Publisert

Fortapt – frelst Joh 3:16-21


Ca leselengde:
10 min

Søndag før pinse
Tekstrekke 2
 
Lesetekster: Sak 14,6-9 eller Apg 26,1-3.20-29
 Åp 21,22-27
Prekentekst: Joh 3,16-21
Fortellingstekst: 1 Mos 11,1-9
Poetisk tekst: Salme 27,1.4-5.11.13

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på Han, ikkje skal verta fortapt, men ha evig liv. Joh 3:16

Det er to ord i Bibelen som på ein sers måte ber i seg heile menneskelivet som det er og som det vert. Det er desse orda: frelst og fortapt.

I Ordet i dag står det at Gud elska så me ikkje skulle fortapast.Det tyder ikkje det same som at no er det uråd for oss å verta fortapt, men det vil seia at her er laga ein utveg, så me kan verta berga.

Det finst vel ikkje eitt ord i Bibelen som folk så lite likar å høyra, og som dei reiser seg i mot med slik harme som læra om den evige fordøming. Uviljen er så sterk at det skal mot til å tala om dette emnet.

Og eit hardt og tungt ord er det, det må alle sanna. Men likså hardt som dette ordet er, likså visst er det at ein gong må det koma ein evig skilnad millom vondt og godt.

Så sant mennesket er ein udøyeleg skapning, ein per­sonlegdom som døden ikkje kan gjera til inkjes, men berre flytta over i ei anna verd, så sant må det eingong koma ei utskiljing. For så sant det vonde ikkje ligg berre i lekamen, men først og fremst i sjel og ånd, så sant kan heller ikkje døden omskapa eit menneske. Da må det døy som det levde. Da må treet liggja som det fell.

Var det ikkje så – skulle vondt og godt vera blanda, vera saman også etter døden – så ville all tale om «frelse», om «him­mel» og «evig sæla» vera berre tomme ord. Da kunne vi likså godt vera her vi er. Var det nokon himmel, dersom det vonde fylgde med dit? Var det meining i å tala om evig frelse når gudlause menneske framleis skulde få driva sitt verk og leva etter sine lyster mellom oss?

Nei, nei!

Vondt og godt må skiljast ein dag.

Himlane ventar på denne dagen, og ropet stig opp for Guds kongsstol frå dei sjeler som var myrda for Guds Ord og det vitnemål som dei hadde. Herre, du hellige og sannordige, kor lenge dryg du før du held dom?

Kva vil det då seia å gå fortapt?

Når det gjeld å få fram den djupaste meining i desse tunge orda «fordømt og «fortapt», så kan visst ingen svara. Ingen kan skildra fullt ut kva det er å vera frelst, ingen kan heller seia fullt ut kva det er å vera fordømt. Ein må røyna det før ein kan det.

Men noko av det som denne tunge sanning ber i seg, trur eg vi kan finna fram og seia til kvarandre utan å ta feil.

Og da vil eg seia: Fortapt, det er at livet mislukkast for eit menneske. Ein vart ikkje det ein var tenkt til. Livet vart spillt for ein sjølv.

Den fagre skatten – livet – vart kasta bort. Eller som Jesus seier, at ein tok skade på si sjel. Dette tapet er så stort at Jesus kan seia: «Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper sjela si? Eller kva har eit menneske å gi i bytte for sjela si?»

Når sjela er tapt, er alt tapt.

Så stor verdi har vår sjel.

Det er ei dyr vare vi ber i barmen.

Fortapt, det er å vera komen bort frå Gud.

Eit menneske som er skilt frå Gud, er – etter Guds Ord – fortapt. Det er fortapt alt no her i verda, men ikkje i den meining at det aldri kan bergast, men slik at det har komme bort, og vert det ikkje attfunne, så er det inga von.

Vil du seia det til deg sjølv, du menneske som er borte fra Gud, at du er fortapt?

Sei det og tru det, så kan det henda at du får litt meir lys over kva det i grunnen vil seia å vera fortapt og å gå fortapt. Da kan det også henda at du ikkje lenger vil sjå ein hard-hjarta Gud, som har laga eit helvete for deg, men at du får sjå eit hardnakka menneske, som heiter du sjølv, og som har bygt seg sitt eige helvete. I staden for å verta harm på Gud ville du då sjå at du er den skul­dige, som har grunn til å harmast på deg sjølv.

Fortapt: det er å ha kjempa seg forbi Gud.

Det er å vera der Gud ikkje lenger når ein. Menne­sket har kome forbi den grensa der Guds frelsararm når. Det står i 2.Tess 1:9: «ei evig fortaping borte frå Guds åsyn.» Og i Matt 22:13: «Då sa kongen til bord­sveinane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørket utanfor.»

Borte fra Guds åsyn, «i mørket utanfor», det er ikkje berre fortapt, men det er evig fortapt. Det er å vera komen der ned der Guds lys ikkje rekk, og der ein er borte frå Guds åsyn.

Eg har lese at det er nokre astronomar som trur at det er ein ende på skapningen. På andre sida  av melkevegen ser dei med dei beste kikkertane berre ei lysning, som dei trur er strålane fra den ytste grensa av skapningen, som smått om senn døyr ut i det endelause øydet.

Då eg las dette, kom eg i hug Jesu ord om «mørket utan­for», der lyset ikkje rekk fram, og der ingen dag er ven­tande.

Og engelen, som eg såg stod på havet og på jorda, lyfte den høgre handa opp mot himmelen og svor ved Han som lever i all æva, som skapte himmelen og det som er i han, og jorda og det som er på henne, og havet og det som er i det, at det ikkje lenger skal vera noko tid. Åp 10:5-6

Det skal ikkje lenger vera tid.

Ingen dag, inga natt, ingen som kallar til kvile, og ingen til ein ny arbeidsdag.

Inga klokke som kallar til sam­vær om Ordet, som ber von om lys og omskifting.

Det er «i mørket utanfor».

Det er «fortapt».

Er ikkje dette tungt å tenkja på?

Skal du mista di sjel og verta verande der?

Om eg hadde hatt sterk nok og lang nok arm, så ville eg ha rakt handa ut etter deg, der du no står på grensa av dette mørke, - og bore deg inn på livsens faste grunn.

Men armen min er for veik og for kort. Likevel er det mi trøyst at det står ein ved sida di som er sterk nok. Han vil berga deg, om han får lov.

Gi Han lov no!

Men frelst, kva er så det?

Det er først dette at Jesus steig inn i menneskelivet og tok bort grunnen til at me måtte gå fortapt.

Han sette livet til for alle, tok synda, skulda, domen og straffa på seg og åpna den stengde døra inn til livet.

Men no er Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, openberra utan lova, det vil seia Guds rettferd ved trua på Jesus Kristus, for alle og over alle som trur. Rom 3:21-22

Han som er Frelsar for alle menneske. 1 Tim 4:10

Han som frelste oss og kalla oss. 2 Tim 1:9

Det som var umogleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av kjøtet, det gjorde Gud da han sende sin eigen Son i syndig kjøts likning og for synda skuld og fordømde synda i kjøtet. Rom 8:3

På den grunnen er det Paulus kan seia: Han frelste oss og kalla oss.

Då Han hadde gjort frelsa ferdig, kalla Han oss.

Når så me seier ja til kallet og kjem, så har Guds Ord og Guds Ånd fått oss inn i frelsa. Då er me personleg frelste, og så lenge me er der, vil Han vera ansvarleg for oss.

Den eiendom som kjøptes
med Jesu Kristi blod,
fikk innsegl da jeg døptes,
kun den er fast og god.
Den ligger i Guds hierte og i det gavebrev,
som midt i dødens smerte
Guds Sønn med blodet skrev.
(Sangboken nr 283)

Adgangen til nåden har vi, og vi får hjelp imot alt, kor ille det enn går.

Hyller du Sønnen, så går det deg vel,
barn skal du alltid få være.
Da skal du hjelpes, da reddes din sjel,
det skal du stadig få lære.
Adgang til nåden har vi, og får
hjelp imot alt, hvor ille det går.
Hyller du Sønnen, da går det deg vel.
Barn skal du alltid få være.

Frelst, det er å få gå til Gud i Jesu namn, på hans Ord og hans ansvar, og tala med Gud som vår Far. Der kan me få leggja frå oss vår synd og vår sorg, – og alltid er me velkomne.

Det er store ting for ein syndar, som var fortapt og for­dømt til æveleg død.

Det er å vera frelst.

Men det er enno meir. Liksom den fordømde alltid går nedover, så stig den frelste alltid oppover. Frelsa i høgste meining får me smaka den dagen når portane til det evige livet opnar seg, når «engler skal stå på den Himmelske strand og  synge velkomstsang»:

Frelst, det er når
med utildekket øye
vi Han skal se som her vi trodde på,
da når jeg hist mitt kne skal for ham bøye,
når jeg med takk skal for hans åsyn stå.

Engang jeg uten synd skal leve,
hver tanke ren, hver gjerning uten brist,
Når aldri jeg behøver mer å beve
for muligheten av en syndig lyst.
(Sangboken nr 894 v. 4 og 5)

Frelst, det er når Han kjem på hin dagen for å syne seg herleg i alle sine hellige og underfull i alle dei som trur. Når grava er opna, når den atterfødde sjel har fått ein ny lekam på ei ny jord, når det nye Jerusalem stig ned frå  Himmelen, frå Gud, prydd som ei brud for sin brud­gom, når Sonen overleverer Gud og Faderen Riket, og Gud skal vera alt i alle.

Det er «frelst» i si fullending.

Det er målet for vår tru.

Det er det evige liv.

Er ikkje eit slikt mål verdt ei tåre og ein bratt bakke?

UsæI er du som ikkje er frelst.


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
10 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Emner

  Fortapelse

  Frelse

Skrifthenvisning

  Johannes´ evangelium  3: 16-21

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.