Publisert

Den nye pakt i blodet mitt Luk 22:14-20


Ca leselengde:
14 min

Skjærtorsdag
Tekstrekke 2
 
Lesetekster: Jer 31,31-34
 Hebr 10,19-25
Prekentekst: Luk 22,14-23
Fortellingstekst: Luk 22,14-23
Poetisk tekst: Salme 111,1-5

Og han tok eit brød, takka og braut det og gav dei og sa: Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg! - Like eins tok han kalken etter kveldsmålet og sa: Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk. Luk 22:19-20

Alle som les litt i Bibelen, vil snart sjå at der ofte er tale om blod.

Først om blodet av offerdyra ned gjennom tusentals år, om blodet av lam og bukk og kalv. Og så om Jesu Kristi, Guds Sons blod.

Frå ordet i 1. Mosebok om Abels offer og om blodet hans som ropa frå jorda, og til det siste blad i Bibelen, der me les om den uteljande himmelske skare som syng om Lam-met som kjøpte oss til Gud med sitt blod, er Bibelen som ein einaste krans av blodraude perler.

Verda eig ikkje ei bok som er så heilt igjennom farga av blod som Bibelen.

Det er også denne sida av Guds Ord som dei fleste menneske støyter seg på, no meir enn nokon gong før, - og som dei også strevar for å få ut or Bibelen, ut or kristendommen og den kristne forkynninga. Ein kristendom som er bygt på blod, må verta reinska og stiga fram utan sonoffer, utan straff og utan blod. Blodkristendommen høver ikkje for menneske som veit kva kultur og danning er. Men mange av dei same menneske, som talar slik, dei ser ikkje at dei sjølve og heile samfunnsklassar og nasjo­nar syg livet av kvarandre med hat og misunning, doven­skap og forretningsknep. Slik går det med ei syndefull slekt, som berre vil nyta og aldri høyra tale om ansvar og straff, og som difor også held på å missa både syn og samvit.

Det har vorte fortalt (eg kan ikkje svara for det) at alle tau og kablar i den engelske marine har eit merke som skil dei ut frå alle andre tau og kablar i verda. Merket er ein raud tråd mid inne i tauverket. Omkring denne raude tråden er alle dei andre trådane spunne.

I Jesu Kristi rike er det også ein raud tråd, og tråden er Kristi blod. Alt i ditt og mitt og alle menneske sitt ­liv som er spunne om den tråden, høyrer til Jesu Kristi rike.

Ikkje noko anna!

Kor fint og moralsk og kristeleg det ser ut, har det ikkje Kristi blod til midt-punkt, så har det ingenting med sann kristendom å gjera og høyrer ikkje heime i Guds rike.

Så stort verd har Jesu Kristi, Guds Sons blod.

Mykje var vunne om dette stod klart for alle som vil bera Kristi namn.

Kvifor dette blodet har så stort verd, og kvifor alle himlar i alle æver skal fyllast av song om dette blodet, det maktar me ikkje å forstå. At Gud vart eit menneske, som gav livet for oss og løyste oss ut med sitt blod, det er like mykje eit under som det er vår einaste redning.

Forsoningen er vunnen ved Jesu Kristi blod,
Til meg frå korset freden hans er floten.
(Sangboken nr 251)

Det var ikkje blod av oksar og bukkar som løyste oss ut. Med sitt eige blod gjekk Kristus inn i helligdommen og fann ei evig utløysing, den gongen då Han bar seg sjølv fram for Gud som eit ulastande offer.

Har du nokon gong med ditt indre syn sett innom døra til dette at han bar seg sjølv fram som eit ulastande offer for Gud? La dette ordet no få rom i hjarta ditt. Prøv, ver roleg, tenk og tru: Han bar seg sjølv fram for Gud.

Han la seg, - om ein så må seia,  på sine eigne armar og bar seg sjølv fram for Gud.

Då lydde det gjennom alle himlar, kanskje også i helvete: Her er eg, Gud. Ta meg som den skuldige. Det menne­sket har synda, svarar eg for. Legg det over på meg, La meg bera det – alt. Send alle krav til meg. Alt det him­melen og helvete har krav på til mennesket, før det over på meg.

Her er mitt liv for alle.

Så tok Gud den eine for alle og gjorde Han til synd for oss. Han kravde av Kristus alt det han hadde rett til å krevja av oss. Og Kristus betalte alt.

Uskyldig lam, som så for meg
Deg ville ofre hen.
Din kjærlighet har bundet deg
Å få meg løst igjen.
Du led og slet vårt fengsels bånd
Med naglet fot og hånd.
Du gikk med seier av din grav,
Din død oss livet gav!
(Sangboken nr. 665 v. 2)

Kristus har kjøpt oss fri og løyst oss ut med sitt eige blod. Alt som hadde komme i ulag mellom oss og Gud, er no ordna ved Jesu blod og død. Han fann ei evig ut­løysing.

Det var ei dyr utløysing.

