Publisert

Livslovene Joh 16:16-22


Ca leselengde:
10 min

4. søndag i påsketiden
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: Jes 54,7-10 eller Apg 9,36-43
 Fil 3,12-14
Prekentekst: Joh 16,16-22
Fortellingstekst: 1 Sam 17,3-11.37-50
Poetisk tekst: Salme 30,5-6.12

Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om ei lita stund att skal de sjå meg. Joh 16:16

Om me vil umaka oss med å sjå korleis livet rører seg og veks her i verda, vil me snart finna - utan å vera vitskapsmenn – at alt liv er underlagt skiftings- eller motsetningslova.

Denne lova gjeld for naturliv og menneskeliv, for kristenliv og elles alt ånds-liv.

Ute i naturen kan det ikkje vera dag alltid. Etter dagen kjem natta. Etter lys kjem det mørke. Etter storm kjem det stille. Etter sol kjem det regn. Slik må det vera skal noko kunna gro og veksa i naturen. Det eine trengst like vel som det andre.

Ei tid er det for blad og blom til å opna seg for å suga sol og kraft, og ei tid er det for dei til å lukka seg att, så dei kan kvila og verja seg mot nattekulden.

Varer solskinnet og varmen for lenge, så står grøda i fare for å bli svidd bort eller bli oppete av innsekt. Varer regnet og kulden for lenge, så er det også farleg.

Såleis skiftar det ute i naturen. Det me kaller styggver, er ofte godver, fordi det trengst nettopp då – om livet skal veksa og bera frukt.

Ser me på menneskelivet, så finn me den same lova også der.

Dei menneske som er så ulukkelege at dei berre har det me kallar medgang, dei vil før eller seinare finna at nett­opp medgangen var deira største ulykke. Det skal sterk rygg til å bera gode dager. Ja, ein kan visst seia med full rett at menneskelivet kan ikkje haldast oppe berre ved gode dager. Det livet som må bryta seg veg mellom tusentals motsetningar, vert ikkje berre som regel det rikaste og lukkelegste, men det eig også den største kraft til utvikling og framgang. Det livet som strir for å halda seg oppe og koma fram i verda, er alltid det friskaste. Men der rikdom og velvære har teke livskampen bort, der er ryggrada i menneskelivet brote.

Det er livsens tunge lære.

Og som det er i naturlivet og i menneskelivet, slik er det også i kristenlivet.

Ein kristen kan ikkje ha berre glade dagar då medgangen smiler til han. Tvert imot så må me også som kristne møta trengsel og trykk.

Jesus sa til sine: I verda skal de ha trengsle, og dette skal kan ingen kristen smyga seg unna.

Trengsla er like visst eit merke på sann kristendom som lyse og glade dagar er det.

Om ei lita stund skal de sjå meg, og etter om ei lita stund skal de ikkje sjå meg. Det seier eg dykk for visst og sant: De skal gråta og jamra, men verda skal gleda seg. Joh 16:19-20

Dette er Jesu ord om den vegen dei kristne må gå. Gripande er det også å lesa desse orda av Jeremia:

På mørke stader let han meg bu, lik ein som døydde for lenge sidan. Han mura att for meg, så eg ikkje kan koma ut. Han gjorde lekkjene mine tunge. Om eg så ropar og skrik, slepper han ikkje bøna mi innpå seg. Han stengde vegane mine med hogne steinar, stigane mine gjorde han krokete. Som  ein bjørn i bakhald, som ei løve på gøymestaden sin, slik var han imot meg. Han gjorde vegane mine til til avvegar. Han reiv i stykke og øydela meg. Klag 3:6-11

Mange kristne – ikkje minst mange preikarar – har den meining at åndeleg mørke kjem av eit fattig og slurve kristenliv. Men ordet av Jeremias, som me nettopp har nemnt, seier ikkje det. Skulda for dei tunge lekkjene og den tilmura vegen, legg profeten på Gud.

At det er mykje dårleg kristendom mellom oss, er sørgjeleg sant; men det er også sant at dei beste kristne som jorda har bore, er dei som har stridd mest, vore i størst åndeleg mørke og kjent den hardaste tvilen. Ingen veit så godt som dei, kva det vil seia å gå inn i Guds Rike gjennom mykje trengsle.

Du som veit kva det er å stri  for å halda deg oppe som kristen, du som ofte må banka på ei stengt dør og gå på ein tilmura veg, du er i fylgje med dei som ærlegast og sannast gjekk i Jesu fotefar.

Den kristendommen som berre lever i sol og sumar, og som difor gir seg ut for å vera sers åndeleg, den kristendommen er flat og tynn.

Den kristendommen døyr ut.

Det han vantar i djupleik og indre kraft, prøver han å bøta på med store ord og ytre puss. Han saknar den fineange, den livsens aroma som berre finst i det kristenliv der trengsla og kamp fører sjelerøtene inn i Guds mange slag nåde.

Ein naturelskar fortel at han ein gong fann ei stor keisarmøllpuppe. Denne puppa har ei merkeleg form.

Ho ser ut som ei flaske med trong hals, og ut gjennom denne tronge halsen må insektet krypa utan at hylsteret vert sprengt. Han seier: Eg hadde høve til å sjå korleis dette vesle insektet måtte stri for å komme ut or fange­rommet. Då det hadde baska ei tid, brast tålmodet mitt. Eg tok ei saks og klypte av dei trådane som heldt det fast. Då dei fine strengjene var avklipte, smaug det vesle krypet lettvindt ut, men du som det såg ut: det var berre ein svullen kropp med små, samankrøkte venger. Eg såg at vengene bar emne i seg til fagre fargar, og eg stunda etter å få sjå dei koma fram, men eg venta få­fengt. Insektet vart berre eit stakkars kryp som slepa seg med møde gjennom eit kort liv.

Kvifor gjekk det slik?

Fordi strengjene som gjorde striden så hard, skulle ikkje klippast, men slitast. Då først får kroppen si rette form og vengjene sine fagre fargar.

Du, Jesu Kristi stridsmann, som kjempar for å komma deg laus frå puppa og som så mange gouger spør både deg sjølv og Gud og andre menneske om grunnen til at vegen din skal vera så trong og så tårevåt: Prøv å hugsa på at strengene skal ikkje klyppast, men slitast. Når dei vert slitne av – i strid og siger – då skal din kristelege person få farge og form.

De skal gråta, men verda skal gleda seg. De skal syrgja, men sorga dykkar skal verta til gleda. Joh 16:20

Det er lovnaden som Frelsaren har skreve over tårene og kampen til dei kristne. Så hard som sorga og striden var, så herleg og djup vert gleda.

Kroppen får form, og vengene vert sterke og får sitt rette, fagre fargespel.

I 2 Kor 1:8 let Paulus oss få ein gløtt inn i striden som han og ein av medarbei-darane måtte føra for å halda seg oppe som kristne og  slita strengene . Han seier:

For me vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om den trengsla som kom over oss i Asia. Ho var umåteleg tung, tyngre enn me kunne bera, så at me jamvel tvila på om vi kunne berga livet. Eg rekna oss alt som dødsdømde, så vi ikkje skulle lita på oss sjølve, men på Gud. 2 Kor 1:8

Dette er underlege ord.

Kven av oss kunne ha tenkt, om me ikkje fann det i Bibelen, at Paulus måtte inn i så stor ein strid, så han ikkje skulle lita på seg sjølv?  Men også han måtte slita banda, han som andre kristne. Heller ikkje han kunne komme forbi Jesu ord: I verda skal de ha trengsla.

Så me ikkje skulle lita på oss sjølve.

Me brukar så mange store ord og lovar så mangt og mykje i dei gode, lyse dagane. Me trur også då at me er bra kristne, helst litt betre enn andre, og utan at me veit det, lit me på oss sjølve. Men så murar han att for oss, så me ikkje kan komma ut. Om me klagar og ropar aldri så sårt, så svarar han ikkje. Då minkar tankane om vår store, gode kristendom. Då ser me kor lite me mak­tar når det røyner på. Men ut frå dette syn føder Guds Ånd på ny i oss ei stille, djup lengting etter hjelp, etter Jesus, og me finn atter vegen til nådens kongsstol, der ein alltid får hjelp i rette tid. Ingen har vorte jaga der ifrå. Når lyset så enno ein gong renn og jagar bort natta i sjela, så har me fått ein større Kristus, og me er atter berga frå å lita på oss sjølve.

Som de  har del i lidingane, skal de og ha del i trøysta.

Me er fylte med trøyst, me er storrike  på gleda i all vår trengsle; for trengsla verkar tålmot, og tålmotet ver­kar røynsla, og røynsla verkar von. Rom 5:3-4

Då har kroppen fått form og vengjene fargar, fordi banda ikkje vart klipte, men slitne.

På denne vegen lærer ein kristen også å få medynk med andre som lir og er i trengsle. Slik kan han få vera dei til litt hjelp i livsens strid.

Han som trøystar oss i all vår trengsle, så me kan trøysta dei som er i all slags trengsla, med den trøyst som me sjølve er trøysta med av Gud. 2 Kor 1:4

For liksom lidingar kjem rikeleg over oss, så er og vår trøyst rikeleg i Kristus.

Er det ikkje ein stor rikdom i livet å få leva for å hjelpa andre? – Då sannast det ordet også på oss:

No gle­der eg meg over mine lidingar for dykk, det som enno vantar i Kristus-lidingar, det utfyller eg på mitt eige kjøt, for hans lekam, som er kyrkjelyden. Kol 1:24

Dette kunne ikkje Kristus lida, dette må me lida for kvarandre.

Når så tida renn og åra vert mange, i tårer og strid, så tek me til å trøytna og lengta etter vart rette fedreland. Livet her vert meir og meir slitsamt og ståkande. I den stille kråa, der auga stirer løyst og lengtande, lyder det: Herre, eg lengtar heim!

Men då har ikkje berre kroppen fått form og vengene farge, då har også vengene vorte sterke, så dei ber oss opp og heim.

Kristne! Snart er den siste tåra tørka av, den siste sjelesmerten borte, den siste mørke timen og den siste skuggen i det landet der du var i fare, er lagt bak deg.

Snart – om ei lita stund – opnar porten seg inn til det landet der det ikkje eingong er skugge av omskifting.

Snart er bruden hjemme nu
Og skuer sin brudgom så glad.
Oppe i skyene møtes vi
Og går inn i den Himmelske stad.


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
10 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Emne

  Prøvelser

Skrifthenvisning

  Johannes´ evangelium  18: 16-22

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.