Og den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg,sanneleg seier eg dykk: Alt det de bed Faderen om, skal han gje dykk i mitt namn. Joh 16:23
Ser me på menneskelivet frå reint jordisk synspunkt, vil me finna at det er samanfletta med bønn. Ingen vert fødd så fri og sjølvstendig at han ikkje treng hjelp av andre. Frå vårt første skrik i verda til den siste dråpen kaldsveitte vert turka av panna vår i dødens fangtak, lever me i grunnen alle som bedande menneske. Den rike og den fattige treng hjelp av andre – ikkje minst den rike. Ingen kan greia seg mindre åleine enn den som er rik og vant til gode dagar. Frå slott og hytte, frå hav og land ropar me på kvarandre natt og dag om hjelp.
Folk ber kvar dag utan at dei sjølve veit om det.
Men den hjelpa me treng mest, den kan menneske ikkje gje menneske. Den må me få av Gud. Let me vera å be han om det me treng, eller han nektar å gje oss det, så er me heilt hjelpelause.
Guds Ord talar mykje til oss om bønn, om at me skal be, og at Gud vil gje oss det me ber om. Om me vil fylgja Jesus på hans ferd ilag med læresveinane sine, skal me sjå at han brukte mange ord og mykje tid til å syne dei det store farshjarta i Gud som står ope for den som ber. Eitt av dei mest underlege ord han har tala til oss om bønna, er fortellinga om enkja og den urettferdige dommaren.
Den stakkars enkja hadde mist både mannen og retten sin, og i si vanmakt og hjelpeløysa ber ho om hjelp av ein mann som ikkje ottast Gud og aldri hadde age for menneske. Og denne mannen let seg overtelja til å hjelpa henne til den retten ho hadde krav på.
Så lenge me kristne er her, er me på mange måtar lik denne enkja. Og så vil Jesus seia til oss:
Når ein gudlaus mann let seg røra så han hjelper den som ber, skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten sin, dei som ropar til han dag og natt, om han så dryger det ut for dei? Eg seier dykk: Han skal hjelpa dei til retten sin, og det fort. Luk 18:7-8
I dette ordet, som i så mange andre, ligg ei stor trøyst for alle som ber.
Mange ser på bønna som ei tung bør, eit strev og eit arbeid som Gud har lagt på oss. Her er også kristne som talar om bønna som eit arbeid og ein arbeidsreidskap i Guds Rike. Eg må tilstå at det er noko inne i meg som ikkje kan vera heilt med på dette. Sjølvsagt kan ingen nekta at bønn er eit arbeid. Det er arbeid i ånda, det er arbeid å bruka sitt syn og sitt vit, ja, det er eit arbeid å leva, men det er ikkje akkurat det me tenkjer på når me talar om arbeid. Det ligg noko lovbunde, det ligg eit plikt-trykk i all denne tale om bønnearbeid. Og dette lovbundne kan verta ein fare som svingar heile vårt bønneliv inn i ei feil lei.
Bønn, sann bønn, det er livsens andedrag mot Gud. Det er hjarteslaget i eit sant og sunt kristenliv. Og bibelordet som manar oss til å be, det syner oss ei open dør for oss inn til Guds, hjarta, inn til nådens kongsstol, der me kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Bønn er ikkje eit åk som tyngjer oss ned. Det er vengjer som lyfter oss opp. Bønn er ikkje plikt, men rett. Det er den hjelpelause sin rett.
Når alle vegar er stengde for oss her i verda, og ingen kan hjelpa, når all jordisk makt og menneskemakt er berre vanmakt, då kan me leggja hendene ihop og sjå bedande opp til Han som har sagt: "Be, og de skal få, så dykkar gleda kan verta fullkommen." (Joh 16:24)
Jeg har så lun en hytte
Her mitt stille sinn;
Og aldri vil jeg bytte
Bort himmelvennen min.
Vi bor fortrolig sammen,
Vi tanker veksler her,
På bønn han svarer amen,
Jeg har min Jesus kjær.
(Sangboken nr. 580 v. 1)
Du som les dette: Ber du til Gud? Har du stått – og står du framfor nådens kongsstol med bønn i hjarta?
Du er eit grenselaust fattig menneske om du ikkje ber. Du er som ein fugl utan vengjer, som eit luftskip utan motor. Tenk, du kjenner ikkje Gud! Di einaste trøyst i denne verda er din eigen arm. Når han veiknar og visnar, så er du hjelpelaus.
Er ikkje det sant?
Du vil kanskje svara meg: Eg kan ikkje be.
Jau, det kan du. Du kan seia til mor og far, og forresten til kven du vil: Hjelp meg! Kan du då ikkje seia det samme til Gud?
Å be til Gud er ikkje å læra talekunst, det er å bera fram for han sin livstrong, det er å gå til han som barnet går til mor og ber fram det som ligg det på hjarta. Det kan du, om du vil.
Men i grunnen er det heller ikkje det du meiner, at du ikkje kan. Den sanne grunn er at du ikkje vil.
Du er for stolt til å be. Du synest det er skam å gjera deg så liten.
Men høyr her: Kunne det ikkje henda at det var større skam å la vera å be?
David Livingstone fann dei død på sine kne i ei hytte midt inne i Afrika.
Daniel, ein av dei klokaste statsmenn som jorda har bore, bad mykje.
Jesus bad - stundom heile nettene.
Var dette små menn ?
Og du synest det er for smått for deg å be! Tenk deg litt om, og du vil skamma deg over deg sjølv, fordi du tenkjer og talar på denne måten.
Kom så også du og be. Finn deg eit rom der Gud og du møtest. Ber fram alt som ligg deg på hjarta, og Han skal letta di bør og løysa gåta di. Det finst ikkje den ting i livet ditt som er framandt eller for smått for han.
Ein av dei finaste tonar som når fram til Guds øyra frå vår syndefulle jord, er bøn om hjelp frå trengjande menneske. No som før skal det lyda gjennom himlane: Sjå, han ber!
Men det var det kristne bønnelivet me skulle tala om. Som alt anna i gudslivet står også bønnelivet i fare. Mange som ein gong ba, gjer det ikkje lenger. Og mange som ber, har mist sin bønnetrong og ber berre fordi dei synest det må gjerast. At det er tider då sjølv den beste kristen kan kjenna det slik, det er så, men varer det lenge, då er det fare på ferde.
Mellom oss kristne er det fleire former for bønn, eller kanskje det var rettare å seia: fleire måtar å be på. Lat oss ta fram desse måtane og sjå om me kunne finna farane og føremunane ved dei.
Eg trur me vil komma sanninga nokså nær når me seier at sume kristne ber ikkje stort andre tider enn når dei held husandakt. Når husfaren har halde morgon- og kveldsbønn saman med huslyden, så synest han ikkje ha bruk for meir bønn, og dei andre kristne i huset synest også at det greier seg med det.
Andre ber helst på bønnemøte og på talarstolen. Utanom desse to plassane vert det lite bede av dei, men der er dei også førstemann. Er ein godt kjend i veneflokken, kan ein mest på førehand vita kven det er som vil koma til å be.
Så er det bønn i løynrom, der ein i ord ber fram det som ligg ein på hjarta.
Og så bøn i ånda, bøn utan ord.
Eg vil ikkje gå nærare inn på desse fire måtar å be på. Men eg vil seia at den kristen som berre ber ved husandakt, i bønnemøte og på talarstolen, han er kommen inn i ein stor fare. Om ikkje husandakt og elles all offentleg bønn, også på bønnemøte, er underbygd av bønn i løynrom og ei bedande Ånd – så er me komne på skråplanet.
Jesus brukte lite offentleg bønn, så vidt me kan sjå av Bibelen, men han bad mykje åleine.
Det som også særmerkjer alt sant kristenliv i den første bløming, er mykje bønn i løynrom. Men det som diverre særmerker mange eldre kristne, er lite bønn i løynrom. Og grunnen synest å vera at trongen til bønn er så liten.
Korleis kan det ha seg at det går går den vegen med mange kristne?
Dette har eg grunda mykje på, og meir og meir har eg komme til det at dei på ein eller annan måte har mista den bedande ånda. Der inne, der bønna skal verta fødd og fostra, der har det trengt seg inn verdslegdom og eit jordisk sinn. Så sloknar bønna i hjarta, og me sit att med fleire eller færre tilvante ord og vendingar i munnen. Desse vendingane og talemåtane pyntar ein seg så opp med til ein husandakt, eit bønnemøte og på ein talarstol.
Hovudsaka for ein kristen under alle former for bønn er å eiga ei bedande ånd. Det er frå vår side det rette utgengspunktet for all sann kristeleg bønn.
Ei bedande ånd vernar oss imot at vårt indre liv vert verdsleg. Ho er som murane kring Jerusalem, Guds stad, og som sugerøtene på eit tre.
Ei bedande ånd ber oss oppover og held oss fast der oppe. Ho kjem til liv i ei fattig ånd, og trivst berre der ånda vedvarande er fattig.
All sann offentleg bønn spring ut frå ei bedande ånd. Dei som har ei bedande ånd, dei ber også når dei opnar munnen sin til bønn. Den bedande ånda føder og utviklar all sann offentleg bønn. Den er våre venger og vårt åndelege aeroplan. Utan den dalar me mot jorda.
Guds folk! Ta vare på denne fagre skatt. La aldri ormen i jorda få gnaga av denne livsens sugerot. Be i ånda til ei kvar tid. Når du ikkje veit kva du skal be om – slik som du treng det, går Anden sjølv i bønn for oss med sukk som det ikkje finst ord for. Men han som granskar hjarto, veit kva Anden trår etter, for det er etter Guds vilje han går i forbønn for dei heilage. (Rom 8: 26-27)
Den som eig denne indre bønn, skal aldri missa sin bønnetrong og aldri koma bort frå Gud.
Her er ein song om det kristne bønneliv. Den er så god at eg vil ta han med her. Eg trur han kan bli mange til hjelp med si gripande sanningsmakt.
Ta tid til å bede,
Søk stillhet og ro!
I Frelserens nærhet
Du alltid skal bo.
Når verden den larmer
Og striden blir het,
Søk hvile hos Jesus,
Han selv er din fred!Ta tid til å bede
Før døgnlivets støv
Seg legger på sinnet
Og ånden blir sløv.
Søk tidlig Guds åsyn,
Og du skal gå ut
Så glad til ditt virke,
Velsignet av Gud!Ta tid til å bede,
Ja, lyd Åndens kall!
Når synden deg lokker
Og frister til fall.
En stund da med Jesus,
Hans kraft skal du få!
Ja, mere enn seire
I Kristus du må!Ta tid til å bede,
I nåden bli rik!
Se meget på Jesus
Vil du bli ham lik!
En glans av hans klarhet
Du med fra ham bær,
Til engang du ser ham
Just slik som Han er.
(Sangboken nr. 587)
Me vil slutte med den bøna læresveinane ein gong bar fram til Jesus:
Herre, lær oss å be! Luk 11:1
Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli