Publisert

Den som set seg sjølv lågt Luk 18:9-14


Ca leselengde:
9 min

Bots- og bønnedag (siste søndag i oktober)
Tekstrekke 2
 
Lesetekster: Jes 59,1-4
 1 Joh 1,8-2,2
Prekentekst: Luk 18,9-14
Fortellingstekst: Luk 15,11-32
Poetisk tekst: Salme 32,1-5

Den som set seg sjølv høgt, skal gjerast låg, men den som set seg sjølv lågt, skal gjerast høg. Luk 18:14

Ordet om farisearen og tollmannen har eit stort ærend til oss menneske. Først fordi det rører ved dei krefter i vårt liv som stengjer eller opnar hjarta for Gud. Dernest fordi det er det store spørsmål også etter at me har vorte kristne: om farisearnaturen skal få makt over oss att, eller om det sinn som var i tollmannen, skal vinna.

Den som kjenner seg sjølv litt, veit kor farise­aren er fastgrodd i heile vår natur, og kor tungt det er å vinna over det sjølvgode eg. Tollarsinnet er derimot ei dyrebar vare, som mange av oss har lite av, og det ser ut til at det vert mindre og mindre av det etter kvart som dagane går.

Ut frå ordet om tollmannen i templet, som stod langt nede, med augo mot jorda og handa for bringa og ropte til Gud om nåde, vil me prøva om me kunne finna fram litt av den fagraste blomen som veks her på jorda: eit audmjukt sinn.

Kristendom er kjærleik i sin inste grunn, liksom Gud i sin inste  grunn er kjærleik.

Som sola står på himmelen som ei einaste lysande skive, såleis er Gud og sann kristendom kjærleik.

Den som elskar, er fødd av Gud.

Men så veit me også at sollyset gøymer i seg mange fargar. Skal sola kunna gjera det ho er sett til av Skaparen, må sollyset løysast opp, så det kan få verka på skap­ningen med heile sitt innhald.

Det er dei mange fargane i sola som legg det skiftande fargespelet over naturen – i gras og tre, i blad og blom, og elles kor du ser at livet stig fram i sin fagerdom.

Dei seier at sola eig sju grunnfargar, og frå desse går alle dei andre fargane ut. Me kan sjå dei sju grunnfargane i ein regnboge eller i eit prisme.

I dette stykket er sola eit levande bilete på sann kristendom.

Samla til eitt – om ein så må seie – er kristendomen kjærleik. Men på vår ferd gjennom livet skal kristendommen – det vil seie kjærleiken – løysast opp, eller rettare: løysast ut gjennom det at me lever som kristne.

I dette kristne arbeidslivet, i storm og strid, når livsens tunge trykk sliper oss til eit prisme som lyset frå Gud kan brytast i – i alt dette stig den inste grunnen i kristen­domen fram gjennom eit menneske.

Det er interessant å sjå at Guds Ord syner oss sju «grunnfargar» i kristendommen.

Vis i trua dykkar dygd, og i dygda skynsemd, og i skynsemda fråhald, og i fråhaldet tolmod, og i tolmodet gudlegdom, og i gudlegdomen broderkjærleik, og i broderkjærleiken kjærleik tilalle. 2 Pet 1:5-7

Det er som ei blømande eng, ein endelaus rikdom av skiftande liv.

Men angen – aromaen som dette liv skal eiga, er det audmjuke sinn.

Utan denne aromaen er vår kristendom flat, kald og hard.

Det finaste og beste me kan møta her i verda er ein audmjuk kristen.

Alle våre kristengjerningar, sjølv dei største offer, har ikkje den rette ange og smak dersom me vantar det audmjuke sinn.

Har du dette sinn ?

Det er nok ikkje så lett å svara ja på det spørsmålet. Det høgste mange av oss kan nå opp til, er dette: Eg ville gjerne vera ein av dei som åtte dette sinn. Herre, hjelp meg til å eiga det!

Når det audmjuke sinn døyr ut hos oss, då minkar det rommet som nåden skal bu i hos oss. Det er den audmjuke som får nåde. Til den stolte og sjølvgode har Gud ikkje eit einaste trøysteord, men den audmjuke får nåde.

Sjå  på Saul.

Sjå på David, då han talde folket.

Sjå på Israel, då dei vart straffa og førde til Babel.

Eit audmjukt Guds folk er eit sigrande folk, om det ser aldri så mørkt ut.

Sjå Israel i Josafats tid.

Ein audmjuk kristen er ein sigrande kristen.

Saka er den at grunnsynda, rota til all synd, er stor­mot. Det audmjuke sinn grip difor synda i sjølve rota og vinn. Det tek krafta frå synderota, fordi det å vera audmjuk, er å eiga Jesu Kristi sinn.

Lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta. Matt 11:29

Kva er det då å vera audmjuk?

Kanskje me best kan finne svaret om me først prøver å seia kva det ikkje er.

Det er ikkje å bera haka nede i bringa, hengja hovudet på skakke og  slå krok på ryggen.

Det er heller ikkje å vera søt eller så åndeleg at ein vert umenneskeleg.

Det er heller ikkje det same som ikkje i ha ei avgjort meining, ein fast vilje og ein frisk natur. Det er ikkje det same som å vera ein dott.

Det audmjuke sinn legg seg ikkje utanpå eit menneske som ei religiøs maske. Det er ein fager skatt som er skjult i hjarta. Derifrå går det ut og legg sin fine dåm over all kristengjerning og alt sant menneskeliv.

Kva er det då  å vera audmjuk?

Det er først og sist å bøya seg for Gud i sitt hjarta og saman med tollmannen stiga fram for Gud og seia: Ver meg syndar nådig!

Det stormodige og fariseistiske sinn søkjer på alle vis å gjera oss sjølve så gode som det går an. Det speglar sine gode gjerningar i andre sin dårskap. Det ydmyke sinn hjelper oss til å stå fram for Gud som me er og sanna at me har synda.

Ein verkeleg audmjuk mann maktar også å  be andre men­neske om tilgjeving. Han går til sine eigne husfolk, til granne og arbeidskamerat, til kven som helst –  rettar fram handa og tilstår sin feil når han ser at han har gjort urett.

Det kan ingen av oss gjera utan å vera audmjuk. Eit stormodig, sjølvgodt menneske maktar ikkje å stiga der ned. Kan du?

Vær ærleg  mot deg sjølv før du svarar.

Mange trur om seg sjølve at dei er audmjuke, men sjølv om dei veit så vel at dei har gjort andre urett, så maktar dei ikkje å få desse orda over munnen sin: Tilgje meg! Det audmjuke sinn rår ikkje hos deg då.

Du må brotna saman enno ein gong.

Ein gamal professor stod ein dag på kateteret og tolka eit Guds Ord for elevane. Ein av gutane kom til å smila litt. Professoren trudde at guten ville gjera narr av han. I harme tek han til ords og seier : Enten skal du ut av skulen, eller så skal eg!

Kort etter gjekk eit par av kameratane av guten til professo­ren på kontoret hans og fortalde at guten hadde ikkje meint å gjera narr, han smilte fordi han syntest det var så godt, det professoren sa.

Dagen etter, då professoren var ferdig med timen sin, gjekk han ned frå kateteret og bort til guten, tok han i handa og bad om tilgjeving.

Såleis gjorde den gamle, lærde mannen mot den unge skuleguten.

Er ikkje det å vera audmjuk?

Den audmjuke kan koma seg fram i verda og bli ført opp på den høgste topp i samfunnet, boren av menneske­ros og prydd med ærekransar, og der oppe er han som han var før: enkel, beintfram, kravlaus og tenande.

Han kan stå på den høgste tinden utan å svimra, og der ifrå kan han stiga ned i den djupaste dal, der han vert mest nedgraven av kritikk, spott og skam. Men også der nede er han som han var: fredfull, frimodig, tenande, takksam og glad.

Han slår ikkje dei som slår han.

Han set seg ikkje opp mot det vonde.

Han går heller ikkje omkring mellom folk og klagar over at alle er så vonde med han. Ærekransen ber han stilt, og dei sviande slaga kan ikkje kuva hans mot eller gjera  han hard og bitter.

Det sjuke, såre, sjølvkjære som så snart får oss til furta og vera vrange, det tek det audmjuke sinn bort.

Måtte me eiga mykje av dette sinn, alle som vil bera Jesu Kristi namn.

Som bia kjenner angen av blomen og syg honning av han for seg og andre, såleis skal dei menneska som lever borte frå Gud, kjenna noko av himmelsk ange frå eit slikt menneskeliv, og den skal dra dei mot Himmelen.

Då lever me til signing for andre. Den audmjuke får nåde.

Men du som ikkje er ein kristen?
Kvifor er du ikkje det?
Trur du ikkje at det er det beste?
Å jau, du veit det.
Veit du ikkje at du må verta ein kristen om du skal verta frelst?
Det veit du også.
Kjenner du deg aldri dregen til Gud?
Jau.
Vil du ikkje?
Jau.
Kvifor er du då ikkje ein kristen?

Det er så harmeleg å bøya seg for Gud. Det er ei skam. Det er så hardt å bryta tvert av, det er som noko må brotna inne i meg, seier du. Ja, det er sant, slik er det. Men la det brotna. I såret av dette brot gror det evige liv.

Ta dette tunge, men mandige steget no, og du skal finne nåde. Som tollmannen i ordet i dag skal du gå rettferdig heim til ditt hus.

Akk kunne du – du kunne om du ville
Dog gripe rett Guds milde hjerte fatt!
Nå kan det skje, nå før det er for silde,
Det mørkner alt mot evighetens natt.
Å, hvilken salig dag du fikk,
Om du begynte i dette øyeblikk!
(Sangboken nr. 234, v. 7)


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
9 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  18: 9-14

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.