Publisert

Litt om ulike endetidssyn Kva kjenneteikner ulike syn på endetida?


Ca leselengde:
10 min

Jesu gjenkomst har vært et tema som den kristne kirke tradisjonelt har hatt et fokus på når det er advent. Derfor vil vi i denne artikkelen presentere noen ulike tilnærminger kristne kan ha til endetiden.


Dei oldkyrkeleg vedkjenningsskriftene, som er den felleskristne vedkjenninga, seier svært lite om endetida og Jesu atterkome. Det er i hovudsak avgrensa til at kristne trur at Jesus er i himmelen og «skal koma att derifrå for å døma levande og døde», og at ein trur på «oppstoda av kjøtet og evig liv». Det vert også sagt at på «hans (Jesu) rike skal det ikkje vera ende». Det vert presisert at alle menneske skal «gjera rekneskap for gjerningane sine. Og dei som har gjort godt, skal gå inn til det evige livet, men dei som har gjort vondt, til den evige elden.» Det å gjera godt eller vondt, er her det same som at ein har sett si lit til Jesus og hans frelsesverk eller ikkje. Det som her er i fokus, er altså sjølve Jesu atterkome og frelsesspørsmålet. Poenget er at folk må ha si sak i orden med Gud, slik at ein vert frelst. Dette svarar til hovudfokuset som er i Jesu endetidslikningar: «Vak difor! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.» (Matt 24, 42). Uansett endetidssyn må og skal det vera hovudsaka.

Luthersk endetidssyn?

Den evangelisk lutherske vedkjenninga seier svært lite ut over det som står i dei oldkyrkjelege vedkjenningsskriftene. Reformatorane avviste to lærepunkt som paven lærte om mellomtilstanden, og som grip inn i forståinga av Jesu atterkome. Det gjaldt læra om skjærselden og læra om fyldestgjerande messeoffer for døde. Under reformasjonen var det stor semje om endetidslæra, men det var to synspunkt som var framme i samtida, som vart avviste. Det eine var fornekting av evig pine, og det andre var ei jødisk oppfatning av tusenårsriket (CA 17). Kva som ligg i det siste, har det vore ulike oppfatningar om.

Det at det er sagt så lite om endetidsspørsmål i vedkjenningsskriftene, gjer at det er vanskeleg å seia at eit bestemt endetidssyn er luthersk eller ikkje. Det gjev rom for ulike oppfatningar, særleg ut frå at Bibelen seier ein god del om endetida, Jesu atterkome og den kristne vona. Her er det ikkje plass til å gå inn i alle nyansar og argument, eller gå inn på alle relevante bibelord. Her er det berre rom for ei enkel skisse av dei ulike syna og konsekvensane av desse.

Det som er vist til ovafor, vil det vera semje om blant bibelforplikta kristne. Når dette skal tilretteleggjast meir detaljert og få fram kronologien i det som skjer fram mot Jesu atterkome og livet på den nye jorda, utkrystalliserer det seg nokre hovudretningar, men innan dei er det nyansar. Det gjeld særleg korleis vi skal forstå tusenårsriket, samt den store trengsla og bortrykkinga. Desse lærepunkta heng saman. Det første skiljepunktet er: Når er tusenårsriket? I oldkyrkja var det ei vanleg oppfatning at tusenårsriket var eit framtidig rike, altså eit eskatologisk rike. Ved at keisar Konstantin gjorde slutt på forfylgingane og ein fekk statskyrkje, vart tanken om at tusenårsriket er kyrkja si tid dominerande. Det synet var rådande gjennom mellomalderen og reformasjonen. Ved pietismen vart det ei tilbakevending til det oldkyrkjelege synet om at tusenårsriket er eit framtidig rike. Dette vann plass i fleire av dei nye kyrkjesamfunna til venstre for den lutherske kyrkja. Etter kvart vart det også vanleg i lutherske samanhengar, særleg i vekkings- og misjonssamanheng.

