Publisert

Dykkar himmelske Far Matt 6:24-34


Ca leselengde:
10 min

12. søndag i treenighetstiden
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: Neh 9,19-21
 Hebr 13,5-6
Prekentekst: Matt 6,24-34
Fortellingstekst: Joh 6,1-15
Poetisk tekst: Salme 145,3-6.13

Sjå på fuglane i lufta: dei sår ikkje og haustar ikkje og samlar ikkje i hus, og Far dykkar i himmelen føder dei likevel.Er ikkje de mykje meir enn dei? Matt 6:26

Ein tærande otte og ei tung sut ligg over dei fleste menneske i verda. Det er tanken på korleis ein skal få nok til seg og sine, kvifor nettopp eg skal ha det så vondt og trongt, og andre så rikeleg og godt. Det er ikkje berre verdslege og jordbundne menneske som sleper på denne børa, men også mange kristne.

Får me berre syn for det, så må det undra oss kor mange kristne det er som trur frimodig på Kristus som Frelsaren, som syndesonaren – men samstundes går nedtyngde av tunge tankar om framtida, om korleis dei skal få nok å leva av.

Rett som det er, kan ein møta slike kristne. Dei trur at Gud kan frelsa dei frå synda og fortapinga, men dei har tungt for å tru at Han kan gje dei nok mat og klede dei få dagane dei skal vera her på jorda. Det ser ut til at suta for dette livet har så djup rot i oss at det er mest uråd å b1i henne kvitt.

Men me kristne skulle makta å driva ho bort. Og når me ikkje gjer det, må grunnen vera den at me har fått for lite syn på Gud som Far.

Ser me etter i Bibelen, vil me finna at Jesus brukte mykje tid og mange ord til å få læresveinene sine til å forstå at Gud er Far for alle sine born. Og den dag i dag ser det ut til at dette er noko av det tyngste for kristne menneske å forstå og lite på.

Kvifor er det så mange misnøgde kristne?

Kvifor ser så mange så mørkt på framtida for seg og sine? Kvifor er mor så redd at barnet skal koma bort og gå under – r ikkje ho held det i handa? Kvifor knurrar me over vår lagnad ?

Fordi me ikkje trur på Gud som vår Far.

Hadde me enno hatt ørande lite grann nytte av å lessa oss ned med alle desse tunge tankane, kunne det enno vore litt meining i det; men det einaste me får til løn, er at me misser det vesle motet me har, så me får mindre og mindre livsmot og arbeidskraft.

Om det lukkast for oss å få sjå litt av det hav av trøyst som ligg i dette at Gud er vdr Far, så kan me ikkje anna enn undra oss og skamma oss over kor mykje vantrua styrer oss, og kor ørande lite me eig av den tiltru til Gud som me burde ha.

Trur du på Gud som Far ?

Eg meiner: Trur du på Han som din himmelske Far?

For ei dør som opnar seg for oss, når me så smått tek til å gripe med hjarta at Gud er Far, at Han er min Far! Men utan denne tru vert børa tung å bera. Då ser me motgang og trengsle, strid og strevsame dagar som ei  straff for synd og utruskap og som eit vitnemål om at Gud har gløymt oss. Kor kan me då anna enn missa motet og sjølv ta til å slepa på livsens tunge bør..

Men det er nettopp det Gud vil at me ikkje skal, og difor har han teke på seg å vera vår Far. Nei, han har har ikkje teke det på seg, men Han er det etter sin natur. Han kan ikkje vera noko anna – fordi Han i sanning er vår Far!

Det lever mellom oss ei forteljing om ei gamal fattig kvinne som ein dag kom slepande med eir vedknippe på ryggen. Ein mann som kom køyrande, stoppa og ba henne stiga opp i vogna. Ho takka og sette seg i vogna med knippet på ryggen. «No kan du  leggja frå deg børa,» sa mannen. «Tusen takk!», var svaret, «men det er då meir enn nok at hesten dreg meg, om han ikkje skal dra børa og!» Og så sat ho i vogna med vedbøra på ryggen...

Denne forteljinga høyrest utruleg ut, og eg veit ikkje om ho er sann. Men ein ting veit eg: Det sit mange kristne i Guds frelsesvogn med si livsbør på ryggen. Og når dei vert altfot slitne, ber dei: Herre, ta børa frå meg – men dei synest likevel ikkje at at det går an å å la Han få henne, og så ligg ho der fortsatt. Så veit me oss inga råd, så går det oss gale, så går det andre gale, og så går  vel snart alt gale.

Framfor alt desse velsigna borna våre, sukkar mor og far – korleis skal det gå med dei når dei må ut i verda som er så full av freisting, og så ser du alt så rådlaust. Men du, var det mor di som passa på deg då du laut ut i verda? Var det ho som frelste deg.

Du: Tru på Gud som Far!

