Då eg hadde vore prest i fem år, hadde eg bak meg 50 gravferder i ei forsamling med rundt 100 frammøtte kvar sundag morgon. I denne forsamlinga i Scranton i Pennsylvania gravla eg ein fjerdedel av alle medlemmene dei første åra etter avlagd teologisk embetseksamen.
For dei som står utanfor kan dette sjå ut som eit nederlag – men slik ser ikkje kristne på det. Dei fleste av dei som var borte, hadde sine siste dagar i heimen sin, men dei andre hugsa den tida då desse medkristne fylte gudstenesta. Dei sakna salmesongen og det å vitje sin åndelege familie.
Det var ikkje slik eg hadde tenkt det då eg var ferdig med seminaret. Og eg var slett ikkje førebudd på det.
Den teologiske utdanninga, som gjer deg klar til å tene som luthersk pastor i Missourisynoden, varer til vanleg 4 år etter bachelor-eksamen. Du kastar deg over bøkene, får preike i kapellet som øving, du lærer korleis du skal drive bibelundervisning og korleis du skal nå ut til dei ‘kyrkjelause’.
Som student får du òg leike sokneprest eit år som del av eit øvingsprogram. Då må du vitje sjuke og assistere ved gravferder. Men det er ikkje nok til fullt ut å førebu deg til 50 gravferder på 5 år.
Trass i dei, for meg, tøffe oppgåvene, fekk eg gjennom desse god opplæring om forsamlinga. Nye pastorar må som oftast bruke ein del tid på å treffe og knyte band til medlemmer utanom gudstenesta, bibelklassene, fellesmåltida og kyrkjekaffen. Folk har det travelt, og nokre få stunder med småprat kvar veke er ikkje beste måten til å bli godt kjend med folk på. Dei 50 gravferdene i kyrkjelyden ga meg gode høve til å lære familiane å kjenne i tur og orden, ved vitjing i heimar, på sjukehus og i omsorgssenter.
Sjå, ein stor skare
Den første november feirar vi Allehelgensdag. Då les vi Joh Op kap. 7.
Deretter såg eg, og sjå, der sto ein stor skare som ingen kunne telje, frå alle nasjonar, stammer, folk og tungemål. Dei sto framfor trona og Lammet, kledde i kvite klede, med palmegreiner i hendene, og dei ropte med høg røyst: Frelsa høyrer vår Gud til, han som sit på trona, og Lammet. Joh Op 7:9-10
Det var litt av ein flokk Johannes såg der! Han greidde ikkje å telje dei. Vi kjenner litt av den store gleda når vi feirar Allehelgensdagen. Den uteljande flokken av truande står framfor trona og Lammet.
Der står dei, alle dei 50 frikjøpte syndarane eg har gravlagd. I denne himmelske skaren er dei med, alle dine truande vener og slektningar som har døydd i trua, og som har fått sine kjortlar vaska reine i Lammets blod.
Vi kan ikkje synge julesongar saman, ikkje feire påskemorgon, ikkje smake deira namngjetne festmat. Vi vitjar dei ikkje fleire gonger heime eller på omsorgssenteret. Likevel har vi ikkje mist våre kristne vener som døydde med trua i hjartet. Dei er berre blitt overførde frå den stridande kyrkja på jorda til den triumferande kyrkja i himmelen. Dei kviler trygt heime hos Jesus.
På engelsk har vi ein song som tek til slik: “Behold a Host, Arrayed in White” (Sjå, der står ein skare, kledd i kvitt). Andre verset fangar opp gleda med dette biletet av himmelen:
På jorda gret dei gjennom bitre år
Nå har Gud tørka tårene bort
Han har forvandla deira strid til eit himmelsk liv
Fridd dei ut frå alt dei var redde
Nå tek dei del i sabbatskvila
Den himmelske festen dei velsigna får del i
(Engelsk i LSB 676:2)
Når så organisten let orgelbruset leie allsongen med den norske songen “Den store kvite flokk”, tenkjer eg attende på dei femti gravferdene eg har forretta etter ordinasjonen. Med stor glede og tryggleik ser eg for meg at desse døypte truande kviler heime hos Jesus. Dessutan, mine kjære medtruande som les dette: eg kjem ikkje til å møte dykk nokon gong her på jorda.
Men alle vi som trur på Jesus, vil vere å finne i den uteljande skaren framfor trona, vi som er reine ved blodet til det fullkomne påskelammet, Jesus Kristus.
Den natta han blei sviken, sa Jesus til læresveinane:
Lat ikkje hjarta dykkar uroast. Tru på Gud og tru på meg. I min Fars hus er det mange rom. Var det ikkje slik, ville eg då ha sagt at eg drar for å førebu ein stad for dykk? Men ettersom det er for å førebu ein stad for dykk at eg reiser, skal eg kome attende og ta dykk med, slik at de får vere der eg er. Og de veit vegen dit eg drar…. Eg er vegen, sanninga og livet; ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. Joh 14:1-4, 6
Då Lasarus, bror til Marta og venen til Jesus, låg i grava si, sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leve om han så døyr. Og ingen som lever og trur på meg, skal nokon sinne døy. Trur du dette?» (Joh 11:25–26).
Dette er eit hovudspørsmål i kristentrua. Trur du det er slik Jesus her seier? Trur du at han er den einaste vegen til himmelen? Ein som har tatt utdanning som pastor og skal leie gravferder i massevis, gjer best i å tru dette faktum som er openberra for oss. Og dersom du er eit trufast medlem av Guds familie, forsamlinga av dei heilage, bør du òg absolutt tru dette.
Det er vår glødande bøn at Den Heilage Ande vil halde fram med å opplyse og styrke vår tru på Kristus.
Gravferder er til velsigning
Dei mange gravferdene i vår vesle lutherske forsamling har gitt oss høve til å samlast om Jesu lovnader ved slike hendingar. Gravferder for medlemmer av forsamlingsfamilien har vore til velsigning for oss. Vi trøystar slektningane som vaker ved den siste sjukesenga på omsorgssenteret.
Sjølv om gravferda og den følgjande sorgfylte tida kan vere tunge for kjenslelivet, så gir dei evangeliske sanningane trøyst både til pastor og pårørande. Gud nærer sin flokk med sitt pålitelege ord. Det er naudsynt for trua å få ta til seg den næringa, og det er einaste vegen gjennom sorga. Kvar einaste veke må ein få høyre evangeliet forkynt, og halde måltid med Jesu lekam og blod; Jesus må få gi oss næring konstant.
Eg står i personleg gjeld både til med-pastorar og medkristne som har stått saman med meg i forbøn og oppmuntring gjennom desse åra. Eg var òg så heldig å få møte henne som eg gifta meg med i tenesta her. Ho har støtta meg med kjærleik og forbøn i grenselaus truskap.
«Pastor, eg vil at du skal forrette ved gravferda mi». For meg var dette den ultimate tillitserklæringa. Eg måtte først respondere på dei venlege orda med å uttrykkje håp om at det ikkje måtte blei aktuelt på lenge; deretter seie at det skulle vere ei stor glede å få forkynne Kristi siger over dauden for dei som kom til å vere til stades ved det høvet.
Kristne bør tenkje slik: Denne jorda er ikkje vår heim. Fem år med mange gravferder har hjelpt dei truande i forsamlinga til å halde denne tanken klart i fokus. Det er ein sterk leksjon å sjå kista til ein ven eller slektning stå der i midtgangen. Dei som har vore der ved gravferda til ein truande, er utrusta med sanninga i evangeliet og vona om oppstoda frå dei daude. I det lutherske gravferdsritualet blir Rom 6:5 lese til opning kvar gong.
For dersom vi slik blei sameina med han i dauden, skal vi for visst òg slik bli sameina med han i oppstoda. Rom 6:5
Ta inn dette bibelordet og hugs det! Det kan trøyste dei som syrgjer og vil styrke di tru på Kristus. I dåpen er du sameina med Jesus i hans daude for deg og i hans oppstode for deg.
Så lat glede og fred råde i dykkar hjarte, de som trur på Jesus! Han har reist herifrå for å førebu ein stad for dykk i himmelen. Han lova å kome attende for å ta dykk med heimatt til himmelen, der de skal bu saman med han i all æva.
Han kjem til å gjennomføre det.
Når han sto opp var det ei førehandsvising av at de òg ein gong i framtida skal stå opp. Denne fantastiske sanninga i evangeliet kan gi nytt mod og glede i sorga. Dette er den gledelege bodskapen frå Gud som eg og alle andre forkynnarar får dele ut, og det i høgste grad ved gravferder og på Allehelgensdagar.
Dauden kan ikkje sigre over kristne. Dei som er trufaste til dauden får ta imot livsens krone. Dei får den gratis fordi den er betalt av Jesus som i triumf sigra over grava. Dei skal få stå i den uteljande skaren framfor Lammet i æveleg tid.
Slik lyder den herlege sanninga i evangeliet: Dauden blei overvunnen av Jesus, og dei som trur på han skal leve i all æva. Denne bodskapen bleiknar aldri og blir ikkje for gamal til å bli delt ut frå preikestol, i omsorgsheim eller ved middagsbord – heller ikkje i ei gravferd, same om den er nummer 50 eller 500.
Halleluja! Kristus er oppstått!
Originalteksten kan du lese her og er oversatt fra engelsk av Kjell Magne Yri, med tillatelse fra The Lutheran Witness.