Publisert

Ein nødvendig samtale om autoritet Boktips: Authority av Jonathan Leeman


Ca leselengde:
4 min

Innramma av ei vedkjenning av våre svakheiter og ein lovprising av han vi tilber, går Jonathan Leeman djupt inn i eit høgaktuelt emne i vår tid der autoritet både vert forakta og tilbedt. Med god kontakt med vår tid tek han oss med inn i Bibelens undervisning om emnet. Han viser korleis autoritet er viktig, riktig og vakkert når det vert forvalta bibelsk, og kor stygt det kan være når det vert misbrukt. Undertittelen til boka er oppsummerande for innhaldet: Korleis gudfryktig leiing beskyttar dei svake, styrkar fellesskapa og fremmar menneskeleg vekst og trivsel.

Bakteppet

Jonathan Leeman er eldste i ei forsamling i USA og arbeider i 9 Marks Ministries som vil utruste kyrkjer, pastorar og eldstar til å leve ut Guds kall i verda. I den konteksten kjem han ikkje utanom alle dei eksempla vi har sett på menneske som har misbrukt sin autoritet og posisjon. Han har og den kraftige individualismen og aversjonen mot all form for autoritet som samfunnet vårt er prega av i mente når han skriv. I tillegg er han bevisst motreaksjonane mot woke-rørsla og korleis dei nokon gonger ender opp med å svinge for langt i andre grøfta. Når han skriv er han ikkje i open dialog med desse stemmene. Men dei som er kjend med desse strømningane vil bli imponert over korleis han maktar å avgrense seg mot ulike grøfter utan å eksplisitt nemne dei.

Samtidig som han er klar over desse misbruka, er han opptatt av å positivt formulere korleis ein skal praktisere mynde i det området ein har fått ansvar for. Det oppleves frigjerande at det ikkje berre er avgrensingar.

Forfattaren er heilt open på eigen teologisk ståstad, som reformert baptist i ein kongresjonalistisk tradisjon. Dette gjer at mange nok vil ha problemer med å kjenne seg att i den praktiske tilrettelegginga av dei standpunkta han fremjar. Likevel vert vi positivt utfordra til å tenke gjennom korleis vi kan anvende bibelske prinsipp i vår tradisjon. Den legg opp til refleksjon og er difor relevant og for oss som står i andre teologiske tradisjonar.

Innhaldet

Boka har fire hovuddeler:

  1. Kva er autoritet?
  2. Kva er det å underordne seg?
  3. Korleis fungerer god autoritet? Fem prinsipp
  4. Korleis ser god autoritet ut i praksis

I første og andre delen arbeider Leeman bibelteologisk med «authority» (her oversett «autoritet») og «submission» (her oversett «underordning»). I desse delane viser han oss korleis både det å forvalte autoritet og det å underordne seg myndigheit er gudvilla frå opphavet av. Han argumenterer og for kva Bibelen viser er sunn autoritet og sunn underordning.

I tredje del skriv han om god autoritet med utgangspunkt i fem prinsipp:

  • God autoritet står alltid ansvarleg for og underordnar seg ein høgare autoritet.
  • God autoritet stel ikkje liv men skapar liv
  • God autoritet er lærevillig og søkar visdom
  • God autoritet er ikkje ettergivande eller autoritær, men utøver myndigheita si
  • God autoritet beskyttar ikkje seg sjølv, men ber krossen

I all hovudsak er desse punkta audmjukande for alle som har ein leiarposisjon.

I siste del av boka går han gjennom ulike myndigheitsområder, og korleis han meiner at desse skal forvaltast. Men før det sorterer han i to typar autoritet. «Befalande autoritet» og «Rådgivande autoritet». Denne skjelninga gjev eit omgrepspar som eg trur mange vil kunne lære av. Han hevdar at det i skrifta vert gitt ulike mandat alt etter kva rolle ein har. Om ein har befalande myndigheit så er ein gitt eit sterkare mandat til å utøve makt over dei ein er sett til å tene. Den rådgivande autoriteten har ikkje  same mandatet, men er prisgitt tilliten ein får i rolla. Dei myndigheitsområda han beskriv er: Ektemann (rådgivande), foreldre (befalande), statsmakt (befalande), bedriftsleiar (befalande), Kyrkja (befalande) og eldstar (rådgivande).

Det er i denne delen at Leeman sin eigen teologiske ståstad kjem klarast fram. Eg trur likevel at dei som stiller seg annleis til nokre av hans standpunkt vil ha utbytte av å lese korleis han sorterer i ting. Både fordi det kan rydde i fordommar vi kan ha og fordi emna han beskriv er emne vi må kome til rette med uansett kva tradisjon vi står i.

Eg har brukt eit halvt år på boka og det er eg glad for. For ein har ei rolle med ansvar er det ransakande å lese denne boka og det er bokas absolutte styrke. Å lese denne boka gjer det vanskelegare for meg å misbruke det ansvarsområdet eg er sett i, og stiller meg innfor Gud med heile mi teneste. Samstundes vert eg her underordna han som er den einaste absolutte autoritet, og det er ein god stad å stå. Eg vil sterkt tilrå boka til alle som har fått eit leiaransvar fordi vi treng å snakke om dette. Boka er likevel ikkje berre aktuell for leiarar. På eit eller anna plan så utøver dei fleste av oss autoritet. då bør vi søke Guds visdom i korleis vi skal utøve den. Mi erfaring er at Leeman hjalp meg i den retninga.


Boka kan mellom anna kjøpast her.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
4 min
Ressurstype

  Boktips

Emne

  Menighet

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Steffen Stensland.
  Steffen Stensland kommer fra Fogn i Ryfylke, men bor nå på nordvestlandet sammen med kone og tre barn. Han har mastergrad i teologi fra Fjellhaug internasjonale høgskole og jobber som regionleder i Misjonssambandet region nordvest.
   Ressurser av Steffen Stensland
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.