Publisert

Då Det gamle testamentet blei samla Kvifor akkurat desse 39 skriftene?


Ca leselengde:
10 min

I sjølve Det gamle testamente (GT) finn vi inga direkte liste over innhaldet i det – diverre. Derimot høyrer vi fleire gonger at ordet frå Gud blei skreve ned, t.d. i 5 Mos 31:24-26. Såleis går det fram av GT at bodskapen frå Gud blei tilgjengeleg i skriftleg form.

Vi har òg vitnemål om at Lova, dvs Mosebøkene, var ein samla storleik i gamaltestamentleg tid (sjå Neh 8:1-18). Idet han viser til Jeremiaboka, taler Daniel om ‘bøkene’ (Dan 9:2, 10-13), noko som tyder på at det fans ei samling av heilage skrifter alt på Daniels tid.

I dag er GT delt inn i tre grupper: Lova, Profetane og Skriftene, men vi veit ikkje ut frå GT sjølv når denne samlinga og ordninga av skriftene blei etablert. Vi veit berre at prosessen var i gang alt i gamaltestamentleg tid.

Ei tid då det ikkje var profetar

Den jødiske historikaren Flavius Josefus reknar den klassiske profettida i Israels historie frå Moses og fram til Esra og Nehemja på 400-talet f.Kr.. Etter det var der ikkje lenger eigenlege etterfylgjarar av profetane.

Dette synspunktet finn støtte i tre skriftstader i Første Makkabearbok, der det går fram at den tida var utan profetar. Sjølv om det er tale om ei profetlaus tid, er det likevel håp om at det igjen skal høyrast profetiar i landet; det blir når endetida kjem (sjå Joel 3:1-5).

Det var ei tid då dei kunne konsentrere seg om den openberringa som alt var gitt. I dette profetlause ‘tomrommet’ i Israels historie var det at samlinga av skriftene i GT (GT-kanon) for alvor gjekk føre seg. Det er også frå denne perioden vi har dei første ikkje-bibelske vitnemåla om ei samling av dei heilage skriftene.

Ikkje-bibelske vitnemål om samlinga av GT

I 2. Makkabearbok finn vi utdrag av eit brev som jødane i  Jerusalem sende til sine landsmenn i Egypt etter at Judas Makkabearen hadde frigjort og reinsa tempelet i 164 f.Kr.. I dette brevet blei det omtala ei samling bøker som Nehemja skulle ha stått for; han hadde samla inn bøker om kongane, profetane, Davids skrifter og kongane sine lister over tempelgåver. Vidare går det fram av brevet at Judas Makkabearen hadde samla alle dei skriftene som var komne bort under den krigen som nyleg var avslutta.

Det tidlegaste vitnemålet om GT som ein avslutta kanon noko nær si noverande form, er føreordet til den greske omsetjinga av Siraks bok frå omkring 132 f.Kr.. Her blir den bibelske openberringa fleire gonger omtalt i den vanlege tredelte forma: Lova, profetane og dei andre skriftene. Innhaldet i kvar av dei tre kategoriane er ikkje spesifisert, men dei profetane som var del av ‘Skriftene’ blir alle omtalte seinare i Siraks bok (kap. 48-49). Dessutan blir Skriftene omtalte som overleverte frå fedrane; dei må difor ha hatt ein viss alder på den tida då dette føreordet blei skreve.

I Jubileumsboka 2,234 frå omkring 100 f.Kr. har vi eit vitnemål om at talet på bøker i GT-kanon var 22. 22 svarar til talet på bokstavar i det hebraiske alfabetet. Dei 22 bøkene er det talet som vi finn i det hebraiske GT når Rut er ei bok saman med Domarane og Klagesongane ei bok saman med Jeremiaboka. Dei 22 bøkene er i alle høve å finne mellom dei 39 bøkene i vårt GT.

Den jødiske filosofen frå Alexandria, Filon, (død omkring 50 e.Kr.) gir oss ikkje eigenleg ei liste over innhaldet i GT, men avslører i eit av sine skrifter at han kjenner til tredelinga av GT- kanon i Lova, Profetane og Skriftene.

