Publisert

Bort frå folkehopen Mark 7:32-37


Ca leselengde:
10 min

16. søndag i treenighetstiden
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: Salme 40,2-6
 Rom 8,19-23
Prekentekst: Mark 7,31-37
Fortellingstekst: 2 Mos 16,11-18
Poetisk tekst: Salme 13,2-4

Då kom dei til han med ein som var døv og så godt som mållaus, og bad at han ville leggja hendene på han. Jesus tok han tilside, bort frå folkehopen, stakk fingrane sine i øyro hans og vætte tunga hans med spytt frå munnen sin. Så såg han opp mot himmelen og sukka og sa til han: Effata! – det er: Lat deg opp! Mark 7:32-34

Jesus hjelper ikkje alle menneske på same måten. Hans allmakt og kjærleik har ikkje laga ei maskin som fører krafta frå han og til oss. Heller ikkje kjem hjelpa alltid på same vis som ein vrir om ein brytar på ein elek­trisk leidning. Han som veit så godt kor ulike me menneske er, han veit også korleis han best skal møta oss med hjelpa. Så visst som det ikkje finst to menneske som er heilt like, så rik er Gud på visdom og makt og nåde til å stella med oss, -  den eine slik,  den andre slik.

I ordet i dag møter me ein mann som var døv og så godt ­som mållaus. Denne mannen gjer Jesus frisk på den måten at han tek han ut or folkehopen, stikk fingrane sine i øyro hans og væter tunga hans med spytt frå munnen sin.

Kvifor Jesus brukte denne uvanlege måten å hjelpa på, har han ikkje sagt oss, men me kjem kanskje nokso nær sanninga med å seia at han gjorde det nettopp fordi mannen var døv og mållaus. Når Jesus så stikk fingrane i øyro hans og rører ved tunga, så vil han som ikkje høyrde, og ikkje kunne tala, seia til seg sjølv: Ja, han forstår kva det er som feilar meg. Nettopp der han rører ved meg, der er det eg treng hjelp. Denne mannen forstår meg utan at eg maktar å seia noko til han.

Såleis tala Jesu fingrar til han likså klårt som tunga ville tala til dei som kan høyra.

Han som har både evne og vilje til å hjelpa, han vil også at mannen som får hjelpa, skal vita kor hjelpa kjem ifrå. På den måten fekk han ikkje berre hjelp, men han lærde også å kjenna sin hjelpesmann.

Det ligg nær å tru at dette var grunnen til at Jesus hjelpte mannen på denne underlege måten. Såleis kan ein tala til dei menneske som ikkje har mæle og ikkje høyrer.

Men også dette ordet har noko å læra oss. Alle Guds ord og alle Jesu gjerningar har ei åndeleg side som til alle tider høver på oss menneske. Alle kan difor spørja: Kva er det i dette ordet som har ærend til oss?

Lat oss denne gongen stansa ved dette at Jesus tok mannen ut or folkehopen. Først då dei kom åleine, opna han øyro og løyste tunga.

Er ikkje dette noko å tenkja på for oss?

Den store folkestraumen som renn gjennom verda, har ei svær makt til å suga til seg kvart menneske, og er me først komne inn i mengda, inn i straumdraget, så synest det vera tungt, ja, mest uråd å koma seg der ifrå meir. Som straumdraget i storelva dreg alle stokkane same vegen, så grip folkehopen kvart menneske og føyer det med seg. Og i dette dragsuget av verdslegdom og gudløyse vert ein døv og mållaus i alt som høyrer til samfunnet med Gud.

Duren frå den sydande, styrtande, veltande folkefossen tek frå oss evna og hugen til å høyra Guds Ord. Tunga vert maktstolen, så ho kan ikkje bera fram eit ord om Guds rike. Får dette draget tak i oss, så set me oss sjeldan eller aldri under ein preikestol, og får ikkje munnen opp til å seia eit ord om Gud. Me er midt inne i folke­hopen, der straumen renn sterk og stri.

Inn i denne folkehopen stig Jesus. Han let seg ikkje riva med av straumen, men han hentar oss ut or mengda, ein for ein, og når Han får oss åleine, rører han ved hjarta og munn.

Det har han gjort meir enn ein gong, og det vil han koma til å gjera heretter.

Så mang ein stolt kar og så mang ei stolt kvinne som syntest det var for simpelt å høyra Guds Ord og tala om Kristus, vart teken ut or folkehopen av Jesu frelsarhand og lagt til side – i veker, månader og år. Sjukdom, vanhelsa eller skam kom over dei.

Det vart ikkje lenger moro for andre å vera saman med deg. Det vart for stilt og alvorsamt for dei lettlynde, verdslege menneske å sitja i eit sjukerom, og så drog kjenningane dine sin veg med hopen — bort frå deg. Du var att åleine.

