Publisert

Han tek imot syndarar Luk 15:1-10


Ca leselengde:
9 min

7. søndag i treenighetstiden
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: 1 Mos 16,1-13
 1 Joh 4,7-10
Prekentekst: Luk 15,1-10
Fortellingstekst: Luk 19,1-10
Poetisk tekst: Salme 34,5-7.9

Alle tollmenn og syndarar heldt seg nær til Jesus for å høyra han. Og både  farisearane og dei skriftlærde murra og sa: Denne mannen tek imot syndarar og et saman med dei! Luk 15:1-2

I nytestamentet er det tidt tale om tollmenn og syndarar, om fortapte og forkomne menneske.

At det var slike folk i gamle dagar og er det endå den dag i dag, er ikkje noko nytt for oss. Vi veit det så vel, og vi ser det mest kor vi går. Men det som var nytt den gongen, - og det som i grunnen alltid vert nytt, det er at Jesus og desse store syndarane hadde og har slik dragande makt på kvarandre.

Den mest forkomne som jorda hyser, og så den høgste, reinaste og beste som er til.

Dei som ligg lengst nede i synd og skam, og han som står høgst i moral, i sanning og reinleik, - desse møtest og vert vener.

Det er nytt. Noko forunderleg og utruleg nytt. Dette er noko nytt, som dei bra og skikkelege menneske ikkje kan forstå og heller ikkje kan tåla.  Dei hadde rekna med at når den beste av dei gode kom, så ville han slå lag med dei.

Og kva skulle vel vera meir rimeleg? Er det ikkje slik vi også trur, lærer og gjer den dag i dag ? Like søkjer like. Slik er vi menneske.

Men slik er ikkje Jesus.

Dei gode og fine menneska vart uvener med han. Og hatet mot han vaks, så dei til slutt tok livet hans. Og ein av dei største grunnane til dette var nettopp den at han gjekk i frå dei og heldt lag med dei syndefulle og forkomne.

Vi ser det av klagene som dei førde imot han. Ein av desse står i teksta idag:

 «Denne mannen tek imot syndarar og et ilag med dei.» Luk 15:2

Det er så sant som det er sagt! - Han gjorde det. Men like sant som det var, like så vanskeleg var det for dei å skjøna det. Det var fullt alvor for dei, når dei trudde at han gjorde gale i dette.

Då han sa at han ville gå inn til Sakkeus, murra dei alle og sa seg imellom : «Han går inn til ein syndig mann og tek herberge der.» Men endå han hadde folket imot seg, så gjekk han inn.

Hos farisearen Simon gjekk det endå verre. Jesus sit ved gjestebodsbordet hos denne mannen, men utanfor døra går det ei syndefull kvinne som gjerne vil få Jesus i tale. Ho er ei skam for heimbygda, for mor si og for seg sjølv. Men i dag synest ho å ha bite hovudet av all skamma og mist den siste rest av ærekjensla: Tenk ho går inn i huset til denne høgt respekterte mannen og vil treffa Jesus!

Men la vera at ho gjer dette, ein kan vel ikkje betre venta av henne. At ho legg seg ved Jesu føter midt under måltidet og hikstegret så heile laget vert utskjemt, det kan ein kanskje på eitt vis finna grunn for. Men at Jesus let henne gjera dette, at han kan vera så taktlaus i framand manns hus, det er uråd å skjøna.

Kanskje du undrast på Simon at han vart misnøgd for dette? Då har du ikkje tenkt deg sjølv på plassen hans. Kva ville du seia om det kom ei skjøge inn i ditt hus? Er det så moro å få på seg eit stygt rykte? Eg tilstår at eg ville ikkje lika at dårlege kvinner, kjende mellom folket for det dei var, skulle koma inn i mitt hus. Skal vi då venta meir av Simon?

Men Jesus let kvinna liggja, og då Simon mislikar dette, tek han henne i forsvar.

Eg trur vi kan seia at det er meir umogleg for Jesus å visa ein syndar bort, enn det er for ei mor å sleppa barnet sitt som ho held over ein avgrunn. Men denne hug hos Jesus var uforståeleg for dei som trudde om seg sjølve at dei både forstod Skrifta og stod høgt i moral.

På alle vis prøvde dei å få han bort frå dette. Dei diskuterte med han og søkte å overtyda han om at han hadde Moses imot seg. Men sjølv om han sa seg samd med Moses, så heldt han fram som før. Så ein dag ser det ut til at dei har fått han i fella. Dei grip ei kvinne på fersk gjerning i hor og fører henne fram for han. Etter det Moses hadde sagt, skulle ho steinast, og no vil dei vita kva Jesus meiner.

Kva skulde han svara?

Aldri hadde han kome ut av den knipa, om han ikkje var meir enn eit menneske.

Eg synest eg ser desse stolte, sjølvgode menn stå framfor Jesus med spørsmålet sitt og med kvinna. Endeleg ein gong skal det lukkast for oss å setja han fast, tenkjer dei. No er han målbunden og må sjølv sjå at han har teke i miss; han kan ikkje strida imot Moses!

Det ser mest ut som dei skal få rett. Jesus ventar med svaret. Han bøyer seg ned og skriv på jorda. Er han målbunden? Er vegen stengt for han?

Eg tilstår, - når eg i ånda ser på dette dramaet, så grip det meg djupt. Det er som ein får trong til i slå armane om Jesu føter og ropa ut: Lova vere Gud! Lova vere Jesus Kristus!

Jesus har retta seg opp att, og no kjem svaret: «La den av dykk som er syndelaus, kasta den første steinen på henne.» Ver så god, stein henne, dersom de sjølve er skuldlause. Men ingen stein vert kasta. Det dømde samvitet tek motet frå barmen og krafta frå armen og jagar dei bort.

Så står kvinna og Jesus att åleine, og i samvitet hennar lyder det nok med klår tone: Her er han som har rett til å lyfta steinen. Men i staden for stein kjem desse orda, beint frå frelsarhjarta: Gå heim og synd ikkje meir.

Slik er Jesus.

Kvifor er han slik?

Kor ligg grunnen til dette at den gode søkjer den vonde, den fullkomne det fortapte?

Grunnen ligg i hans natur. Han kan ikkje la vera. Om han ville slutta å søkja syndaren og frelsa den fortapte, så ville han ikkje meir vera til. Det er ikkje syndaren som først leitar etter Frelsaren; det er Frelsaren som søkjer syndaren. Det er heller ikkje syndaren som rører Jesu hjarta med si naud og si bøn; det er Jesus som rører og dreg på syndarhjarta.

Han er komen for å søkja og frelsa det som er fortapt.

Redningsaksjonen deg.

Og endå er her mange som ikkje tør tru seg frelste. Endå går du og grunnar på om ein slik som du tør koma til han, - du som er så vond tvers igjennom og har så mange synder på samvitet.

Vil du endå tvila? Vil du endå røma unna din einaste, store Frelsar ?

Då må du minnast at det er du sjølv som er skuld i at det går deg ille.

For fleire år sidan for eg langs Sørlandskysten ein av dei venaste dagane eg nokon gong har vore ute og reist. Havet var stilt og blankt som stål, og sola heldt på å siga i havet, innringa av skyer som lyste som gull. Medan vi sat på akterdekket og saug til oss av all denne rikdom i naturen, visste vi ikkje ordet av før ei kvinne sprang overbord. Far hennar og eg kom til å stå jamsides ved rekka, og seint vil eg gløyma den såre sukk som sprengde seg fram frå barmen hans då dottera seig lenger og lenger bort, og vi berre såg henne som ein liten prikk på det opne hav.

Det redningsbeltet som vart kasta heilt bort til henne, sumde ho ifrå, og då redningsbåten endeleg rakk fram, dukka ho. Ho ville ikkje bli berga, ho ville døy.

Medan eg stod og såg på dette spennande bergingsarbeidet, som lukkast til slutt, kom eg i hug Jesus som har kasta redningsbeltet til den druknande syndaren, og redningsbåten som ror etter dei som rømer unna og dukkar når frelsarhanda vert rakt ut.

Kor mange redningsbelte er det ikkje kasta etter deg! Kor tidt har ikkje også du dukka når Frelsaren rakte ut handa og ville dra deg inn i båten? Og no er han nær deg på nytt. No, gjennom dette ordet, er handa hans rakt ut til deg. Skal han få berga deg, eller vil du dukka i dag også?

Ein gong dukkar du for siste gong. Då sig du så djupt at frelsarhanda rekk deg aldri meir.

Då er du fortapt.

Ein slik dag vil koma for alle som ikkje let seg frelsa.

Ei langt, ei langt fra Guds rike,
et skritt kun, og alt vil bli vel.
Men blir du der utenfor porten,
fortapes din dyrt kjøpte sjel!
(Sangboken, nr. 153)

Det er dette Frelsaren ikkje vil skal henda, og difor er han her i dag for å frelsa syndarar, for å frelsa deg!

Han tek imot syndarar.

Han søkjer og frelser det som er fortapt!

Velsigna vere hans namn!


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
9 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  15: 1-10

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.