Hyrding og sau

Ca leselengde:
12 min

Tekst: Ludvig Hope



3. søndag i påsketiden
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: Esek 34,11-16 eller Apg 2,36-41
 1 Pet 2,20-25
Prekentekst: Joh 10,11-18
Fortellingstekst: 1 Sam 15,34-16,13
Poetisk tekst: Salme 23

Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. (Joh. 10: 11)

Jesus gjekk omkring i byar og landsbyar, lærte i synagogene, forkynte evangeliet om Guds rike og helbreda all sjukdom og vanhelse. Medan han slik kom saman med folket og såg korleis dei hadde det, tykte han inderleg synd i dei; for dei var herja og forkomne som sauer utan hyrding. (Matt. 9: 36)

Vi får tidt høyra av Jesus at han liknar oss menneske med sauer og seg sjølv med hyrding. Ja, han seier av og til rett ut at vi er sauer og han er hyrding.
Her er det stor grunn til å stilla det spørsmålet: Kvifor seier Jesus om oss at vi er sauer?
Vi kan vera visse om at der er noko ved oss og sauen som på ein eller annan måte er likt, elles hadde Jesus aldri brukt dette namnet på oss. Han brukar aldri meiningslause bilete og tome ord.

Det som kanskje mest særmerker ein sau utan gjetar er det at han vert så fort redd, og er han lenge utan hyrding, vert han beint fram vill. Ein sau har også underleg lett for å tulla seg bort og synest ofte mangla evne til å finna seg til rette att, når han først er komen på avveg. Derimot går det svært lett for dei å tulla seg meir og meir bort og spreiast, ein her og ein der.
Dette passar så godt med orda i Jes. 53, der det står om oss menneske at vi fór alle vill som sauer og vende oss kvar sin veg. Fara vill, - og renna kvar sin veg!

I mange tilfelle søkjer sauen heller ikkje redning når han er i fare. Frys han, så står han roleg til han frys i hel. Han let seg også snøa ned utan å røra seg og skrik aldri etter hjelp - som t. d. ei geit når ho er i fare. Sauen er også verjelaus og kan ikkje forsvara seg når udyra er ute etter han. Og like lite som han kan verja seg, like redd er han for dei som leitar etter han og vil berga han. Han spring berre lenger og lenger bort.

Undrast på om det ikkje er desse særmerke ved sauen som vi menneske liknar han i i vårt forhold til Gud?
Vi har så utruleg lett for å villa oss bort.
Vi er verjelause og kan ikkje forsvara oss sjølve mot det vonde.
Vi kan ikkje halda saman.
Vi søkjer ikkje frelse i faren, men tullar oss meir og meir bort.
Vi er redde hyrdingen og spring ifrå han når han prøver å berga oss.
Og så vert vi - som sauen - forkomne og ille medfarne.
Ser vi ut over ætta med dette for auga, vil vi bli gripne av undring over kor sanne desse orda av Jesus er.

For storparten av heidningane synest den største lukka vera å få eta seg mette. Dei skjelv for den grava dei ikkje kan koma forbi og ropar på tre og stokk og stein utan å få svar, - og utan å gi opp!
Er ikkje det å vera forkomen og ille medfaren?
Folka i det namnekristne Europa har visst aldri vore så lik ein saueflokk som no, ein saueflokk som er skremt og jaga og sundriven av udyr.
Kvifor er det slik?
Kvar kristen kan svara for seg.

Europearane har sprunge ifrå han som seier seg å vera og som er den gode hyrding. Og så fer dei meir og meir vilt, så vert dei meir og meir sundrivne og forkomne, fordi dei har ingen hyrding.
Du, kor godt Jesus har treft det!
Kor sant kvart eit ord er i hans munn!

La berre folka halda fram på den vegen dei no har slått inn på, så skal vi få sjå at det vil ta ein fæl ende. Få Kristus ut av kyrkje, bedehus og skule! Kast Bibelen bort og reinsa folkesjela og barnehjarta for alt som har med Gud å gjera. La så din eigen vilje få rå og gå der lysten driv deg. Rop så på dei som er like deg sjølv, at dei skal styra deg og samfunnet, - og sjå så kor det går. Du skal få sjå at alle er leigesveinar når ulven kjem, og du og alle dei andre vert lik ein saueflokk som ulven riv sund.

Men dette synest dei fleste ikkje å kunna sjå, og difor vil vi verta enno meir forkomne og ille medfarne. Ein gong, på kanten av avgrunnen, når ingen kan røra ein finger lenger for å berga seg, når den store løgna vert heilt avkledd, den løgna at vi kan verja og styra oss sjølve, då skal menneska få augo å sjå med og venda seg til Kristus. Der, på kanten av avgrunnen, vil han, den gode hyrdingen, ein gong i komande dagar finna og frelsa folkeslaga, slik som han ein gong fann og frelste deg og meg.

På same vis som kvart enkelt menneske i dag må gi opp seg sjølv og la seg frelsa og verja og styra av Jesus, må heile ætta ein gong siga saman for hans føter.
Då kjem Kristus att.
Kva skulle han gjera her før sin gjenkomst?

Om han kom no og ville styra og vera hyrding for alle folk, korleis trur de så det ville gå? Før dagen var omme, ville dei ha myrda han. Ingen nasjon som lever no, ville tåla han like lenge som jødane tålde han då han kom første gongen.
Folkeslaga trur enno for mykje på seg sjølve til at dei ville tåla han. Ingen annan enn dei som gir opp seg sjølv, vil bøya seg for Kristi kongsmakt og hyrdeomsorg.

Der mennesket er sjølvhjelpt, eller innbiller seg å vera det, der har Jesus som frelsar og hyrding ingen ting å gjera. Men der rådlause sjeler skrik om hjelp, der er hans arbeidsmark!
-----
Kva er det då ved Jesus som gjer at han kan vera hyrding? Kva er det som gir han makt og rett til det?
Makta og evna ligg i hans eigen natur, og retten har han vunne ved at han sjølv gjekk i døden for oss.
Kjærleiken gir han evnen til å bera hyrde- og herskarstaven. Døden han lei, og grava han sprengde, gir han retten.
Når han så går ut og leitar etter det bortkomne, så vil han ikkje stela det andre eig. Nei, han leitar etter sin eigedom, etter det han har kjøpt. Du er kjøpt av han og til han, og difor leitar han etter deg. Som om du skulle vera den einaste han hadde kjøpt og mist, slik leitar han etter deg.

Herre, du har jo de nitti og ni,
er dette ei nok for deg?
Men hyrden svarte: i min sti
ett får det enn fattes meg,
og ut i den ville skog jeg går
å søke med flid mitt tapte får.
(Sangboken 1948, nr. 105)

Du kan nekta å la deg berga, men du kan ikkje nekta han å leita etter deg.
Den som då stansar i spranget og let seg berga, han vert boren inn i Guds rike og fødd på ny. Då tonar det gjennom himlane ein gripande lovsong til æra for han som fann den bortkomne, og alt som høyrer Gud til takkar fordi ein syndar vart frelst.

Og straks gjennom berg og dal og skog
et rop nu til himlen går:
jeg fant mitt fortapte får.
Og englene sang til harpens slag:
en synder er født på ny i dag!
(Sangboken 1948, nr.105)

Du forunderlege hyrding, som ofra så mykje på meg! Du herlegdoms himmel, som syng Guds pris når ein einaste forkomen syndar vert boren heim! Det ligg for høgt for meg å forstå dette, men når eg ein gong får ei løyst tunge i ein rein munn, skal også min lovsong blanda seg i det himmelske kor, som syng til ære for den gode hyrding.
-----
Men ein hyrding skal ikkje berre leita opp det bortkomne. Han skal også verja og stella godt med det han har berga.
Det har også Jesus lova med klåre ord.

Som ein hyrding skal han gjeta hjorda si. Lamma skal han samla i armen sin, og ved barmen sin skal han bera dei. Dei sauene som har lam, skal han leia. (Jes. 40: 11)

Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting. (Salme 23: 1)

Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei fylgjer meg. Og eg gjev dei evig liv, dei skal aldri i æva gå fortapt, og ingen skal riva dei ut or mi hand. (Joh.10: 27-28)

Dette er Guds ord!
Og når du som kristen ser omkring deg og tenkjer etter, så vil du smått om senn få sjå korleis du har vorte boren av ein usynleg arm, og kor underleg du har vorte verna dag og natt, på hav og land.
Etter kvart som åra går, kan ein sjå Jesu hyrdeomsorg klårare og klårare.

Mange gonger såg det ut som du vert slengt i ei fossande elv, der livsens kalde kraft tumla med deg som ei lita flis - utan meining og mål. Men når du ser attende - kanskje først på kanten av grava, - så ser du at det var ikkje slik. Du ser at på denne måten måtte hyrdingen leia deg, skulle du koma vel gjennom verda. No veit du det også, at det var best for deg slik som du vart ført i livet. Etter kvart som det haustar, vert lufta reinare og linjene meir klåre, og så ser du at også for deg var alle Herrens vegar rette. Men heilt klårt vil du først sjå det når du saman med alle frelste, er innanfor portane i staden.

Eg har eit minne frå mine barneår, som ofte kjem fram i tankane, når det er tale om Jesus som hyrding, og vi som sauer.
Det var om hausten når vi samla sauene, etter at vi hadde sanka dei saman frå fjell og li og dalar. Så kom samlingsdagen, då kvar mann skulle finna sine sauer i flokken.
Då lydde det frå mann til mann: Har du funne att alle dine? -
Eg minnest kor forunderleg godt det var når ein kunne svara ja på det spørsmålet. Og stundom vart det lagt til: Også det vesle lammet som vi tvila på kunne leva, - også det er heimkome.

Eg veit ikkje om eit slikt spørsmål vil høyrast i himmelen på den store samlingsdagen. Eg veit ikkje om mor vil spørja mor, og far vil spørja far om dei har funne alle sine att. Heller ikkje veit eg om dei hyrdingar som overhyrdingen sette til å vakta ein flokk av sine, vil spørja kvarandre slik, eller om overhyrdingen vert spurt av den evige Gud. Men det veit eg, at alle som vinn heim og er med i flokken på samlingsdagen, er til ære for han som sette livet til for oss, og som ofra så mykje for å få oss heim.
Då er også sauen vel heimkomen, gøymt i Guds hus for alle hauststormar og den kalde, drepande vinter, - drepande for alle som ikkje let seg finna.

Da glemmes det kors som på jorden jeg bar,
da slukkes så mildelig sorgen,
da bliver oppklart hva gåtefullt var,
da rinner den lyse dags morgen.
( Sangboken 1948, nr. 745)


Desse «andre» er heidningane. Vi her i Noreg var også mellom desse «andre», men Jesu sendebod kom her opp og fylte våre dalar med lokkande hyrdetonar, så vi som var forkomne og ille medfarne, kunne verta berga. Mange har late seg finna og vinna, også av vårt folk.

No ber han oss om å gå til andre og leita opp alt ein kan finna i alle ætter og folkeslag. Vi skal også som underhyrdingar vara og verna dei som er funne. Vi skal gjeta den Guds hjord som er hos oss, og ha tilsyn med henne, ikkje av tvang, men med lyst. Ikkje heller slik at vi vil vera herrar over kyrkjelyden, men slik at vi vert føredøme for hjorden. Når så overhyrdingen kjem, skal vi få den kransen som aldri visnar.

Den dagen vil alle trufaste få sjå kva det ordet ber i seg: «Det de gjorde mot ein av desse mine minste, det gjorde de mot meg.» Den løna som Jesus har lova sine, er nok fletta inn i den uvisnande ærekransen.
Lukkelege er dei som vinn den!

Ære være deg du høye!
Akk, Gud, hva ser, mitt øye!
Rundt om din trone englerad!
Lyset er så klart der inne,
og hver sin venn vi der gjenfinne
så engleren og engleglad!
Hva intet øye så,
hva aldri tanker nå,
der vi skue! -
Nu jord farvel,
stig høyt, min sjel,
følg Jesus inn til gledens vell!

«Og der skal vera ein hjord og ein hyrding.»


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
12 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Emner

  Frelse

  Jesu lære

Skrifthenvisning

  Johannes´ evangelium  10: 11-16

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
  Flere ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.