Publisert

Er et slitesterkt trosliv innen rekkevidde? Praktisk, pedagogisk og sjelesørgerisk om livet med Gud


Ca leselengde:
3 min

Vidar Mæland Bakke sin bok Disippelrytmer - håndfast hjelp til et slitesterkt trosliv er ein fantastisk bok som eg ofte vender tilbake til. Med sin praktiske tilnærming klarer Vidar M. Bakke å skrive ein bok som både utfordrar mi eksisterande truspraksis og hjelper meg til å korrigere et Gudsbilete som hjå meg ofte reduserer Gud til å berre vera ein hjelpande hand. Boka ynskjer å skapa endring i liv, noko den også klarer.

Fleire av stykka les eg regelmessig då innhaldet er så viktig, men så vanskeleg å la få innverknad på eige liv. I ein tid der mange føler ein må prestere på så mange område, også i gudsrelasjonen, hjelper boka til å rette fokuset mot Gud og setje oss i den posisjonen vi skal ha hjå han; Gud som Herre, meg som born og tenar.

Pedagogisk knep

Vidar Bakke nyttar handa sine fem fingrar som ein pedagogisk huskeregel for slitesterke truspraksisar. Der tommelen representerer den treeinige Guds nærvær representere dei fire andre fingrane viktige truspraksisar der tommelen (Gud) møter oss. Disse er i stille, bøn og kvile (veslefingeren), fellesskapet (ringfingeren), tenesta (langfingeren) og fråvær frå kvardagen (peikefingeren). Kvart kapittel startar med ein betraktning om rytmen til fingeren før det kjem frittståande betraktningar rundt temaet. Disse kan lesast sjølvstendig, noko som gjer at boka gjerne kan (og bør) lesast stykke for stykke over lang tid og kanskje til forskjellig tid alt etter kor ein er i kristenlivet.

Vidar Bakke nyttar mykje av si eige erfaring og troshistorie i boka. Han arbeider som prest og daglig leder i ByMenigheten - Sandnes, ein valgmenighet i Den norske kirke. Inspirert av blant anna keltisk fromhetsliv kjem boka med mange refleksjonar rundt kva vi kan lære av dei. Boka fokuserer heile vegen på å vera praktisk og gi hjelp til å få gode slitesterke truspraksisar. Boka ynskjer å hjelpe lesaren å plassere nådemidlane i sin kvardag og på den måten gjer dei til ein del av eigen livsrytme. Den gode rytmen handlar om eit tempo som er akkurat så sakte og akkurat så fort og akkurat så regelmessig at du nesten ikkje merker at du bruker krefter på det du gjør.

Boka har eit sjelesørgerisk preg og opnar opp for at lesaren skal verte betre kjent med seg sjølv og sin eigen truspraksis. Kvart av stykka avsluttast med "lågmelte samtalar" som er spørsmål som lesaren skal reflektere rundt.

Riktig gudsbilete

Ein styrkje med boka er at den utfordrar meg som lesar på å ransake meg sjølv utan å vise peikefinger. Den inspirerer meg til å bruke meir tid på å søke Gud gjennom kvile, bøn, fellesskap og teneste. Men først og fremst viser boka at vi trenger å finne tilbake til Gudsbiletet der Gud får være Herre. Eit Gudsbilete der Gud strekkjer seg ned og møter meg i staden for at eg med mitt strev skal rekkje opp til han.

Det er ikkje alle stykka som treff meg og min livssituasjon like godt, og nokre av eksempla kan være eit stykke frå min kvardag. Men då boka er bygd opp med mange mindre stykke kan eg velje meg ut stykke som eg vender tilbake til. Eg trur dette også er styrkja til boka, at dei ulike stykka kan treffe ulike menneske i forskjellige livssituasjonar.

Sjølv vart eg gripen av kapittelet om Guds treeinige nærvær. Det er så lett at min relasjon med Gud skjer på mine eigne premiss, men boka hjelper til å setje seg i ein posisjon der det er Gud som kjem meg i møte og gjenoppretter ein kvar kontakt. Opningskapitelet utbroderer korleis det alltid er Gud som møter meg i min truspraksis, og ikkje eg som har truspraksis for å strekkje meg til Gud.

Boka bør lesast av alle som ynskjer å ha eit sundt og slitesterkt trusliv. Enten om du strever mykje i Guds rikes teneste eller om du skulle ynskje at du såg meir av Guds gjerning i ditt liv vil denne boka være til hjelp. Dersom boka skal skape forandring må den grunnast over, gjerne over tid. Gjerne gå saman to eller fleire og snakk saman om boka – då vil den kanskje skape meir forandring.


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
3 min
Ressurstype

  Boktips

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Lars Martin Flekstad Vik.
  Lars Martin er fra Øygarden og Øystese, men bor nå i Nord- Norge. Han er utdannet sosionom og arbeider nå som ungleder i NLM region nord.
   Ressurser av Lars Martin Flekstad Vik
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.