Tusenårsriket er no

Det vi kallar «tusenårsriket», er berre omtalt direkte i Op 20, 1-7, men det er mange skriftavsnitt både i GT og NT som ein vil knytta til dette riket, alt etter kva endetidssyn ein har. Her er det ikkje plass til å henta fram dette bibelstoffet.

Nokre meiner altså at tusenårsriket er perioden frå Jesu himmelfart og pinse til Jesus atterkome og dom. Det har vore hovudoppfatninga i luthersk samanheng, særleg blant teologar, men det er ikkje einerådande. Då er det ikkje snakk om at noko skjer før, i og etter tusenårsriket. Tusenårsriket er då identiske med kyrkja si tid, og alt skjer i dette riket. Då er det heller ikkje snakk om Jesu første og andre kome, om bortrykking eller om den første og andre oppstoda for truande. Alt skjer ved Jesu kome til dom og frelse. Alt det som vert skildra i Openberringsboka og andre stader om utviklinga fram mot Jesu atterkome, inkludert det som gjeld den store trengsla, høyrer kyrkjehistoria til. Det som er sagt om teikn og fødselsveer, er signal om kor langt fram mot Jesu atterkome vi er, men dag og time kan vi ikkje fastslå. Dei som har dette synet, vil i liten grad tilleggja Israel noko betyding i endetida. Mange vil hevda at lovnadane til Israel er oppfylte eller overførte på kyrkja, men nokre tillegg Israel vekt.

Tradisjonelt har ein innan dette hovudsynet, altså at tusenårsriket er no, forstått Guds ord slik at utviklinga i hovudsak er negativ, og at det endar med klimaks i den store trengsla som vil gå over heile jorda og ramma alle menneske. I det siste har det kome ei ny forståing av dette. Så langt eg kan sjå, er det knytt til teologiske grunntankar i trusrørla og det som vert omtalt som NAR, altså at det skal stå fram apostlar og profetar som med si forkynning og åndskraft ikkje berre påverkar kyrkja, men også samfunnet. Ut frå dette, og at Satan er bunden, lærer ein at det skal verta ei positiv utvikling på jorda med store vekkingar, og då også gjerne at Israel vil få ein sentral plass i det. Dette er eit relativt nytt syn i norsk samanheng, og truleg lite utbreidd.

Tusenårsriket er framtidig

Det andre hovudsynet seier at tusenårsriket er eit framtidig rike, eit endetidsrike. Då tenkjer ein at framstillinga i Openberringsboka fortel om ei utvikling i tid, altså at det er ein viss kronologi eller ei tidsline. Dette svarar då til den framstillinga vi også finn andre stader, ikkje minst i Paulus sine brev. Då vert tusenårsriket eit spesifikt og avgrensa rike her på jorda. Det fylgjer etter Antikrist og det antikriselege rike, og det vert avslutta straks før den endelege domen og at det stig fram ei ny jord og ein ny himmel.

Blant dei som trur på eit framtidig tusenårsrike, er det ulike oppfatningar av om kyrkja (menigheten) skal gjennom den store trengsla eller ikkje. På grunn av det forstår ein det som gjeld Jesu første atterkome og bortrykkinga, noko ulikt. Også kva tusenårsriket inneber, er det ulik oppfatning om. Den store trengsla vil toppa seg i ein krig mot Israel, Harmageddon-krigen, men det er nyansar i korleis det vil skje.

Den store trengsla og bortrykkinga

I luthersk samanheng har hovudsyna vore at vi er i tusenårsriket no eller at tusenårsriket er eit framtidig rike, men at alle, inkludert kyrkja, skal gjennom den store trengsla. Men det har vore og er ein del som trur at kyrkja ikkje skal gjennom trengsla. Det siste synet har vore og er mest utbreid i ikkje-lutherske frikyrkjelege samanhengar, men altså også ein god del på bedehuset, særleg på Sør- Vestlandet.

Dei som lærer at kyrkja skal gjennom den store trengsla, som kjem med Antikrist og det antikristelege riket, lærer at det ikkje er noko atterkome, bortrykking eller oppstode før trengsla, men etter denne. Ein meiner dette er i tråd med framtillinga i Openberringsboka, og samsvarar med som ellers er sagt om desse spørsmåla. Ein forstår det slik at Jesus kjem att og kastar Antikrist og den falske profeten i fortapinga, og med det vert den store trengsla avslutta. Då skjer også den første oppstoda, og dei som står opp til evig liv, vert saman med dei truande som lever då, bortrykte til himmelen og regjerer med Kristus derifrå i tusen år. Satan er bunden og vi får tusenårsriket som eit fredsrike, og som ei stor misjonstid der Israel får ein sentral plass ut frå lovnadene til landet og folket. Ut frå dette synet vil ein vera oppteken med utviklinga i tida med tanke på Jesu atterkome, samstundes som ein legg vekt på å vera vaken.

Dei som lærer at kyrkja ikkje skal gjennom den store trengsla, oppfattar det slik at Jesus kjem att og rykkjer sine til seg før trengsla. Ut frå «tidsskjemaet» i Openberringsboka skjer det mellom kapittel tre og fire, slik at alt som er sagt i kap 4 -19, gjeld dei ufrelste/samfunnet og Israel. Israel skal gjennom den store trengsla, men ikkje kyrkja. Det tenkjest då slik at ved avslutninga av den store trengsla kjem Jesus tilbake til jorda saman med den kyrkja han har rykt bort, og regjerer då i tusen år her på jorda før den endelege domen og avslutninga. Det er nyansar i syn med tanke på det nøyaktige tidspunktet i forhold til trengsla og kor konkret ein tenkjer om Jesu og dei truande si regjering i tusenårsriket. Det som ellers gjeld Antikrist og Satan, er i stor grad samanfallande med det synet som seier at kyrkja skal gjennom den store trengsla. Ut frå dette synet vert det gjerne understreka at Jesus kan koma att «når som helst», og at ein difor må vera vaken, fordi alt som Openberringsboka talar om, skjer etter bortrykkinga.

Israel og tusenårsriket

Begge desse syna hevdar at Israel kjem til omvending knytt til avslutninga av den store trengsla, Jesu atterkome då og opprettinga av tusenårsriket. Det er nyanser i korleis dette skjer, men hovudsynspunktet er at då vert alle gjenståande lovnader til Israel oppfylte, særleg det at folket skal koma til omvending. Det er nyansar i syn på kva lovnader dette gjeld, altså kva som er oppfylt og kva som gjeld Israel og den nye jorda. Det er også semje om at Israel vil få ein sentral plass i tusenårsriket, og at Israel etter si omvending vil ha stor betydning for utbreiinga av evangeliet. Det er ulike oppfatningar eller nyansar i kor stor grad Israel og kyrkja sin plass i tusenårsriket er av konkret eller åndeleg karakter.

Mellom desse to syna er det semje om at etter tusenårsriket vil Satan verta kast i fortaping og at dommen då vil skje. Det er ein dom over alt som syndefallet førte med seg, og ein fortapingsdom for dei som ikkje har namnet oppskrive i Livets bok. Dette er også knytt til den andre oppstoda, som er til fortaping eller frelse. Til sist stig det så fram ein ny himmel og ei ny jord der rettferd bur, og der Guds folk skal leva saman med Gud i herlegdom for evig tid. Dette siste vil også dei som lærer at vi er i tusenårsriket no, vera samde i.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
10 min
Ressurstype

  Hva Tror Vi

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Johannes Kleppa.
  Johannes er gift med Oddlaug og har en datter. Han er skribent, bibelskolelærer og forkynner. Tidligere har han vært redaktør i den kristne dagsavisen Dagen.
   Ressurser av Johannes Kleppa
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.