Publisert

Dei kjende han ikkje Luk 24:13-35


Ca leselengde:
14 min

2. Påskedag
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: Jona 2,1-11
 Apg 13,32-35
Prekentekst: Luk 24,13-35
Fortellingstekst: Luk 24,36-45
Poetisk tekst: Salme 16,8-11

Og det hende medan dei tala saman og drøfta dette, at Jesus sjølv kom nær dei og gav seg i lag med dei. Men augo deira vart haldne att, så dei ikkje kjende han. Luk 24:15-16

Den eine gåta lokkar den andre fram, og til den tyng­ste børa vert det så tidt lagt ei som er enda tyngre. Ei ulukka kjem sjeldan åleine.

Den første tunge motgangen møtte Jesu vener då han let seg gripa i Getsemane. Så går det fort slag i slag til dess han heng spikra til eit tre og vert lagt i ei grav Men då det så – i tillegg til alt dette, tek til å gå rykte om at grava hans er tom, og at den eine etter den andre har møtt han levande, vert gåta enno større. Uroa og undringa veks. Som ein saueflokk, sundriven og jaga av udyr, går Jesu læresveinar, ein her og ein der, opprivne og redde og forstår ingen ting.

Det Jesus hadde sagt om si liding og sin død, om si oppreisning or grava og at han ville møta dei i Gallilea, det hadde dei anten gløymt eller ikkje forstått. Som mørkeskodda får oss til å gå i ring, slik gjekk dei utan å vita leia, korkje att eller fram.

No vart profetordet oppfylt:

Slå hyrdingen, og sauene skal spreiast. Sak 13:7

Han som hadde løyst dei ut or naud og natt, han var no borte. Så gjekk dei rådlause, sveipte inn i den mørkaste sjelenatt som noko menneske nokon gong kan koma i.

Ein slik veg er tung å gå.

Ingen annan enn den som har gått denne vegen, veit kor tung han er.

Av alt mørke som eit menneske kan koma i, er det som legg seg mellom ein kristen og Kristus det sværaste. Av alt tungt i livet er det tyngst å missa sin einaste Frelsar. Då lyder det så tungt, så tungt i sjela:

Troen vil svikte og håpet vil vakle,
Solen er borte, i sjelen er natt.

Inn i slikt eit mørke hadde læresveinane kome, fordi Jesus var borte. Men midt i svarte natta stråla det eit klårt lys, som dei diverre ikkje kunne sjå, men som me ser, me som lever no.

Jesus gjekk midt mellom dei, livs levande.

Desse armingane, som gløymer det han har sagt til dei, som vender han ryggen når det røyner på, som søv når han bed dei om å vaka med han, som nektar å kjennast ved han i den avgjerande prøve, og som tvilar på alt –til desse går han og samlar dei ihop att, slår lag med dei, hjelper dei til rette, tolkar Guds Ord for dei, går inn og ut i lag med dei – og dei kjenner han ikkje.

Han er midt imellom dei utan at dei veit det. Me ser det i dag, men dei såg det ikkje då.

Såleis var Han, og såleis er Han!

Om me prøver å få eit sant bilete av dei menneske som i vår tid har valgt å fylgja Jesus, og som kjennest ved han i sitt liv, så vil me finna to flokkar som skil seg sterkt ut frå kvarandre. Sume seier at det er to slag kristne. Men det er sikkert ein urett måte å nemna dei på. Gud har ikkje to slag born. Her er ikkje meir enn eitt slag kristne.

Det er vel heller rettare å seia at desse to flokkane fører sitt kristenliv på ulik måte. Ikkje alle born er like snille, ikkje alle gjer like mykje nytte i heimen, og ikkje veks alle borna like fort heller. Men alle er dei born, det eine like ektefødd som det andre.

Den eine kristenflokken eg tenkjer på, er dei som alltid er modige, glade og sigersvisse. Dei synest ikkje ha noko sers å strida imot, ikkje ufred, ikkje mørke, ikkje tvil. Ber dei, så er bøna fylt av mot og tru. Vitnar dei, så er det om gleda og lukka og om kor god Gud er. Ein kan mest aldri høyra at dei klagar. Alt går så underleg lett og sjølvsagt i kristenlivet frå dag til dag og frå år til år, mest som det aldri skulle finnast ein krok på vegen eller ei mørk natt å strida seg igjennom.

Sume av desse trur også at ein sann kristen aldri klaga eller koma i tvil, kamp og mørke. Dei som gjer det, er ikkje frigjorte kristne, dei har ikkje fått det fulle mål av Guds Ånd.

Eg vil ikkje seia noko meir om desse kristne. Dei står og fell – som oss andre – for sin eigen dommar.

