Publisert

Sommerbokanbefalinger (4/5) Vi anbefaler bøker du (nesten) garantert allerede har i bokhylla


Ca leselengde:
4 min

Sommertid er lesetid. Og om det ikke er det for deg, kan det kanskje bli det?

Foross-redaksjonens medlemmer anbefaler noen bøker hver. Denne gangen er det Ingvald André Kårbø som anbefaler. Og det beste av alt; i disse tider med reiserestriksjoner og karantenetider skal du ikke se bort i fra at du ikke trenger å forlate huset for å få tak i bøkene - de finnes mest sannsynlig allerede i bokhylla di!

God lesning!

Malakis bok

Profeten Malaki er den siste profetboka me har i Det gamle testamente. For mange kan profetbøkene vera ein krevjande materie å arbeida seg inn i. Og det er jo eigentleg ikkje så merkeleg når det er bøker som er skrive for godt over 2000 år sidan. Avstanden i tid og kultur gjer at det ikkje alltid er så lett å vita kva dei opprinnelege lesarane forstod når dei las i dei opprinnelege bokrullane. Og når profetane i tillegg brukar mange bilete, ofte kombinert med eit poetisk språk, gjer det ikkje saken særleg mykje betre. Men sjølv om profetbøkene kan vera krevjande er dei likevel svært matnyttige for kristenlivet. For min del har Malaki vore ei bok som eg har sett meir og meir pris på i løpet av det siste året. Under vil eg prøva å gjeva deg nokon nøklar for å forstå innhaldet i boka.

Malaki og samtida

Malaki vert ikkje direkte tidfesta av forfattaren sjølv. Men det kan sjå ut som at boka har blitt til ei stund etter at Israelsfolket har vendt tilbake til Jerusalem etter eksilet i Babylon. Eksilet, ein av dei store krisane i Israels historie, hadde vorte etterfylgd av gleda ved å få venda tilbake til landet og at tempelet hadde vorte gjenoppbygd. No kan det sjå ut til å ha gått litt tid, og at kvardagen har kommen inn i eit vanleg spor igjen. Tempelet er på plass, prestetenesta er oppe og går, høgtidene vert stort sett feira, men folket ser ut til å ville meir og meir leva liva sine som om det var dei sjølve som var herrar over det. Inn i denne situasjonen sender Herren sin bodbærar, Malaki.

Strukturen

Malaki si bok er pedagogisk strukturert, og det å vera merksam på denne strukturen kan hjelpa oss til å forstå innhaldet i boka. Etter ein kort introduksjon av forfattaren (1,1), kjem det seks konfrontasjonar mellom Gud og Jerusalems innbyggjarar. I kvar enkelt konfrontasjon ynskjer Herren å korrigera tilhøyrarane. Det var mykje som skurra i liva deira, og kvar konfrontasjon tek for seg ein hovudutfordring. Dette skjer gjennom at Herren kjem med ein påstand om tilhøyrarane og sitt forhold til dei. Deretter kjem folket med eit gjensvar, før Herren forklarer kva som er problemet. Til slutt avslutter boka med ein avsluttande oppsummering som retter blikket framover mot Herrens framtidige inngripen i historia.

Kva var problemet?

Israelsfolket sine problem kan oppsummerast i at dei hadde fått ein forvridd forståing av kven Gud var og kva han ville, og at dei også hadde ein forvridd forståing av kven dei var og korleis det stod til med dei. Det er eit bittert folk me møter, eit folk som ser ut til å hevda at Gud eigentleg gjer ein ganske dårleg jobb og burde ha skjerpa seg. Men Malaki sitt budskap snur dette på hovudet. Problemet var ikkje at Gud ikkje elska dei, eller at han hadde gløymd dei. Tvert i mot var problemet folket sjølv som med si synd og med sin teologi hadde distansert seg frå Gud og hans vilje. No ville Gud omvenda dei. Han ville snu deira tilværelse tilbake til ein rett forståing av seg sjølv, verda og Herren.

Kva kan me læra av denne boka?

Kanskje denne boka også kan vera ei bok som kan få vera med å snu på nokon tankar, haldningar eller handlingar som du har vikla deg inn i. Sjølv om det er lenge sidan boka vart skrive har menneskehjarta ofte dei samme avvegane som det havnar inn på. Som Israelsfolket kan også me mista blikket av Guds kjærleik (1,2-5), hans ære (1,6-2,9) og bli likegyldig med tanke på synd i livet (2,10-16). Derfor treng me i eikvar tid å få hjelp av Bibelens bøker til å få retta vårt blikk mot slik Gud er, slik at det stadig kan få korrigera våre liv. Eg vonar du tek utfordringa og les denne boka i sommar!

 

 


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
4 min
Ressurstype

  Boktips

Skrifthenvisning

  Profeten Malakias  

Serie

  Sommerbokanbefalinger (1/5)

  Sommerbokanbefalinger (2/5)

  Sommerbokanbefalinger (3/5)

  Sommerbokanbefalinger (4/5) Vi anbefaler bøker du (nesten) garantert allerede har i bokhylla (vises nå)

  Sommerbokanbefalinger (5/5)

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ingvald André Kårbø.
  Ingvald André Kårbø kommer fra Øygarden utenfor Bergen. Han er gift med Camilla og arbeider som radio- og TV-pastor i P7 Kristen Riksradio.
   Ressurser av Ingvald André Kårbø
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.