I eit av sine skrifter frå omkring 90 e.Kr. gir Josefus uttrykk for at han reknar den bibelske openberringa som avslutta omkring 400 f.Kr., og at den inneheld 22 bøker som er skrevne under guddomleg inspirasjon. Han skil mellom tre grupper bøker: dei fem Mosebøkene, så 13 bøker med profetar som kom etter Moses (dei historiske og profetiske bøkene), og til sist fire bøker med salmar og livsvisdom. Det er truleg at Josefus her gjengir den tradisjonen som han var kjend med frå sin prestelege oppvekst og si fariseiske fortid. Vi må rekne med at Josefus’ kanon svarar til det GT vi kjenner i dag.

Fjerde Esras bok, som blei til etter at Jerusalem fall i år 70 e.Kr., omtalar ei samling på 94 bøker. Av dei er 24 offentlege og 70 hemmelege. Dei 24 offentlege bøkene svarar truleg til dåverande GT-kanon, her med Ruts bok og Klagesongane som sjølvstendige skrifter.

Frå perioden 70-200 e.Kr. er ei detaljert liste over GT-skriftene å finne i den Babylonske Talmud. Denne lista inneheld 24 bøker nemnde med namn, og dei er alle å finne mellom dei 39 bøkene vi kjenner frå ‘vårt’ GT.

Desse ikkje-bibelske vitnemåla peikar såleis på at GT-kanon var ein avslutta heilskap på Jesu tid, og at den inneheldt dei 22/24 bøkene som vi kjenner frå det hebraiske GT, og som også er i vår Bibel.

Blei GT-kanon avslutta i Jamnia ca. 90 e.Kr.?

Etter tempelets fall i år 70 e.Kr. var jødisk identitet i krise. Når tempelet ikkje var der lenger, kva kunne då binde alle jødane saman i felles tru og gudsdyrking? Det var dei heilage skriftene som overtok den oppgåva. Derfor er det ikkje så underleg at vi i tida etter tempelets fall finn diskusjonar om kva skrifter som eigenleg høyrde med i den jødiske skriftkanon.

Vi har vitnemål om at slikt gjekk føre seg m.a. i det rabbinske kunnskapssenteret i Jamnia i nærleiken av Joppe. Her blei det diskutert om Esters bok og Forkynnaren høyrde med i kanon. Dette har ført til ein teori om at GT-kanon blei endeleg fastlagd under ein synode i Jamnia omkring år 90 e.Kr.. Særleg gjeld dette den tredje gruppa, Skriftene. Dersom denne teorien er rett, tyder det at ein på Jesu tid ennå ikkje hadde ein fastlagd kanon for GT.

Men synspunktet er ikkje utan problem. For det første resulterte diskusjonen ikkje i at noko skrift i dåverande kanon blei utelate. Ester og Forkynnaren blei verande. For det andre blei det ikkje lagt til noko skrift i Jamnia som ikkje alt var rekna med i GT-kanon. Heller enn å postulere Jamnia omkring år 90 e.Kr. som avslutninga på prosessen med GT-kanon, kan ein tenkje seg å forstå diskusjonane der som evaluering av den kanon som alt låg føre. Ein må sjå for seg at på den tida var det jødiske folket, for det meste spreidde omkring i Midtausten, svært opptatt av å finne ut av sin religiøse identitet.

Kva med apokryfene?

Dei par siste hundreåra før Jesus blei fødd, blei GT omsett til gresk utanfor Israel, truleg i Alexandria i Egypt. I dei manuskripta av den greske omsetjinga som vi kjenner til i dag, er det fleire skrifter enn i det hebraiske GT: dei såkalla apokryfe bøkene. Denne utvidinga av GT har gitt høve til å tru at det i diasporaen på Jesu tid fans ein utvida kanon, GT pluss apokryfene.

Der er fleire vesentlege innvendingar mot denne teorien. For det første blir dei handskriftene vi i dag har av det greske GT, tidfeste til 4. århundre e.Kr.. Dermed er det ikkje sikkert at dei utan vidare vitnar om den jødiske kanons omfang på Jesu tid.

