Publisert

Jesus i bryllaup Joh 2:1-11


Ca leselengde:
11 min

3. søndag i åpenbaringstiden
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: 1 Mos 1,26-31
 Åp 21,1-6
Prekentekst: Joh 2,1-11
Fortellingstekst: Luk 2,40-52
Poetisk tekst: Salme 36,6-10

Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der. Også Jesus og læresveinane hans var bedne. Joh 2:1-2

Jesus vert beden til bryllaup. Han tek også i mot innbydinga og dreg til bryllaupsgarden ihop med læresveinane. At mor hans også er beden, tyder på at dei var i slekt med brudeparet.

At Jesus var med i bryllaupet, kan vi nok gå med på, og så vidt eg veit, er det ingen som undrar seg over det. Men at han lagar vin til gjestene, det er verre å forstå - for oss som lever no. Han lagar vinen ved eit under, og det er endå til det første underet av han som vi høyrer om etter at han steig fram for folket.

Men var det alkohol i den vinen? Det spørsmålet har dei spandert mange ord og mykje blekk og trykksverta på. Eg har inga klår meining om dette, for Guds ord let oss ikkje få vita det. Eg vil berre seia så mykje at det ville vera rart om han som elles dømer så hardt om rusdrikk og om dei som lagar slik drikk, at han skulle gjera det som han i ordet sitt lastar andre for.

Ve dei som jagar etter sterk drikk frå tidleg morgon av, som sit til seint på kveld og blir heite av vin. Jes 5:11

Ve dei som er heltar til å drikka vin og djerve karar til å blanda sterk drikk. Jes 5:22

Merk at her står «sterk» drikk.

I Guds ord vert drikkaren sett jamsides tjuven, baktalaren, røvaren og den gjerrige. Ingen av dei skal koma inn i Guds rike.
Er her ein kristen som tvilar på at Jesus vedkjenner seg desse orda?

Guds ord seier ikkje at det er synd å smaka vin og annan drikk som det er alkohol i. Det er dei som drikk seg drukne, som vert fordømde. Det står fast. Men likeså visst er det at gudsordet set dei fram som et føredøme, dei som aldri smakar rusdrikk. Tenk berre på nasarearane og rekabittane (4 Mos 6; Dom 13; Amos 2; Jer 35).

Difor har vi rett til å seia at dei som held seg borte frå all rusdrikk, dei gjer ei god gjerning, anten dei gjer det for si eiga skuld eller for å hjelpa andre med sitt føredøme. Difor sømer det seg, først og fremst for ein kristen, å halda seg borte frå rusdrikken.

Eg tek det opp att: Guds ord har ikkje sagt at vi kristne skal vera fråhaldsmenn. Også i dette stykke lever vi under fridomslova. Men hugs på det: den same mannen som varar oss mot dei som seier: "rør ikkje, smak ikkje, ta ikkje", han har også sagt: " Dersom mat valdar støyt for bror min, så vil eg i all æva ikkje eta kjøt, så eg ikkje skal valda støyt for bror min."

Han som var fri for alle, gjorde seg sjølv til tenar for alle.

Det er det rette kristensinn.

Men det som er hovudsaka i ordet i dag, er ikkje spørsmålet om vinen. Det første og fremste i teksta er dette at Jesus stig innom døra til dei som skal byggja seg ein heim.

Med det same Jesus stig fram for folket som lærar, profet og frelsar, går han inn i ei bryllaupsstova og gjer der sitt første under og syner sin herlegdom.

Kvifor gjer han det?

Er det berre fordi det høvde så?

Jesus er ingen stad berre fordi det høver så. Vegen hans gjennom verda er oppstaka av Faderen. Alt det Faderen ber han om, det gjer han. Når han då gjer sitt første under i eit bryllaup, så kan vi vera visse om at også det er etter Faderens vilje og ber i seg ei meining som stikk djupare og går høgare enn til vatn og vin.

Han som bygde den første heimen på jorda i paradis - den som menneska sjølv la øyde - han vil først syna herlegdomen sin nettopp i ein heim, då han stig ned til oss som vår Frelsar.

Såleis er det fastsett i Guds vise råd.

Så er Guds vilje.

I heimen stig Jesus inn og openberrar herlegdomen sin. Der gjer han vatn til vin. Vi kan vel med ein gong tolka dette såleis: Der vil han gjera sorg til gleda og gjennom dei motgangar og vanskar som trugar ein heim, byggja han opp ved Guds nådeunder.

Heimen er rota og ryggen i eit sant kristenliv og i alt sant menneskeliv. Vert heimen sundriven, så misser kristenlivet sin fagraste blom, og moralen og folkelukka vert trakka i gruset. Samfunnet vert stukke i rota av ein orm, som ber i seg den mest drepande gift for menneskelivet.

Fridomen, lukka og framgangen hjå eit folk er bygd på heimane. Er heimane friske og sterke, så er folket det også. Er det gudsfrykt i heimane, så er det også gudsfrykt i folket. Ingen veit det betre enn han som bygde den fagraste og den første heimen på jorda, til det første menneskepar. Difor kan det ikkje undra oss at Guds son - då han stig her ned og skal føra oss attende til paradiset går inn i ei bryllaupsstova til to unge menneske som gjev kvarandre sine liv og skal byggja ein heim.

Dette skulle vi alle leggja oss på hjarta og aldri gløyma.

Vår opplyste ætt synest ikkje hugsa lenger at det sterkaste vern om fedrelandet, den største rikdomen i folket, den beste arven til komande ætter er gode, kristne heimar.

Av alle dei ulukker som trugar oss no, er oppløysinga av heimane ei av dei verste. Ein stor part av folket byggjer heim med den baktanken: likar eg meg ikkje, så går eg i frå alt ihop, frå kona, frå mann og frå born. For ein mannsalder sidan såg dei fleste på skilsmål i ekteskapet som noko fælt og i særskilt meining tuktlaust og syndig. No er slike skilsmål så vanlege - iallfall i byane - at folk ser mest ikkje noko vondt i det meir.

Heimane er i oppløysing og dermed også samfunnet. Den som kan bryta livsens høgste og helligste lov, kan også bryta alle andre lover. Og så driv ættene og nasjonane mot kaos, og ingen kan stansa dette raset om det ikkje på nytt vert lagt inn i folket kjærleik, ansvar og offervilje for heimane.

Kan det lukkast?

Ja, det kan lukkast. Eg seier med gleda og stort frimod at det kan lukkast, dersom Jesus atter får stiga inn i heimane og syna sin herlegdom. Det er vilkåret. Får ikkje han koma inn, så går det gale.

Vi kan finna på alle dei boteråder vi vil utanom denne eine, det vil ikkje lukkast. Vert Jesus utestengd, så rotnar rota i folket meir og meir, ryggmergen tærest bort, vi vert eit folk som går mot grava.

Men ordet idag fører oss eit stykke lenger enn til det allmenne folkeliv. Det fører oss fram til den ungdomen som vedkjenner seg Kristus, og som i ei stor stund har lova å fylgja han. Med takk til Gud kan vi seia at det er mange slike ungdomar i vårt land.

Men det syner seg så altfor ofte at når det røyner på, når dei skal velja den dei skal leva livet saman med, då sviktar mange.

Då spør dei ikkje etter Guds vilje, då ser dei ikkje Guds klare ord, men gjer det dei sjølv har mest hug til.

Den unge kristne kvinna gir sitt eine, dyre liv til ein verdsleg mann, og den kristne mannen gir hjarta sitt til ei verdsleg og lettliva kvinna. Når så bryllaupsbordet skal dukast og heimen verta bygd, må Jesus vera utanfor. Det høver ikkje å be han i bryllaupet, fordi brudefolket har ikkje ein hug, og gjestene heller ikkje. Og i slikt lag kan Jesus ikkje vera.

På den måten byggjer mange ungdomar heimen sin. Utan hjørnestein og utan grunnmur. Nettopp, der dei trong Jesus mest til hjelp i livsstriden, der får Satan stengja døra. Når så stormane bryt inn, så sviktar grunnen, fordi Frelsaren var bygd ute.  Den som før var ein frimodig og glad kristen, sit no framand og einsleg i sin eigen heim, sår og sundsliten av motgang og eit vondt samvit.

Slike menneske har eg ofte møtt. No er det for seint gjera om att det ein gjorde gale. No må du bera byrda, den du sjølv batt på din eigen rygg.

Du trudde nok - som så mange andre - at det skulle vera så lett å vinna han eller henne for Gud. No får du erfara at denne trua var bygd på din eigen vilje, og så veks de meir og meir frå kvarandre. Der de djupast trong til å hjelpa einannen, der har de ikkje den same hug, og så mørknar det i sjela og kolnar i heimen.

Men det verste er at det fell så tungt for deg å halda fast i Guds lovnader og be han om hjelp. Tanken på at du visste betre då du tok dette urette steget, dreg ein skugge mellom Gud og di bøn.

Eg reidde senga mi sjølv. Det var min eigen dårskap som førde meg opp i dette. Eg visste betre, men ville ikkje gjera etter det, og no lyt eg ha det som eg har det. Du som sit med desse tankane og ber på denne domen: om du synest at du har spillt mykje av di lukka i dette liv, så tar du ikkje difor gi fra deg samfunnet med Gud og bli ulukkeleg i det komande liv. Om du har vore utru, så er han trufast. I di einslege krå, der du les i Bibelen og bed di bøn, der møter han deg som Frelsar og Far. Det skal du halda fast ved. Han vil halda deg oppe i livskampen og venda din dårskap til det gode for deg som kristen.
Så stor er hans kjærleik og nåde. Og kven veit om ikkje dagen endå kan renna då heimen din heilt opnar seg for Jesus.

Han aldri har sitt folk forlatt i noen nød og plage.

Han vil heller ikkje slå handa av deg.

Så eit ord til deg, du kristne ungdom, som endå ikkje har bunde deg til nokon her i verda.

Gå heller åleine gjenom livet framfor å binda deg til eit menneske som du ikkje kan dela det høgste og beste i tilværet med. Gå aldri til altaret med ein mann eller ei kvinna som ikkje vil bøya kne ihop med deg i heimen.

Eg trur du gjer rett i å lova deg sjølv og din Frelsar dette.

Men gir du livet ditt med indre gleda og ro til eit menneske som først har gitt livet sitt til Gud, så stig Jesus inn i heimen din, og i eit samliv som er fylt både med gleda og sorg, skal han gjera mange under og syna sin herlegdom.

Då skal ikkje motgang og slit knekkja deg eller gjera deg sur og hard. Alt det du møter skal adla deg til eit Guds menneske og læra deg kunsten å leva som ein kristen. Hans herlegdom skal då ikkje syna seg berre i bryllaupsstova, men endå meir der du strir din kvardagsstrid for deg og dine, der du vaker den lange natta over dei du elskar mest på jorda, og der heimen din lyser i velstand og lukka.

Motgangen skal ikkje kuva deg, men han skal gjera "vatn til vin". Medgangen skal heller ikkje gjera deg dumstolt og sjølvvis.

I alle ting skal Kristus syna sin herlegdom på deg, til du ser han som han er i bryllaupssalen i det evige liv.


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
11 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Emne

  Ekteskap

Skrifthenvisning

  Johannes´ evangelium  2: 1-11

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.