Guds Sons blod kosta det.

Gud sette høg pris på oss.

Difor er det så tungt at mange ikkje forstår dette, men set så lite pris på det som Gud har betalt så dyrt.

Me vil også finna fram andre av dei mange Guds ord som talar om Kristi blod.

Vil du opna øyra og høyra og tru? Så skal di sjel leva.

I han har me utløysing ved hans blod, forlating for syndene, etter rikdommen av hans nåde. Ef 1:7

I han har me utløysing, forlating for syndene. Kol 1:14

Me har utløysing og forlating for syndene. Det er noko som ligg ferdig.

Me skal difor ikkje leita etter syndsforlating i hjarta. Forlating for syndene våre er i Jesu blod.

Om du fekk synet på at i Jesu blod ligg syndsforlatinga ferdig for deg, så ville du slutta med denne armodskapen å grava i hjarta ditt etter det du eig i Kristus, og så ville du eiga denne rikdomen ved tru pa Guds Son.

Trua kan ikkje sona og betala, – ho kan heller ikkje vera grunnen for di syndsforlating, men ho kan ta imot det som er ferdig!

Bruk trua di til det. Ta imot det som ligg ferdig for deg i Kristus. Det er dette som vert bore fram for oss i songen:

Hvordan det føles og hvordan det går,
Barn skal du enda få være,
Om du enn synder og anklaget står,
Slipper du selv for deg svar
Også i livets mørkeste stund
Gjelder deroppe nådens forbund.
Hvordan det føles og hvordan det går,
Barn skal du enda få være.
(Sangboken nr 236 v. 2 ).

Men Guds Ord går enno lenger. I Rom 5 får me høyra;

Gud synte sin kjærleik til oss ved at Kristus døde for oss då me var syndarar. Så mykje meir skal me no, då me er rettferdiggjorde ved hans blod, verta frelste frå vreiden. Rom 5:8-9

Dette må vera eit av dei største orda Gud har gitt oss om verdet i Kristi blod.

Me er rettferdiggjorde ved blodet hans.

Ein rettferdig mann er meir enn ein som har fått nåde. Han har ikkje fått skulda si kvitta fordi dommaren tykte synd i han og let han gå, men fordi han har betalt – det er ikkje meir å krevja av han.

Gud tilgir aldri synda fordi han har medynk med oss. Han strauk gjelda vår ut i si bok då Kristus nagla skuld­brevet vårt til korset og døde for våre synder etter skrif­tene – Såleis synte Gud sin kjærleik til oss.

Hos Gud er vår sak i orden. Der er ingen ting meir å gjera. Kristus kan gjera dei fullkomne og sæle, dei som kjem til Gud ved han.

Han stilte Gud fram i blodet hans som ein nådestol ved trua, for å syna fram si rettferd, sidan han i sitt langmod hadde bore over ned dei syndene som før var gjorde. Ved dette ville Gud syna si rettferd i den tida som no er, så han kunne vera rettferdig og  rettferdiggjera den som har trua på Jesus. Rom 3:25-26

Gud har reist ein nådestol også i den nye pakt, og nåde­stolen er Kristus i hans blod.

På nådestolen i den gamle pakt vart blodet av synd­offeret stroke. Såleis vart syndene til folket lagt på nådestolen, gøymde i blod, og då kunne folket møta Gud.

Har du sett Jesus, syndofferet for deg?

Har du sett Jesus, nådestolen, der di synd er gøymd i blod, der Guds lov ligg oppfylt i han for deg, så du kan møta Gud ?

Har du sett det?

Då har du sett det største og beste eit menneske kan sjå her i verda. Sæle er dei augo som ser det. Då kan også du syngja:

Mitt liv det er i Jesu blod
Tross alle dødens pile;
Går hele verden meg imøt,
I det jeg trygt meg hviler.
Det lindrer alle sjelesår,
Forfrisker motet når jeg går
Beklemt med tunge tanker.
Når mange tankers hvirvelvind
Forvirre vil mitt bange sinn,
Hans blod  er sjelens anker.
(Sangboken nr 275 v. 1)

 

Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær til ved Kristi blod. Ef 2:13

For det er hans vilje å la heile fullnaden sin bu i han, og forlika alle ting med seg sjølv ved han då han gjorde fred ved blodet på krossen hans. Kol 1;19-20 

Så har me då, brør i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. Hebr 10:19

Du som les desse orda frå Guds bok og som enno står utanfor Guds Rike, fredlaus og trøytt, du som seier med deg sjølv: den som kunne verta frelst! – synest du ikkje at her er råd til å verta frelst? Her får du høyra om alt det Kristus har gjort for deg. Gå ikkje lenger og sjå på deg sjølv. Sjå på Han som ga livet for deg. Tru at det er alt du treng til frelse, så er du frelst.

Det er skjærtorsdag i dag. Ordet me har lese, syner oss at Jesu blod også er lagt inn i nattverden.

