Sei til Sions dotter: Sjå, kongen din kjem til deg. Audmjuk rir han på eit esel – på folen til eit trekkdyr Matt. 21: 5.
Når vi ser på tida med det tilvante synet, såleis som ho rullar forbi oss, synest det ikkje vera større skilnad på dei ulike dagar og tider. Den eine dagen renn og sloknar som den andre. Strev og kvila, sorg og gleda fyller dei alle. Det eine året etter det andre glir bort, inn i æva.
Første søndag i advent, juledag og nyttårsdag er i det store og heile lik dei andre dagane i året. I det ytre er det ikkje noko særleg ved dei, utanom namnet. Men om det ser såleis ut for oss i det ytre, så veit vi at alle tider og dagar er ikkje like. Guds ord vitnar det. Og historia og vår eiga erfaring stadfestar det.
Den dagen då Kristus vart fødd, den dagen han hang på korset, og den dagen han sprengde grava – alle desse dagane såg i det ytre ut som andre dagar for dei som levde då. Men likevel er desse dagane ulike alle andre dagar. For då hende det store ting.
Her er tider og dagar som ber med seg ein særleg dom eller ein særleg nåde – for enkelte menneske og for heile samfunn. Vi har nok ansvar for alle dei dagar og år vi lever, men nokre dagar ber med seg eit særleg ansvar.
Kong Agrippa høyrde på Paulus og vart så grepen at han hadde nær late seg overtala til å bli ein kristen. Den dagen var ein merkedag for han. Ein slik dag kom visst aldri att i livet hans. Difor står det i Guds bok at vi skal kjøpa den lagelege tid. Det er den same sanning vi får høyra av Jesus då han ser Jerusalem og seier med tårer: «Hadde du berre visst, om ikkje før idag, kva som tener til di velferd! Men no er det skjult for augo dine, fordi du ikkje kjende di gjestingstid.»
—–
Idag er det atter første søndag i advent. I det ytre kan ingen finna noko som merker denne dagen ut framfor andre. Men sidan same dagen i fjor har vi vorte borne rundt den ringen av dagar som heiter eit kyrkjeår.
I denne tida har Gud møtt oss med miskunn og nåde på mange vis. Guds ord og Guds ånd har ført fram for oss den Kristus som kom til oss, tok våre synder på seg og nagla dei til eit tre. Vi har fått høyra om at grava opna seg for han, at han sette seg ved Guds høgre hand, at han sende Ånden ned til oss og sjølv syner seg for Guds åsyn for vår skuld.
Ved desse og mange andre ord om Kristus har vi vorte dregne og lokka av Gud, til Gud. Med større hjartelag enn ei mor tøyer seg ut etter sitt druknande barn har han rakt frelsararmen mot oss på nytt – eit heilt år. Og no møtest vi atter ein første søndag i advent om Guds ord på same vis som så mange gonger før. Endå ser det ut til at han vil gi oss eit nådeår. Endå ein gong vil han banka på døra di og by deg frelse.
Sei til Sions dotter: Sjå, kongen din kjem til deg. Audmjuk rir han på eit esel – på folen til eit trekkdyr
Det aldri var noen som Jesus på jord,
så medynksfull, kjærlig og mild!
Det finnes ei noen som Jesus så stor,
især for de får som fór vill.
(Sangboken nr 241)
Det er ikkje herskaren som kjem, det er tenaren. Det er ikkje domaren, men frelsaren. Og som han kom til Jerusalem, så kom han til oss år etter år. Såleis møter han oss også i dag.
I over 100 år har han på ein særleg måte søkt vårt land og folk. Til den ytterste øy ute mot Nordishavet og opp til den mest avgøymde fjellgard, i by og bygd, frå grensa og ut til “det drivende garn” har han sendt bodet om frelse, så kvar einaste nordmann veit om det.
Undrast om her er eit folk på jorda som har vore søkt, kalla og grepe av Guds ord og ånd som vårt folk? Tenk no etter alle dei gonger du har møtt Frelsaren! Du minnest så mangt; du minnest då vel også dei kall du fekk frå Gud?
Han møtte deg heime i stova hjå far og mor, han møtte deg ute i den fagre dalen der fossen brusa og fuglane song, han møtte deg inne i dei djupe, mørke skogane og ute på det stormande havet. Han møtte deg då du var frisk og glad, og då du såg døden tett attmed deg, i fiskarbåten, på fjellet og i sjukesenga. Han møtte deg i skule og kyrkja, i bedehus og dansesal, ved kortstokken og ved drikkebordet, der du spotta og der du gret.
Tør du nekta dette? Du kan ikkje. Og alle desse åra, alle desse gongene har du sagt nei og vendt deg i frå han, med smil, med spott, i overmot og trass. Men no er han her att.
Gjennom ordet og Ånden kjem han og vil endå ein gong by deg frelsa. Han bryt seg ikkje inn, men han legg øyra så mjukt og fint inn til hjartedøra di, og med ein kjærleik sterk som døden, ynskjer han å få høyra ein sukk, ei bøn om hjelp, eit spørsmål som søkjer svar hjå han.
Ja til deg, til deg
går hans kongeveg
I ditt hus han heim vil finna,
og ditt hjarta vil han vinna.
Inn din Frelsar bed,
og ditt hus får fred
(Sangboken nr 676)
Skal han vinna hjarta ditt i dag?
Du har gitt hjarta ditt til dei som har såra det og skitna det til, ja, trakka på det og slite det sund. Enn om du no gav det til kongen frå Sion, som i dag møter deg att, mjuk i ånda og full av nåde. Han skal ikkje trakka på hjarta ditt, sårt og sjukt og full av lengt som det er, han vil varma det, trøysta det, lækja det og gi det fred.
For han din venn vil være
så ei du ensom går,
Vil dine byrder bære
og lege dine sår.
(Sangboken nr 586)
Såleis er han som møter deg idag. Eg spør: Skal han få koma inn, eller må han også i dag gå forbi? Svar ja eller nei. Berre svar! Gi du var kald eller varm!
—–
Ja, seier du, eg ville nok at Jesus skulle koma inn. Det har vore mitt ynskje i mange år. Men eg veit ikkje korleis eg skal fara åt. Det går rundt for meg. Det står visst ikkje slik til i hjarta mitt at han kan koma inn. Eg er så langt, langt borte, så verdsleg og vond, så hard og kald. Hjartedøra er stengd. Eg vil sleppa han inn, og eg vil ikkje. Eg kjenner meg dregen til Kristus, men kjem aldri lenger. Eg er som ein vengjeskoten fugl, som eit turka strå. Det er som eg skulle vera bunden og vissen, utan vilje og kraft.
Kva skal eg gjera?
Du, høyr her: Nettopp til slike som deg er det at Jesus vil inn. Han ventar ikkje at du skal få skikk på det forderva hjarta ditt før du slepp han inn. Det er han som skal få skikk på det når han kjem inn. Kan du ikkje få syn for dette?
Men kor den arme sjela då enno dårar seg,
som trur at ho kan verta nåden verdig,
Som først vil døyda synda og sidan tru på deg
eingong når hennar betring rett vert ferdig.
(Sangboken nr 251)
Når trur du at du vert ferdig? Aldri! Men høyr no her, du som strir med deg sjølv og alltid taper, og som trur at du må pussa opp litt i hjarta ditt før du tek imot Frelsaren:
Å, hvilken nåde midt i all våde:
Kristus har kjøp oss just som vi er!
Han måtte lide, kjempe og stride,
han måtte stå mot helvedes hær.
Nu er vi frie – hør og gi akt!
Synden på verdens Frelser er lagt.
Gud nu forkynner nåde for synder,
Amen, Halleluja!
(Sangboken nr 284)
Høyrer du dette: Kristus har kjøpt deg just som du er! La han få koma inn.
—–
Eg vil ikkje skræma deg til å lukka opp. Men skal ein vera tru mot det som står i Guds bok, så lyt ein minna deg om ein annan dag då du skal møta Kristus. Den dagen kjem han ikkje og bankar på og ber deg ta imot han. Den dagen skal du førast fram til kongsstolen hans, og då krev han rekneskap av deg for livet han gav deg, for lyset du fekk, og for alle dei gonger han kalla deg og ville gi deg nåde.
Da begynner du å rope:
Herre, lukk meg inn!
Åpne for meg himmelporten,
jeg var også din!
Å, du dåre, ei den åpnes,
stengt den er for deg.
Jesus ville kjennes ved deg,
men nå kjenner han deg ei.
(Sangboken nr 177)
Den dagen får du vita kva det vil seia at gjestingstida er slutt. At Frelsaren ikkje kallar lenger. Det siste «kom!» er ropt ut, det siste lys har slokna. Dei som då ikkje har teke imot kallet, dei er fortapte. Men:
i dag er nådens tid,
i dag er Gud å finne.
(Sangboken nr. 175)
Lukk opp for din einaste Frelsar.
Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli