Kom ihug, min son, svara Abraham, at du fekk det gode du ønskte deg i di levetid, og Lasarus likeeins det som vondt var. Men no vert han trøysta, og du lid vondt. Luk 16:25
Likningane om den rike mann og Lasarus, den rike bonden - og fleire andre bibelord om det same emnet — er ikkje lette å skjøna. Med det same ein les dei utan å tenkja nærare etter, trur ein helst at ein kristen ikkje må eiga jordisk gods. I ordet i dag ser det ut som at den rike mannen slår augo sine opp i helheimen fordi han var rik, og at Lasarus finn fram til Abrahams fang fordi han var fattig.
Det står skrive såleis: «Du fekk det gode du ynskte deg i di levetid, og Lasarus likeeins det vonde. Men no vert han trøysta, og du lid vondt.» Og i Matt 6:19 seier Jesus beint fram at me skal ikkje leggja oss opp skattar på jorda.
Når då Guds Ord talar så kvast til oss om ei sak som meir og mindre vedrører oss alle, då må kvar kristen granska både Ordet og seg sjølv for å finna ut den sanne meining og kor ein sjølv står.
Det er visst mykje sant i det at også me kristne har liten hug til å la Guds Ord få rom i oss når det gjeld jordisk eigedom. Når det såleis står skrive at me ikkje skal samla oss skattar på jorda, så søkjer vår jordvende hug å få oss til å gløyma det ordet.
Men om me gløymer, så gløymer ikkje Gud. Og om me har vår eiga meining, så kan ikkje den endra det Gud har sagt. Den kristne gjer difor klokt om han bøyer seg også for dette ordet og let det få lysa inn i hjarta.
Det er på den vegen at ein kristen går frå lys til lys og vinn større og større glede, fred og frimod i Gud.
Me prøver kanskje å vri oss bort frå slike ord med den orsaking at ein kan ikkje tolka dei etter bokstaven, dei er ikkje meinte som dei er sagt. Det er ein utveg som vår jordvende hug synest om, men Guds Ord og Ånd og vårt liv i Gud går ikkje med på ei slik lettkjøpt tolking. Slår me oss til ro med dette syn, så er det fare for at desse likningane har ærend nettopp til oss.
Det som høyrer denne verda til, dreg og lokkar oss meir enn me trur. Kristne som på mange måtar er lys og salt, kan vera utruleg veike og blinde når det gjeld jordisk gods. Ved pengekjærleik og gniarhug skjemmer dei ut, både for Gud og seg sjølve, alt det gode dei elles gjer.
Dette lærer livet oss så tidt.
Er det ikkje då på tide å prøva seg sjølv etter dei orda av Jesus som me har føre oss her i dag?
Det er ikkje berre det at kvart menneske har ein medfødd trong til å samla skattar her, at hugen etter gull er så sterk at han nær sagt skyggjer over all annan hug. Til alt dette kjem at med rikdom fylgjer det ære og makt. Når ein står seg godt økonomisk, treng ein ikkje krypa for andre, men då må andre krypa for meg. Det er ikkje annleis her i verda: ein vert halden for stor eller liten etter som formuen er til — ialle fall medan ein lever. Me tek ikkje hatten av oss for mannen, men for «flossen», «pelsen», pengane, huset og golvteppa.
Også ein kristen vert stor i denne verda når han vert rik.
Her ligg ein av dei store farene og lurer på oss. Ein fare som er likså fæl som han er fin. At ein kristen vert liggjande i drikk, i hor og svik — ja, det er tungt å nemna, og endå tyngre å måtta seia at det hender, men så er han også med ein gong stempla for at han er «ein fallen mann», ei skam for seg sjølv, for Kristi namn og for Guds sanne folk. Men om ein kristen fell for mammon, er det ingen som held han for å vera «fallen» — når det då ikkje går altfor langt over streken. Tvert om vert han oftast halden for ein stor mann og ein god kristen, især om han ein og annan gong maktar å riva nokre hundrelappar ut or hjarta sitt og gi dei bort. Men det jordiske og gjerrige sinn kan styra mannen like godt for det, kanskje enda betre.
Det finst snautt ei einaste synd som øydelegg eit menneske så heilt igjennom som denne å vera gripen av å samla seg skattar her på jorda. Det er meir att av mennesket både i skjøkja og i drankaren enn i den gjerrige. Dei har meir hjartelag, dei, enn den som trår etter gull.
Dei gjerrige er dei mest hjartelause og blodtørste menneske som trør på jorda. Dei er det som framfor andre trakkar på sine medmenneske. Sjå på dei — frå ågerkarlen, som arbeider i løynd i tronge, skitne rom og opp til millionæren og milliardæren, som spelar på børsen og held trådane i storpolitikken i si hand! Bryr dei seg om menneskelukka, om folkelukka, om fred på jorda? Aldri det grann! Bryr seg berre om gull! gull! gull! og den makt og ære som fylgjer med gullet.
Som vevkjerringa (edderkoppen) fangar fluga i veven sin og syg blodet av henne, såleis syg pengehugen hjarta ut or eit menneske
Meir enn nokon annan har dei gjerrige skatten sin her på jorda. Hjarta, den inste hug og lengt og trong i mennesket, er bunde til livet her.
Der er det fåren og synda ligg.
Det er det Jesus meiner og siktar til i alle dei orda der han nemner denne sak.
Dei fekk det gode dei ynskte seg i si levetid. Den rike mannen og den rike bonden ønskte å få det godt her. Dei hadde ikkje noko høgare mål, og det nådde dei. Dei ønskte framfor alt å verta rike, og det vart dei. Bonden bed sjela si slå seg til ro med ei full løe, eta og drikka og vera glad. (Luk 12:19)
Det eit menneske framfor alt ynskjer, det er skatten, kva det no er.
Dette vert enda meir klart når me ser grunnen til at Jesus sette fram likninga om den rike bonden. Ein mann vilde ha Jesus til å dela arven mellom seg og bror sin.
Da seier Jesus: «Ta dykk i vare for all havesykja.» Og så kjem han med likninga.
Det var havesykja han vilde vara oss imot, dette å ønske seg det gode her i si levetid, dette å ha skatten sin her i verda.
Det var ikkje det som var gale, at mannen åtte ein gard, at det vart godt år og stor avling. Det gale var havesykja og det at han slo seg til ro med det han avla på garden. Den rike mannen kom ikkje til pinestaden fordi han var rik, men fordi han ønskte seg det gode i si levetid og ikkje hadde noko høgare mål.
Å ha skatten sin her å jorda er ikkje det same som å eiga noko. Å vera fattig er heller ikkje det same som å ha skatten sin i Himmelen. Om så var, måtte dei som ville verta frelste, kasta ifrå seg alt det dei åtte. Gi det bort kunne dei ikkje, for med det ville dei freista andre til fall. Ein laut gå frå gard og grunn, frå stabbur og bankbok. Ja, skulle ein fara lina heilt til endes, så måtte ein leggja seg som Lasarus framfor dørene til rikfolket og leva av det dei gav ein. Me forstår alle at det kan ikkje vera rett.
Jesus var arbeidsmann. Også han åtte meir enn han brukte. Den pungen som Judas bar og stal av, kunne ikkje vera tom.
Men slår den kristne seg til ro med sitt jordiske gods og går meir opp i det enn i dei himmelske ting, da er han fanga av det vonde og skilt frå Gud.
For den kristne må skatten vera Kristus og alt anna berre tenar for dette eine mål: å nå heim til Gud og hjelpa andre til det same, anten ein så eig lite eller mykje i denne verda.
Det er Jesu meining med det ordet me har føre oss i dag. Og alle som prøver å koma frelst gjenom verda, veit kor stor faren er, og kor vel det trengst eit åtvarande ord.
Om du er på Guds gaver rik,
men ei Guds kjærleik kjenner,
du er den arme dåren lik,
som etter skuggen renner;
du ikkje ser det sæle ljos
som i Guds Son er runne,
kva gagnar då den glans og ros
som her du heve vunne?
Men det er ikkje berre dette som Ordet i dag skal prenta inn i oss, at me ikkje må ha skatten vår her på jorda. Det vil også vara oss imot det livssyn at ein skal leva for å nyta livet og ha det fint og flott. Vellevnad er også synd, - ei synd som mange kristne druknar sitt Gudsliv i.
Det er vanskeleg å gå den smale vegen inn til livet. Sume vert liggjande i grøfta på den eine sida og sume på den andre. Så store stakkarar me er! Sume har ikkje råd til å eta seg mette eller kle seg sømeleg — fordi denne satans hug til å samla, har maktstole dei. Andre øyder og øyder. Alt må vera så fint og flott både i huset og i mat og klede at dei veit mest ikkje kor dei skal av for å få det fint nok.
Også det er synd, ei synd som mange kristne ikkje bryr seg om, og difor har ho også ført så mange bort frå herlegdomen i Jesu Kristi åsyn, — til herlegdomen i verda.
«Men det eg seier dykk, det seier eg til alle: Ver vakne!»
Om alt ditt liv du leva kan
i gleda, lyst og gaman,
så stend du som ein sviken mann
når bort det fell, alt saman.
Kor usæl då du er og arm,
når du med verk må vakna
og ser di hugnad vert til harm,
og nøgd til naud og saknad.
Gud hjelpe oss alle til å læra kunsten å leva som kristne.
Til å ha vår skatt der den evige rikdomen ventar alle som gir hjarta til Jesus Kristus.
Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli