Publisert

«Men de og skal vitna» Joh 15:26-27


Ca leselengde:
9 min

Søndag før pinse
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: Hag 2,3-9 eller Apg 1,12-14
 1 Pet 4,7-11
Prekentekst: Joh 15,26-27
Fortellingstekst: 1 Mos 11,1-9
Poetisk tekst: Salme 27,1.4-5.11.13

Men de og skal vitna; for de har vore med meg frå det første. Joh 5:27

I sitt rike på jorda har Gud sett menneske med ymse nådegåver, så dei skal dela ut sanninga om Han frå ymse sider og såleis gi kunnskap, lys, kraft og rettleiing i alt som høyrer til frelsa, så vi kan haldast oppe i trua og vinna fram til målet.

Som menneskesjela har mange sider og Guds ord mange sanningar, må også det Ordet som skal hjelpa oss, verta forkynt etter heile sitt innhald, elles vert det sider av menneskelivet og kristenlivet som tek skade. For at ikkje den ulukka skal koma over oss, har Gud gitt sitt folk ymse nådegåver.

Likså lite som ei nådegåve kan gi alt det ein kristen treng, likså lite kan alle nådegåvene eigast av ein. La oss høyra noko av det Bibelen seier om dette:

Gud sette i kyrkja først nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, så kraftige verk, så nåde­gåver til å lækja, til å hjelpa, til å styra, så ymse tunger. 1 Kor 12:28

Det er skil på nådegåver, men Anden er den same. Og det er skil på tenester, men Herren er den same. Og det er skil på kraftige verknader, men Gud er den same, som verkar alt i alle. Men åpenberringa av Anden får kvar og ein til det som er gagnleg. For ein får kunnskaps tale ved den same Ande, ein annan tru ved den same Ande, ein annan nådegave til å lækje ved den same Ande. 1 Kor 12:4-9

Men alt dette verkar ein og same Ande, som skifter ut til kvar for seg, etter som Han vil. 1 Kor 12:11

Dette kjem ikkje fram i den offisielle kyrkja, der ein einaste mann som har gått nokre år på skole, er sett til forkynnar for kyrkjelyden. Men i Guds levande kyrkjelyd har dei ymse nådegåver fått større rett og rom, til signing og til framgang for Guds rike. Men utanom desse ulike nådegåver, som Gud har gitt folket sitt, er det enda ei side ved kristenlivet som vi ikkje må gløyma. Det er det som Jesus legg oss på hjarta i ordet i dag:

«Men de og skal vitne.»

Å vitne er ikkje det same som å forkynne Ordet – som lærar, profet eller evangelist. Ein kan undervisa i Ordet utan å kunna undervisa andre. Å vera lærar, profet eller evangelist er på ymse vis å klårleggje Guds Ord og prøva å få Ordet inn i hjarta på dei som høyrer det. Men å vera eit vitne, det er på ein eller annan måte å fortelje om det ein har sett og opplevd.

Eg har sett det – seier Johannes – og har vitna om at Han er Guds Son. Joh 1:34

Det seier eg dykk for visst og sant: Vi talar om det vi veit og vitnar om det vi har sett, men de tar ikkje imot vitnemålet vårt. Joh 3:11

No er det så at kvar sann kristen har opplevd noko om og av Kristus; difor kan alle kristne meir eller mindre vitna om Frelsaren. Ikkje alle skal vera evangelistar, profetar eller lærarar, - det står i Bibelen med reine ord at ikkje mange skal verta lærarar. Heller ikkje har alle kristne fått nådegåver til å lækje sjuke eller gjera storverk, men alle kristne kan vitna.

Er vel alle apostlar, profetar og lærarar? Gjer alle kraftige verk? 1 Kor 12:29

Men de skal vitna, for de har vore med meg frå det første. Joh 15:27

Vi må difor skilja mellom nådegåver, som Gud deler ut etter som Han vil, og vitnemålet, som kvar kristen skal bera fram om Frelsaren, ut frå si livsrøynsla.

Dersom dette stod meir klart for mange kristne, ville dei betre forstå si oppgåve og grensene for oppgåva. Kanskje ville dei også vera meir takksame for dei ymse nådegåver som Gud har delt ut til sitt folk.

Kva er det da å vitna om sin Frelsar? Eller kanskje rettare: Korleis skal eg vitna om Han? Dette er eit stort spørsmål, og for mange også vanskeleg.

Så mange kristne ville gjerne vera eit vitne om Han som har vore så god mot dei, men meir eller mindre går dei med den stille otten: Eg vitnar ikkje om Han!

Denne tanken gjer mange kristne såre og fulle av skam. Stundom har denne otten sin grunn i at det er sant: Eg vitnar så lite om Han. Men andre gonger er grunnen den at ein er ikkje klår over kva det er å vitna om Kristus.

Kva er det då?

Det er først og fremst på ein eller annan måte å vedkjenna seg at ein har gitt livet sitt til Kristus og har funne han som Frelsaren sin.

Når eit fortapt og syndig menneske er funne og er berga av Kristus, skulle ingen ting vera meir sjølvsagt enn at det mennesket ville vedkjenna seg sin redningsmann. Å skamma seg for han er meir enn skam.

Skulde det ikkje vera sjølvsagt om kona i huset fann Jesus, at ho da sa det til mannen sin, og omsnudd: at man­nen sa det til kona? Eller at barnet sa det til foreldra, ungdommen til kameraten sin, og arbeidaren til sin arbeids­kamerat?

For med hjarta trur ein til rettferd, og med munnen sannar ein til frelse. Rom 10:10

I dette ordet er det synt oss ei livslov som mange ikkje vil gå inn under, og så går det gale.

Livet kan vera fødd i hjarta ved trua, akkurat som frøet har fått liv og slått rot i jorda før det har brote jord­skorpa. Men skal dette livet bergast, så må det bryta jord­skorpa og koma fram i dagen, elles lyt det døy.

Mange greip Kristus ved trua i hjarta og opplevde ei ny tid der inne i barmen. Men så ville dei ha det for se­g sjølv, dei ville ikkje vedkjenna seg det dei hadde fått og funne. Det var skam i seia det. Det ville støyta for mange og skilja ein fra mang ein god ven, kanskje. Dei andre ville ta det som ein dom over seg, at dei ikkje var kristne, og det syntest du at du kunne ikkje våga.

Livet fekk ikkje bryta igjennom, og så kvarv det bort. Slik gjekk det med mange.

Gjekk det såleis med deg?

Du mor som fann fred med Gud, sei det til mann og born, såleis som livet i hjarta gjer krav på. - Og når du far kjem heim att, kanskje frå eit møte eller frå ei ferd eller fra ein stad der du var i fare og så ropte til Frelsaren og fann Han, så må du setja lyset i staken i heimen og kjennast ved Han som frelste deg. Forresten, kven du enn er: Livet må få stiga fram i dagen; ved det kan du frelsa både deg sjølv og den som høyrer deg.

Si dem hva du selv har funnet, vitne om hva Gud deg gav!
Vis dem kjærlighetens kilde, nådens vell du øser av !

Men skjemmest du ved Han, så skjemmest også Han ved deg framfor englane og sin Far.

Den som skjemmest ved meg og orda mine i denne utrue og syndige ætta, han skal Menneskesonen skjemmast ved når Han kjem i herlegdommen til sin Far og dei heilage englane. Men  den som kjennest ved meg for folk, han skal eg kjennast ved for min Far, som er i Himmelen. Matt 10:32

Dette er klåre og alvorsame ord

Men når dette er sagt om å vedkjenna seg Kristus med munnen, vitna om Han med ord, så må ein også hugse på ei anna side av denne saka, og som har eit likså sterkt ærend til oss:

Det er å vitna om Han i livet.

Den som vitnar sterkare og djervare om Frelsaren med munnen enn med livet, han er eit kleint vitne. Og den som i livet nektar det han seier med munnen, han må teia.

Vitnemålet med ord må vera bygt på vitnemålet i livet. Livet til ein kristen er det sterkaste og klåraste vitnemål eit menneske kan bera fram om Frelsaren. Det er også til størst æra for han og grip djupast i eit verdsleg menneske, meir no enn før. For etter kvart som kunnskapen og den kritiske sans veks, lærer folk å setja kjensgjerningar høgre enn ord.

Guds folk: Lev så, arbeid så, ten så, styr så og ver så kor du er, så må folk seia om deg: Han (eller ho) lever som ein kristen, han (eller ho) har eg tillit til. Da vitnar du om Frelsaren.

Mor og far: Korleis det enn går deg her i verda, så la dette vera eitt av dei store måla i livet ditt at når dine barn fyk ut or reiret, ut i verda, så må dei seie med seg sjølve: Mor og far var kristne. Og når dei ein dag møtest og skal bera dykk til grava, at dei då må seie det same. Da har du vitna om Han som ga livet for deg, og Han vil ikkje skjemmast for deg framfor sin himmelske Far.

Lev for Jesus, Han deg giver
Livets skjønne ungdoms vår!
Gi han og din manndoms styrke,
Ja, og alderdommens år.

Gi deg helt! Og vit at ingen,
ingen det har angret på.
Lev for Jesus til du salig
får inn til hans hvile gå!

Mykje var vunne for Guds rike, for Kristi namn og Guds ære, om vi kristne var komne eit stykke lenger enn vi er, når det gjeld å vitna om Han med våre liv.

Mange fleire av dei menneska vi møter på vår ferd. ville også då bli vunne for Han.

«Men de og skal vitna.» La oss hugsa det i dag.


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
9 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Johannes´ evangelium  15: 26-27

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.