Publisert

Han smakte døden for alle


Ca leselengde:
11 min

Då Jesus hadde fått eddikvinen, sa han: Det er fullført! Og han bøygde hovudet sitt og anda ut. Joh 19:30

Fienderingen dreg seg tettare og tettare saman omkring Jesus. Han har no kjempa ut den indre kampen og gitt seg heilt inn under Guds vilje. Den indre sjelebyrda, som tyngde han ned mot døden, har han kasta av seg og går med faste steg til verket som ligg framfor han.

Stillferdig og roleg tek han imot dødskysset av Judas og går villig med krigsfolket som kom og fanga han.

Han bad ikkje om tolv hærar med englar, som kan berga han ut av dødens klo. Han har gjort Guds vilje til sin, og no går han roleg som eit lam til Golgata.

Her ser jeg et tålmodig lam
som seg til døden skynder,
som bærer andres sorg og skam
og hele verdens synder.
Til offerstedet står hans hu,
han sier: «Villig skal jeg nu
for Adamsætten stride.»
Når alle piner vises frem,
han svarer: «Gjerne, hvert et lem
er rede til å lide.»
(Sangboken, nr. 662)

Det er eit ord i Hebrearbrevet som eg vil ta fram her. Eg trur det kan hjelpa oss til å få eit klårare syn på Jesus og det han gjorde langfredag. Det står:

Men han som for ei stutt tid vart sett lågare enn englane, Jesus, han ser vi krona med herlegdom og ære fordi han leid døden, så han ved Guds nåde skulle smaka døden for alle. Hebr 2:9

Men før vi prøver å sjå hans dødsferd, vil vi stansa litt ved han sjølv. Vi veit så lite om kven han er, og det vesle vi veit, gløymer vi så lett.

Han er annleis enn alle andre i himmelen og på jorda. Han er Gud, og likevel ulik Gud. Han er menneske, og likevel ulik mennesket. Han er den som vi menneske minst av alt kan forstå.

Tanken kan på eitt vis slå seg til ro med at det er ein Gud. Både mellom kristne, jødar og heidningar er det rom for han. Men Jesus Kristus? - Nei, Han er det ikkje plass for nokon stad - hadde eg nær sagt. Det vil seia: tanken, vitet kan ikkje med han. Han er den mest uforståelege av alt uforståeleg. Han er likså hata som han er elska, han støyter ifrå like sterkt som han dreg til, han er fjellet midt i fossen, han er gåta over alle gåter, han er lyset midt i mørket.

Og den som fell på denne steinen, skal verta knust, men den som steinen fell på, skal smuldrast til støv. Matt 21:44

I Guds ord har Jesus fått mange namn, og alle desse namna er uttrykk for det han er i seg sjølv og det han er for oss. Han svarar til alle sine namn både i seg sjølv og i sitt verk.

Men av alle namn han ber, er det eitt som han synest elska framfor alle andre. Det er Menneskesonen.

Som eit barn stundom ikkje vert trøytt av å vise fram det det har fått av far og mor, synest Jesus aldri trøytna av å nemna seg sjølv med dette namn. Eit underleg namn! For oss skulle det vera det kjæraste namn som rørde vår tunge og nådde vårt øyra.

Høyr nokre ord frå Bibelen, der han nemner seg sjølv med dette namnet :

  • Menneskesonen har ikkje noko å leggja hovudet sitt på.

  • Kven seier folk at Menneskesonen er?

  • Menneskesonen har makt til å forlata synder.

  • Menneskesonen skal koma i sin Faders herlegdom.

  • De må ikkje tala til nokon om synet de har sett, før Menneskesonen har stått opp frå dei døde.

  • Men eg seier dykk: Heretter skal de sjå Menneskesonen sitjande ved høgre handa til kongen i det høge og koma i himmelskyene.

  • Menneskesonen er komen for å søkja og frelsa det som var fortapt.

  • Liksom Moses lyfte opp slangen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp.

  • Og han har gitt han makt til å halda dom, fordi han er Menneskesonen.

  • Når de får opphøgt Menneskesonen, da skal de kjenna at eg er han.

  • Timen er komen at Menneskesonen skal herleggjerast. No er Menneskesonen herleggjort, og Gud er herleggjort i han.

  • Då steinane hagla om Stefanus og himmelen opna seg for han og andletet hans lyste som ei sol, ropa han ut: «Eg ser Menneskesonen stå ved Guds høgre hand!

  • Då Daniel i synet sitt ser enden på denne tidsalder og solrenninga til den tida vi ventar på, seier han: Framleis såg eg i nattesynene mine, og sjå - ein som likna ein menneskeson, kom med skyene på himmelen. Han kom bort til den gamle av dagar og vart ført fram for han. Og han fekk herredøme, ære og rike, så alle folk, ætter og tungemål skulle tena han. Herredømet hans er eit evig herredøme som ikkje går under, og riket hans er eit rike som aldri går til grunne. (Dan 7:13-14)

Det er mange fleire ord i Bibelen som ber bod om det same namnet, men dette får vera nok her.

Lat oss så også leggja merke til at det står Menneskesonen. Ikkje ein av sønene, men den eine, vår son, sonen til ætta.

Og på same vis som han er Menneskesonen, er han også Gudssonen. I han er Gud, i han er mennesket. I han er eg, i han er du. Der, i denne underlege mann, i dette under over alle under, møtest Gud og menneske att.

Lat dette frelsesunder lysa for din tanke og trøysta ditt hjarta.

Men nettopp fordi han er vår son, er han også fødd med vårt ansvar og vår dom. Heile den skuldige menneskeætta står for Gud i han. Som vi er skuldige i den første Adam, er den andre Adam skuldig for oss.

Menneskesonen!

I han får vi døra opp att ut frå synda, domen, straffa, døden og helvete, fordi han lei døden og smakte døden for alle.

Å byrde, som på deg var kast,
all verdens skam og last!
Så sank du i vår jammer ned
så dypt som ingen vet.
(Sangboken, nr. 665)

Desse to orda: lida døden og smaka døden, skal syne oss at Jesu liding var lang og pinefull. Å smaka døden er meir enn å døy. Den som får ei kule i panna, han døyr, men smakar ikkje døden. Men den som lever og lid dødskval utan å få døy, han smakar døden. Han drikk dødsskåla ut til botnen.

Som du og eg var skuldige til å smaka døden til evig tid utan å få døy, måtte Jesus lida den evige død for alle. Døden er forbanning over det liv som har brote livslovene. Inn under denne forbanning gjekk Jesus og vart ei forbanning for oss. Då han låg mellom trea i hagen og sveitten rann som blodsdråpar på jorda, då ropa han: «Hjarta mitt er så fullt av sorg - det er som det vil bresta!»

Kor langt var det att til døden då?

Eg trur at om ikkje ein engel frå himmelen hadde kome og gitt han kraft, så ville hjarta hans ha broste der i hagen. Men han skulle ikkje døy då, han skulle berre smaka døden.

Satan freistar han gjennom ein av hans beste vener, og han vert seld til døden av sine eigne. Ei knust sjel under angst, og ein sundslegen kropp under piskeslag. Han som ber alle ting ved sitt ord, han sig i kne under korset av blodtap og maktesløyse.

I dette dødens favntak møter han all satans makt, all synd i verda og Guds rettferdige krav.

Herren hadde behag i å knusa han. Himmelen vart stengt og helvetet opna. Han som frå evig tid hadde leika for Guds åsyn og alltid sagt «far», - han ropar no ut si grenselause sorg og kvide: Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?

Han er som ein orm og ikkje som ein mann.

Hvem kan tenke på den smerte
uten med et såret hjerte,
om endog en synder led!
Men her led den evig høye,
- smelt mitt hjerte, gråt mitt øye,
se, her lider hellighet!
(Sangboken, nr.671)

Han smakte døden for alle - ja, han smakte døden av - Guds nåde.

Det er Guds nåde som møter oss på denne måten. Ikkje ved at Gud synes synd på oss og gir oss nåde, men ved at Jesus lir og smakar døden for alle.

Dette er ikkje rasjonalistguden. Dette er ein heilag og rettferdig Gud, som krev dom og straff over synda. Dette er han som går i døden for å kjøpa oss fri og løysa oss ut med sitt blod. Guds nåde vert gitt oss ved at Jesus smakar døden for alle.

Men la oss no framfor alt ikkje kløyva Gud i to for tanken og trua. Det er ikkje slik at her er ein Gud som krev og ein som gir. Det er den same Gud som både krev og er i Kristus og forsonar verda med seg sjølv.

Han krev og han gir gjennom Jesus Kristus, vår Herre. Og denne Jesus Kristus er både Menneskesonen og Gudssonen. Gud var i Kristus og sona verda med seg sjølv, så han ikkje tilrekna dei syndene deira. Dei vart tilrekna Kristus, og han vart gjort til synd for oss.

I sitt kjøt - hugs det: i sitt kjøt, - i og med at han er menneske, avlyste han den lova som kom med bod og føreskrifter (Ef 2:15) og strauk ut det skuldbrevet som var imot oss, det som var skreve med bod, det tok han bort då han nagla det til korset. (Kol 2:14)

Meg arme barn å få til brud
derfor korsfestes himlens Gud!
Å kjærlighet som overgår
endog hva englene forstår.

Du gikk for meg en blodig sti,
og jeg som skyldig var, slapp fri!
Guds vredes skål du tømte ut,
så dyrekjøpt er jeg, din brud!
(Sangboken, nr.278)

 

Difor, liksom ein manns fall vart til fordøming for alle menneske, så vart og ein manns rettferdige gjerningar til livsens rettferdiggjering for alle menneske. For liksom dei mange vart syndarar ved at det eine menneske var ulydig, så skal og dei mange verta rettferdige ved at den eine var lydig. Rom 5:18-19

Det som vart øydelagt av den første Adam, er no sett i stand att av den andre Adam. No er gjerdet nedbrote, og engelen som stengde porten til paradiset, er teken bort. Kristus har ordna vår sak for Gud. Det er fullført!
Alle som no vil koma og gripa i trua det Kristus har gjort og er for oss, dei står for Gud i Kristus som dei aldri hadde synda! Det er den store trøysta som langfredag gir oss menneske.

Skjønt Adams fall i hvert et lem jeg kjenner,
av kvinnens sæd det alt opprettet ble;
Skjønt syndens gift samvittigheten brenner,
til korsets tre er festet syndens brev.

Så er jeg frikjøpt! Ingen dom meg feller,
for Jesus løste meg, pris være ham!
Hans dyre blod langt mer enn synden gjelder,
hans frelsesverk, det dekker over alt!
(Åndelige sange og salmer, nr. 223)

Så elska Gud verda!


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli.


 

Ingen tekstrekke spesifisert. ref: kk_tr2011(),switch(tekstrekke),default:
AndaktHans Erik Nissen
  • AndaktHans Erik Nissen



  • Støtt foross.no
    Ca leselengde
    11 min
    Ressurstype

      Søndagens tekst

    Emner

      Forsoningen

      Frelse

    Skrifthenvisning

      Johannes´ evangelium  19: 23-30

    Forfatter
    forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
      Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
       Ressurser av Ludvig Hope
    Vil du støtte foross.no?

      Du kan gi via kredittkort

      Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

      Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.