I min forrige artikkel skreiv eg om krossen som ein realitet som heile tida var til stades i alle kristne menneske sitt liv. Krossen er, som Dietrich Bonhoeffer uttrykkjer det, «ikkje ein frykteleg slutt på eit lukkeleg liv». I staden «står det i byrjinga av fellesskapet med Kristus.» og det «fører» oss inn i det direkte personlige tilhøvet til Jesus Kristus».
Av denne grunn trur eg at det er viktig at vi ikkje rister av oss bodskapen om krossvegen. Å lida for vår tru er ikkje berre ein uønskt sideverknad av vårt fellesskap med Herren – det er ein direkte følgje av at vi som kristne har slått følgje med ein krossfesta Gud. Den som rømer bort frå alle former for liding som kristen, kan derfor vise seg å røma bort frå sin eigen Herre. Som Jesus sjølv seier:
Den som ikkje ber krossen sin og fylgjer etter meg, kan ikkje vera min læresvein. Luk 14:27
Det er særleg viktig at desse perspektiva må vi bera med oss når vi nå skal fokusera på krafta i det kristne livet. At Jesus sigra over synda, døden og djevelens makt gjennom å lida, er ikkje eit slumpetreff, eller uhell – det er ein del av løyndomen med Guds kraft her i verda!
Dersom kveitekornet ikkje fell i jorda og døyr vert det berre det eine kornet, seier Jesus, Men om det døyr, ber det mykje frukt. Den som elskar livet sitt, skal missa det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det til evig liv. Joh 12:24-25
Fleire stader i Det nye testamente talar om den krafta som kjem av oppstoda. I Efesarbrevet bryt Paulus ut i ei lovprising, der han ber om at vi skal forstå …
… kor overvettes stor hans makt er for oss som trur, etter verknaden av hans veldige kraft. Det var den han viste på Kristus då han reiste han opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Ef 1:19-20
Særlig tydeleg kjem denne sanninga til uttrykk i Bibelens undervisning om dåpen.
For de vart gravlagde med han i dåpen, og i den vart de og oppreiste med han, ved trua på Guds kraft – han som reiste Kristus opp frå dei døde. Kol 2:12-13
Det som Paulus talar om er ikkje berre ei utsegn som gjeld framtida, men noko vi kan erfara alt her og no. Vi er gjort levande med Kristus, skriv han, sigrar overs synda, døden og djevelens makt. Det er ein realitet å rekna med.
Reint konkret inneber det at når vi kjem opp av dåps-grava – eller døypefonten dersom vi blir døypt i ein slik – då går vi opp til ein heilt ny type liv, eit liv der Jesu siger over synda, dødens og djevelens makt. Det er ein realitet å rekne med. Vi stig inn i det som eg velgjer å kalla «livet etter oppstoda» – det livet der krafta frå Guds eiga oppstode er verksam gjennom oss.
Dette tyder ikkje at vi som truande skulle vera nokre åndelige superheltar som kan gjera under og teikn korleis og når vi vil. Gud har nemleg knytt krafta i oppstoda til to svært spesielle kjelder som vi er heilt og holdent avhengige av, dersom vi vil leva den slags liv som vi snakkar om her: Ordet og Anden.
Krafta i Guds ord slår imot oss alt på Bibelens første side. Når Gud lar himmel og jord bli til, gjer han det ved å tale. Når han seier «bli lys» så blir det lys, og på same måten er det med resten av skaparverket.
Det vi ikkje er like merksame på, er at same fenomen går igjen også i Jesu liv. Når Jesus lækjer ein spedalsk mann og seier: «bli rein» står det at han blei frisk med det same. (Matt 8:3). Når han seier til ei død jente: «stå opp» står det at «jenta straks stod opp og gjekk ikring.» (Mark 5:41-42) Og når han trugar vinden og seier til ein stormpiska sjø «Tei, ver still!». Då står det at «vinden la seg, og det vart blikande stilt.» (Mark 4:39).
Det seier seg sjølv at om vi vil tala med slik autoritet, då må vi ha ei djupare kjelde enn vår eigen. Som kristne er vi kalla til å tala ord om frelse, lækjedom, og utfriing – men for å kunna gjera det med Guds autoritet, må vi først lytte til kva Herren sjølv har i sitt hjarta. Krafta frå oppstoda kan berre strøyme fritt gjennom våre liv dersom vi vandrar i lydnad til Gud og hans Ord.
Det same gjeld for Den Heilage Ande. Peter omtalar si teneste for Meisteren med orda om at Gud salva Jesus frå Nasaret med Den heilage andes kraft, han som gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var kua av djevelen, av di Gud var med han. (Apg 10:38). I dag er det den same Heilage Ande som kviler over Guds folk i denne verda. Når Herren ynskjer det slik for oss i dag, nemleg at dei same gjerningar kan skje i våre liv som dei vi kan høyra om i Det nye testamente. Som Jesus sjølv seier:
Den som trur på meg, han skal og gjera dei gjerningane eg gjer. Og han skal gjera større gjerningar enn desse. Joh 14:12
Påskedramaet blir stadig gjenteke i livet til den kristne kyrkja. Å bli Jesu læresvein er å opna seg både for hans kors og krafta frå hans oppstode, hans fornedring og hans herlegdom. På denne måten får vi også lære å kjenna Meistaren på djupet. Og vi får med våre liv vera med på å gjera Jesus Kristus synlig for den verda som har vendt ryggen til Skaparen.
3 lærdomar:
- Som kristne er vi kalla til å leva oppstandelses livet, eit liv prega av krafta i oppstoda
- Gud har knytt denne krafta til to spesifikke kjelder: Ordet og Anden
- Når vi gjer oss avhengig av Gud og hans Ord, har vi fått løfte om at vi kan utføra dei same gjerningane som Jesus gjorde då han vandra her på jorda
Denne teksten er oversatt fra svensk av Dagfinn Solheim