Lat oss høyra nokre bibelord som talar til oss om Guds faderhjarta:

Sel dei ikkje to spurvar for ein skilling? – Og ikkje ein av dei fell til jorda utan at Far dykkar vil. Og jamvel alle håra på hovudet dykkar er talde. Så ver ikkje redde. De er meir enn mange spurvar. Matt 10:29-31

Men ikkje eit hår på hovudet dykkar skal forkomast. Luk 21:18

Gjer dykk inga sut for nokon ting; men la i alle ting dykkar ønskje koma fram for Gud i påkalling og bøn med takkseiing. Fil 4:6

Kan du gje slike ord rom i di tru og i ditt hjarta? Prøv å koma dei i hug, og prøv å tru dei, då misser du børa di.

De er meir enn mange spurvar!

«Difor seier eg dykk,» – det er Jesus som seier det – : Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka eller for lekamen dykkar, kva de skal kle dykk med. Sjå på fuglane. – Sjå på liljene! – Og kven kan leggja ein einaste alen til si livslengd – om han syter aldri så mykje?

O, kristen sjel, hold du kun stille
Og vær fornøyet i din Gud,
Ta av hans nådes rike kilde
Og akt hans forsyns vise bud!
Den store Gud, vår skaper, han
Best skjønner hva oss fattes kan.
(Landstad rev. nr 182, vers 3)

Når me her har føre oss ordet om Gud som Far, så fører tanken meg attende til min barndomshein. Garden var liten og huslyden stor, og far og mor klaga ikkje kvar gong det verkte i armen. Mest kvar haust drog far til byen og selde ved og kjøpte med seg korn heim.  Det var høgtid når han for, og høgtid når han kom att. Om vegen ikkje var så lang, kunne det henda han vart borte i vekevis. Den gamle jekta kunne ikkje føra segl all slags vind. Når han stod på dørstokken og skulle reisa, kunne heile barneflokken hengja omkring han med bøn om å kjøpa noko til dei i byen. Men når han då utan ord reiv seg laus ifrå oss med tungt hjarta, kunne me ana at det var noko inne i han som sa: Born, Gud veit at eg har hjartelag, men eg har ikkje råd.

Dette forstår eg betre no når eg sjølv er far.

Men, min ven, du som kanskje nettopp i dag slit med suta for mat og klede til deg og dine: Den Fader som Jesus i ordet i dag seier er vår Far, han har både hjarte­lag og råd.

Tru på han som din Far.

Du har lov til det.

Du ungdom, som nettopp har gitt livet ditt til Frelsaren og no skal leggja det vesle du eig i kofferten og dra ut i verda. I barndomsheimen kan du ikkje vera lenger. Du må ut i den ukjende verda, og otten for vondskapen der ute gjer deg redd. Du er urøynd og kjenner deg veik.

Kor godt eg minnest den dagen då eg snudde meg nede i vegen og såg meg attende og visste at no hadde eg ikkje lenger heimen min hos far og mor. Då rørde det hjarta, då gret eg sårt, fordi eg måtte bort, og fordi eg visste at synda og verda var sterkare enn eg.

Lat det vera det første og største mål for livet ditt, dette som står sist i ordet i dag: Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal du få alt det andre attpå. Då kan du gå med oppreist panne gjennom livet i den visse tru at Guds faderhand fører deg, og den handa er sterk som Gud er allmektig, og kjærleg som han er full av nåde og miskunn.

Og når du har kome til enden på vegen gjennom verda, skal du prisa Han som leia deg slik at alt vart rett til slutt.

Å, hvor usigelig god Herren er,
Inntil i dag, til i dag,
God imot alle,  mot meg dog især,
Inntil i dag, til i dag!
Aldri Han ennå av meg er blitt trett,
Bare jeg nå kunne takke ham rett!
Herren er nådig, ja, det har jeg sett,
Inntil i dag, til i dag!
(Sangboken nr 329, vers 3)

Tyngst er livet for deg som enno går med syndebøra på din veike rygg. Som bly ligg synda på eit sårt samvit, og du står trøytt og einsleg og stirer ut i eit endelaust rom, der du ikkje får svar på eit einaste spørsmål, og der ingen kan letta eit strå av di bør.

Men ville du søkja Guds Rike og gå inn til Han som aldri støyter nokon ut, så ville du også finna lys og du fekk sleppa di tyngste bør. Samvitet skulle verta fritt og sjela glad. Tåra skulle bli turka bort av ei varm og mjuk hand, og dei byrder som livet vil leggja på deg, vil Han be om å få bera.

Såleis er vår Gud. Kom til Han!

Som seg en kjærlig fader
Forbarmer over sine små,
så Gjør vår Gud og lader
Opp nåde ny hver morgen gå.
Akk, hvilken salig dag du fikk,
Om du begynte nå i dette øyeblikk! 


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
10 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Matteus evangelium  6: 24-34

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.