Publisert

Ein frelsar er fødd


Ca leselengde:
11 min

Julaften
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: Jes 9,1a.2.6-7 (A)
 1 Joh 1,1-4 (A)
Prekentekst: Luk 2,1-20 (A)
Poetisk tekst: Salme 98,1-2.4

Sjå, eg forkynner dykk ei stor glede, ei glede for alt folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. (Luk 2:10)

Det er noko underleg og dragande ved jula. Inga høgtid i året har så sterkt tak på oss som julehelga. Grunnane til dette er visst mange, og heller ikkje er dei alle gode. Men skal tru om ikkje den djupaste grunnen er god.

Meir eller mindre må vi alle sjå og sanna at det står ikkje rett til med oss. Vi  ber i barmen ein mann som klagar oss for synd og trugar oss med dom og straff.

Ned gjennom tidene har mennesket søkt på ulikt vis å få denne brysame mannen til å teia. Men det har aldri lukkast. Livet har alltid stadfesta at han tala sant.

Tid etter tid har det stige fram menn  -  ofte av dei beste som ætta har fostra  -  og ropa ut at no skulle den dømande røysta i bringa tagna, for no var vi på god veg til å vinna over det vonde. Og folkeskarane har samla seg om dei i stigande lengting og håpa på lysare tider.

Vi som ikkje lenger er unge, hugsar nok kor mange det var som ei tid sette sitt håp til den europeiske kulturen. No var vi komne så langt i kunnskap, i danning og moral at krig var utenkeleg, sa dei. No hadde folk lært å styra både seg sjølv og andre. No heldt vi på å stiga over dørstokken til paradiset. No var det berre å få litt meir kunnskap om korleis folk skulle leva, så var vi berga for all framtid.

Synda var berre ein sjukdom, som ein smått om senn kunne fri seg frå, ved viljespaning og auka kunnskap og danning.

Det trudde mange...

Og så ein dag låg den lyse draumen knust - som eit fint glas under ein jernhæl. Det fagre byggverket var bortblåse som eit strå i stormen.

No ser alle som vil sjå, at den høgpriste kulturen var berre eit skal, ein tynn ferniss utanpå den gamle, vonde menneskenaturen, som atter har vist seg å vera likeså rå og vill som nokon gong før.

Men likevel vil ætta endå prøva å berga seg sjølv. Mange - og det av dei største og beste - tvilar nok på at det vil lukkast, men dei kjenner ingen annan frelsar. Og så slår dei atter inn på den gamle, håplause veg. Som ein såra og blødande mann ligg mennesket no og stirer ut i det endelause rom etter hjelp. Tårer, blod, svolt, frost og sjelesmerte kor ein vender seg. Det brusar og ropar: vi må ut frå dette, ut til fred og lukka! Og så renner dei skallen i mot fjellveggen - som så ofte før. Og dette vil vara ved til ætta ikkje orkar meir, fordi dei leitar etter ein utveg der ingen utveg er.

Men den dømande mannen inne i bringa, han tagnar ikkje. Han talar, han ropar. Og mennesket høyra, meir eller mindre.

Skal tru om det ikkje er dette som gjer at jula dreg oss så sterkt? Vi må sanna at det står gale til, vi trong kanskje litt hjelp. Ja, kanskje vi trong mykje hjelp? Ein frelsar!

Og nettopp det er det jula minnar oss om og gjev oss.

-----

Frelsaren er komen. Jesus Kristus.

Han kjenner oss. Han veit at vi ikkje kan berga oss sjølv. Og så har han teke på seg å berga oss, om han får lov.

Han steig ned til oss. Han let seg føda som menneske og gjekk inn under våre kår. Og frå første stund han anda her på denne syndfulle jord, let han himmel-hærane syngja ut desse fagre jubelfylte ord: Ein frelsar er fødd!

Tenk om alle menneske verkeleg høyrde dette! Tenk om dei trudde det og vende seg til Kristus!

