Publisert

«Han svara henne ikkje.»  Matt 15:22-23


Ca leselengde:
8 min

2. søndag i fastetiden
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: 1 Mos 32,24-30
 Jak 1,2-8
Prekentekst: Matt 15,21-28
Fortellingstekst: 1 Mos 39,1-23
Poetisk tekst: Salme 27,7-9.13-14

Og sjå, ei kanáaneisk kvinne frå dei traktene kom og ropa til han og sa: Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd. Men han svara henne ikkje eit ord. Læresveinane hans kom då og bad han og sa: Vis henne vekk, for ho går og ropar etter oss! Matt. 15: 22-23.

Kvinna som stig fram for oss gjennom ordet i dag, får den ros av Jesus at hennar tru er stor.

Ein gong før har han møtt eit menneske som han ga same vitnemålet. Det var høvedsmannen frå Kapernaum. Om han seier Jesus at så stor ei tru har han ikkje funne hos nokon i Israel.

Båe desse, både kananearkvinna og høvedsmannen, var heidningar. Dette synest gi oss rett til å seia at ein heidning som søkjer Jesus, har lettare for å tru enn ein jøde. Noko av det same ser ein den dag i dag. Misjonæren frå eit land med gammal kristendom står så tidt til skamme når han får sjå at den heidningen som vender om, går langt forbi han i tru.

Kanáanearkvinna og høvedsmannen er like i det at dei begge er i djup naud, og det er nauda som driv dei til å be om hjelp. Men det særmerkte, det uvanlege ved ordet i dag er at Jesus synest vera reint uvillig til å hjelpa henne. For det første svarar han henne ikkje eit ord, og når han så endeleg svarar, så er det avslag. Han er ikkje komen for slike folk som henne, seier han, ja, han liknar henne til og med med ein liten hund!

Det er underleg å sjå Jesus fra den sida. Kven i heile vide verda som har litt kjennskap til han, skulle tru at han kunne stengja sitt store frelsarhjarta så heilt at det ser ut som denne arme kvinna ikkje møter anna enn is og kulde midt i si største naud.

At ho har ropa lenge før Jesus svarar, får vi vita av læresveinane hans. Anten dei no har vorte trøytte av dette gnålet, eller dei tykkjer synd i henne, er ikkje godt å vita; men dei ber iallfall Jesus om å få henne ifrå seg, så ho ikkje skal halda på å ropa etter han utan å få svar.

Men ho gir ikkje opp!

Etter kvart som hindringane veks, går ho på, hardare og hardare. Ho er som storelva: ho stig og stig etter kvart som demninga veks, ho et seg gjennom alle stengsler og bryt seg veg imot havet til slutt. Slik er også denne kvinna: ho bryt seg igjennom alle hindringar som Jesus byggjer opp for henne, og til sist får ho det ho ber om.

Det må vera dette som gjer at Jesus seier ho har ei stor tru.

Er dette rett, så ber ordet i dag med seg ei stor trøyst til mange menneske, ja, vi kan mest seia: ei uvanleg stor trøyst.

Kva trøyst er det?

Mange har funne svaret før det vert sagt. Du fann det i det som vi har sagt om kvinna og Jesus.

Er det ikkje dette som held på å ta både mot og tru frå så mange, mange menneske  - kristne menneske - at ein har tigga og bede i si djupaste naud i dagar, månader og år, ja, eit heilt liv, om hjelp for seg og sine, utan å få svar.

Jesus svarar ikkje eit ord.

Det er som ein ropar ut i eit tomt, svart rom. Ikkje ein lyd som ber bod om at der kanskje er nokon som kan svara. Det einaste svar ein får, er så tidt det at den ein ber for, vert verre og verre. Det går med oss som med kvinna : Jesus synest visa oss ifrå seg.

Vil han ikkje frelsa barnet mitt, syster mi, bror min, mannen min, kona mi?

No har eg bede om at barnet måtte bli eit Guds barn heilt sidan eg bar det under hjarta, seier så mang ei mor, men han svarar meg ikkje !

Ber eg ikkje rett?

Vil han ikkje høyra meg?

Har eg ikkje tru?

Er det noko ved meg som gjer at han ikkje kan høyra? Slik tærer tvilen på trua, så vi skal slutta å be og i kald trass gi opp håpet både for oss sjølve og for våre. Du som kjenner deg att i dette, du skal hugsa at ordet i dag gjev deg lys og håp.

Jesus vil nok hjelpa deg også. Hjarta hans er ikkje så kaldt som det ser ut til for deg. Det er heller ikkje bøna eller trua di som er urett, om du må venta på svar. Det har vi Jesu eigne ord for i evangeliet i dag. Kvinna som ropa så lenge utan at Jesus svara henne eit ord, får ros av han, fordi ho har så stor ei tru. Når han ventar med svaret, så er det fordi han vil gi deg og meg noko som vi har meir bruk for enn det vi ber om.

Kva det er, veit vi som regel ikkje sjølve. Men det er det same, Jesus veit det, og så gjer han med oss det som godt er i hans augo og det som til sist også er best for oss.

Det står i Guds ord om den «prøvde» trua, som er mykje kostelegare enn det forgjengelege gull, som vert prøvd i eld. Når så også trua vert prøvd, er det ikkje fordi Gud aldri vil svara, eller fordi han vil gjera ende på trua, men fordi han vil reinsa og helga både oss og vår tru.

Kan ikkje du og sjå at dette er slik når du ser på andre som strir i trua?

At vi må venta på svar, skal ikkje gjera oss mørke og motlause eller få oss til å gi opp, men det skal driva oss til å våga meir og gå på sterkare og sterkare.

Det er tru, seier Jesus. Det er ei stor tru.

Ei slik tru synest han om.

Jesus vil gjerne møta menneske som ikkje gir opp om han dryger med å hjelpa dei. Han synest om at vi byr frelsarhjarta hans ut til strid og bind han med hans eigne ord.

Trur du at det alltid var best for oss - og andre med - om Jesus ga oss svar med det same vi ropa på han?

Er det meining i å bruka bøn og tru som ein elektrisk knapp?

Eg er redd det kom til å gå gale med oss då. I staden for å verta audmjuke og meir truande, ville vi  verta stolte, innbilske og mista den hjartetrong som driv oss til å ropa om hjelp

Men då mister vi også vår tru.

Var det betre ?

Tenk ei i dine store plager
at Herren haver deg forlatt,
og seg av dem alene tager
som lykken har i allting fatt.
Med tiden meget vender seg,
den setter mål for deg og meg.

Når så målet, som Herren har sett for deg og meg, er nådd, så kjem svaret. Og då lærer vi å takka han - ikke berre for svaret på bøna, men også for ventetida.

I Jesaia 62 talar profeten om vaktmennene på murane i Jerusalem. Dei skal aldri teia og aldri unne seg ro, men alltid tigga Herren om frelse for Sion. Slik står det i vers 7: Og gjev han inga ro før han byggjer Jerusalem opp att, og før han gjer henne til ein lovsong på jorda!

Vegen til lovsongen på jorda går gjennom den tåredalen der vi aldri gir Vårherre ro, men tiggar, trur og kjempar oss fram hos Herren. Han ventar med svaret, men medan han ventar, skal vi ikkje gi han ro.

Han skal vel mellemstunder
fratage deg sin trøst,
det later som han blunder
og hører ei din røst,
hvor høyt den også lyder
fra dødens dype vann,
som han seg ikke bryder
om deg det minste grann.
(Sangboken, nr 386.)

Men medan han «later som han blunder» og synest ta frå oss all trøyst, så skal vi aldri gi han ro. Du som held på å gå trøytt, fordi du ikkje synest få svar på bøna: Det var ikkje det Jesus meinte med at han drygde. Han meinte mellom anna at du skulle verta djervare og gå hardare på, så han aldri fekk ro. Gud gjer ikkje dette for å erta deg, men for å få trua di til å veksa og herdast som stål i eld og vatn.

Han vil leggja gudslivet ditt meir heilt inn på hans gode ord; han vil læra deg å sjå di eiga hjelpeløysa og hans nådemakt.

Venta på Herren! Ver ved godt mot, og lat ditt hjarta vera sterkt! Ja, venta på Herren! Sal. 27: 14.

Og medan du ventar, så la han aldri få ro. Den trua er stor, og den trua får svar.


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
8 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Matteus evangelium  15: 22-23

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.