Men det som eg her i dag – med Guds Ord til grunn – vil prøva å visa dykk, er den andre flokken av kristne, som også kjennest ved Jesus og har det til sitt høgste mål å leva for Han!

Dei kan også vitna at dei fann Jesus og vart frelste. Dei også kan minnast då Guds Ånd vitna med deira ånd at dei var Guds born, og Kristus vart herleggjort for hjarta. Dei også kan syngja:

Helt tildekket i Jesu sår,
Hvorfra blodet fløt,
Frelst av nåde jeg salig står
Midt i all min nød.
(Sangboken nr. 273, v. 2)

Om Jesus ville spørja desse – som han gjorde med læresveinane –: Vil de og gå bort? – så ville dei svara som Peter: Herre, kven skal me gå til? Du har det evige livs ord.

Der har dei saka klår.

Der kan du ikkje rikka dei, om det så gjaldt livet.

Men om dette står aldri så mykje fast, så kjem dei bort i så mykje tungt og sårt, som dreg med seg tvil, uro, strid, mørke og nød.

Ein kan forsnakka seg og tala vondt om andre. Ein har tala der han skulle teia og tagd der han skulle tala. Ein har ikkje våga å vedkjenna seg Kristus mellom kame­ratar og skyldfolk. Ein har vore ukristeleg hard i sin dom om andre og sagt ord som ikkje tåler lyset. Ein har vore kvass i ord og framferd mot sine eigne: mot kona, man­nen, borna, foreldra eller tenarane. Og midt i alt dette ser ein at hjarta hyser eit hav av eigenkjær-leik, stormot og misunning.

Når ein så får tenkja seg om og ser roleg på alt dette i lys av Guds Ord, ser på det ein er og det ein skulle vera, så flokar det seg ihop for tanke og tru, mens domsklokka slår sine tunge slag i samvitet.

Det er ikkje som det skal vera, dette! ropar det inne i ein. Du er visst ikkje ein kristen lenger, du som er så vond. Så kjem tvilen og mørket, fordi hjarta dømmer og Satan klagar oss.

Er dette kristendom?

Er det slik den som har funne Jesus som sin frelsar, skal leva? spør ein seg sjølv.

Andre vert freista av ei yrande mengd med stygge tankar, medan lystene stig opp i barmen som djevelsk eld. Det er som ein skulle ha opna ei dør der all tenkjeleg stygge-dom veltar inn. Prøver ein å stansa det, så vert det berre verre. Det er mest som ein alt var i helvete, fylt og kringsett av vonde ånder.

Du lid, du bed, du gret, du sukkar, du ropar: Herre, hjelp meg! – men like gale er det. Jesus er borte, du ser han ikkje og kan ikkje finna han att.

Solen er borte, i sjelen er natt.

Såleis har mange det. Og det er menneske som framfor alt i verda vil høyra Gud til. Med bøn og sjeleangst og tårer syng dei sin klagesong, helst der ingen ser eller høyrer dei:

Herre, jeg må grede,
Akk, kun liten glede
Har du hatt av meg.
Jeg ditt navn vel bærer,
Å, men hvordan ærer
Jeg, min Frelser, deg!
Syndens rot I kjød og blod
Sine kvister vidt utbreder,
Derfor sårt jeg greder.
(Sangboken nr. 437, v. 2)

Slike salmevers forstår desse menneske i slike tider. Har du ikkje møtt dei?

Har du ikkje, så er du framand for ein stor skare men­neske som lever imellom oss også i dag.

Kva slag kristne er dette?

Er det kristne?

Mange av desse ovanpåkristne er nok i tvil om det og brukar som regel gje dei eit slag her og eit der – noko som dei også sjølv synest at dei vel har fotjent.

Men gjer Jesus det?

Nei! Han er aldri hard mot slike menneske.

Aldri!

Dei er så like desse som møter oss omkring Jesu kors og Jesu grav. Desse som sovna og synda, som svikta når det røynde på, som vart redde, skremde og ikkje ville tru, som gløymde det Jesus hadde sagt dei med klåre ord, og som vart enno meir redde når nokon kom og ville trøy­sta dei.

Men desse er det Jesus går og leitar opp og samlar ihop att. Desse er det han går inn til gjennom harde veggen, lyser sin fred over og andar på. Desse slår han lag med lange vegar, medan han enno ein gong tolkar Guds Ord for dei og stig inn til dei i den seine kveld.

Såleis var han, og såleis er han.

Han har aldri gått bort fra sitt motlause, stridande og tvilande folk.

Om ikkje du kjenner han, så kjenner han deg.