Tenk om folk gav opp strevet med å frelsa seg sjølv og søkte frelsa hjå Kristus. Då ville gåta vera løyst med ein gong. Men dette kan dei stolte, sjølvgode menneske så vanskeleg forstå, vil heller ikkje. Så må dei endå ein gong prøva sin eigen veg.

Men til sist vil alt smuldra bort, alt håp om berging ved menneskemakt vil vera ute. Først då vil mennesket bøya sin stolte nakke for Jesus Kristus.

Det er mi visse tru at det finst inga hjelp for oss utanom Kristus. Men det er også mi tru at ein gong skal kvart kne bøya seg og alle tunger sanna at han er Herren. Måtte ingen av oss vera mellom dei som må sanna dette ved porten til den evige død.

Den som kunne hjelpa folk til å sjå dette! Den som kunne opna øyro, augo og hjarto for at Frelsaren er fødd!

At tid etter tid skal rulla bort, at folk skal lida og lengta utan å finna Frelsaren, det er ein sår tanke og ei tung bør for alle som har erfart at Kristus kan hjelpa.

Vår nød er stor,
i dødens natt vi bor.

Men brodden i nauda er at dei ikkje vil sanna at folk er hjelpelause.

-----

Du som les dette, du som år etter år har høyrt ordet om Frelsaren, du som sat på fanget til far og mor og lærde å syngja om han som kom til jord - er du frelst?

Har du i han funne vegen ut frå den maktesløysa og dom som ligg over livet? Veit du kva det vil seia at ein frelsar er fødd?

Om du ikkje veit det, så vil eg be deg så godt eg kan at du no i dag tek i mot Frelsaren. La ikkje fleire år av livet ditt gå utan at du finn han som gav seg sjølv for oss, så vi skulle bli frelste. Du kan nok synast at det går an å leva borte frå han. Men det kjem ein dag då du skal gjera rekneskap for livet ditt framfor den hellige Gud. Då vil du ikkje greia deg utan Frelsaren. Han som vart lagd i "krubbeseng", må stå ved vår sida om det skal gå oss godt.

Kanskje nettopp denne juledagen er den avgjerande dagen for deg. Om du no gav deg til han, så ville du all di tid bera denne dagen i minnet som den fagraste i ditt liv.

Sjølv var eg ein gong ein vill, tankelaus ungdom utan fred og utan kraft til å vinna over ei einaste synd i mitt liv. Så kom den store dagen då eg gav mitt liv til han som i Guds ord har lova å frelsa meg. No er eg ikkje lenger ung, men i alle desse åra har han vore min Frelsar - det kan eg ikkje nekta. Han har aldri snudd meg ryggen, men hjelpt meg i all mi maktesløysa og naud. Fekk eg sår i striden, så lækte han dei. Gjekk eg stundom med tunge, tvilande tankar, så kom han med lys. Alt godt som finst i mitt liv, har eg fått av han.

Til denne Frelsar, som eg sjølv har lært å kjenna, bed eg deg no. Eg kan ikkje tvinga deg, vil heller ikkje, men eg kan beda deg om å koma. Ikkje eingong Gud kan tvinga deg.

Og finner du ham,
da finner du alt
hva hjertet kan evig begjære,
Da reiser seg atter hvert håp som falt
og blekner så aldri mere.
(Sangboken nr 221)

-----

Om eg har lært å kjenna mennesket rett, så er det nok mange som gjerne vil verta frelste, men dei kan ikkje finna fram til frelsa. Dei lengtar etter fred, dei ber Gud om å finna freden, dei gav i frå seg kva det skulle vera for å få fred, men kjem ikkje lenger. Er det ingen utveg?

Jau, her er ein utveg, berre du kunne få auga på han. Om du no ville venda synet ditt ei ørande lita stund bort frå deg sjølv og til Jesus Kristus, så var du berga. Men du går berre og grublar over deg sjølv, og så finn du aldri noko anna enn det som er gale. Så prøver du å retta på det forderva hjarta ditt, men det mislukkast, og så gjev du opp.

Du, høyr no på meg ei lita stund! I hjarta ditt skal du leita etter grunnen til at du treng ein frelsar. Når du så har funne ut at du ikkje kan hjelpa deg sjølv, så skal du venda deg til Kristus. Du skal ikkje leita i hjarta ditt etter frelsa. Du skal leggja heile livet ditt på han, så tek han di skuld, og du får att hans forteneste.

Dette skal du tru. Du skal - i åndeleg meining - ta han på armane dine som gamle Simeon gjorde. Då er du frelst. Ikkje fordi du er god, men fordi han er det.

Dette er vegen til Frelsaren.

Meg til frelse jeg intet vet
uten deg Guds lam.
Ene i din rettferdighet
skjules all min skam.
(Sangboken nr 273)

 

Hvordan det føles og hvordan det går,
barn skal du enda få være.
Om du enn synder og anklaget står,
slipper du selv for deg svare.
Også i livets mørkeste stund
gjelder der oppe nådens forbund.
Hvordan det føles og hvordan det går,
barn skal du enda få være.
(Sangboken nr 236)

Men også mange av dei som eingong fann fram til fred og i sæl gleda song julesong, kom på nytt inn i mørke og ufred. Det er så mykje som møter også ein kristen her i livet. Alt går stundom på tvert. Livet ditt vart ikkje til det du tenkte, enten du no ser på det reint menneskelege eller det kristelege. Heimen du bygde og borna Gud gav deg, vart til sorg og klage for deg. Alt det du var og det du er, ligg over deg som ei tung bør og som ei mørk sky. Du som var så glad og song som ei lerke, du syng ikkje lenger. Du er motlaus og tyngd av skuld og skam. Frå hjarta strøymer sukk i staden for song.

Å ja, det er nok fleire enn du som har grunn til å sukka. Vi er mange som ber på den same klage, at det gjekk ikkje som vi ville, og som det også skulle ha gått. Vi er mange som skjemmest fordi vi ikkje rakk lenger, til æra for han som gav oss så mykje.

Men difor har vi ikkje anten rett eller grunn til å gi opp og hysa tvilande tankar. For også for oss er ein frelsar fødd.

Han er ikkje fødd berre for å vera vår Frelsar den første gongen vi kjem til han som hjelpelause armingar. Han er heller ikkje Frelsar berre for dei som har medgang i livet og synest få alt til å lukkast. Han er vår Frelsar alltid - også for dei som ingenting får til, men som utover heile livet må ha hjelp oppatt og oppatt. Også denne julehelga er han såleis.

Denne trøysta skal du no gripa på nytt, akkurat som du første gongen greip henne og fann fred. I dag skal du atter venda synet bort frå deg sjølv og til Frelsaren din. Endå ein gong skal du leggja livet ditt på han.

Om du vågar dette spranget, så druknar all di sorg og synd i Guds store frelsehav. Så syng du på nytt om "fryd og fred" så "helvete må skjelve ved din julesang å høre".

Du motlause, trøytte kristen, gjer din Frelsar denne æra. Gi han denne store julegåva, som han framfor noko anna set pris på å få. Den at du legg livet ditt på han og trur at han er nok for deg også no.

Då held du jul etter Guds vilje, fordi du tek i mot Jesus som din Frelsar.

Og blandes enn min frydesang
med gråt og dype sukke,
Så skal dog korsets hårde tvang
meg aldri munnen lukke.
Når hjertet sitter mest beklemt,
se da blir frydens harpe stemt
så den kan bedre klinge,
Og korset selv, når Jesus vil,
må også hjelpe sjelen til
en lovsang ham å bringe.
(Sangboken nr 638)


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Teksten er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli.

 


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
11 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  2: 10-11

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.