Publisert

Dei sæle (Allehelgensdag) Matt 5:1-12


Ca leselengde:
10 min

Allehelgensdag (1. søndag i november)
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: Jes 49,8-10
 Åp 7,9-17
Prekentekst: Matt 5,1-12
Fortellingstekst: Åp 1,9-11a; 21,1-5
Poetisk tekst: Salme 126

Da tok han til orde og lærde dei og sa: Sæle dei som er fattige i ånda! Himmelriket er deira! Matt 5:2-3

Vårt syn på livet er så å seia rakt motsett det synet Jesus har.

Det me trur er lukka, æra, gleda og rikdom, det seier han er ulukka, fattigdom og vanæra. Det me jagar etter som livsens store skatt, det liknar han med mold og makk­etne klede.

I ordet i dag møter me atter dette Jesu syn på livet, det som er så motsett vårt syn.

Sæle er dei fattige i ånda, seier han, sæle er dei som syrgjer, som er tålsame, som hungrar og tørstar, som vert forfylgde og spotta og tala vondt om og utskjemde på namn og æra.

Å lesa og høyra slike ord er gripande og stort, men å koma inn under den makt som let eit menneske opp­leva dette, er enno meir gripande. Det er eit under. Det er overmenneskeleg. Det er guddomeleg.

I Luk 6:20-26, som sikkert vedrører same talen me har føre oss her i Matt 5:1-12, står det beint fram: «Sæle dei som fattige er!» (Luk 6:20)

På desse orda hos Lukas byggjer sume den 1ære at det dei som er fattige i jordisk meining som Jesus prisar sæle. Og når det lenger nede står: Ve over dykk, de som rike er, så trur dei at ein skal tolka også dette etter bokstaven.

Dette vil med andre ord seia at dei rike og mette aldri kan verta frelste, fordi rikdomen drep trongen etter Gud. Den rike vert, nettopp på grunn av rikdomen sin, stolt, sjølvgod og sjølvhjelpt, og den som slår inn på den vegen, kjem aldri inn i Guds rike.

Den fattige og svoltne derimot, som kjenner dei tronge kår i livet, og som veit kva det vil seia at ein knapt kan livnæra seg og sine, han vert dreven til Gud av sjølve fattigdomen. Fattigdomen og hungeren opnar hjarta for Guds rike.

Denne tolkingsmåten er det nok mange som vil mislika, og eg kan heller ikkje godta han. Men eg trur likevel at me skal ikkje kasta han tankelaust bort; me skal heller sjå litt meir på han.

Det er underleg med dette å vera rik og ha fullt opp av alt. Nok mat og nok pengar. Kunna reisa når ein vil og koma når ein vil. Aldri spørja etter det ein har råd til, berre etter det ein har hug til. I den jorda gror det stolte og sjølvhjelpte sinn godt.

Lat oss også minnast Jesu ord om den fattige Lasarus og den rike mannen: «Du har teke imot det gode i di leve­tid og Lasarus det vonde, no vert han trøysta, no pinest du.» (Luk 16:25)

Eller kom i hug ord som desse:

Ikkje mange rike, ikkje mange høgætta er kalla. 1. Kor 1:26

Det seier eg dykk for sant og visst  Det er vondt for ein  rik å koma inn i Guds rike, ja, eg seier dykk: Ein kamel kjem lettare gjennom eit nåleauga enn ein rik kjem inn i Guds rike. Matt 19:23-24

Ein ung mann som søkte Jesus, gjekk bort sorgfull fordi han var rik. (parafrasering av Matt 19:22)

Alle desse orda står i vår Bibel, og ingen av oss kan seia at dei er usanne.

Men om alt dette står fast, så kan ein likevel ikkje seia at det å vera rik, er det same som å verta fordømt, og at det å vera fattig er det same som å verta frelst. Både det praktiske liv og Guds Ord syner oss at ein rik kan bøya kne og vera mjuk og liten framfor Gud, ja, verta spotta for Guds namn skuld, medan ein fattig kan vera stolt, trassig og full av hat og spott både mot Gud og det gode.

Slik har det vore, og slik er det, kanskje meir no enn nokon gong før.

Men kva kan så Jesus meine med orda om fattigdom, hunger, tørst og gråt, og med orda om rikdom og vel­være?

Skal me finna den rette meining, så må me ikkje berre tenkja på lekamen, men også på det indre menneske: sjel og ånd. Det er sjel og ånd som er det verkelege menneske. Lekamen er berre huset som me bur i. Guds Ord seier også det. Inne i det jordiske huset bur det sanne, verkelege menneske, du og eg. Det er dette indre menneske som me må halda oss til, og som Jesus tenkjer på.

Mange av dei menneska me lever i lag med, er så forunderleg mette og og nøgde med seg sjølve. Dei lever så fritt som dei lyster og så godt dei kan. Mange av dei går i kyrkja og til alters, i bedehus og i teater, til dans, til kortstokk, til spritglas og elles der dei synes om å vera – alt etter som hugen dreg.