Om du ikkje ser han, han ser deg.

Om du ikkje veit at han er i ditt fylgje, han er der likevel.

Om du bed han vera med deg inn, når du sig saman etter ei slitsam ferd, så gjer han det, om du ikkje kjenner han att eller veit kven han er.

Kanskje ein gong seinare, her eller på andre sida, får du vita at det var han.

Motlause kristne, de som er trøytte av synd, av vantru og dykk sjølv: Sjå denne Jesus som møter oss i Ordet i dag, og hugs at han «aldri har sitt folk forlatt i noen nød og plage».

Kanskje, når alt kjem til alt, er det nettopp desse kristne som er mest ærlege og sanningskjære i si ånd, og som Jesus til slutt får størst æra og gleda av Det hende før, det hender no, og vil koma til å henda heretter.

Desse som alltid er så sigerssterke, så modige og så visse om at alt er i orden, er ikkje alltid dei beste kristne. Stundom er dei det, og når den sigersvissa dei syner er eit sant utslag av det indre hjartelivet hos dei, så er det godt å møta dei. Men det er det ikkje med alle. I det praktiske liv er det mange av dei som set svarte flekkar på seg i ord og gjerning, og får dei ikkje ein dukkert saman med Peter, så vert dei meir og meir ovanpå og tek det mindre og mindre nøye med synda.

Men ser du nærare på desse som tidt kjenner seg dømde, som kjem i tvil og kamp og mørke, så skal du få sjå at mellom desse finn ein dei som tek det mest nøye med synda og lever mest varsamt og kristeleg. Når dei så gir seg inn under Guds tukt for alt vanheilagt i hjarta og gjerning, så vert hjarteåkeren pløygt og reinska og til­budd for han som kan trøysta dei mismodige og gj era dei sundknuste hjarte levande.

Mellom desse er det Frelsaren ferdast.

Der har han si beste arbeidsmark.

Gud vere takk! Så går han heller ikkje forbi mi dør.

Så bryt han brødet også for meg og openberrar på nytt sin herlegdom, så eg kjennar han.

Når sjelen sitter kold og svak
I stort anfektnings-mørke,
Da just på denne prøvens dag
Du selv er all dens styrke.
Vi tenker ofte i vår ve
at du oss fullt forstøter,
knuser, døder;
ved enden kan vi se,
ditt hjerte mot oss bløder.

På denne måten er det me lærer, smått om senn, å kjenna oss sjølve. Slik er det me får sjå kor umogleg det er å trøysta seg til sin kristendom eller lita på seg sjølv. Då ser me kor snare me er til å gløyma det Gud har sagt oss, og kor hjelpelause me alltid og i alle ting er utan han. Såleis er det at me vert ei skam for oss sjølve, så me opp att og opp att må bøya oss for Gud og be om nåde. Men på denne vegen er det også at Jesu møter oss og tolkar Skrifta så hjarta atter brenn i oss, og me vert glade, hjarteglade.

På denne vegen går Jesus med folket sitt og lærer det sanninga om synd og nåde.

Kor skulle me elles læra det?

Korleis lærer dei det, dei som alltid er ovanpå og visse på siger? Som aldri er i tvil, i strid eller i mørke? Korleis skal dei læra sanninga om synd og nåde?

Også i dag er det som det var før:

Når Gud oss vil opphøye,
må vi først til jorden segne;
når vi hans nådeskinn skal få,
da later han det regne;
du tager oss vår fordel an n
år du oss rik vil gjøre,
for å føre vår sjel til deg igjen
og dine bud å høre.

Skulle Han venda seg bort frå dei som ser og lengtar etter han?

Det kan Han ikkje!

Eg aldri gløymer Sion, så seier Herren Gud,
Mi høgre hand då visst eg måtte gløyma!
Nei, aldri skal eg  gløyma at Sion er mi brud
Som hjartebarnet vil eg henne gøyma!'
Eg elles måtte  gløyma dei djupe sår eg fekk,
Då eg i angst og kvide for deg i døden gjekk.
Nei, Sion er mi aller største glede!

Men Sion seier: Herre, du har forlate meg,
Og bort frå meg i vreide du deg vender.
Å, slettes ikkje, Sion, kor kan eg gløyma deg
Når namnet ditt eg skreiv i mine hender!
Om og ei mor kan gløyma det barnet som ho bar,
Eg kan deg ikkje gløyma, du i mitt hjarta var
Då eg på korset lei for deg og blødde!
(Sangboken Nr. 424, v. 1 og 3)

Det er godt å ha ein slik Frelsar. Namnet hans vere lova!


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
14 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  24: 13-35

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.