Då han kom nær innåt byporten, vart ein død boren ut. Han var einaste sonen til mor si og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne. Då Herren såg henne, fekk han medynk med henne og sa til henne: Gråt ikkje! Så gjekk han bortåt og tok på båra. Dei som bar henne, stansa, og han sa: Unge mann, eg seier deg: Stå opp! Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og han gav han til mor hans. Luk 7:12-15
Liket av ein død vart bore ut.
Det er ord som me kjenner godt.
Kor ein vender seg, så vidt som menneske bur på jorda,
Det er noko særs ved døden, som det ikkje er ved noko anna av det me møter i livet. Det er noko kaldt og hjartesårt og tungt.
Det skal eit hardt hjarta til å la vera å gråta når ein står a liket av ein av sine eigne, som vert boren ut. Sjølv livsens hovding gret då han stod ved ei grav, og kven kan tvila på at tåra rann då han møtte enka på veg til grava med sin einaste son.
Ser me livet berre frå denne sida, så er det noko useieleg tungt i å vera menneske. Me vert fødde, me lever ei lita tid, og heile tida strir me med all vår makt for å berga livet mot døden. Like visst som me veit at me må gje opp, like seigt held me striden ved like – til me ikkje orkar meir.
Som hjarta slår i bringa, og som klokka tikkar i lomma, så fort ber døden oss menneske bort.
Og liket av ein ung mann vart bore ut.
Snart skal også du og eg berast ut. Døden splr ikkje alltid etter kor gamle me er. Så tidt gjekk det som i Nain at det er ein ungdom som vert boren ut. Du må aldri tenkja at du har mange år å leva, fordi om du er ein ungdom. Difor er den vis som kan seia med sanning:
I liv og i død jeg vet min vei,
Med begge jeg er fortrolig.
(Sangboken nr. 863, v. 2)
Ja, det er kunsten: å vite vegen i liv og i død. Då først har me funne vegen til livsens meining og mål. På vegen mot grava, der likferda alltid går, stig det fram ein mann som er sterkare enn døden. Midt i straumen stig han fram og byr døden gå bort.
Du underlege mann!
Jesus er sterkare enn døden.
Jesus er livsens hovding. Ja, Han er sjølve Livet! Den som lever og trur på Han, skal aldri døy.
Skal me ikkje døy? Nei!
Men om eg no datt ned her eg sit no, og hjarta sluttar å slå, var eg ikke då død?
Då ville ein av mine næraste senda den melding til slekt og vener at eg hadde gått heim til Gud.
Ja, men eg ligg då her? Nei, eg ligg ikkje her, men det huset som eg budde i, ligg her. Guds Ord gir difor også lekamen vår namnet eit telt, ei hytte og vårt jordiske hus. Når så huset ikkje lenger kan stå, eller døden med hard hand riv det ned, så går den kristne ut or huset og heim til ei bygning i Himmelen, til eit hus som ikkje er gjort med hender.
Den som har funne Jesus, har funne det evige livet.
For han vert døden ein sikker skyss over grensa, ein tenar som ber oss heim.
Det er Jesu klåre ord, og hans folk prøver å tru desse orda. Difor har døden mist sin brodd for alle som trur.
Det er berre nokre år sidan dette hende: Mannen med barneflokken og nokre av grannane stod rundt senga og gret, for mor til dei små hadde nettopp slokna. Men rett som det er, reiser mor seg i senga – ho som dei trudde var død. Ho såg ut som ein lysande engel. Ho fortalde at ho hadde vore i Himmelen, og då ho fekk sjå herlegdomen som lyste imot henne, og sjølv smake den evige sæla i fulle drag, bad ho om lov til å fara ned att til mannen og borna sine og fortelja om det ho hadde sett og fått. Det ville trøysta og hjelpa dei, trudde ho. Det vart svara at ho skulle få lov, men når ho hadde fortalt det, måtte ho koma opp att i herlegdomsriket.
Så reiste ho seg i senga som ho skulle vera frisk og fortalde alt. Om ei lita stund la ho seg ned att på puta og sovna på nytt – for å vakna heime hos Gud.
Mange vil nok tvila på dette. Med mange gode grunnar vil dei fortelja oss at denne kvinna var ikkje død første gongen – alt var produkt av ein nervøs fantasi.
Ja, ver so god, synes du at du får trøyst av din kloke, kalde tvil, så gjerne for meg. Eg trur, og hjarta mitt frydar seg ved tanken på at striden og natta skal rullast i hop og kverva bort for alltid som skodda kverv for den stigande solblanke dagen. Når eg trur at det evige liv skal vinna siger, kan eg då ikkje tru at Gud – om Han vil, kan senda ei mor attende til å trøysta dei små som heng gråtande om far sin!
Han som ga enka i Nain att sonen sin – Han som ropa Lasarus ut or grava og som sjølv stod som livsens hovding på grava si påskemorgon, – Han kan det han vil.
Den som trur på han, skal leva om han enn døyr.
Er ikkje dette noko å eiga og å tru på her i det landet som er fylt av graver?
Kor tankelaust du lever ditt korte liv her på jorda, du som ikkje vender om og trur på Jesus! Du skulle ikkje leva slik lenger.
Og alle de som trur, gled dykk over stjerna som lyser over grava, og sjå opp mot landet som de har lovnad om å nå. Om så du også må bera son eller dotter – eller andre av dine kjære til grava – så visst som du greip Jesu frelsarhand, kan du sjå bort frå grava og opp til det landet der dei kjære lever i all æva og ventar på deg.
Du som er ein kristen, gråt ikkje som dei som ikkje har von. Også du er snart over.
Da toner der gjennom den himmelske hall
En lovsang som ikke har make,
For stolen og Lammet de salige skal
Sin krone for kampen mottage.
(Magnus B. Landstad)
Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli