Publisert

Jesu grav er tom.


Ca leselengde:
14 min

Tekst: Ludvig Hope



Påskedag
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: Salme 118,14-24
 1 Kor 15,1-11
Prekentekst: Luk 24,1-9
Fortellingstekst: Matt 28,1-10
Poetisk tekst: Salme 118,14-16

Men han seier til dei: Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå
Nasaret, han som vart krossfest. Han er oppstaden, han er ikkje
her! Sjå her er staden der dei la han. (Mark. 16: 6)

Frå den første til den siste dagen Jesus gjekk her på jorda, var han annleis enn alle andre. Meir eller mindre klårt ana folket at han ikkje berre gjorde under, men at han også, var eit under, og bar på krefter som ingen heilt kunne fatta eller forstå.

Den overmenneskelege ro han viste framfor domarar, klagarar og spottarar, kongeorda han sa på korset og jordskjelven som kom då han slokna i døden - alt dette har nok lagt mange stikkande broddar i bringa til dei som førde han til Golgata og fekk nagla han til krossen.

Denne uroa var det vel også som gjorde at fiendane hans ikkje var nøgde med at han bøygde hovudet i døden, at eit spyd vart stukke i hjarta hans, og at ein svær stein stengde vegen til grava. Om dei var aldri så visse på at han var død, så kunne dei ikkje vera rolege. Dei måtte få fatt i den sterkaste makt som verda åtte til å vakta grava. Først då Roma sitt segl stod på steinen og romerske soldatar heldt vakt omkring han, var dei trygge.

Sjeldan eller aldri har ei grav vore så sikra mot ran som Jesu kvilestad. Går vi litt djupare inn i dette, vil vi forstå at det er ikkje berre vonde samvit og redde sjeler som strir for å sikra Jesu grav. Han som kjenner menneskehjarta og visste om alle dei som ned gjennom tidene ville prøva å få bort dette Guds store under og den lysande vona for dei kristne: at Jesus stod opp frå dei døde - han var nok også med og fekk seglet på steinen.

Gud vere takk for dette innsegl og for vakta ved grava. No ser vi betre enn nokon av dei som levde før oss at Guds visdom var med også i dette.

Tenk om vegen til Jesu grav hadde vore fri, så kven som helst kunne ha rulla steinen bort og rana liket, om dei ville! Kva skulle vi då ha svara den hærskare av Jesu fiendar som ville ha sagt at læresveinane hans hadde stole liket? Endå både verdsens makt og Guds visdom arbeidde saman på å gjera eit slikt knep utenkjeleg, så kan ikkje vantrua la vera å koma med denne skuldinga. Kor mykje sterkare tak vilde då ikkje vantrua ha hatt om grava hadde vore utan vakt og innsegl.

Men om vantrua slik likevel briskar seg, og om ingen maktar å binda henne, så er då innseglet og soldaten til stort mein for vantrua og til stor hjelp for oss som trur. Trua ser Guds finger i det sterke vern som vart sett ved Jesu grav.

Inga jordisk makt våga å røra ved Jesu grav når Roms segl hadde låst henne. Det veit alle som vil vita det. Men Guds makt var størst, og den braut seglet, tok steinen bort og reiste Jesu lekam frå grava.

Og han stod opp med ære,
hans navn velsignet være.

-----

Kva verdi har så dette for oss at Jesus stod opp frå dei døde?
Det er eit spørsmål som vi aldri skulle verta trøytte av å få meir og meir lys over. For kvar lysstråle som fører oss nærare det fulle svar på dette spørsmålet, ser vi den opne porten inn til Gud meir og meir klårt, og det hjelper oss til å gå mot målet med sikrare steg og gladare sjel.

Den første delen av svaret er denne: Då Gud reiste Kristus opp frå dei døde, godkjende han Kristi frelsesverk. Alt det Kristus har gjort for oss er tatt fullgodt av Gud, og det er tilrekna oss som om vi hadde gjort det sjølv. Kristi soningsdød er godteken som ei full og heil utløysing for oss frå synda, døden og satans rike.

Alt som var gjort av oss, vart tilrekna han, og alt som var gjort av han, vart tilrekna oss.
Difor seier også Guds ord:

Men er ikkje Kristus stått opp, då har de ei unyttig tru, og då er de enno i syndene dykkar. (1. Kor. 15: 17)

Men no er Kristus stått opp frå dei døde og har vorte førstegrøda av dei som er sovna inn. (1. Kor. 15: 20)

Han som vart gjeven for våre brot og oppreist til vår rettferdiggjering. (Rom. 4: 25)

Dette seier Guds ord. Dermed er det også sagt oss klårt og greitt at kristendomen står og fell på det om Kristi grav er tom eller ikkje.

Den rasjonalistiske læra at det ikkje har noko å seia for sann kristendom, om Kristi lekam er reist frå grava eller ikkje, er heilt imot Guds ord. Det er ei lære som er både grunnfalsk og ukristeleg.
Den Kristus som ikkje reiste seg frå grava tredje dagen etter sin død, han er ingen frelsar for oss. Han er ein svikar og løgnar.

Då biskop Johan Nordal Brun fekk sjå inn i oppreisningsunderet, dikta han ein av dei fagraste songane som noko menneske nokon gong har sunge om den levande Kristus. Han syng:

Jeg har vunnet, Jesus vant,
døden oppslukt er til seier.
Jesus mørkets fyrste bandt,
jeg den kjøpte frihet eier.
Åpen har jeg himlen funnet,
Jesus vant, og jeg har vunnet!
(Sangboken, nr. 666)

Det dristige, men også det sanne i dette verset, er orda: «Jesus vant, og jeg har vunnet!» Så mykje ligg det for oss i det frelsarverket som er godkjent av Gud! Så fullt og heilt er frelsa ferdig for oss, i han, at då Jesus vann, så vann vi.
Slik har det seg at dei som trur på Jesus, har eit evig liv.

Du kor vanskeleg det er for oss menneske å forstå dette at alt det vi treng til frelse ligg ferdig for oss – utanfor oss! - Det synest vera så på tverke for mennesketanken at ingen kan fatta det i sin innerste grunn eller gripa det som sin eigedom, utan hjelp av Guds ånd.

Han er oppstanden, det er stort,
og dermed er til inkjes gjort
den gru som grava hyser.
Han er oppstanden, det er godt,
mi grav som var eit fangekott,
som brudesal no lyser.
(Nokre salmar, hefte 1, nr.5)

Du som enno ikkje har funne fram til denne opne døra, kva skal eg seia til deg? Be Gud at han vil salva dine augo så du kan sjå han. Og du som går og strir med deg sjølv, lengtar og spør, grev og leitar i ditt forderva hjarta, vend synet mot han som er alt for oss!
Treng du meir til frelse enn det Gud er nøgd med?
Kan du ikkje sjå dette, tru det og verta frelst?

Så bøy då endå ein gong kne ved krossen og den opne grava og spør han som hang på krossen og sprengde grava, kvifor gjorde han det. Han vil svara at alt gjorde han for deg! Og til dette svaret vil himmelen seia amen og helvete skjelva.

Alle mann som kunne vakna,
kom og sjå til Jesu grav!
Alle mann som livet saknar,
kom og drikk av livsens hav!
Kom derut med bøn og tru,
og med fred du heim skal snu.
Alle som i myrker sukka,
her kan finna fred og lukka.

-----

Men den Kristus som står på si grav, han har ikkje berre tatt herredømet frå synda og døden, han har også vunne livet. Like visst som vi eig syndsforlating i han, eig vi også evig liv!
Det livet som sprengde grava påskemorgon, det livet er vårt liv! Det er ditt og mitt liv.
Han lever, og vi skal leva.
Den som lever og trur på han, skal aldri døy.

Han har ikkje berre gjort det mogleg for oss å stå opp, men han er sjølve oppstoda - Han er «oppstandelsen» . Den som lever og trur på han, skal leva om han og døyr.
Lova vera Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, som har velsigna oss med all åndeleg velsigning i himmelen i Kristus. Ef. 1: 3.

Og vekt oss opp med han og sett oss i himmelen i Kristus. Ef. 2: 6.
Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. Kol. 3: 1.
I desse orda får vi vita at vi er vekte opp med Kristus, reiste opp med Kristus, sette i himmelen i Kristus, og velsigna med all åndeleg velsigning i himmelen i Kristus.
Kva skal vi seia til dette?

Eg kan ingen ting seia om desse guddomelege løyndomar. Dei syner oss det djupaste og det høgste av det Kristus er for oss, dei fører oss opp på den høgste toppen, til den kvassaste eggen, der ein berre kan teia, sjå og leva.

Våre ord kan ikkje røra desse orda. Vi kan berre lesa dei og teia.
Men det tanken ikkje rekk, og det tunga ikkje kan tolka, det kan vi tru. Det vil eg tru, ja, det trur eg, og så lever eg ved tru i dette frelsesunder at eg er teken til nåde i Kristus, skapt i Kristus, reist opp med Kristus og velsigna med all åndeleg velsigning i Kristus.

Her ser jeg i en avgrunn ned
av idel Guds barmhjertighet.

Kan ikkje også du sjå dette?
Djupt i hjarta mitt lever det eit stille ønske: den som kunne få hjelpa sine medmenneske inn til denne Frelsaren! Den som kunne!

Men om eg ikkje kan det eg så gjerne ville, så høyr det endå ein gong, du dyrt kjøpte og utløyste menneske:

Han er oppstanden, store bud!
Min Gud er en forsonet Gud,
min himmel er nu åpen!
Min Jesu seierrike død
fordømmelsenes piler brøt
og knuste mørkets våpen!
(Sangboken, nr. 661).

Kan du enno ein påskedag høyra dette utan å tru deg frelst?
Den som trur dette, skal leva om han døyr.

-----

Til slutt vil vi prøva å finna litt av den nådekraft som ligg i ordet om den levande Kristus, slik som vi Guds folk skulle tru på han og eiga han og kjenna krafta av hans oppstoda.
Det er ikkje så lett å klarleggja dette gjennom fattige ord, men eg vil prøva. Herren vil lysa for oss.
Du er ein kristen, du trur deg frelst. Du har sett han og tatt imot han slik som han bar dine synder på sin lekam opp på treet. Du såg og du ser at skulda di er betalt. Så langt er alt i orden. Men så er det dette at du kan ikkje leva av det at du er skuldlaus.

Det er ikkje nok å vera skuldlaus; du må også ha noko å leva av.
Har du tenkt på det?
Her står vi ved døra til løyndomen i krafta av Kristi oppstoda. Den døra som vi har så vanskeleg for å sleppa innom.

Om du no tenkjer vel etter, vil du hugsa at i kvardagsstrevet, der du skal leva som kristen, der står du så tidt fast. Driftskapitalen rekk ikkje til. Utgifta vert for stor og inntekta for lita. Så går det ned, ned, ned! Så mister du motet, gleda og freden. Så mørknar det i sjela, og for brystet legg det seg noko tungt og trykkjande, noko som syg og tærer. Så vert du kald og sløv, åndstom og motlaus.

Du prøver ved bøn og strid å halda deg oppe og vinna fram att til det du ein gong var, men det lukkast ikkje. Det er som svepeslag på ein mager, utkøyrt hest, når lasset er for tungt. Og så skrik det så sårt inne i barmen: Eg har ikkje kraft! Store Gud! kraft! kraft! kraft!
No orkar eg ikkje meir!
Eg trøytnar og visnar bort!
Slik strir og lir mange kristne.
Kva er grunnen til dette?

Det har vore svara på dette før her i boka, men eg vil ta det opp att no. Den store hovudgrunnen er denne:
Du leitar i hjarta ditt etter det du eig i Kristus.
Du går til kristendomen din i staden for til Kristus. Du leitar i det tome pengeskrinet heime etter det du har i banken.

Om du fekk meir syn på dette livsens under, som ligg løynt i dei orda, at vi er fylte i han og velsigna med all åndeleg velsigning i himmelen i Kristus, så ville den største gåta vera løyst for deg når det er spørsmål om kraft.

Det er det som er i Kristus som har verdi for Gud, også når det spørst om korleis du skal leva og vera.
Den som trur det, får kraft. Han får større inntekt enn utgift.
Han (eller ho) lever ved Kristus.

Du som les dette, er kanskje ein av dei som er motlause, kraftlause, tvilande og redde. Om du no grip dette at du ikkje treng noko meir enn Kristus, at slik som han syner seg i himmelen framfor Guds åsyn for di skuld, er han alt det du treng, om du heilt kvilde på dette, korleis trur du då at det ville bli med deg?
Du ville bli glad.
Du ville smaka Jesu Kristi fred.
Du ville få mot og kraft.
Du ville verta sterk i Herren.

Har du prøvet, tross alt hva du føler,
deg å klynge i tro til hans ord?
Har du smakt av den himmelske glede
som han skjenker til alle som tror?
(Sangboken, nr. 322)

Prøv no.

Ei gamal, god fortelling vil eg ta med her. Det var ei gamal kvinne som budde åleine i hytta si. Ein vårmorgon då ho vakna, lydde det slik fager song i treet utanfor vindauga. På same vis gjekk det utover våren: tonane frå treet møtte henne kvar morgon. Om eit stund tok fugleparet til å bera kvist opp i treet, og gamle mor visste kva det tydde. Om ikkje lenge hadde det kome fleire i den nybygde heimen i treet, og den gamle dama gledde seg over venene sine der ute. Midt i strevet med å bera mat til dei små hadde dei vaksne fuglane endå tid til å syngja ein og annan song til gleda for gamle mor i hytta.
Men ein morgon ho vakna, var alt så underleg stilt ute. Med det same kunne ho ikkje skjøna kva som var i vegen. Først då ho kom bort til glaset, fekk ho vita grunnen. Reiret var sundrive, fuglane var drepne. Fjør og dun låg spreidd utover marka. Katten hadde fått auge på reiret, og om natta hadde den gjort hærverket. Då gamle mor såg dette, ropa ho så sårt: «Å, fugl, du skulle bygt høgare opp!»

Denne forteljinga kjem tidt i mine tankar. Ho minner meg om den faren som lurer på alle kristne: å byggja for lågt. Fordi vi alt for ofte gjer det, vert så mykje i vårt kristenliv sundslite og lagt øyde.
Difor: bygg høgare opp!

Der opp da, mitt bange sinn,
hvor man seierskransen binder,
og kun frisk i kampen inn,
det har ingen nød, jeg vinner!
For jeg er jo, Jesus, din -
så er du og himlen min.

Han lever, og vi skal leva.


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
14 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Markus evangelium  16: 1-7

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.