Publisert

Fariseisme og kristendom Matt 5:20-26


Ca leselengde:
12 min

19. søndag i treenighetstiden
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: Salme 36,6-11
 Gal 5,16-26
Prekentekst: Matt 5,20-26
Fortellingstekst: 1 Mos 1,1-2,3
Poetisk tekst: Salme 119,101-105

For det seier eg dykk, at er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda til dei skriftlærde og fari­searane, så kjem de aldri inn i himmelriket. Matt 5:20

Dette er sterke ord av Jesus, og ingen treng tvila på kven han meiner. For oss som lever mange hundre år etter denne tid, tek det seg ikkje så svært ut. Me ville betre forstå kor harde og dømande desse orda i grunnen var, om me tenkjer oss at Jesus hadde sagt dei orda til oss som no ber arbeidet i Guds Rike på jorda.

Grunntanken i ordet i dag er den, at vil me koma inn i Guds Rike, så må me eiga ei mykje større rettferd enn den farisearane og dei skriftlærde har. Av desse og mange andre ord av Jesus får me vita at farisear-synet fører oss bort frå Kristus.

Det som skil fariseismen frå kristendomen, og som gjorde at Jesus fekk sine verste fiendar mellom farisearane og dei skriftlærde, var ikkje så mykje den ytre måten å vera på, som det indre liv. Det er frå det indre livet at skilnaden spring ut, og nettopp dette gjer farisearsynet så farleg at Jesus kunne seia til læresveinane sine:

Framom alt, ta dykk i vare for surdeigen til farisea­rane. Luk 12:1

Det seier eg dykk for sant: Tollmenn og skjøger kjem før inn i Guds rike enn de. Matt 21:31

Men ve over dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! De stengjer himmelriket for folk, sjølve går de ikkje inn, og, dei som gjerne ville, let de ikkje få koma inn. Matt 23:13

Jesus har aldri sagt så harde og dømande ord til nokon som til farisearane og dei skriftlærde.

Kva er det då ved farisearsynet som gjer det så farleg, og som går så stikk imot kristensynet?

Det lever mange kristeleg interesserte menneske mellom oss som mest ingen ting veit om kva det er å vera ein farisear. Etter det rykte som har samla seg om dette namnet, trur dei helst at farisearane er vrange, fæle men­neske, som ein ikkje bør koma nær. Dei som har dette synet, burde lesa det Luther skriv om farisearane. Han seier mellom anna:

Jesus tek ikkje her til å tala til vanlege småfolk, men mot dei aller beste, mot dei som var kjerna og til pryd i folket og lyste for andre som sola. Det fanst ikkje nokon stand som var meir å rosa. Den som ville nemna ein heilag mann, måtte nemna ein farisear. Farisearane levde fint i det ytre og braut ikkje eit einaste Guds bod. Dei heldt seg frå framande gudar, dei gjekk i skinnande klede og bar namnet farisearar; det vil seia dei som har skilt seg ut og var betre enn andre. Like eins med dei skriftlærde, også dei høyrde til dei beste i folket, dei var lærde i Guds lov og elles i Skrifta, så dei lærde folket, ga lover og dømde i alle ting. Dei var dei beste, dei lærdaste, dei mest gudelege i folket. (Luther)

Likevel tør Jesus nemna dei på namn og tala lastande ord til dei. Ikkje til kvar einskild person, men til deira stand. Og han lastar ikkje berre ymse synder hos dei, det er deira rettferd og liv han refsar og riv ned så heilt ned til grunnen, at han seier himmelriket er stengt for dei, og han dømer dei heilt ned i helvetets eld.

Desse orda av Luther synest samstava med det Paulus seier om den same saka. Då han stod for retten, klaga av folket sitt, forsvarar han seg slik:

Brør! Eg er ein farisear, og av farisearætt. Det er for ei von skuld, den at dei døde skal stå opp att, at eg  no står for retten. Apg 23:6

Alt frå første ungdomen har eg budd mellom folket mitt og i Jerusalem, og alle jødar kjenner til korleis livet mitt har vore. Dei veit frå før, dersom dei berre vil ut med det, at eg har levd etter den strengaste læra i guds­dyrkinga vår — levd som ein farisear. Apg 26:4-5

Og i brevet til dei kristne i Filippi skriv han:

Om ein annan tykkjer at han kan lita på kjøt, så kan eg det enno meir. Eg er omskåren den åttande dagen, er av Israels folk, av Benjamins ætt, ein hebrear av hebre­arar, i syn på lova ein farisear. Fil 3:5

Men når det er så mykje godt hos farisearane, korleis kan då Jesus seia så mange tunge og dømande ord imot dei, og korleis kan dei verta hans verste fiendar?

Fordi ein farisear er ein hyklar. Han gir seg ut for det han ikkje er.

Han er lik ei kalka grav: fin utanpå, men fæI inni.

Han ser ut som ein gudeleg mann, men i hjarta er han i djupaste grunn gudlaus. Han silar av myggen, men svelgjer kamelen. Å sjå til for folket er han rettferdig, men innvendig rår hyklarskapen og styggedomen.

Saka er den at det kravet farisearen set til seg sjølv, går aldri lenger enn til det ytre liv. Der stansar han, og vil ikkje lenger. Han trur at det er nok.

Er det nok for deg?

Jesus seier i ordet i dag at det er ikkje nok for Gud. Han seier også at er ikkje vår rettferd mykje større enn den farisearane har, så kjem me aldri inn i himmelriket.

Her fell det naturleg å koma med det spørsmålet: Kva slag rettferd er det då eit menneske må ha for det kan koma inn i himmelriket?

Det ligg så nær å svara med ein gong at det er den rett­ferd me får ved trua på Kristus. For det er den einaste rettferd som me kan stå framfor Gud med. Men likevel er det eit spørsmål om det er den Jesus meiner her, når han talar om «dykkar rettferd.»

Ser me på dei orda Jesus brukar lenger fram i talen, vil me finna at han legg eit heilt anna mål fram for oss enn det farisearane brukar.

Kvart menneske som ikkje vil hykla, men vera ærleg for Gud, må sleppa Guds krav og Guds vilje heilt inn i hjarta. Det må krevja av seg sjølv at ikkje berre det ytre liv er i orden, men også det indre. Hjarta må vera rett for Gud. Tankane, viljen og kjensla må vera reine. I alt sitt liv må ein vera sann og heil.

Medan farisearen slår seg til ro med eit fint liv i det ytre, må den ærlege også få det indre rett for Gud heilt ned i livsens djupaste grunn. Medan farisearen vert meir og meir nøgd med seg sjølv, vert den ærlege meir og meir misnøgd med seg sjølv, fordi han ser at det er så mykje vondt og ureint hos han som må bort, men som han ikkje kan få bort.

Medan farisearen slår seg til ro med den kalka grava, riv dei ærlege kalken av grava og tek striden opp mot sjølve synda inne i hjarta. Visst veit me at dei taper i denne striden mot sitt eige hjarta og vert liggjande som hjelpelause syndarar framfor Gud, fordi dei til slutt ser at dei maktar ikkje å driva det vonde ut. Kravet me set til oss sjølve kan ikkje gjera oss eit hår betre enn me er. Men likevel er det rettferdskravet som også siktar på det indre livet, mykje større enn farisearkravet, og nettopp fordi det er større, vert dei som let seg driva av det, liggjande ved den døra der Guds frelsarhand kan få ta dei og leia dei inn i Himmelriket.

Det kravet farisearen set til seg sjølv er så usant at det meir enn noko anna gjer det vonlaust for han å verta frelst. Den som lenge løyner det vonde bak ei gudeleg maska, han trur til slutt at denne maska er sann kristen­dom. Men da er han verre stelt enn den uslaste synde­slave; for den «store» syndaren veit at han må venda om dersom han skal bli frelst, men farisearen trur at alt hos han er rett, enda alt er urett.

Og så sveiper tusentals menneske seg i denne grufulle løgn at når dei lever fint i det ytre og er litt kriste­lege attåt, så skal dei verta frelste når dei døyr. At det må ei omvending til for dei som har kasta seg ut i synd og skam, det er noko som mest kvar mann trur, men eg som lever så pent og så rett at ingen har noko å seia på meg, eg som høyrer Guds Ord og gir og hjelper her og der, skal eg gå fortapt?

Nei! ropar den store mengda, sterkare no enn nokon gong før. Er Gud så hardhjarta og streng at han for­dømer den som lever så godt han kan? Nei! nei! det er umoralsk, det er rått å tru slik om Gud! ropar dei. Gud er då vel ikkje meir hardhjarta enn eit menneske!

Og så slår dei seg til ro med at alt er bra og at Gud er snill.

At ikkje gode menneske kan koma i himmelen, det er meiningslaus tale for dei fleste no, og at det berre er for­tapte syndarar som Jesus kan frelsa, og berre atterfødde sjeler som kjem inn i Guds rike, det er enno meir mei­ningslaust.

Eg ottast for at mange, mange av dykk som les dette, er sveipte i denne farlege farisear-kåpa, så de tenkjer med dykk sjølv at de skal koma i himmelen fordi de er bra menneske.

Måtte du vakna og sjå at du er dåra. Og måtte du vera så vis at du let Guds Ånd opna døra til ditt syndefulle hjarta, så Guds heilage lys kunne få sleppa inn. Da ville også du siga saman framfor Frelsaren som ein hjelpelaus syndar og ropa om nåde. Og da ville også Jesu ord: «Sæle er dei som hungrar og tørstar etter rettferd», bera deg inn til samfunn med Gud.

Når synderen rett ser sin våde,
i sjelen dypt bedrøvet går,
og Jesus kommer med sin nåde
og legger den på hjertets sår,
da slukkes sorgen salig ut,
da blir der glede stor i Gud.

Såleis kan ein frelst syndar syngja, men aldri ein som trur han skal verta salig når han lever så godt han kan.

Men lat så også oss kristne ta til hjarta Jesu ord om at me skal vakta oss for surdeigen frå farisearane.

Vil me vera heilt ærlege, skal me snart finna kor nær det ligg også for oss å gje oss ut for det me ikkje er, og for å vera betre enn me er. Me kan rett som det er krevja mykje av andre, og leggja byrder på andre sin rygg som me sjølv ikkje vil ta. Me kan vera mykje gudelege i munnen, men verdslege i handel og vandel og heime mellom våre eigne. Den ytre sida som var så lysande og kristeleg i venelaget og på møta, den kjem reint bort i kvardagslivet, i grannelaget og i forretninga.

Kva er det ?

Det er fariseisme.

Det er å gi seg ut for det ein ikkje er.

Denne surdeigen verkar med stor kraft mellom oss kristne også no, og for kvar tid som går, syrar han meir og meir heile deigen, utan at den store mengda av dei kristne sansar det, eller vil sansa det.

Så kappast me om ros og æra, så dreg me til torgs med våre gode gjerningar og fyller spalte etter spalte i våre kristelege blad med ros over «meg» og «mitt» og «mine». Men alt er sveipt i den finaste og mest åndelege kledning.

Av alle dei synder som no tærer på norsk kristendom, er vel denne ei av dei største. Mange kristne leiarar og forkynnarar dyrkar denne synda, kjæler for henne, stil­ler henne ut, slår mynt på henne og vert harme når nokon tvilar på at det er sann kristendom. Så sikkert som klokka tikkar, et denne synda seg meir og meir inn i det almenne kristenfolk under skinn av gudelegdom og kristen-kjærleik.

Hjarta mitt er fylt av sorg medan pennen går over pa­piret med desse tunge og straffande orda over mine med­kristne, og fra mi ånd stig denne bøna fram:

Gi tørst etter Ånden, gi trang til ditt Ord
gi du meg å vandre mer helt i ditt spor,
mer ydmyk og lydig, mer avdød fra meg,
mer lysende hellig, mer, Jesus, lik deg.

Herre, hjelp oss at ikkje farisearsurdeigen skal få makt over vårt kristenliv!


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
12 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Matteus evangelium  5: 20-26

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.