fekk vite det. Snart vart det kjent for heile verda at det er slik Gud syner at han har hugnad i menneske.

Når Gud openberrar sin himmelske vilje, vert vi menneske sette på prøve. Vår sjølvråderett vert utfordra. I tider då sjølvmedvitet er sterkt og sjølvråderetten vert hevda, står den kristne kyrkja svakt.

Men både Maria og Josef praktiserer den adventshaldninga vi treng å lære. Maria lytta og venta på Gud. Josef gjorde som engelen hadde sagt.

Maria var slik oppseda frå barndomen. Ho hadde lytta til Guds ord i templet og i synagoga. Men etter Gabriels besøk lytta ho på ein ny måte. No ber ho Ordet inni seg. Ordet frå himmelen var født i henne. Slik ei gravid kvinne heile tida er fokusert på det som skjer i henne. Dette er adventshaldninga. Det å vere svanger med Guds ord. Alle som lyttar til Maria og lyttar som Maria, lærer kvar dei kan vente frelsa ifrå.

Gud er ikkje høgrøysta eller pågåande med korkje Maria eller Josef. Og hjå dei er sinn og krefter, både kroppslege og sjelelege, innstilte på å lytte etter lyden av Hans trinn. Difor er dei stillfarande. Dei høyrer med til dei stille i landet.

Korleis skal Gud kunne nå oss om vi pratar heile tida, om vi er travle heile tida, fullt opptekne i sinn og tanke og munn og gjerning med det vi sjølve vil, med våre gode formål og våre interesse-organisasjonar, våre behov og våre meiningar om Han og alt anna? Korleis skal Gud kunne gjere seg forstått om vi brukar all tid og krefter på dei nest-viktigaste ting?

Julenatta talar Faderen det evige Ordet. Den som ikkje har tid til å lytte, går glipp av det. Faderen talar stilt i natta. Maria føder i stilla i stallen. Hyrdingane vandrar stillferdig over markene. Vismennene fylgjer stjerna og fær stilt heilt til dei går feil. Då endar dei i den støyande storpolitikken og held på å forlise alt.

Maria er ein av oss. Ordet kan bli fødd også i oss. Lat oss bruke advents- og juletida til å gi Guds mor Maria den plass ho tilkjem i vår kristne tru. «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er det barnet du ber,» sa Elisabeth. Ringare kan ikkje vi heller vere. Ho gøymde i hjarta sitt det ho høyrde og såg, og ho grunda på det.

«Ordet vart kjøt og tok bustad imellom oss.» Dette er inkarnasjonen. Å halde mor Maria fram, er beste vernet mot at denne kristendomen sin hjørnesteinen vert rokka av gamle eller moderne fornektarar.

Og det er vegen for det hjarte som vil «vanke i Jesu føderom».


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
6 min
Ressurstype

  Bibelutleggelse

Skrifthenvisning

  Matteus evangelium  1: 18-25

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ottar Mikael Myrseth.
  pensjonert folkehøgskolelærar og praktiserande prest. Har 23 år bak seg som prest i Den norske kyrkja, som sokneprest i Rødtvet, Oslo, og Spjelkavik, og som stiftskapellan for biskopen i Møre. I 2001 melde seg inn i Den nordisk-katolske kyrkja, der han no er sokneprest i St Olav, Ålesund, og er vald til biskop for Skandinavia. Frå 2001 til 2017 var han lærar ved Borgund folkehøgskole. Han og kona Reidun har tre voksne born og 10 barneborn.
   Ressurser av Ottar Mikael Myrseth
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.