Publisert

Boktips: Evangelisering med lave skuldre Klassikeren "Ut av saltbøssa"


Ca leselengde:
3 min

“Ut av saltbøssa”, med undertittel “evangelisering som livsstil” er ei bok om kvardagsevangelisering. Den har som mål å gje kristne lesarar i alle aldre ei avslappa, men entusiastisk haldning til å dele trua si med andre. Den kom for første gong ut i 1979, og er no ute i ei revidert utgåve med nye verktøy og nye historiar, som kan inspirere lesaren til å la Jesus bli meir synleg i livet sitt. 

Enkelt og entusiastisk

Boka har eit fengande og enkelt språk, og ein kan merke Rebecca Pippert sin entusiasme kvar side. Det er heilt tydeleg at ho har knekt nokre viktige kodar, og desse blir enkelt, men grundig, og levande forklart for lesaren. Boka inneheld ein blanding av teori og personlege historiar, noko som skapar god variasjon og spenning i lesinga. 

Det som gjer “Ut av saltbøssa” til ei attraktiv bok, er mellom anna at den skapar ei oppleving av håp og meistring. Ein kan sjå for seg at evangeliseringsbøker kan føre til dårleg samvit, eller ei kjensle av å ikkje strekke til. Oppdraget kan rett og slett verke for stort. Dette opplevde eg ikkje då eg las denne boka. 

Den Heilage Ande

Eit av hovudbodskapa i “Ut av saltbøssa”, er “vi kan ikkje alt, men vi kjenner Han som kan alt”. At Gud er den som skapar læresveinar, og at han har lagt gåver, anlegg, talent og interesser ned i oss for å nå ulike typar menneske. Rebecca Pippert oppmuntrar lesaren til å vere seg sjølv, og til å oppsøke dei menneska som til dømes deler same interesser og hobbyar. Målet er at samtalar om Jesus og evangeliet skal oppstå uanstrengt, og at ein skal få stole på Den heilage ande sin kraft inn i eige og andre sine liv. 

Samstundes er forfattaren tydeleg på at vi av og til må ut av komfortsona for å tene andre menneske. At det å vekse i oppgåva vil innebere å stole på Gud sjølv når ein ikkje sjølv ser vegen vidare. Her deler ho historier frå eige liv, og skildrar både oppturar og nedturar i livet som Jesu etterfølger, samt kva ho har lært av dette. 

Konkret hjelp

Sjølv om boka ikkje inneheld éin spesifikk metode for å dele evangeliet, blir det mellom anna gitt konkrete døme på gode kommunikasjonsstrategiar, samt presentasjonsmodellar av evangeliet. Med dette får ein konkrete og nyttige verktøy å lene seg på når ein skal fortelje evangeliet til vener, familie, kollegaer, kjente eller ukjente. 

Eg vil anbefale denne boka til alle som ønsker å gjere Jesus synleg i liva sine. Men kanskje speiselt til dei som opplever evangelisering som noko skummelt, uoverkomeleg - noko dei ikkje kan meistre. Boka gir håp, hjelp og trøyst, ikkje minst til dei som kan tenke at dei er for sjenerte eller innadvendte til å vere berarar av evangeliet. 

Boka kan òg vere nyttig å lese saman i ei bibelgruppe eller cellegruppe. Då kan ein dele eigne erfaringar og samtale om kvar den enkelte kan få brukt sine gåver, interesser og anlegg. 

Eg hadde stor glede og nytte av å lese boka, og tar med meg tips, historier og råd vidare i eigen kvardag - med nytt mot og senka skuldre. 

Boka kan mellom anna kjøpast her. 

Ut av saltbøssa
Forfatter: Rebecca Pippert
Forlag: Luther forlag, utgitt i samarbeid med NKSS
Språk: Norsk
År: 2012 (1979)
Sidetall: 380


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
3 min
Ressurstype

  Boktips

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Astrid Rydland Aasen.
  Astrid er gift med Pål Sverre og har tre barn. Hun er fysioterapeut, arbeider som personlig trener og er engasjert i Narvik pinsekirke.
   Ressurser av Astrid Rydland Aasen
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.