Publisert

Lidinga Krossen sin veg


Ca leselengde:
5 min

Den viktigaste høgtida i kristendommen [påska, red.anm] er i kjømda. I heile den verdsvide kyrkja blir vi merksame på det underlege i at Gud ikkje berre kom hit til jorda som eit menneske – han let seg også fornedra, torturera og drepast med eit av dei mest brutale avrettingsreiskap i verdshistoria.

Krossen skil seg ut i samanlikning med dei fleste religiøse symbola. Det har ingenting av det vakre som vi normalt  brukar å søkja etter; når vi skal ta fram eit nytt «varemerke» som sel. Livsforma som står i sentrum både av den kristne trua og av den kristne kyrkja si sjølvforståing – eit trassig teikn på ein logikk som verda sine vise går forbi. Som apostelen Paulus skriv:

For ordet om krossen er vel dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 1 Kor 1:18

Krossen er den einaste plassen i historia til menneska der jord og himmel møter kvarandre. På krossen, seier Bibelen, legg Gud all denne verda si synd og ondskap på sin eigen Son. Men samtidig skjer også det motsette: Heile den himmelske verda si åndelege velsigning førebur  at Gud kan kome til jorda. Eller med Paulus' ord:

Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga under lova ved at han vart ei forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. Dette hende for at Abrahams velsigning skulle koma til heidningane i Kristus Jesus, så vi ved trua skulle få Anden som det var gjeve lovnad om. Gal 3:13-14

Slik skal krossen vera rikare for deg og meg. Krossen vitnar om ein eineståande og ufortent generøsitet frå Guds side – ein kjærleik som gjorde Jesus berett til å gå i døden for vår skuld.

Men det seier også mykje om noko som dei fleste av oss helst slett ikkje vil tenkja på: at synda i våre liv er noko frykteleg. At vår vilje kan greia seg sjølv utan Gud. Dersom vi trur dette, får det konsekvensar som ligg utanfor vår eigen kontroll. Difor ber vi også i ei av kyrkja sine syndsvedkjenningar:

Gjennom mi synd er eg skuldig i meir ondt enn eg sjølv forstår, og har del i ei verd som er vendt bort frå Gud.

Jesus døydde ikkje berre for synda reint allment. Han døydde for di og mi skuld.

Men krossen er ei forteljing om våre liv også på eit anna vis. For den som vel å gjera Jesus til Herre, blir hans kors ein stadig nærværande realitet. Når vi studerer evangelia blir det tydeleg at det som Jesus gjekk gjennom på sine siste dagar på jorda, var eit konsentrat av kva han allereie hadde fått møte gjennom heile si offentlege teneste. Midt i dei fantastiske forteljingane om Jesu undervisning, underverk og møte med menneske fins det nemlig eit stadig nærverande element av fiendskap. I Johannes evangeliet kan vi lesa om korleis Jesus – lenge før påskedramaet – blir avvist av sin familie.

Jesus får sitt rykte tilsverta og blir anklaga for å vera besett, blir straffa og døydde på krossen. Den som har teke ei avgjerd om å følgja Jesus, vil møta  presis dei same reaksjonane som Jesus sjølv møtte. I sin avskjedstale til dei tolv seier han:

Var de av verda, då ville verda elska sitt eige. Men fordi de ikkje er av verda, men eg har valt dykk ut frå verda, difor hatar verda dykk. Kom i hug det ordet eg sa til dykk: Ein tener er ikkje større enn herren sin. Har dei forfylgt meg, så vil dei forfylgja dykk òg. Joh 15:19-20a

I ein annan samanheng velgjer Jesus å kobla same bodskapen direkte til sin nære forståande død:

Den som ikkje ber krossen sin og fylgjer etter meg, kan ikkje vera min læresvein. Luk 14:27

Dei truande møter i sine liv «krossmønsteret». Av den grunn kan ikkje lidinga koma som ei overrasking. Kvart menneske som vel Jesus som sin Herre, må også ta med lidinga i sitt reknestykke. Bodskapen på langfredagen handlar også om oss.

Samtidig er det viktig å seia at uttrykket for liding kan te seg forskjellig. Akkurat som for Jesus kan det handla om martyrdøden. Talet på blodvitne gjennom kyrkja si 2000-årige historie blir rekna til svimlande 60 millionar – av desse har nesten 2/3 mist livet på 1900-talet! Alle utanom ein av hans nærmaste krins av læresveinar skulle også møte einsemd.

I vår del av verda har vi vore spart for dei mest brutale formene av Kristi liding. Men også her fins det ting som gjer at ein må rekna med å bæra ein kross. Ein av dei vanligaste lidingane er einsemda som kjem av å vera kristen i eit sekulært miljø.

Liksom andre misforsto, kan vi forstå at vårt verdsbilete og våre prioriteringar er annleis samanlikna med våre vener og arbeidskameratar som ikkje deler vår tru. Det finns eit utanforskap, ei skam som høyrer saman med å være ein Jesu Kristi læresvein – også i Norge i dag. Det er tale om ei liding som gir seg uttrykk i å ikkje bli forstått, ikkje bli akseptert og ikkje bli elska.

Når vi møter denne typen av reaksjonar, kan vi minne oss på at alt er som det skal vera. Vi kan styrkje både oss sjølve og våre nære og kjære med at «tenaren ikkje er framom sin herre.» Det er ikkje slik at vi skal begynne med  å søkje lidinga, eller oppføre oss dårleg og på den måten tiltrekkja oss forakt frå dei som møter oss. Men dersom vi fylgjer i Meisteren sine spor, kjem vi utan tvil til å smaka også på krossen hans. Det vert tydeleg fastslått av Paulus:

Og alle som vil leva gudfryktig i Kristus Jesus, skal verta forfylgde. 2 Tim 3:12


Denne teksten er oversatt fra svensk av Dagfinn Solheim


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
5 min
Ressurstype

  Hva Tror Vi

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Olof Edsinger.
  Olof Edsinger er svensk teolog og forfatter. Han bor i Storvreta utenfor Uppsala sammen med sin frue og deres tre barn. I ni år arbeidet han som generalsekretær for Salt- barn og unge i EFS. Nå er han generalsekretær for Svenska Evangeliska Alliansen og lederutviklingskonsulent i NLM ung.
   Ressurser av Olof Edsinger
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.