For det andre har vi GT-omsetjinga til gresk ivaretatt i den kristne tradisjonen. Det blir problematisk å hevde at apokryfene høyrde med til den jødiske kanon på Jesu tid, fordi kristne 300 år seinare har dei med i sin versjon av GT. Apokryfene sin plass i greske GT-handskrift seier meir om oldkirka sitt syn på desse skriftene enn jødedomens syn på Jesu tid.

For det tredje må det nemnas, at to viktige jødar frå diasporaen i 1. århundre e.Kr., Filon av Alexandria og historikaren Flavius Josefus i Rom, begge nytta den greske omsetjinga av GT, men ingen av dei reknar apokryfene med til Den heilage skriftas kanon. Vi må derfor avvise teorien om ein udvidet jødisk kanon i diasporaen på Jesu tid.

Vitnemålet om GT-kanon i NT

Jesus hadde oppgjer med samtidas jødedom på fleire punkt, men det er verd å legge merke til at han ikkje på noko tidspunkt tok avstand frå samtidas tankar om kva skrifter som høyrde  med i kanon. Tvert imot viser Jesus ved eit par høve direkte til tredelinga av det hebraiske GT; sjå t.d. Luk 24:44: ”Alt det som står skreve om meg i Moselova, hos profetane og i salmane, måtte oppfyllast”.

Salmane er den første og største av bøkene i den tredje gruppa og blir her nemnd som representant for alle Skriftene (sjå òg Luk 24:27). Jesus gir dermed støtte til den tredelte GT-kanon som han kjenner frå samtida si, sjølv om han ikkje i detalj nemner kvart skrift som høyrer med.

Ein annan interessant stad er Luk 11:50f (Matt 23:34f), der Jesus talar om martyrane i GT, frå Abel til Sakarias. Sakarias er truleg han som blir nemnd i 2 Krøn 24:20-22. Det er interessant fordi han ikkje er den siste martyren i Israels historie slik den går fram av GT (jf. Uria i Jer 26:20ff). Sakarias står derimot omtalt i den siste boka i GT. Det har mange tatt som eit vitnemål om at Jesus viser til heile GT ved å nemne døme frå den første og den siste boka i det hebraiske GT, 1 Mos og 2 Krøn. Dersom så er tilfelle, kan vi rekne med at Jesus ikkje berre går god for dei tre overordna skriftgruppene i GT, men og dei einskilde skriftene i det hebraiske GT.

Der er tallause tilvisingar til GT i heile NT og gjentatt tilslutning til GT’s autoritet. Men der fins òg døme som viser kjennskap til apokryfe og andre gamle jødiske skrifter. Tyder det på at dei blei rekna med i Den heilage skrifta? Nei. Paulus siterer endå til greske forfattarar med tilslutning, utan at vi av den grunn drøymer om å sjå på slike skrifter som heilage slik som Bibelen. At ei av apokryfene blei brukt i NT tyder ikkje at den blei sett på som del av GT-kanon. Forfattarane i NT kallar aldri ikkje-kanoniske bøker for ‘Skrifta’.

For ein kristen er dei historiske spørsmåla mindre viktige enn det faktum at Jesus Kristus og apostlane hans gjekk god for det hebraiske GT, slik som det låg føre på deira tid, og slik det i dag fins i vårt GT. Dermed er GT’s omfang gitt for den kristne kyrkja: det er den skriftsamlinga som Jesus gjekk god for og brukte som Den heilage skrifta, dvs. dei 39 bøkene i vårt nåverande GT.


Teksten er først publisert hos nettsiden Ordet og Israel, og er oversatt fra dansk av Kjell Magne Yri.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
10 min
Ressurstype

  Hva Tror Vi

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Henrik Nymann Eriksen.
  Henrik bor i Danmark, er teolog, gift med Helen og har tre barn. Han har arbeidet i KFS (Kristeligt Forbund For Studerende) og på DBI (Dansk Bibel Institut). Nå er han forstander på Luthersk Missions Højskole i Hillerød. 
   Ressurser av Henrik Nymann Eriksen
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.