Boka startar med å gjere klart kva som kjenneteiknar å vere radikalt gjestfri i kvardagen. Det handlar ikkje om å invitere til storslåtte festar der ein viser fram huset og seg sjølv frå si beste side. Men at døra er opa, og at ein deler av det ein har fått. Både gleder, sorger, tid, tenester og måltid. Og å dele det aller beste: Evangeliet. Det handlar altså om å bruke heimen sin til å peike på Jesus. Meininga er å kunne ta handa til ein framand og legge henne i handa til Frelsaren.
Gjennom boka deler forfattaren små historier frå eigen kvardag og gir konkrete eksempel på konsekvensar av å velje å følgje Jesus. I nokre tilfelle kan ein tenke at forfattaren må vere spesielt ekstrovert eller ha noko i seg som gjer at ho kan vere så ekstremt gjestfri.
Men utover i boka avslører forfattaren personlege tankar og kjensler som gjer at ein forstår at det verkeleg handlar om å seie nei til seg sjølv, ta opp krossen sin og følgje Jesus. Og som ho peikar på, fell det ikkje naturleg. «There is always a battle between cross carrying and doing what feels best to us».
Og kampen blir kjempa ved setje av tid til å be og å lese i Bibelen. Ho lyftar fram at denne kampen ikkje er mot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær i himmelrommet, som det står i Ef 6:12. Ho ser på denne radikale kvardagslege gjestmilda som ein del av Guds rustning som hjelper oss i møte med menneske, ved at Den Heilage Ande får arbeide med oss slik at Gud kan bruke oss på trass av manglar me kjenner på.
Sjølv om boka er skriven i ein amerikansk kontekst, er mange av kvardagseksempla lette å kjenne seg igjen i. Uansett er bodskapen i boka uavhengig av tid og stad, og er like relevant i Noreg som i andre delar av verda. Gud, som har gitt deg alle gode gåver, seg sjølv inkludert, vil gjerne at du skal vere med å dele det med andre.
Då eg las boka blei eg utfordra i måten eg tenker om gjestar og besøk. Kva gjer du når det kjem folk midt inn i kvardagskaoset i heimen? Ein strategi er å slenge den korga med klede inn på soverommet, og pakke ned leksene for å ta seg av gjestane.
I boka blir ein utfordra til å tenke annleis. Dei som kjem inn i huset er ikkje gjestar som du skal varte opp. Ein alternativ måte å reagere på er å fortsette å hjelpe med leksene, og la dei som kjem begynne å legge i hop dei kleda og dekke bordet.
Det handlar om å ta eiga synd alvorleg, inkludert det å vere egoistisk og stolt, å ville vise ein god fasade og vere ein «people pleaser». Å ta alvorleg at Gud er heilag og god gjer noko med korleis ein lever livet.
At «Gud let einsame finna ein heim», som det står i salme 68:7, involverer faktisk oss som vil fylgje Han. For det er våre heimar Han vil bruke. Då må me tørre å vise fram dei dårlege sidene våre også, og vere ekte. På den måten legg ein til rette for djupare relasjonar der ein kan snakke om alle delar av livet, også dei vanskelege tinga og store spørsmåla.
Eg trur at alle som ønsker å følgje Jesus har godt av å lese denne boka, for her får du konkrete og utfordrande eksempel på korleis det kan sjå ut i kvardagen. Ein bonus er at boka har mange språklege detaljar å gle seg over, og er bygd opp på ein slik måte at du blir overraska undervegs.
Me har alltid noko å strekke oss etter, og ved å gå nokre steg mot ein meir gjestfri heim vil truleg både me og dei rundt oss få det betre. Tenk å kunne få oppleve at nokon møter Jesus i heimen din!
Boka kan mellom anna kjøpast her.
The Gospel Comes with a House Key – Practicing Radically Ordinary Hospitality in Our Post-Christian World.
Forfattar: Rosaria Butterfield
Forlag: Crossway
Språk: Engelsk
År: 2018
Sidetal: 240