Smått om senn tok du til å ana at det var ei høgare hand som hadde teke deg avsides, og som no rørte ved deg. I dei lange dagar og netter, der du var åleine og fekk tid til å tenkja, høyrde du noko som du aldri før hadde høyrt. Ei usynleg hand hadde rørt ved ditt ånde­lege øyra. Du høyrde klagerop frå ei fengsla sjel, du høyrde sukk frå hjartedjupet over eit spillt liv. Du var i sjelenaud.

Men omsider klårna det opp. Gjennom eit ord som var lagt inn i sjela, kanskje av ei god mor, tala Frelsaren til deg om nåde og tilgjeving. Du høyrde det og vart frelst, og utan at du sjølv tenkte over korleis det gjekk føre seg, losna tungebandet, og du tala frimodig, klårt og reint om din Frelsar.

Det hadde du aldri gjort for. Om du før var der folk tala om åndelege ting, så sa du aldri noko. Du var lik mannen i ordet idag, som det står om at han var så godt ­som mållaus.

Men utanfor folkehopen fekk også du øyre å høyra med og og tunga å tala med. Di sjel lever, og du kan prisa Han som var så god imot deg.

Dette er livssoga for så mang ein, også no.

Kanskje desse orda når inn i rommet til deg som nettopp er teken ut or folkehopen?

Du vart teken bort frå eit leikande ungdomsliv, frå sel­skap, frå moro, frå ære og rikdom, frå ei lysande fram­tid. No er du utanfor alt og høyrer berre duren frå men­neskefossen.

Du kan ikkje finna deg i dette, du tek til å verta harm og hard. I hjarta, som elskar verda, reiser det seg ein eggjande trass mot Gud som kan vera så miskunnslaus å putta deg bort i ei avgøymd krå. Du prøver å riva deg laus, men handa som held deg, er for sterk, og du må vera der du er.

Måtte du snart få kjenna at det er Frelsarhanda som rører ved deg. Du ville ikkje opna øyra for Livsens Ord då du var ute i hopen, men no snart får han opna dei  når du sit åleine. Snart vil du med jublande tunga prisa Han som reiv deg ut or straumen.

I den tause midnattstime for ditt hjertes dør
står en mann og stille banker, banker nå som før.
Har du hørt det sterke kallet dypt i sjel og sinn?
Det er Åndens røst som sier: Gå og lukk din Frelser inn
(Sangboken nr. 177)

Det er det han vil, når han har teke deg til side.

Han vil prøva om du no kan høyra hans Frelsarrøyst. Han vil frelsa ditt dyre liv.

Lat deg frelsa!

Men dette ordet kviskrar noko i øyra til meg som kristen og som eg vil seia til deg, min medkristne ven. Det er dette at også ein kristen kan vildra seg vekk i folkehopen.

Dei tusentals meiningar, sette saman av sanning og løgn, som rår i folkehopen, ber i seg ein drepande fare for dei kristne. Let me oss føra inn der av hug til ære, makt, pengar eller moro, vil det ikkje vara lenge før øyra er stengt for Guds røyst og tunga vert atter bunden, når det spørst om dei ting som høyrer Guds Rike til.

Let ein kristen seg lokka inn i hopen på den måten, så vert han fort så rundslipt at han seier «ha» og «ja» til alt og alle. Den som ein gong var ein mann, vert ein dott.

Sjå etter i Guds kyrkjebok, og du vil snart finna at dei menn og kvinner som Gud fekk bruka til noko her i verda, dei tok han først ut or hopen. Sjølv Moses som var ein Guds mann og attåt stod på toppen av kunnskap og daning i samtida, så kunne ikkje Gud bruka han før han hadde vore i øydemarka i 40 år.

Fylg så den lange rekkja av menn som ned gjennom tidene høyrde Guds røyst og fekk tunga løyst til å vitna for sanninga med mot og myndigheit. Dei vart alle tekne av­sides frå folket.

Om verda enno ein gong får menn som maktar å føra ætta ut or den trelldommen ho no sukkar under, vil dei koma frå same plassen som Moses, David, Elias, Paulus, Johannes, Luther, Hauge og alle dei andre store Guds menn. Verda sin Frelsar opnar øyre og munn på sine beste vitne utanfor folkehopen. Der Guds finger å1eine rører ved eit menneske, der fattar ein Guds visdom klårast, og der vert tunga best danna til sanningstale.

Der ligg Guds beste universitet den dag i dag.

Når så Gud i nåde unner deg eller meg å verta inn­skrevne der, vil me prøva å takka Han som gav oss så god skule, og i tru og tålmot vil me be om at han må opna våre øyre og løysa vår tunge meir og meir. Så sant me ikkje går i frå Han, skal det lukkast også med oss, og så skal me i alle æver prisa han med løyst tunga.

Knurra og klaga då ikkje når han tek deg ut or folke­hopen.

Lat draumane døy
og vonene visna som blomar og høy,
når berre mi sjel kunne vinna sitt slag
og stå på si vakt til min døyande dag,
då  får eg mi kruna og skinande skrud
av Herren, min Gud.
(Sangboken nr. 454)


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
10 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Markus evangelium  7: 32-37

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.