Det er adventstid. Ei tid prega av hektisk førebuing i mange heimar rundt omkring i landet. Det er mykje som skal setjast i stand. Hus skal vaskast. Klede skal strykast. Julekaker skal bakast. Gåver skal kjøpast inn. Det er mykje førebuing. Men i kva grad handlar førebuinga om han som me feirer at kom i jula?
I likninga om såmannen kan me lesa om såkornet som vert sådd mellom tornebuskar (Mark 4:18-20). Dette ordet vert kvelt av uroa for dette livet, den svikefulle rikdommen og lysta på alle andre ting. Når me i den kommande juletida skal samlast om Ordet, Jesus, lyt me spørja oss: Kva vekstvilkår får ordet om han i denne høgtida? Druknar Jesusbarnet i uroleg stress, pynt og gåvepapir?
Adventstida er ikkje ei bibelsk fastsett høgtid. Likevel kan me finna at den har lange kyrkjehistoriske tradisjonar. Allereie tidleg i middelalderen kan ein sjå korleis kristne rekna tida i forkant av jul som adventstid. Det var ei faste- og førebuingstid fram mot høgtida for Jesu komme. Eg vonar at denne adventstida også kan få vera ei klargjeringstid for oss fram mot julehøgtida. Under fylgjer tre råd for korleis dette kan skje:
1) Prioritér ro til bibellesing og bønn i adventstida.
I ein hektisk kvardag er det lett for at det som ein ikkje medvite set av tid til vert salderingspostar. Andaktslivet kan i høgste grad verta ein slik salderingspost, spesielt i ei hektisk adventstid. Men om andaktstida forsvinn for å ha tid til pynta til jul, har me då eigentleg misforstått kva jula handlar om? Sjølvsagt vil me framleis seia at jula handlar om Jesus. Men sjølv om me seier dette med munnen kan liva våre, tankane våre og handlingane våre ropa ein annan bodskap: «Jula handlar om stemninga. Og Jesus, han vert eit middel for denne stemningsskapinga.»
I staden for å nedprioritera andaktslivet, kva med å heller gjeva det større plass enn vanleg i adventstida? Ville ikkje dette vore ein betre måte å førebu seg på Jesu komme på?
2) Dvel ved Messiasprofetiane i GT
Når me les i Det gamle testamente kan me sjå at det gjennom desse bøkene er eit langt skrik etter ein redningsmann. Historie etter historie synleggjer korleis menneskeslekta er ute av stand til å berga seg sjølv. Overlatne til eigen innsats og dømmekraft endar Israelsfolket igjen og igjen opp i eit uføre. Gong etter gong vender dei Herren ryggen og gong etter gong endar det i katastrofe.
Parallelt med historia om dette sviktande og hjelpelause folket, går historia om den mektige Gud som både grip inn og gjev løfter om ein framtidig redningsmann som skal komma. Gud skal senda ein redningsmann. Messias skal komma. Parallelt med skriket etter redning går Guds rop om at Gud sin redningsplan er underveis. Adventstida er ei god tid til å dvela ved desse løfta Gud gav. Løfta om Messias. Løfta om hans rike. Tenk over desse og takk Gud for at Jesus kom som den frelsaren me trengte.
3) Dvel ved det faktum at Jesus skal komma igjen for å dømma levande og døde
I kyrkjeåret har ein tradisjonelt sett hatt fokus på tekstar knytta til både Jesu fyrste og andre komme i adventstida. Dette er fordi adventstida også er eit høve til å retta blikket framover. Han som har kommen, han skal også komma igjen. Når han kjem igjen for å halda dom, kastar dette lyset inn over mitt liv. Er eg budd til Jesu atterkomst?
Adventstida er difor også ei tid til påminning om kor avgjerande det er å ha eit rett forhold til Herren. Forholdet til Herren er avgjerande heile året, men adventstida er ei tid der eg på ein spesiell måte kan verta minna om dette. Det har difor historisk også vore eit alvor over adventstida. Kanskje dette alvoret er noko du også skal få ta med deg i dei kommande vekene?
Artikkelen ble først publisert i Fjellheimnytt 03/18
Få med deg adventskalenderen på foross.no. Gå til kalendervisningen her.