Då drog Jesus frå Galilea til Jordan og kom til Johannes, for å verta døypt av han. Matt 3:13
Jesus står ved inngangen til livsverket sitt. Han har lagt frå seg arbeidskleda og skal no ta opp striden mot synda og Satan og vinna frelsa for oss. Men før han går inn i kampen, stig han i Jordan og let seg døypa av Johannes.
For, seier han, såleis sømer det seg for oss å fullføra all rettferd.
Meir får me ikkje vita om grunnen til at han let seg døypa.
At Jesu dåp skulle ha same meining og innhald som den kristne dåp, er lite truleg, også av den grunn at det var Johannesdåpen han tok. Så veit me også at han var ikkje eit syndig menneske, som måtte døypast om han skulde bli fødd på ny, - eller drukna det vonde og skilja seg fra verda og eit verdsleg liv. Han var skild frå verda, og det fanst ikkje svik i munnen hans. Han var Guds einborne son og eit fullkomme menneske.
Meir rimeleg er det å tru at den dåpen han tok, var eit teikn på at han no gjekk heilt inn i si frelsargjerning og gjorde seg til eitt med oss. Dåpen vigde han inn til liding og død for oss, så han kunne gjera Guds vilje i eitt og alt.
Å la seg døypa til dette, er det berre ein som kan.
Og når denne eine gjer det av fri vilje for oss alle, då ropar Gud i himmelen ned til oss:
Dette er Sonen min, Han som eg elskar, Han som eg har hugnad i!
Men samstundes som Himmelen gler seg over det han no vil gjera, opnar også helvete sine portar, og Satan møter han og prøver å lokka han til å gje opp vegen om Golgata. Men der den første Adam tapte, der vann den andre Adam.
Å kjærleiks løyndom djup og duld!
Du ville her meg læra,
at du for usæl syndars skuld
all rettferd ville gjera.
Guds Lam, du bar mi skuld
og bad å verta døypt i syndars stad,
deg til mi soning vigde.
Men om ordet om Jesu dåp på denne måten ikkje har noko med den kristne dåpen å gjera, kjem tanken så naturleg til å stansa ved kristendåpen likevel, - når ein les dette ordet.
Når eg då vågar meg til å tala om den dåpen me kristne har, så gjer eg det med ein stille otte. Ikkje fordi eg sjølv er uviss, men fordi eg veit at mange sanne kristne har eit anna syn på dåpen enn eg, og dei har eg ingen hug til å koma i strid med.
Men i lyset av den sanning at me skynar i stykkevis og aldri vil få tak i heile sanninga her i livet, får me kvar for oss bera ordet fram slik som me ser det. På den grunnen må også eg få lov til å tala, fordi eg trur. Eg vil ikkje tala for å slå andre som har eit anna syn på dåpen, men fordi ei indre røyst ber meg om å gjera det. Den vil eg fylgja.
For meg står det slik at denne indre, lokkande røysta er frå Gud.
Som mange kristne veit om, er det mellom oss to kristentyper med ikkje liten skilnad i synet på menneskenaturen og verdet i Kristi forsoning. No tenkjer eg ikkje på rasjonalismen og ortodoksien, men på det lutherske synet og eit som er farga av reformert tankegang.- (Eg seier ikkje det reformerte synet, men eit syn som er farga av reformert tankegang. Dei reformerte samfunn har ikkje noko einsfarga grunnsyn på dåpen. - Kvekarane vrakar all dåp. Baptistane vrakar barnedåpen, medan den anglikanske kyrkja ikkje står så langt frå lutherdommen i dåpslæra.)
Skulle ein med korte ord visa skilnaden på desse to syn, kunne ein kanskje gjera det slik:
Det lutherske synet går ut fra dei orda i Bibelen som seier at alle har synda, at det finst ingen rettferdig, ikkje ein einaste, at alle er avvikne, det finst ingen som gjer godt, men alle er døde i brotsverk og synder og kan ikkje sjå Guds rike utan å verta fødde på nytt.
Ingen kan vera eit Guds barn utan å verta fødd av Gud. Denne lov er også dei små borna under, og difor må også dei verta fødde på nytt om dei skal koma inn i Guds rike.
Men korleis skal dette gå til? Korleis skal eit lite barn bli født på ny?
Ved dåp, svarar dei lutherske.
Nei, seier hine. Dei små er Guds born utan dåp. Dei er Guds born når dei er fødde til verda av mor si. Ved Kristi forsoning er dei Guds born frå dei kjem inn i verda. Men når barnet veks til og vert stort, held det då fram med å vera eit Guds barn på same måten?
Nei, det er det ingen som meiner. Kor grensa går, har eg aldri høyrt fastsett av nokon; men det er noko som alle veit, at desse som har dette synet på barnet, dei lærer at ein vaksen må verta fødd på ny om han skal bli eit Guds barn.
Etter denne læra vert det då to måtar å vera Guds barn på: 1) som barn i kraft av Kristi forsoning utan atterføding og 2) som vaksen gjennom atterføding ved ord og ånd - også i kraft av Kristi forsoning.
Så fornuftig som dette i visse måtar synest å vera, og så gjerne som me alle vil tru at eit lite barn er Guds barn utan å vera fødd på nytt, så er det likevel berre ein mennesketanke, som ikkje har grunn i Guds Ord.
Og ser ein nærare etter, så er denne tanken ikkje så sers fornuftig heller. Var han sann, så kunne ein mest ynskja at alle born fekk fara her ifrå før dei skrei over den aldersgrensa då dei ikkje lenger er Guds born. For me veit at den store mengda av dei vaksne lever og døyr borte frå Gud, og det er slike som etter denne læra ein gong var Guds born.
Er dette så svært fornuftig?
Eg synest ikkje det.
Men lat oss tenkja oss at det er sant at eit barn er eit Guds barn når det kjem til verda. Då spør eg: Kan det vera urett å døypa eit Guds barn?
Ein vaksen vert vel ikkje meir enn eit Guds barn når han kjem til tru?
Eg må vel ha rett til å døypa eit Guds barn når han kjem til trua?
Her vil vel nokon seia at dei let seg døypa berre fordi Gud har sagt at ein skal gjera det. Dåpen er berre eit ytre teikn på at ein heilt og av fri vilje har valt å seia farvel til synda og gravleggjast med Kristus. Men eit slikt fritt val kan eit lite barn ikkje gjera, og difor er det meiningslaust å døypa det.
Dette synest også å vera logisk og rett. Men så kan ein spørja: Trur de at ein som har vorte eit Guds barn kan koma bort att fra Gud også når han er døypt som vaksen?
Ja, svarar dei aller fleste.
Kan han også då verta vunnen for Gud på nytt? Ja.
Døyper de han ein gong til då? Nei.
Her brest logikken, læra får eit bråt. Det er klårt at er dåpen berre eit ytre teikn på at ein har sagt synda farvel, så må ein som har falle bort frå Gud, døypa seg om att, om han kjem til Gud på ny. Det vil seia dersom ein skal vera konsekvent.
Det mest kjende og mest brukte motlegget mot barnedåpen er vel det at barnet ikkje kan tru. Eit lite barn, som ikkje veit om seg sjølv, kan ikkje tru.
Men dei same menneske som seier dette, meiner merkjeleg nok at det vesle barnet er eit Guds barn. Kan nokon vera eit Guds barn utan at ein trur? Er ikkje det enno meir umogleg? Kor står det skrive at ein kan vera eit Guds barn utan tru? Eg har aldri sett det i Guds Ord.
Kva trua er i sin inste grunn, er ikkje så lett å seia. Hugsar me den tida i livet då me kom til trua, så minnest me nok at dette med tru var eit vanskeleg spørsmål. Den trua me hadde, slo klikk for oss. Til slutt kjende me eit indre grep, eit lys, ein ny dag rann inne i barmen, og me jubla over frelsa. Men trua tenkte me ikkje på då, me visste snautt kva det var. Det var i alle høve visst: hjartedøra vår stod oppe, og Frelsaren gjekk inn.
Ei open hjartedør er sikkert ein av dei finaste og djupaste løyndommar i den trua som grip Jesus. Kan ikkje det vesle barnet eiga ei slik dør, om det ikkje sjølv veit om det ?
Eit nyfødt barn finn som regel fram til morsbrystet med ein gong og tek næring der ifrå, utan at det har noko klårt medvit om det sjølv. Kan det ikkje vera noko liknande i åndeleg meining?
Kvifor tok Jesus eit lite barn og sette fram som eit mønster for oss vaksne? Kvifor seier han at me vaksne må verta som born, om me skal sjå Guds rike?
Er det fordi barnet var i Guds rike med det same det vart født ? Det synest eg er drygt å seia, når det står skrive at ingen kjem inn i Guds rike utan å vera fødd på ny.
Skulle det ikkje liggja mykje nærare tankegangen i Guds Ord å tolka det slik at Guds rike høyrer borna til fordi dei har eit sinn som høver for dette riket? Dei er så vel skikka for Guds Rike at me vaksne må verta som born, om me skal koma inn.
Nokon vil vel seia at desse orda av Jesus har ikkje noko med dåpen å gjera. Jesus tek barnet fram som eit døme på å vera ydmyk. Det er dette ydmyke sinn me vaksne må ha, om me skal koma inn i Guds rike.
Ja, det er visst sant, dette; men då heiter det også at den audmjuke får nåde, og har då barnet dette sinn, så får også det nåde.
Dette sinn er nettopp den opne døra, som Frelsaren går inn igjennom.
Men - seier mange - det står ingen stad i Bibelen at me skal døypa borna eller at born vart døypte.
Nei, det er så. Men det står heller ingen stad i Bibelen at kvinner skal få vera med på nattverden, eller at kvinner var med ved nattverbordet. Men ingen har difor tenkt å nekta kvinnene å få nattverden. Det går ikkje an å seia: Alt det som ikkje med reine ord er omtala i Bibelen, det har heller aldri gått føre seg.
Elles må ein ikkje gløyma at det står fleire gonger i Nytestamentet at den og den vart døypt med heile huslyden sin. Det kunne godt vera små born med der. Og Jesu siste vilje var den at me skal gå ut i heile verda og gjera alle folk til hans læresveinar ved å døypa og læra dei. (Matt 28:19-20 og Mark 16:15-16)
Difor kan dei ha like rett dei som seier at barnedåpen er ikkje særskilt omtala i Bibelen fordi det var sjølvsagt for dei kristne i aposteltida å døypa dei små som hadde kristne foreldre. Ingen tenkte på noko anna. Difor vart det heller ikkje omtala.
Det er då særleg barnedåpen dei kristne er usamde om.
Det er sjølvsagt at der heidenskapen rår, der må ein læra folket før ein døyper. Men når det har gått ei tid, og det veks fram kristne heimar, der dei får born, kva skal ein så gjera med desse borna? Skal ein døypa dei, eller skal ein venta til dei veks opp og sjølve kan velja om dei vil fylgja Kristus?
Her er det meiningane kløyver seg.
Mitt personlege syn er dette: Eg er ein kristen. Eg har gitt livet mitt til Kristus og vil vera hos han i livet, i døden og i all æva. Då så Gud gav meg born, sa eg til han: Eg takkar deg for barnet du gav meg; eg veit det er ei stor og ansvarsfull gåva. No vil eg gje barnet til deg, slik som eg har gitt meg sjølv til deg. Eg kan ikkje frelsa barnet, men du kan, og her er det, Herre. Du har sagt at me skal gjera folk til dine læresveinar ved å døypa dei og læra dei, og det vil eg no gjera med barnet mitt. På ditt ord døyper eg det til deg inn i ditt rike, der også eg av nåde er, og ved den same nåden vil eg prøva å læra barnet din vilje.
Er det nokon som tør seia at dette er imot Guds Ord og grunnlova i Guds rike?
Dei som gjer det, forstår ikkje eg.
At barnet kanskje ikkje vil vedkjenna seg Frelsaren, som eg gav det til, når det sjølv får ansvaret for livet sitt og kan velja fritt, det er noko heilt anna.
Mennesket sin rett som vaksen til å velja og vraka kan ingen ta bort. Men då barne-viljen låg i mi farshand, då var det mi sak å føra det inn i Guds Rike, til han som sjølv har sagt at Guds Rike høyrer borna til.
Men når barnet veks opp og kanskje vender seg bort frå Gud, har eg då rett til å trøysta det med at det er døypt?
Nei, det har eg ikkje. Dåpen kan ikkje frelsa den som går bort frå Gud. Tvert om. Den som er døypt og vender seg bort frå Frelsaren, vil få tyngre dom enn den som ikkje er døypt.
Men mange trøystar likevel verdslege folk med at dei vart døypte då dei var små. Det er ei falsk trøyst. Det er imot Guds Ord. Den som har kome bort frå Gud, må omvenda seg, elles går han fortapt, om han er døypt aldri så mykje.
Høyr det, de ungdommar og eldre med: Alle de som gjekk bort frå den Frelsaren som far og mor døypte dykk til, de må venda om, elles går de fortapt saman med alle andre som slo vrak på Kristus.
Men dei som ikkje gjekk bort? Dei som vart verande i Guds Rike, der far og mor førde dei inn? - Dei må koma til medvit om kor dei står og sjølv velja kor dei vil vera, anten i Guds rike eller utanfor. Den umedvitne trua som dei greip Kristus med i dåpen, den må klårna, gå over til ei medvitande tru, som høyrer den vaksne alderen til.
Kvart vakse menneske, anten det er døypt som barn eller ei, må sjølv velja anten det vil høyra Kristus til eller ikkje. Det er ei grunnlov i Guds Rike.
Så ligg det då eit stort ansvar på oss kristne som har born, og som har bore dei til dåpen. Skal dei halda fram med å vera i Guds Rike når dei veks opp, eller skal dei gå bort?
Ein stor del av ansvaret for dette kviler på oss. Ikkje alt; for menneskeviljen kan ingen tvinga, ikkje eingong Gud. Men mesteparten kviler likevel på oss. Som me oppsedar borna, såleis vert dei, - i dei fleste høve.
Tenkjer du på dette, du kristne far og mor?
Og du barn og ungdom, som hadde den lukka å ha ei mor og ein far som førde deg inn i Guds Rike, også på deg kviler eit stort ansvar. Den som har fått mykje, av han ventar Gud mykje att.
Tenk på det!
Og du som gjekk bort, kom att! Kom inn att i Guds rike! Frelsaren tek imot deg like hjartegod og mild som då du var eit lite barn.
Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli