Publisert

Fedrelandet (17. mai) 1. Mos 28:13


Ca leselengde:
10 min

Og sjå: Herren Gud stod over stigen og sa: Eg er Herren, Gud til Abraham, far din, og Gud til Isak. Dette landet der du no liggi, vil eg gje deg og ætta di! 1. Mos 28:13

Heim og fedreland har ned gjenom tidene vore to av dei fagraste ord som har lydt for menneskeøyra, og kjær­leiken til heim og fedreland har lokka fram den finaste poesi, dei fagraste tonar og det største offer av teneste, liding og smerte.

Sjølv den mest storskrytande internasjonalist, som i fredstid rosar seg av at han ikkje har noko fedreland og difor vil riva ned grensesteinane mellom folkeslaga, han også vert grepen av denne makta når fienden går mot grensa til landet hans, og den argaste antimilitarist tok så ofte børsa på aksla når framande hærar ville herja fedrelandet.

Me må difor spørja både oss sjølve og andre: Kva er det for ei underleg makt som ligg  løynt i dette me kallar fedrelandet? Noko uvanleg stort og sterkt må det vera, anten det så er vondt eller godt – når det kan få både fredsame og feige folk til å ofra liv og blod for seg.

Frå dei eldste tider har kjærleiken til fedrane vore ei stormakt, både hos den einskilde mannen og i folkelivet. Det kan ingen nekta. Også Bibelen vitnar om det. Nokre av dei mest gripande vitnemål om elsk til heimen og fedre­landet finn me nettopp i Bibelen.

For patriarken Jakob var livskvelden komen. Han satt på kanten av si dødsseng i eit framandt land og lengta til heimlandet. Då sende han bod til sin kjæraste son og sa til han:

Kjære, dersom eg har funne velvilje hos deg, så legg handa di under hofta mi og syn meg den kjærleiken og truskapen at du ikkje gravlegg meg her i Egypt. Men når eg går til kvile hos fedrane mine, før meg då bort frå Egypt og legg meg i grava deira! Og han, Josef, svara: Eg vil gjera som du seier. Då sa han: "Gjer eiden på det! Og han gjorde eiden sin på det. Og Israel  bøygde seg ned over hovudgjerdet i senga, og tilbad. 1 Mos 47:29-31

Ikkje lenge etter døde han, og det siste han sa – som me veit om – var desse orda:

Eg går no til folket mitt! Gravlegg meg då hos fedrane mine, i den helleren som er på jordet til Efron, hetiten. – Der gravla dei Abraham og Sara, kona hans, og der gravla dei Isak og Rebekka, kona hans, og der gravla eg Lea. 1. Mos 49:29-31

Den same djupe trong kjem fram også hos Josef han ligg for døden:

Josef sa til brørne sine: Eg døyr, men Gud skal visseleg sjå til dykk og føra dykk ut or dette lan­det til det landet han med eid lova Abraham, Isak og Jakob. Så tok Josef Israels-sønene i eid og sa: Gud skal visseleg sjå til dykk, og då skal de føra beina mine opp herifrå. 1. Mos 50:24-25

Seinare i tida måtte Israelsfolket enno ein gong bort frå sitt land. Det var då dei vart sagt, desse hjartesåre orda:

Korleis kunne me syngja Herrens song på framand jord? På vidjene der hengde me harpene våre. Sal 137:4, 2

Det er akkurat den same trong som kjem fram hos så mange av våre landsmenn i Amerika. Me vil heim att til Noreg og døy, seier dei. Me vil ha vår grav attmed fed­rane i heimlandet.

Av mange grunnar vert det berre eit ønskje for dei fleste, men ønskjet er der både djupt og  sterkt.

Ser me etter i Ny-testamentet, finn me kjærleiken til fedrelandet også der. Paulus var ein av dei mest vid­synte og vidhjarta menn som har levt, i visse måtar ein større internasjonalist enn dei fleste. Men ingenting grip han så djupt som tanken på hans eige folk, som han ser går mot ulukka.

Og Jesus sjølv seier til kananearkvinna at han berre var sendt til Israel. Då han sat på ryggen til eselfolen og gret over Jerusalem, kan me vera visse på at kjærleiken til fedrelandet var med og lokka tårene fram.

ekte menneske var Jesus!

Det er ikkje eit grann meir urimeleg i det enn at det står: Han (Jesus) fekk han (den rike unge manner) kjær, eller: den læresveinen Jesus elska.

Kva er då fedrelandet for noko?

Tenkjer me etter, vil me finna svaret i sjølve ordet. Det er landet til fedrane våre.

Her lever, strir, arbeider, elskar og lir mi ætt. Her under gravhaugane søv mine fedrar.

Her mellom fjordar og fjell, på holmar og øyar, i dalar og på sletter bur mitt folk.

Her er eg fødd, her budde far og mor, her stod mi vogga.

Fedrelandet – det er hytta der eg skreik mitt første skrik, der mor tok meg i armane sine og ga meg mat og drikke frå sitt eige bryst.

Fedrelandet – det er staden der eg lærde å krypa og gå, der eg skvatt mellom tuna, der eg gjorde ugagn og der eg fekk ris. Der eg susa avstad på kjelke og ski nedover bakkane der eg stampa meg fram i snøen med mat til far ute i skogen, og der steinane som eg steig på med min lette barnefot, ligg likeeins den dag i dag.

Fedrelandet – det er elva der auren sym, det er sjøen og stranda med båt og segl, snøre og garn, sild og fiskestim. Det er fiskarflåten langs Noregs strender, det er gubbane i sjøstøvlar, oljehyre og sydvest, det er bonden som spren­gjer stein, bryt stubbar og går etter plogen.

Fedrelandet – det er mannen og hesten i dei djupe, stille skogar, det er sæterjenta med geit og ku, sau og gris, søt­imjølk og rømmegraut. Det er bukkehorn og ljomande lur, som får fjellet til å spela og syngja, det er læraren i skule­stova, presten i kyrkja og lækpreikaren med kofferten i neven og Bibelen i lomma.

Dette, og mykje meir, er:

Norge, Norge
blånende opp av det grågrønne hav,
øyer omkring som fugleunger,
fjorder i tunger
innover dit hvor det stilner av.
Elver, daler
følges av fjellene, skogås og li l
angelig etter. Straks som det letter,
sjøer og sletter,
helgedagsfreden med tempel i.
(Bjørnstjerne Bjørnson)

 

Det er mitt fedreland!
Eit underleg land!
Eit fagert land!

Dess meir eg lærde det å kjenna, dess meir det sleit meg ut, dess meir lærde eg å elska det.

Av alle land eg såg, var Noreg det fagraste.

Her eig naturen den høgste kunst og den finaste poesi. Her syng fuglane fagrast, her angar blomane best. Her til oss kjem songfuglane som barnet til mor frå utlandet og syng til hennar pris.

Her stig det stort og blått,
vårt fagre heimlands-slott,
med tind og tårn;
og som det ervdest ned
alt fagrar' led for led,
det byggjast skal i fred
åt våre born.
(Arne Garborg)

Men fedrelandet er mykje meir enn alt dette. Det er mellom anna, også det målet me talar. Når lyden i barne­munnen formar seg til ord, som mor forstår, og når mor og far og alle dei andre eg møter av mitt folk, opnar mun­nen til tale, då skjønar eg det dei seier.

Har du nokon gong stått i eit framandt land mellom tusentals menneske som tala, utan at du forstod eit ord? Då kjenner du deg som utlending,  einsleg og fattig. Men då lærer du også å takka for at her er ein stad på jorda der folk forstår deg, og der du forstår dei. Det er heime i fedrelandet.

Harald åtte inkje stål betre til sitt yrkje;
Olav og ved dette mål bygde opp vår kyrkje;
tunga tala, borna log,
folkelukka aldri dog.
Me som her ei mor har ått
opp i desse dalar,
Å! Me veit det godt,
kor så hjarta talar -
veit at målet hennar mor
har for oss dei rette ord.
(Anders Reitan)

Vårt mål, vårt morsmål, er ein stor part av fedrelandet. Men hjartebladet og hjarteblodet i alt som heiter fedreland, er mor. Når mor er borte, har du mist det beste landet gav deg. Då er døra knust i det fagraste slott i fedrelandet. Når barnet stig over dørstokken og skal ut i verda, bort frå mor, då tek det smått om senn å skjøna kva dei åtte i mor. Då stirer det mot heimen frå kvar ei krå i verda:

No stend ho steller i kjøkenkrå,  ho mor
ho er så gamal, ho er så grå, ho mor.
Å, var eg katten i mjuke skinn
som kjæle fær seg som barnet inn til ho mor!

Å, tru den tidi fekk rundt seg snutt, du mor!
Eg reknar time og kvar minutt, du mor!
Å, kunne eg stige med sju-mils steg
og sitja ei ørlita stund hjå deg,
du mi mor!
(Arne Garborg)

Mor, ja, mor – verdens beste kvinne!

Ho bles varme i mine frosne fingrar. Ho tok av meg dei våte stivfrosne kleda. Ho la meg i senga og turka tåra.

Ho spann og bøtte medan andre sov, og var likevel på tunet når sola rann.

Ho lærde oss julesongane medan rokkehjulet sveiv, og las Fadervår før me blunda.

Ho streika aldri, enno ingen gav henne løn, og få takka henne når veka var slutt.

Du velsigna mor!

Du er hjarta og ryggmargen i heim og fedreland. Når du vert trakka på og vanvyrd, då har me ingen heim – inkje fedreland meir.

Men eg takkar deg og ærar deg, du mi mor, der du ligg i di grav:

Du turka tårer av mitt kinn
så mang ein Herrens gong
og kyste meg som guten din
og bles meg uti barmen in
min sigersfulle song.
(Aasmund O. Vinje)

Noregs ungdom: Elsk di mor, din heim og ditt fedre­land. Det er Guds vilje til oss.

Men først og sist skal me elska Han som gav oss mor og fedreland, og som har sett porten open for oss inn til eit enno fagrare land. Der skal me møtast med alle dei som tok imot frelsa i Kristus, så sant me også har gitt Han vårt hjarta.

Å, tenk når engang samles skal
De frelstes menighet
Av alle folkeslekters tall
I Himlens herlighet.

Der er vårt rette Fedreland.


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
10 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  1. Mosebok  28: 13

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.


foross.no
Han som ikke visste av synd, har han gjort til synd for oss, for at vi i ham skulle få Guds rettferdighet. (2 Kor 5,21)


Kontonummer: 1503 82 08168 /  post@foross.no
Foross.no på sosiale medier:  Facebook /  Twitter /  Instagram

Nettstedet er utviklet av Steinar Olsen / Osel.no. Logo og grafisk profil er utformet av Creo-x AS.

Ingen tekstrekke spesifisert. ref: kk_tr2011(),switch(tekstrekke),default: