Han skal vera stor

Ca leselengde:
7 min

Tekst: Ludvig Hope



Maria budskapsdag
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: Jes 7,10-14
 Gal 4,4-7
Prekentekst: Luk 1,26-38
Fortellingstekst: Luk 1,26-38
Poetisk tekst: Salme 113,4-7

Ein engel møter Maria med dei orda at ho skal verta mor til Jesus. Dette høge, tunge kall tek ho imot, stilt og audmjukt. For oss ser det berre ut som ei stor æra å få bera verdens frelsar inn i verda. Men tenkjer vi oss om litt, vil vi nok finna at også denne mynten har to sider.

Vi trur for visst at Maria var ei fin, god kvinne, som aldri ville mista si ære og heller ikkje vera ei skam for si ætt og for den ho var trulova med. Men ho måtte også vita at alt dette og mykje meir kom ho til å risikera, om ho som ugift kvinne bar eit barn inn i verda. Og alle som då og som no trur at Jesus har kome til verda på naturleg måte, dei set den svartaste flekk på Maria som ei kvinne kan få.

Kven ville tru henne om ho fortalde dei om engelen og Guds under?

Etter at verda i snart to tusen år har vorte fylt med under av det barnet ho bar, er det endå mange som trur at han er son av ei uærleg kvinne. Ja, mange av dei som står på preikestolane våre og skal bera fram Jesu ord, trur det same.

Av alle feige stakkarar som jorda må bera, er desse dei uslaste. Ein kunne vera freista til å ha meir respekt for den grovaste spottar enn for slike søte kristelege Kristus-nektarar.
Er helvete heitare ein stad enn andre stader, så må desse menneske koma der pina er størst. Ein gong må desse uslingane få si fortente løn. Og ingen - verken i himmelen eller helvete – vil synast synd på dei.

Maria bøygde seg under Guds vilje, og han ga henne nåde til å bera den skamma som vantrua ville føra over henne. Ho let sverdet trengja gjenom hjarta utan knurr og klage, og Guds son vart boren inn i verda som eit verkeleg menneske, - under hjarta på ei kvinne.

Og om eg kunne kvart tungemål,
om Skrifta til grunns eg tydde,
om tunga mi så var gjord av stål,
og englemål meg prydde;
eg fall på mine kne då ned
med bøn og bed -
til Jesus eg allstødt flydde.

Engelen seier til Maria at barnet hennar skal heita Jesus, og så legg han til: «Han skal vera stor.»

La oss merka oss orda akkurat som dei står: «Han skal vera stor.»

For oss som ser han så langt på avstand, ligg det ikkje noko spesielt underleg i desse orda. Men om vi prøver å leva saman med han, frå han kom her ned, og til han gjekk her ifrå, så er det ikkje alltid lett å sjå han stor.

Han kom til verda i ein stall, og heimen hans var fattig. Arbeidsmanns kår er hans kår frå han var liten gut og til i 3o-års alderen. Dei siste åra av livet hans var fulle av motgang og strid. Utan å klaga let han dei få vita at reven har hi og fuglen reir, men han har ikkje noko å leggja hovudet sitt på.

Mest kor han kjem, er han fredlaus. Dei store i verda vil drepa han. Ein av dei som stod han nærast, sel han til døden for nokre kroner, og ein annan av hans eigne nektar gong på gong at han har kjent Meisteren sin.

Er det å vera stor ?

Ja, det er å vera stor.

Hans lidingsveg er hans kongsveg. Ingen stormannsdåd har gripe så djupt inn i menneskelivet som Jesu ferd frå Getsemane til Golgata. Der, nettopp der, er han så stor at tusentals menneske frå slott og hytte har sige i kne for han og bede om å få koma inn under hans makt og nåde.

Du som les dette, vil du vera stor ?

Eg veit at du vil.

Vi menneske har alle dagar lengta etter å vera store.
Barnet rettar hendene i veret og ropar: Mor, er ikkje eg stor? Den trongen er vi alle fødde med. Han ligg som ein bunden kongsson i vår barm.

Det visste også satan; difor kom han og banka på den porten. Og på den dagen vi fylgde hans råd i spørsmålet om å vera stor, vart vi førde vill. Vi vart blinda. Og no trur vi at det å vera stor er å vera rik på gull, på menneskegunst og makt.

Trur ikkje du også det?

Ver ærleg!

Men dette er ikkje den vegen Jesus gjekk då han var stor.
Vil du vera stor, så må du bøya deg ned til han som var så stor at han vart liten for di skuld. Du må ta på deg den skamma å bøya kne der han døyr, der han let seg hengja på eit tre.

Vegen oppover for oss tek til der nede.
For oss er det ingen annan veg som går oppover.

Då Paulus seig saman med alle sine stormannstankar og gav opp sitt stolte «eg», si ære, si ros, si vinning og i staden tok spott og forakt, då fann han den rette vegen til å vera stor.

Der går også vegen for deg og meg.

Vil du?

Er du for stor til å verta så liten?

Då er du også for liten til å verta stor.

Då er du ei skam for han som vart fattig då han var rik, så du ved hans fattigdom skulle verta rik. Men vil du stiga inn under korset og gi livet ditt til han som ga livet for deg, så finn du ikkje berre han som sjølv er stor, men også han som kan gjera ein arm syndar stor.

Alle som vil verta evig store, må vegen om Jesus og gi livet til han. Då skal Kristus openberrast i vårt dødelege kjøt. Som Maria bar Jesus under hjarta sitt, skal du få bera han i hjarta, og som ho bar han inn i verda, skal du få bera han ut i verda til frelse for syndarar.

Det er likså stort som å vera mor til Jesus.

Ein dag då Jesus stod midt i folkemengda og tala ordet, er det ein som ropar : «Mor di og brørne dine står utanfor og vil tala med deg.» Då sa Jesus: «Kven er mor mi og brørne mine?» Så retta han handa ut mot læresveinane sine og sa: «Sjå, der er mor mi og brørne mine.»

Tenk, hvilken nåde det er av Gud
at vi får være hans sendebud
og til den døende verden gå,
kjærlighetssæden fra Gud å så!

 

Når etter dagsverket sol går ned,
samles vi hjemme hos Gud i fred,
møter de sjeler vi vant for Gud,
kledt i det himmelske høytidsskrud.
(Sangboken, nr. 764)

På den måten får vi også vera mor hans og brørne hans.
Så kom da alle som i sanning vil vera store, til han som er så stor at han gjer syndarar sæle, og gjer eit fortapt menneske til eit Guds barn.

Då er du stor i han og stor for Gud.

-----

Men dette ordet ber også i seg ein manande tale om at Jesus skal vera stor for oss. Denne verda, med alt det ho eig, vil så tidt verta større. Utan at vi sansar det, er vi dåra. Jesus har vorte liten for oss, og verda stor. Og så sig vi ned i verdslegdom og maktesløyse.
Men den som held Jesus stor, større enn alt, han gler seg i Herren og sigrar over seg sjølv og synda og verda.

Måtte han som er stor, også alltid vera stor for oss!


 

Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli.


 

Relatert



Ca leselengde
7 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  1: 26-38

Om forfatteren

forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.

  Alle ressurser av Ludvig Hope

Ønsker du å støtte foross.no?

   Du kan benytte VIPPS med Vipps-nummer:

Støtt foross via Vipps!

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.