La aldri fornuften få lov til å rikka  ved desse orda av Jesus: Dette er min lekam, dette er mitt blod! – Tru orda som dei står, og ver viss på at der din Frelsar har sagt at Han vil møta oss, der gjer Han det også!

Kan ikkje Jesus like godt gje seg sjølv til oss gjennom brød og vin som gjennom ord?

Når han har lova å gjera det, kva kan då vera i vegen for han?

I nattverden er det også lagt er særleg velsigning for Guds folk, ei signing me ikkje får nokon annan stad.

I Salme 133 les me om kor godt det er at brør også bur saman. Det er som dogg frå Hermon, som renn ned på Sions fjell.

Dogg, det er væta som fell ned på jorda om natta når lufta er still og himmelen klår. Det er også ein måte som det fell regn på.

Når Guds folk har sett seg kring nattverdbordet, så er dei på den plassen der Guds velsigning fell på dei som dogg. Over kristne som samlast i Kristi ånd og bryt brødet og drikk av vinen, er det still luft og klår himmel. Der dett den svalande dogg som gjer hugen så mjuk og ånda fredfull og sæl.

Men der himmelen er skyfull og lufta stormande, der dett det ikkje dogg.

Der kristne blandar seg med verdslege menneske ved nattverbordet og elles lever usant og syndar mot kvar­andre utan oppgjer, der er det ikkje still luft, og der er ikkje himmelen klår. Der dett ikkje dogg!

Når dei kristne gløymer dette, eller ikkje vil fylgja denne guddomslov, då kjem dei bort frå nåden Gud har lova oss i nattverden. Mange gløymer det, ja, beint imot Guds klåre ord ropar dei alle slag menneske inn i helligdommen, der berre Herrens trugne skulle vera.

Du arme menneske, kor blind du er! Kor vanen og eit sovande samvit kan føra oss vill!

Men Guds folk, la oss halde fred med alle menneske, så langt det står til oss! Søk alltid å bu under ein klår himmel. Ha di sak i orden med Gud og menneske og kom saman til nattverd med Guds folk. Då skal du få sjå at der har Herren laga til velsigninga, og liv i all æva.

Han som satt saman med sine første gongen, han vil også vera saman med oss. Han som gav seg for oss inn i døden, han gir seg sjølv også i nattverden.

Kan me så vera der utan velsigning?

Eg talar til dykk som til vituge menneske. Døm sjølve om det eg seier! Velsigningskalken som vi velsignar, er han ikkje samfunn med Kristi blod? Brødet som vi bryt, er det ikkje  samfunn med Kristi lekam? Fordi det er eitt brød, er vi ein lekam, endå vi er mange. For vi har alle del i det eine brødet. 1 Kor 10:15-17

 

Du livsens brød, o Jesus Krist,
Kom gi meg deg å smake,
Kom blodig kilde, som for visst
All vanmakt bort kan tage.
Jeg er i deg og du i meg,
Immanuel, evindelig
Skal vi tilsammens blive.

Enno eit ord vil me høyra om Kristi blod:

Og ein av dei eldste tok til orde og sa til meg: Desse som er kledde i dei lange kvite kjortlane, kven er dei? Og kvar er dei komne ifrå?  Og eg sa til han: Herre, du veit det. Og han sa til meg: Dette er dei som kjem ut or den store trengsla, og dei har tvetta kjortlane sine og gjort dei kvite i Lammets  blod. Difor er dei for Guds trone og tener han dag og natt i hans tempel; og han som sit på trona, skal reisa sin bustad over dei. Åp 7:13-15

Og dei syng ein ny song og seier: Verdig er du til å ta imot boka og opna segla på henne, fordi du vart slakta og kjøpte oss til Gud med ditt blod frå kvar stamme og tunge  og folk og ætt. Åp 5:9

Og så syng alt som er i Himmelen og på jorda – ti tusen gonger ti tusen og tusen gonger tusen – alt og alle syng om blodet av Lammet.

Du underlege song!

Du underlege mann med det frelsande blod. Deg vera æra i all æva!

Men du som ikkje har lært denne songen om  Lammets blod, du som vil til Himmelen utan dette blod, du som synest at blodteologien er simpel, rå og  heidensk, kva vil du syngja om?

I den himmelen du trur å få, er der ingen blodig frelsar og ingen fortapt syndar som er berga ved ein annan manns liv og død. Ros deg aldri av Jesu Kristi Himmel, du som vanvyrder Jesu blod. Dit kjem du aldri, kor godt eit menneske  du elles er.

Men dei som ikkje veit noko anna til frelse enn Kristus og hans blod, dei passar for den Himmelen der Han bur. Men lovsongen lærde dei her nede, då de såg Golgata for første gong.

Gløym aldri songen om Jesu blod, som du 1ærde ved Jesu kors. Den skal syngjast i alle æver av alle dei som vert frelste.


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
14 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Emner

  Frelse

  Nattverden

  Påske

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  22: 14-20

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.