Dette trur dei er så rett og så godt alt i hop, og om seg sjølve trur dei at dei lever så godt dei kan og er eit strek over dei fleste andre. Skulle det vera noko gale her eller der, så trøystar dei seg med at med andre er det mykje verre.

Og når eg lever så godt eg kan – tenkjer dei – så kan då vel ikkje Gud fordøma meg!

Kan Gud fordømma den som lever så godt han kan? Nei! ropar dei, ein slik lækpreikargud vil me ikkje vita av. Det er dei myndige ord som desse rike og mette slengjer mot Gud og menneske i dum-stolt trass.

Du: du som lever slik, du er rik og mett, i Jesu meining av orda. Du veit ikkje det ringaste om kva det er å vera fattig og sæl.

Men det er også over deg at Jesu Kristi «ve» heng som eit tveeggja sverd, og dette tunge ve kan du aldri smyga unna så lenge du trur at du skal nå Himmelen når du lever så godt du kan.

Ein slik Himmel har Jesus ingenting med å gjera. Den har du bygt i din eigen fantasi, på di eiga rettferds tunne skall. Om du kom til Himmelen, ville du vera heilt framand for songen om Lammet. Du ville syngja om deg sjølv, du som hadde kome i Himmelen fordi du levde så godt du kunne.

Men ein slik himmel finst ikkje.

Og så lyder det til deg i dag frå Jesu munn: Usæle de rike og mette, dei som ler, for dei skal syrgja og gråta. Du har alt fått di trøyst, men den trøysta sloknar før du når kanten av grava – og så går du inn i den evige gråt.

Denne dødens veg går mange, mange, mange. Her renn straumen sterk og stri – den straumen som fører så mange mot stupet, mange som vassar i rikdom, og mange som går med tiggarstav og ingenting eig.

Er du ein av desse?

Måtte du vakna og springa bort frå den avgrunnen du no står så nær!

Men kva hug og lyst eig så dei som Jesus prisar sæle?

Det er desse som framfor alt vil vinna inn til Gud og berga sitt liv. Inne i barmen er det noko så trøytt og sorgtungt. Synda, domen og klagen der inne gjer livet så grått og useieleg fattig.

Den som kunne verta frelst! Den som kunne verta eit Guds barn! Den som kunne finna fred! Den som kunne verta det ein ville og skulle vera, men – men eg rekk det ikkje, eg maktar det ikkje, eg finn det ikkje. Eg har ikkje evne, eg har ikkje kraft. Min hug, min tanke, min vilje er vond. Mi bøn er urein, mine sukk blanda med vonde tankar, og mi tru rekk ikkje fram til Gud. Eg er eit hjelpelaust menneske, eg er som fugl i bur.

Dette, ser me, er eit heilt anna slag menneske enn dei første. Desse siste er det som er fattige, svoltne og tørste. Desse er det som veit om å turka ei tåra i si djupe armod, men desse er det Jesus prisar sæle.

Korleis kan desse vera sæle?

Fordi Himmelriket høyrer dei til.

Er du ein av desse?

Eg veit der er dei som får tåra i auga, og djupt der inne svarar du: Ja, eg kjenner meg att i dette du har sagt om å vera fattig, men kan ikkje seia at eg er salig. Nei, det kan så vera at ikkje du kan seia det, men Jesus kan seia det om deg, og då skal du trøysta deg ved denne Jesu trøyst. Trøysta hans høyrer deg til, det kan du vera viss om.

Ingen høver betre saman enn du og Han. Deg, arme stakkar, står heile Frelsar-famnen hans open for. Alt det du ikkje har, det har Han, og alt er ditt.

For meg å få opphøyet
du bar min skam og brøst,
hva du så tungt har pløyet,
er meg en evig høst.
(Paul Gerhardt)

For Himmelriket er ditt.

De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattig­dom skulle verta rike. 2. Kor 8:9

Er ikkje dette Evangelium for dei fattige?

Grip dette, du som sit sorgtung i all din fattigdom, så skal du ikkje berre vera sæl, men då skal du også kjenna at du er det.

Me skal aldri vera rike i oss sjølve, me skal berre vera rike i Kristus. Som dei som inkje eig og likevel eig alt. Slik er det å vera i Guds rike.

Den som har Kristus, har alt det han treng.

Grip kun til,
Han gjerne vil
være din med hva han eier,
med sin død og seier.
(Hans Adolf Brorson)

For Himmelriket er ditt.

Det er Allehelgenssøndag i dag.

Då høver det godt å minnast dei som har gått føre oss inn i den evige sæla, dei som alt har smakt kva salig er i si fullending.

Ein dag kjem også me etter, ein dag stig me over grensa inn i Guds stad og ser Gud som Han er. Då er me frie for synd, sjukdom og død – i useieleg glede.

Me er der snart for Jesu skuld.


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
10 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Matteus evangelium  5: 1-12

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.